TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal er best i fyrste omgang, mens Start er best i den andre. Når ein då tek pause i Tippeligaen etter 12 serierundar ligg Sogndal på 8.plass med 16 poeng og Start på 13.plass med 13 poeng.
1-1 i Sogndal og som speaker konkulderar med; Det er heilt greitt!
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Nei det ser ikkje sånn ut fordi ballen går ut til kast på motsatt side for Sogndal.
90+3'
Innkast til Start på høgd med Sogndal sin 16-meter. Kan sørlendingane ta alle poenga med seg?
90+1'
Tre minuttar er lagt til.
90+1'
Start som styrer kampen her på slutten.
90'
Gode sjansar for Start. Hoff dreg seg fri men avslutninga er for dårlig.
87'
Kristjansson prøver seg på ein volley som kanskje er innom handa til Patronen. Sælen vel å ikkje blåsa og det var nok rett i den situasjonen.
87'
Stephensen klarerar til kast på høgde med 16-meterstreken.
86'
Frispark til Start på kanten som Børufsen skal slå inn.
85'
han går for skot, men Opdal er med og held skotet.
84'
Sogndal får frispark frå ca. 30 meter. Mane skal enten skyte eller legge inn.
83'
Godt innlegg av Utvik, men ingen sogndalspelarane er vakne i boksen og Opdal kan lett plukke.
81'
Gode sjansar for Start. Ballen vert slått inn i feltet og til slutt er det Sarr som avsluttar, men Valsvik får blokkert.
80'
Gult kort
80'
Gult kort
80'
Men i neste duell får Karadas gult kort og det same får Kristjansson på Start.
79'
Børufsen og KAradas i kraftige diskusjonar i boksen. Sælen må roe ned kamphanane.
78'
Heilt klart to slitne lag som er utpå bana her no. Har nokon av dei kreftene som skal til for å avgjere dette?
77'
Godt initiativ av Skaasheim som doblar på kant med Flo. Innlegget går derimot bak mål.
76'
Hjørnespark
Mane får tilbake ballen etter ein duell i feltet, men senegalesaren har ikkje komme seg ut av offside.
75'
Det er Start som er det beste laget på Fosshaugane akkurat no, men også dei slit med å få til noko bra spel og å skape sjansar.
74'
Spillerbytte
72'
Og der er venstrebacken inne på banen igjen.
71'
Vikestøl ligg nede etter ein duell med Bolseth nede med hjørneflagget. Ser ut som han har fått seg ein killevink.
69'
Mål!
1-1
Glimrande corner frå Børufsen. Vilhjalmson vinn duellen mot Flo og stangar inn 1-1. Fortent.
69'
Hjørnespark
67'
Akkurat no er det veldig mykje dårlig frå begge lag. Er det det tette kampprogrammet som no pregar spelarane?
66'
Nouri med eit elendig mottak og Holsæter er veldig nære på å komme åleine med Opdal.
64'
Denne andreomgangen har hatt eit utrulig lågt tempo for å være toppfotball.
63'
Hjørnespark
På den andre corneren får Sarr avslutta, men langt til side for Dahlin.
63'
Hjørnespark
62'
Børufsen slår inn og Sarr avsluttar via Dahlin og til corner.
62'
Frispark til Start frå ca. 25 meter.
61'
Dahlin held fram kampen, men svensken har vondt i beinet sitt.
60'
Spillerbytte
60'
Sogndal sin keeper Dahlin ligg nede med ein skade.
59'
Spillerbytte
57'
God sjanse for Start. Kristjansson forserar gjennom og gir ballen til Castro. Han prøver å vende, men igjen er Sogndal sine stoggarar på plass.
55'
Start klarerar, men får ikkje noko ut av overgangen sin.
54'
Innkast til Sogndal på høgd med 16-meteren. Som vanlig skal Teniste kaste langt.
51'
Litt ruskete innleiing av begge lag i denne omgangen. Start kanskje best og no kom Castro nesten til ei avslutning for sørlendingane.
50'
Spillerbytte
49'
Owello måtte hinke av bana og det ser ikkje ut som han klarer å fortsette.
48'
Børufsen slår inn og ballen går over alle og i tverrliggaren. Var nok meint som eit innlegg frå Børufsen, men Dahlin hadde ikkje kontroll på den.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi klar for dei siste 45 minutta frå Fosshaugane Campus. Sogndal tek avspark.
Med dei resultata som er no ligg Sogndal på ein veldig overraskande 6.plass på tippeligatabellen. Dette var det nok svært få som hadde sett for seg før årets sesong.
Heilt greit at Sogndal leiiar 1-0 til pause. Start var det førande laget dei fyrste ti minutta, men etter det har Sogndal kjempa sørlendingane i senk. Spesielt defansivt har Sogndal vore veldig sterke og Start har ikkje fått mange moglegheitar til å setje ballen i mål
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Hjørnespark
45+1'
God sjanse for Start. Sogndal sine spelarar står og ser på fordi Sagna ligg nede med skade. Når Sagna så reiser seg igjen fordi han ikkje hadde så vondt som det såg ut til er plutselig Hoff åleine gjennom. Avslutninga frå ti meter er derimot alt for dårlig.
44'
Hjørnespark
Karadas kjem høgt med Bismark Acosta kjem høgare og får klarert.
44'
Sogndal rett i angrep og Start må gje til corner.
43'
Hjørnespark
Farlig, men Sogndal får klarert.
43'
Vikestøl med god avslutning skrått frå ca 11 meter. Dahlin må slå til corner.
