Referat
Kun høydepunkter
Start får sin første siger på Fosshaugane Campus sidan 2008! To jamne lag på bana der Start trillar mest ball og Sogndal er farlege på overgangar med få trekk. Kampen svingar mykje og begge laga har periodar der dei er farleg frampå. Det avgjerande målet kjem etter eit hardt innlegg av Wichne i keeperhøgde som Per-Magnus Steiring prøver klarere upressa, men stupheader i eige mål. Etter dette fortsetter Start å presse på før Sogndal gjer eit offansivt bytte ved Ernemann og Adams. Start held presset oppe i lengre periodar etter sjansar då Sogndal ofte må bygge opp fra start etter ein sjanse. Sigurd Haugen vert ofte aleine på topp
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Fredriksen ber om gult kort då han dreg ned Sigurdarson som vert liggande. Sogndal vinn ballen kjapt og tek den med oppover for ein siste sjanse. Endar med innlegg frå Sigurd Haugen inn mot fem meter foran mål der Start får frispark. Sogndalsupportarane er sterkt ueinig i dette frisparket.
90+1'
Dommaren legg til 5 minutt.
90'
Slik som det ligg an no kan det fort bli den første Startsigeren på Fosshaugane sidan 2008.
89'
Start får trille ball upressa midt på bana. Sogndal ser slitne ut.
88'
Overraskande at dommaren enno ikkje har gitt Start gult kort for drøyng av tid. Alle dødballsituasjonar tar år og dag å få i gang.
87'
No nyttar Start alle moglegheiter til å somle. Christensen klagar på eit frispark midt på bana skal takast lengre bake. Tull å drive på med det der...
86'
Wichne kjem fri på høgresida og legg ballen hardt inn foran mål. Ingen er å tar imot og ballen går til utspel for Dyngeland.
84'
Sigurd Haugen med ein stor sjanse etter ei rask kontring av Sogndal. Kjem aleine med keeper og prøver å chippe den over men keeper står og tar i mot med venstrearmen.
83'
Sigurdarson kjem seg forbi alle men trillar ballen til side for mål.
83'
Haugen kjem aleine på venstrekanten for Sogndal og har fleire moglegheiter å velje mellom. Det endar med at han brukar for lang tid og mistar ballen.
80'
Sogndal verkar friskare etter det offansive bytte ved Ernemann og Adams. Adams prøver på mykje og tilføyer energi og vilje.
78'
Akor Adams får ballen på venstrevingen og prøver å komme seg forbi. Der står Wichne i vegen.
77'
Soltvedt tek frisparket og skyt til venstre for mål og over. Lurt skudd, men dårleg utført.
76'
Akor Adams får ballen midt på bana og tar den med seg opp mot 16-meteren og skaffar frispark etter at Lowe dyttar han i ryggen.
75'
Totland mister ballen midt på bana og Start får kontroll igjen. Dei trillar fram og tilbake og verkar framleis konfortable etter 0-1 scoringa.
72'
Soltvedt kjem til skudd etter fint spel mellom Haugen og Schulze. Fine tendensar på Sogndal, men det vert litt halvhjerta i den siste finishen.
71'
Start sumlar etter drikkepausen. Sogndaltilhengarane vil at dommeren skal gripe inn for å få fart på dei.
68'
Stor sjanse Sogndal! Soltvedt skyt etter ein herleg flikk av Haugen. Godt skudd til venstre for keeper som før ein neve på ballen.
68'
Start vinn tilbake ballen og får kome til skot ved Segberg som står upressa på 16 meter.
64'
Sigurd haugen får ein overgansmoglegheit etter frispark av Wichne som vert klarert. Står mykje aleine på topp og får ikkje utretta noko. Start vinn tilbake ballen på midtbana.
62'
Sogndal står høgre i bana med ein gong etter at Start kom i ledelsen. Ein kan sjå at dei har tatt grep for å utlikne.
60'
Schulze med nytt skudd. Denne gongen 20 meter frå mål og høgt over.
