TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Start blir då altså ståande med 27 kampar på rad utan siger i Tippeligane, men dei var nære ved fleire høve her på slutten. I staden for å deppe over den lite kjekke rekorden bør sørlendingane gleda seg over dei siste 30 minutta der dei viste stor moral. Om det var Start som heva seg eller Sogndal som slepte seg ned etter 2-0 er vanskelig å seie, men det som er sikkert er at Pedersen fekk full utteljing for grepa han gjorde og det vart krona då innbytar Hoff frekt sette inn utlikninga. No gjennstår det to heimekampar for desse laga. Sogndal møter Lillestrøm neste helg, mens Start får ein cupfinale i nedrykkstriden på Sør Arena mot Stabæk.
For ein kamp det vart tilslutt her på Fosshaugane. Kven hadde trudd at desse to laga skulle score heile fire gongar. I tillegg så tel vi 13-13 i avslutningar. Fleire av desse var og av det store slaget. 5-4 i avslutningar på mål.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Salvesen igjennom med Dyngeland og igjen er Dyngeland på ballen, men ingen corner til Start.
90+3'
Dårlig slått og Ajer klarerar. Start kjem.
90+3'
Eitt minutt igjen. Dyngeland skal slå eit frispark frå eigen banehalvdel opp i startboksen.
90+2'
Sogndal med ein fin sjanse, men startspelarane kastar seg inn og blokkerar to forsøk frå 16 meter.
90+1'
Begge lag vil vinne og det fører til litt hawaii-fotball her på slutten.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Sogndal har komme litt meir inn i kampen. Står og vippar dette no.
88'
Bolseth med ein gigasjanse. Sogndal rullar opp på kant og Bolseth får ballen 45 grader ut og frå fem meter skyt han over. Svakt av sogndalkapteinen.
88'
Igjen ropar Pedersen på straffe då ein sogndalspelar visstnok var borti ballen med handa. Bakke fly forbanna på sin trenarkolega som han meinar har feil.
87'
Spillerbytte
87'
Start kjøyrer kampen no. Har ikkje klart å spelt seg til nokre svært farlige sjansar, men held ballen i laget og klarar å setje Sogndal under eit relativt sterkt press.
86'
2770 tilstades på Haugadn i dag.
86'
Frisparket får Start ingenting ut av.
85'
Gult kort
Kjem inn med to strake bein mot Hoff. Er muligens på ballen, men veldig farlig spel der.
84'
Skal Start klare dette? Vil i såfall være ei fantastisk opphenting av eit lag som ikkje har vunne ein seriekamp på 26 forsøk.
82'
Spillerbytte
82'
Start kjøyrer kampen no.
81'
Mål!
2-2
Sogndal rotar vekk ballen og Hoff kjem ein mot ein mot Psyche. Dreg seg forbi forsvarane og set ballen forbi Dyngeland. Start har snudd det!
80'
Start kjempar hardt og Børufsen kjem seg til eit skotforsøk som går nokre meter utafor. Viser verkeleg moral her no Start og har kjempa seg inn igjen i kampen.
78'
Spillerbytte
77'
Hjørnespark
Sarr er høgast, men headar utafor.
76'
Dyngeland boksar ut før Høff prøver seg på volley. Forsøket går akkurat 16 meter utafor.
76'
Nwakali skal legge inn.
75'
Frispark til Start på kanten like utafor 16-meteren.
74'
Atein skulle få tre mål eller meir in denne kampen var det vel ikkje mange som trudde på førehand. Sogndal har til dømes berre scora tre mål på heimebane så langt i sesongen.
72'
Hjørnespark
Litt mølje framfor mål, men det endar i ei kontring for Start som dei ikkje får noko ut av.
72'
Birkelund igjennom og Vikstøl kastar seg inn og sklitaklar bergensaren. Rett på ball og det oppsumerar og speaker osm har gløymt å skru av mikrofonen.
71'
Heilt jamn og åpen kamp no etter at Sogndal styrte alt i innleiinga av denne omgangen.
69'
Hjørnespark
Og igjen er det farlig, men dommar Steen bles for frispark til Start i boksen.
69'
Teniste igjen rundt på kant og igjen er det de John som må klarere til corner.
67'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Pedersen har iallefall lykkast med bytet sitt. Salvesen har vore eit friskt pust og Rasmussen har vore betre sentralt enn på topp.
65'
Nwakali med skot over frå 20 meter. Friskare takter frå Start no.
64'
Tok Sogndal for lett på dette etter 2-0? Iallefall ein heilt anna kamp dei siste fem minutta. No er det Start som spring og jobbar knallhardt og Sgondal som står i ro.
62'
Mål!
2-1
Så sitt den for Start og dei gjer som Sogndal og utnyttar ein dødball. De John får gå heilt åleine opp på bakerste og stangar inn utlikninga. No er det kamp igjen!
61'
Hjørnespark
61'
Treng ei scoring kjapt no sørlendingane om det skal verta kamp igjen.
60'
Start litt meir med no dei siste minuttane.
60'
Salvesen opp på topp og Rasmussen ned sentralt på midten. Ingen formasjonsendring på Start.
