TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

For ein kamp dette skulle bli! Første omgang vil ingen hugse. Avslutninga til Strannegård som Fij redda var det einaste av betydning som skjedde. Det begynte å skje meir etter pause. Sogndal opna showet med ein susar frå Jonsson. Så skulle heimelaget begynne å rote det til for seg sjølv. Arrocha feller Sanyang som er på veg gjennom mot keeper. Frå 11 meter er Luc Mares stort sett sikker. Då stod det 1-1. Kort tid etterpå kjem det ein ball flygande mot Ingimundarson. Han bestemmer seg for å fyre, og den ballen går hardt ned i hjørnet. Start leita lenge etter utlikning, men sleit med å kome til dei store sjansane. Det er ikkje heilt ufortjent at det vart heimesiger, men det kunne like gjerne enda med uavgjort. Det var viktig for Tore André Flo å slå tilbake etter eit par tap på bortebane.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Frispark
Bruker tid.
90+4'
Gult kort
Sein takling.
90+4'
Frispark
90+4'
Fyring mellom Kupen og Grundetjern. Kupen får frispark.
90+3'
Sogndal går rett mot cornerflagget kvar gong dei får ballen.
90+3'
Frispark
90+1'
Wormgoor har gått opp som spiss.
90+1'
Frispark
90+1'
Offside
90'
Start har fem minuttar på å finne ei utlikning.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
90'
Lang ball mot Sanyang. Upresist mottak. Start leiter etter utlikning.
89'
Frispark
Gregersen headar rett på Fij.
88'
Frispark til Start i god innleggsposisjon.
87'
Hjørnespark
Kort variant for å halde på ballen.
86'
Start prøver seg på fleire innlegg. Kjem ikkje til avslutning.
85'
Frispark
Slår ballen kort.
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Sogndal gjer to defensive byte.
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Twum og Flo skal inn for Sogndal.
82'
Wormgoor feller Ørjasæter hardt. Ender med innkast.
81'
Frispark
81'
Krampe på både Sjølstad og van der Spa no. Det har me sett tidlegare også når Sogndal har vore i leiinga.
80'
Avslutning rett på Fij. Ikkje spesielt farleg. Med unntak av straffesparket, har Fij hatt god kontroll på alt som har kome mot han.
79'
Folk skrik på tribuna når Start er på veg framover. Dei er livredde for å kaste vekk poeng nok ein gong.
78'
Start kontrar, men Siwa klarar ikke å utnytte sjansen godt nok.
77'
Kva skal de gjere no, Start?
76'
Mål!
2-1
Sogndal er tilbake i leiinga! Endå ein islending viser seg fram. Denne gongen er det Ingimundarson. Ein ball blir heada ut frå boksen. Islendingen fyrer av på volley, og ballen går hardt ned i hjørnet.
75'
Kjemperedning frå Jensen! Sjølstad er fri på bakerste stolpe, men headar ballen mot keeper.
73'
Frispark
73'
Dette er andre kampen på rad der Arrocha lagar straffespark. Alt for seint ute i begge situasjonane. Har vore god i resten av kampen.
71'
Spillerbytte
71'
Spillerbytte
70'
Mål på straffe!
1-1
Mares er sikker frå 11 meter. Han sender ballen roleg ned til høgre. Fij går andre vegen.
68'
Straffe!
68'
Straffe til Start! Arrocha feller Sanyang inni boksen. Den ser klar ut.
67'
Start har sendt fleire spelarar i oppvarming.
67'
Frispark
66'
Start rotar i forsvaret! Ørjasæter får ballen på nesten ope mål. Han bommar på ballen, og den går rett i ein stoppar.
65'
Første redning for Jensen. Ingimundarson plukkar ballen. Prøver å skyte den hardt langs bakken, men er for nærme keeper.
65'
Grundetjern med eit nytt innlegg. Nok ein gong klarerar Arrocha.
63'
Frispark
Slår tilbake til keeper.
63'
Nessø er i draumeposisjon. Får ballen frå Ørjasæter, og skal berre sette den i målet. Går langt over.
62'
Laust skot frå Østigård Ness. Lett for Fij å fange.
61'
Van der Spa prøver seg får distanse. Vanskeleg sprett på ballen, så den går langt utanfor.
59'
Frispark
Held ballen i laget.
59'
Spillerbytte
57'
Frispark
Slår tilbake til forsvaret.
57'
Dette var viktig for at kampen skulle bli spennande! Vore roleg fram til no.
55'
Mål!
1-0
For ei scoring av islendingen! Sjølstad driblar seg ut bakfrå. Slår motsatt til Jonsson. Han dreg seg inn i bana, og bankar ballen i krysset! Vakker scoring.
54'
Frispark
54'
Offside
53'
Ørjasæter får ballen til venstre. Prøver å curle den i lengste, men den går ein halv meter over målet.
52'
Frispark
Van der Spa slår ballen til Arrocha.
52'
Strannegård igjen! Han var nærmast før pause. No får han ei ny avslutning som går centimeter utanfor målet. Fij blir ståande å sjå på.
50'
Grundetjern leiter etter Sanyang i bakrommet. Ballen går for langt.
46'
Dei tidlegare meldte byta har ikkje skjedd. Kan sjølvsagt ha vore varmen som førte til at dei ikkje ville varme opp med svart treningsgensar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Diaz og Flo varmar opp med kampdrakt. Mykje kan tyde på at dei skal inn.
Det har vore ein sjansefattig omgang i Sogndal. Strannegård var nærme rett før pause då Fij viste fram sine kvalitetar. Utanom det har det ikkje skjedd spesielt mykje. Begge lag strevar med å kome til gode avslutningar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
44'
Frispark
Van der Spa slår frisparket tilbake til keeper.