58'
Stor sjanse til Sogndal etter frisparket! Schulze får ballen rett foran keeper men klarar ikkje å få noko ut av det.
58'
Start hindrar Sogndalovergang ved bruk av ulovlege midlar og det vert frispark 30 meter frå mål.
57'
Ny overgangsmoglegheit til Sogndal. Jensen tar med seg ballen og legg ballen over til Schulze på motsatt side. Ernemann skyt til men vert takla i det han smell til. Fosshaugane vil ha frispark.
55'
Høgt tempo og mykje rom til Start no. Dei er gode til å halde presset oppe etter sjansar då klareringane til Sogndal for det meste endar opp i Start sine bein.
53'
Nytt hardt skot frå Start. Aremu som skyt til men treff rett i ein Sogndalspelar.
51'
Stor sjanse til Haugen. Soltvedt legg fram mot Haugen som kjem aleine med keeper. Han gjer alt rett unntatt å score mål.
51'
Ernemann legg frisparker høgt over alt og alle. Dårleg lagt og Daumeland startar med ballen frå 5-meteren.
50'
Overgangsmoglegheit til Sogndal etter at Skaanes vert stoppa. Sveen vert felt og skaffar frispark på 30 meter.
49'
Cristensen har moglegheiten til å legge til rette for skudd men vel å finne Sigurdarson. Sogndal får rydda unnav.
47'
Skaanes skyt rett i ryggen til Segberg. Ballen trillar ut til utspark og Segberg smiler lurt.
46'
Start beheld ballen i laget etter avspark. Trillar opp mot Sigurdarson som legg inn i feltet.Steiring får berga unnav.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Start med ballen mest i beina denne omgangen. Dei har og kome til dei største sjansane då Sogndal har fått lite ut av kontringane i slutten av omgangen. Start har vore gode til å halde presset oppe etter sjansar og male på. Dette har ført til at Sogndal har falle lengre bak på bana utover omgangen. Sigurd Haugen har blitt relativt aleine på topp for Sogndal mot slutten og klarar ikkje å utrette det heilt store. Sogndal heng enno med og kjem til mange cornarar men har ikkje klart å utnytte desse nokko særleg så langt.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+3'
Lang ball frå Robstad mot Cristensen går ut til utspel. Tempoet har gått ned dei siste minuttane.
45+1'
Dommaren har lagt til to minutt.
45+1'
Sveen med godt driv framover. Prøver å nå Hugen men pasninga blir for sterk og går ut til utspel.
44'
Farleg innlegg. Nok ein gong Wichne som kjem seg rundt.
43'
Ernemann irriterar på seg alle Startspelarane på bana. Verkar frustrert over at Sogndal ikkje klarar å produsere noko stort.
41'
Trøyeholding midt på Start sin banehalvdel. Dette ser heile stadioen untatt dommaren. Mange situasjonar så langt i kampen som heimesupportarane meinar har gått i Start sitt favør.
39'
Farleg skudd av Aremu som får rota seg til skotmoglegheit. Fyrer til høgre side av målet, med Dyngeland får boksa ut.
39'
Jensen pressar Jørgensen hardt i Start sin banehalvdel, men det blir kun utspel frå mål.
38'
Elendig pasning av Ernemann gjer til at Sogndal rotar vekk ein potensiell stor sjanse.
37'
Trøyeholding midt på bana og frispark til Sogndal. Dette vert tatt kort.
35'
Frispark til Start takast av Wichne 30 meter frå mål. Klarering til corner.
35'
Småfarleg i feltet etter at Sogndal ikkje vert eininge om kven som klarerer. Start beheld ballen og pressar på med ny moglegheit. Denne gongen er det Helgesen som klarerer dårleg. Litt høge skuldrar?
33'
Lang bal til Wichne som legg tilbake til Skaanes som trillar vidare over 16-meteren. Start verkar trygge med ball høgt i bana.