59'
Start får ein god sjanse når Salvesen kjem seg forbi Psyche ute med kanten av 16-meteren. Dreg seg inn i bana og svaluttar over. Ein pasning ut 45 grader ville nok vore betre der Salvesen.
57'
Og dominansen held fram. Kjemhus utfordrar de John og legg inn. Der står ein i kø for å score, men Start får redda på streken.
56'
No blir det tungt for Start.
55'
Veit ikkje om det er ein skade på Kristjansson eller om det er eit taktisk byte. Underteikna syns iallefall islendingen har vore ien av Start sine beste i denne kampen.
54'
Spillerbytte
53'
Mål!
2-0
Oppskrifta er den same som i 1.omgang, men denne gong frå motsatt kant. Start er igjen for puslete i duellspelet og Psyche stig til værs og stangar inn sitt andre for dagen.
53'
Hjørnespark
53'
Otoo avsluttar frå seks meter, men Opdal er nede og slår til corner.
52'
Start-trenar Pedersen var i pausen irritert på det han meinte var eit straffespark Start vart snytt for. Vi fekk ikkje med oss dette frå vår posisjon og vi har heller ikkje sett repetisjonen, men det var snakk om ein hands på ei blokkering inne i feltet. Vi får vente på tv-bileta og sjå Pedersen har rett.
50'
Hjørnespark
Endar i frispark for Start.
50'
Kjemhus skyt via Børufsen til cornern.
49'
Posession dei første tre minutt av 2.omgang har vore 97% Sogndal og 3% Start. Sånn cirka.
48'
Igjen innlegg frå Teniste og no er det de John som får klarert like framfor Otoo.
46'
Sogndal rett i angrep, men eit innlegg frå Teniste vert lett plukka ned av Opdal.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klart for 2.omgang.
Grei kamp underhaldningsmessig så langt på Fosshagane og heilt greitt at det er Sogndal som leiar. Vi tel 8-4 i avslutningar så langt. Start slit ein del med både det oppbyggande spelet og i duellspelet. Det var og på ein duell etter corner at Sogndal satte inn leiarmålet ved midtstoppar Psyche.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Hjørnespark
Vikstøl avsluttar over på bakerste stolpe.
45'
Sogndal byggjer fint opp på kant og innlegg frå Kjemhus går over alle innklusiv Opdal, men ingen sogndalspelarar på bakerste stolpe dukkar opp for å setje ballen i mål.
44'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
43'
Sveen skyt utafor frå 20 meter. Like utafor. Mykje betre forsøk dette enn det han hadde frå tre meter.
42'
Start på kontring og Nwakali går heile vegen, men Dyngeland reddar avslutningar til spissen. Burde hatt corner der, men verken linjemann eller dommar såg at det var Dyngleland som slo avslutninga i nettveggen og ikkje Nwakali.
39'
Hjørnespark
Kristjansson heilt åleine på bakerste, men headar over.
38'
Hjørnespark
Fleire gode moglegheiter der for Start, men Sogndal får klarert til ny corner.
37'
Gult kort
Held igjen Nwakali.
36'
Hjørnespark
Opdal boksar vekk igjen.
36'
Start mistar ballen igjen i det oppbyggande spelet sentralt inne på sin eigen halvdel. Sogndal er unøyaktige og klarar ikkje å straffe sørlendingane.
35'
Otoo med skot som Opdal er nede og held.
34'
Aase og Børufsen har bytta side.
33'
Så er Sogndal farlig frampå igjen. Birkelund avluttar over frå ti meter.
32'
Unnskyld den blei heada over mål.
32'
Start si første avslutning på mål. Eit frispark frå Rasmussen vert heada over av Vikstøl.
31'
Hjørnespark
Opdal ute og boksar ballen vekk.
30'
Hjørnespark
Endar i kontring for Sogndal og corner til sogndølene.
30'
Børufsen med innlegg og Nwakali går ned i duell med Patronen. Start er i harnisk over at det ikkje er straffe, men det ville nok vore svært billeg.
29'
Otoo prøver seg frå skrott hald, men den er nærmare hjørneflagget enn målet.
28'
Ny god sjanse for Sogndal. Innlegg frå Teniste og no er det den andre midtstopparen, Patronen, som er høgast i feltet, men han headar over. Start må opp eit hakk i duellspelet i boksen viss ikkje dei skal gje Sogndal fleire moglegheitar på dødball og innlegg.
24'
Dette blir nok ein youtube-hit. Birkelund trer ein lekker pasning til Raitala som kjem fri på kant inne i boksen. Han legg inn til Sveen som på tre meter rett framfor mål set ballen på utsida av stolpen. Der skal det stå 2-0 til Sogndal.
23'
Start prøve å spele ball, men det går veldig treigt og Sogndal spring sørlendingane rett og slett i senk. Spelar seg som regel tilbake til midtstoppar før den lange kjem og Psyche og Patronen har god kontroll på Rasmussen og Nwakali der oppe.