42'
Enorm redning frå Fij! Strannegård avsluttar frå kort avstand. Keeperen er kjapt nede, og stoppar den. Sjansen kjem etter fint spel frå bortelaget.
41'
Start prøver å kombinere seg inn i boksen. Siste pasning er ikkje god nok, og det blir utspel for Fij.
40'
Det har vore ein omgang med få sjansar. Begge lag sliter med å finne avslutningar.
39'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
38'
Frispark
Sentrar til sin stopparkollega.
38'
Optimistisk innlegg frå Ørjasæter. Går langt framfor Nessø. Sogndal er litt mer inne i kampen dei siste minutta.
37'
Hjørnespark
Jensen boksar ballen vekk.
36'
Frispark
Ender med corner.
35'
Sjølstad driblar seg inn i boksen. Innlegget blir klarert.
34'
Derviskadic testar skotfoten sin. Skrur seg vekk frå målet.
32'
Ness prøver å lure keeper når han vel å skyta i staden for å slå inn. Går over målet.
30'
Lang ball mot Sanyang. Fij spring ut, og klarerer den.
29'
Grundetjern blir stoppa av Sjølstad. Han får vondt etter taklinga, men er fort oppe igjen.
28'
Frispark
25'
Frispark
Innlegget går centimeter over hovudet til Robstad.
25'
Ingimundarson er heldig som slepp gult kort når han stoppar ei kontring.
24'
Sogndal får ei kontring, men rotar vekk ballen. Det der kunne blitt ein stor sjanse.
22'
Hjørnespark
Sanyang og Antonsson blir ikkej einige om kven som skal ta ballen.
22'
Arrocha klarerar eit innlegg frå Strannegård.
20'
Frispark
Slår til Robstad.
20'
Skaanes er sein inn i ein duell med Derviskadic. Frispark til bortelaget.
19'
Frispark
Slår tilbake til forsvaret.
19'
Grundetjern slår mot Sanyang på bakerste. Fij fangar ballen.
16'
Sjølstad prøver seg får langt hald. Går rett i ein stoppar.
15'
Frispark
Slår kort.
15'
Flataker er for tøff mot Wormgoor. Frispark.
15'
Kampen er ganske jamspelt etter 14 minuttar. Ingen enorme sjansar.
13'
Start triller ball, men uten adresse på en pasning ut mot kanten.
8'
Stor sjanse for Grundetjern. Han får ballen på bakerste stolpe, og sender ballen i nettveggen.
8'
Start prøver å kome seg forbi forsvaret til Sogndal. Presisjonen på innlegga sit ikkje heilt.
7'
Start får slått eit innlegg. Sanyang når ikkje fram.
4'
Frispark
Frisparket går langt over målet.
4'
Frispark til Sogndal i farleg posisjon. Flataker går ned.
4'
Skaanes med den første avslutninga. Blir blokkert.
3'
Sogndal trillar ball. Det er vanskeleg å kome seg forbi forsvaret til Start.
1'
Sanyang sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Juniorsvingen er på veg utpå bana, og ein skal leite lenge etter sikrare teikn på at det straks er kampstart!
Det har verkeleg blitt sommar her i Sogndal. Bortesupportarane merker nok ikkje ekstrem stor forskjell på Sogndal og Kristiansand i dag med tanke på veret.
Heimelaget gjer ingen endringar frå kampen mot Kongsvinger.
Lagoppstillingane er klare, og Osestad er inne for Skogvold som har reist tilbake til LSK. Strannegård går ut på høgre vingback der Sjøkvist normalt speler, men han er ute med karantene. Det vil seie at Antonsson går inn på midtbana.
For tre dagar sidan spelte begge laga i andre runde i cupen. Start tok seg ganske så komfortabelt forbi Halsen etter 0-3. Det vart tøffare for Sogndal sin del. Dei klarte å ta seg vidare mot Lysekloster, men dei måtte ut i ekstraomgangar. Etter ein månad med mykje reising for Sogndal, vart ikkje dette ein optimal oppkøyring før toppkampen mot Start.
Tidlegare i veka kom det dårleg nytt for Start. Lillestrøm hentar Henrik Skogvold heim igjen frå utlån. Det vart 10 kampar for Start, og 7 mål. 6 av måla kom i OBOS-ligaen. Det gjer han til delt toppscorar i lag med Kristian Lien og Joacim Holtan. Det blir altså ein stor jobb for Sindre Tjelmeland å finne ut korleis ein skal erstatte desse måla. Kanskje blir det meir press på Alagie Sanyang som har levert 5 mål så langt i serien.
Det er lenge sidan Sogndal har slått Start i ein teljande kamp. Det skjedde sist i Eliteserien i 2014 etter mål frå Mahatma Otoo og Gustav Valsvik. I fjor kom Sogndal sitt første tap i serien mot Start på bortebane. Då enda det heile 5-1 i favør sørlendingane. Då dei møtte kvarandre igjen i nest siste serierunde i 2022, vart det 1-2 på Fosshaugane Campus.
Ein overdriver ikkje når ein seier at dette er to lag som "må" rykke opp. Sogndal var i Eliteserien sist gong i 2017. For Start sin del var siste sesong i øverste divisjon i 2020. Om ein har tenkt å rykke opp, er det viktig å ta poeng mot laga rundt seg på tabellen. Derfor kan denne kampen her bli ekstra viktig når ein ser på tabellen etter 30 serierundar.
Då er me klare for runde 11 av OBOS-ligaen! Det er toppkamp på Fosshaugane Campus når Sogndal får besøk av Start.