31'
Innlegg ifra Skaanes rett på hovudet til Sigurdarson som header ballen hardt på mål. God redning av Dyngeland!
28'
Aremu skyt til frå 20 meter og ballen går langt over mål til utspel av dyngeland. Sogndal med mange langballar for augneblinken og satsar på å ligge lavt.
25'
God ball mot Sigurd Haugen frå frispark. Haugen brukar for lang tid med ball og vert stoppa.
24'
Wiche fører ball opp alngs høgrekanten og Start trillar ball høgt i bana. Haugen bryt midt i bana, men Jensen får ikkje tak i ballen og Start beheld ballen etter kast.
20'
Farleg skudd på mål etter kontring satt igang av Start. Mykje ball fram og tilbake på 16-meteren før Sigurdarson fyrer av.
15'
Ernemann med tilsnakk frå dommar etter innkastsituasjon som går i favør Start. Birkelund er oppe og går og kjem inn att på bana.
13'
Start med alle mann på banehalvdelen til Sogndal. Dei kjem til innlegg men Sogndal får klarert. Robstad som tar i for hardt i duell med Birkelund.
10'
Begge laga verkar villige til å angripe. Mykje spel med høg ballføring dei første minutta fra begge lag.
8'
Frispark midt på bana for Start. Sixsen Jensen får tilsnakk av dommer.
8'
Frispark av Ernemann inn fem meter foran mål. Heading av Schulze rett på keeper.
6'
Lang dall opp mot Haugen vert avverga av Lowe.
2'
Sogndal med ball i beina for første gang i kampen. Trillar kula godt og kjem seg opp i bana.
1'
Start med ballen i beina i dei første minuttane.
1'
Då va kampen igang!
Avspark Start 1. omgang
Sveen blir takka for innsatsen og ønska lykke til i sin nye klubb av speakeren på stadioen!
Eivind Helgesen startar sin andre kamp i seriesamanheng. 18-åringen kjem inn på høgrebacken for Roseth som gjekk av med skade sist kamp.
Ole Amund Sveen spelar i dag sin siste heimekamp for Sogndal. Han har signert for Bodø/Glimt og reiser nordover 1. August. I tillegg reiser venstreback Martin Ove Roseth tilbake til Molde frå lån same dato. Begge desse har vert ein del av ein relativ fastsett førsteelver den siste tida og kjem nok til å etterlate eit tomrom. Ein annan sentral spelar Sogndal har mista denne sommaren er Martin Ramsland. Han har gått over til dagens motstandar og blir spelspeleklar for dei 1. August.
Dagens gjestar har tatt med seg ekte sørlandsvær til Sogndal idag! Klar himmel og opp imot 30 grader på gradestokken på Fosshaugane Campus i dag!
Start kjem rett frå ein 4-1 siger heime mot HamKam etter ein periode med varierande resultat. Dei ligg foreløpig på 4. plass på tabellen med 25 poeng og ein kamp mindre spelt. Det vil seie at med siger i dag vil dei vil dei berre vere 5 poeng bak serietoer Sandefjord og ha gode moglegheiter til å klare direkte opprykk. Sogndal har og ein kamp mindre spelt og har moglegheit til å klatre til 6. plass avhengig av målforskjell.
Dagens heimelag vann sin førige kamp 5-2 mot Tromsdalen og leverte ei solid framsyning i begge omgangar. Det å levere resultat i heile kampar, og ikkje berre omgangar, er noko Eirik Bakke har sagt dei ynskjer å legge vekt på utover i haustsesongen. Kampen i dag er ein nøkkelkamp for Sogndal der dei bør ta med seg tre poeng for å henge seg på dei aller beste i serien, noko som er ei klar målsetjing.
Dagens kamp mellom desse to opprykkskandidatane er ein kamp som vert spelt i dag etter at den vart utsett i 9. serierunda grunna U20 VM
Hei og velkommen! Her kan du følgje Sogndal-Start live frå Fosshaugane Campus!