21'
Ajer irriterar seg kraftig fleire gonger her for å ikkje få frispark. Utan å bryggje opp om den siste tids diskusjon rundt ungguten så trur eg han må opp på eit litt høgare nivå duellmessig før han skal møte Rangers på Ibrox til hausten.
19'
Sogndal kontrar og Koomson legg 45 grader ut. Der har dessverre for Sogndal Otoo stoppa løpet sitt ellers kunne han nok breisida inn Sogndal sin andre for dagen.
18'
Start prøver å byggje opp, men mistar ballen midt på bana. Farlig!
16'
Går kjapt i lengderetninga der for Start, men innlegget til Nwakali går bak mål.
16'
Kristjansson klarerar og Start kontrar.
15'
Gult kort
Riv ned Otoo på kanten.
14'
Sogndal har tatt over det meste etter scoringa.
13'
Absolutt ikkje denne starten Start trengte dette.
12'
Igjen gode tendensar av Sogndal. Kjemhus får skotet sitt frå 13 meter blokkert.
10'
Mål!
1-0
Raitala med ein knallhard innsvingar. På fem meter går Psyche til værs og stangar ballen i mål. Råsterkt av midtstopparen, men kanskje litt puslete av startforsvaret.
9'
Hjørnespark
9'
Godt jobba der av Børufsen som blokkerar ei klarering frå Psyche. Dessverre for Start var det ingen i boksen der blokkeringa havna tilslutt.
7'
Start byggjer fint opp på kant, men Børufsen går i offside. Dårlig der av "startveteranen" som bør sjå det frå sin posisjon.
6'
Sogndal mykje med ballen i innleiinga. Start med eit bra press ca. ti meter inn på heimelaget sin halvdel. Gjer at Sogndal slit med å byggje opp og ofte må satse på den lange i bakrom.
5'
Nwakali med innlegg som går forbi alle. Der bør startspelarane være meir hissige viss dei ikkje skal tangere Sandefjord sin kjedelege rekord.
4'
Kjemhus med stikkar til Raitala som kunne komme fri inne i boksen. Sjølv frå bakerste seterad høyrer vi at ballen klaskar i handa til Ajer, men dommar Steen bles ikkje til Eirik Bakke sin store forargelse.
2'
Begge laga går for nokre lange ballar i bakrom innleiingsvis, men utan den store suksessen. Utspel frå Opdal no.
Avspark Start 1. omgang
Start med avspark.
Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klart for tippeligakampen mellom Sogndal og Start her frå Fosshaugane Campus.
Ei endring på Start sitt lag no her like før kampstart. Eirik Wichne går ut, mens Daniel Aase kjem inn. Uvisst kvifor Wichne ikkje startar. Vi såg iallefall ingenting på oppvarminga som vitna om ein skade på ungguten.
11-12 grader i Sogndal og tildels sterke regnbyger. Heldigvis vatnar Sogndal graset før kamp slit at det ikkje skal bli for tørt...
Sist startsiger i sognebygda finn vi tilbake i 2008 då sørlendingane spelte ekte makrellfotball og vann 3-0. Dette er og ein av berre to sigrar start har i Sogndal sidan 1982. Statistikken mellom dei to her i Sogndal viser fem sigrar til Sogndal, fem uavgjort og altså to sigrar til Start.
Sist gong desse laga møttes i Sogndal var i 2014 og då vann heimelaget 2-1 etter at Gustav Valsvik stanga inn sigersmålet eitt minutt før slutt. Før det hadde Otoo utlikna bortelaget si leiing som vart satt inn av noverande jervspelar, Glenn Andersen.
I fylgje Start sine eigne heimesider reiser ein til Sogndal med ein tropp på 17 spelarar. Frå kampen mot Aalesund er viktige Kristjansson tilbake etter karantene, mens Breimyr og Sigurdsen ikkje er med til Sogndal. For Sogndal er det heller ikkje nokon nye skadeproblem eller suspensjonar. Så vert det spanande å sjå kva lag Bakke og Pedersen sender ut på Fosshaugane i kveld. Vi er tilbake med meir info om akkurat dette ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Start kan i kveld tangere Sandefjord sin lite prestisjefylte rekord med antal kampar utan siger i Tippeligaen. Sørlendingane står med 26 kampar på rad utan vinst. Sist ein kunne jubla over tre poeng var 4.juli i fjor då Stabæk vart slått 4-1. Det er 324 dagar sidan.
På tolv kampar har Sogndal scora åtte mål. Fire av desse kom i bortesigeren mot Aalesund. Start har scora fem må så langt denne sesongen. Det vil i så måte være å overdrive viss ein skal seie at ein forventar ei målrik og fartsfylt batalje i kveld. Faktisk så er det så langt berre scora fem mål på fem kampar på Fosshaugane i år.
Sogndal ligg i skrivande stund på 10.plass med 13 poeng, mens Start innehar jumboplassen i Tippeligaen med 5 poeng. I sist runde spela Sogndal 0-0 borte mot Viking, mens Start fekk med seg eit poeng etter 1-1 borte mot Aalesund.
Hei og velkomen til den 12.sereirunden i Tippeligaen og kveldens kamp mellom Sogndal og Start frå Fosshaugane Campus