42'
Blit tatt kort og Sogndal vinn ballen.
42'
Kast til Start på høgd emd 16-meteren no.
41'
Start byggjer opp og kjem til innlegg frå kant, men Sogndal sine stoggarar er flinke til å plasere seg rett og klarere.
39'
Hjørnespark
Sogndal klarerar igjen.
38'
Malick Mane på hugget. Skyt frå frå ca. 14 like over krysset.
37'
Sogndal igjen farlig frampå. Mane skyt og den har ikkje Opdal heilt kontroll på, men kalrer til slutt å fange sin eigen retur.
35'
Hjørnespark
Godt slått, men Sogndal er sterke i boksen og klarerar.
33'
Mål!
1-0
Ballen vert spelt igjennom til Flo. Han bør egentlig skyt sjølv, men slår inn langs bakken og etter ei dårlig klarering frå ein startspelar er Karadas på rett plass og tuppar ballen i mål.
33'
Så er det Sagna som prøver seg frå 25 meter. Det er eit veldig dårlig forsøk som går ca. 16 meter utafor målet til Opdal.
32'
Godt skot av Owello frå 25 meter, men det blir ein meter for høgt over mål.
30'
Skot frå Sagna frå 20 meter, men igjen er Opdal solid og held ballen.
28'
Kapteinen er oppe igjen og det ser ut som han kan fortsette.
28'
Langt kast inn og etter klabb og babb får Start klarert. Bolseth blir liggande igjen med ein hovudskade og det er no stopp i spelet.
27'
Innkast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
26'
Hoff slår frisparket, men det er dårlig og Sogndal klarerar.
25'
Sagna feller Vikestøl og Start får frispark ca. 30 meter frå Sogndal sitt mål.
23'
Ny enorm sjanse til Sogndal. Bolseth dreg seg fri på midten og spelar ut til Mane. Han slår inn til Karadas som er heilt umarkert på sju meter. Avslutninga er litt dårlig plassert og Opdal reddar med ein fin beinparade.
21'
Hjørnespark
Bismark Acosta er høgast, men dommar Sælen har dømt frispark til Sogndal.
21'
Akkurat no skjer det lite, men det har vore ei relativt underhaldande innleiing på kampen.
19'
Det er Sogndal som har tatt litt meir over initiativet i kampen.
18'
Det er Mane som er høgast i feltet, men han var i offside då han heada ballen i Andersen og over.
17'
Mane vert felt ca. 20 meter frå mål ute ved kanten. Holsæter står klar til å slå inn.
17'
No bølgar kampen fram og tilbake her. Fyrst pressar Start høgt i bana og Dahlin er nære på å gjere ein stygg feil på ein tversoverpasning. Rett etter er det Sogndal som kontrar og Holsæter skyt frå 20 meter, men Opdal er fint nede og held ballen.
15'
Hjørnespark
Start klarerar.
14'
Enorm sjanse for Sogndal! Ein ball blir lempa inn i feltet der Valsvik headar ned til Flo. Han snur seg og skyt. Opdal med ein glimrande redning.
13'
Gult kort
Stormar inn i Karadas bakfrå med albogen i hovudhøgd. Farlig og klart gult kort!
13'
Ballen vert klarert, men berre tilbake til Teniste som tek ballen med seg inn i feltet og svsluttar. dessvere for sogningane går skotet utafor.
12'
Innkast til Sogndal på hød med 16-meter og då kjem Teniste for å kaste langt.
11'
Det blir ein slags mellomting som går rett gjennom feltet og ut til 5-meter for Dahlin.
10'
Espen Hoff skal slå inn eller skyte.
10'
Frispark til Start fra ca. 30 meter etter at Sagna handsa.
9'
Owello avsluttar utafor frå 16 meter.
7'
Hjørnespark
Går gjennom heile feltet. Karadas kjem litt for seint opp.
7'
Sogndal veldig upresise i starten. Klarer ikkje å etablere noko spel, men Ulrik Flo vann no ein corner.
5'
Igjen er det Start som er farlig frampå. Lynraske Asante utfordrar Teniste på farta, men estlendaren får takla i siste sekund. Er nok ikkje den siste duellen mellom desse to i dag.
4'
Litt powerplay i Sogndal sin boks før Børufsen avlsuttar over.
4'
Det er Start som er klart best starten av denne kampen. Spelar seg langt inn på Sogndal sine banehalvdel med gode kombinasjon.
1'
Start spelar ballen framover og bursdagsbarnet Gustav Valsvik dunkar ballen 70 meter opp i bana.
Avspark Start 1. omgang
Det er Start som skal sperke i gang denne kampen og dei angrip mot sine eigen fans. Ca. 15 stk har tatt den lange turen frå sørlandets hovudstad.
Då er laga inne på banen. Ca. halvfulle tribunar tek imot nr. 8 og nr. 13 i Tippeligaen.
Laga er i full oppvarming her på Fosshaugane Campus. Snøklede fjell speiglar seg i Sognefjorden. 20 grader og strålande sol gjer ramma perfekt for denne 12.runden i Tippeligaen frå Sogndal. Så får vi sjå om det er makrellen som sprellar eller om det vert tidleg fruktblomstring utover kvelden.
For Start har Asante komme in for Sarr og toppscorar Castro er tilbake til fordel for Matthias Vilhjalmson.
Lagaoppstillinga kom seint på Fosshaugane Campus og dette beklagar vi. No er den derimot klar og vi ser at for Sogndal har Utvik og Stephensen måtte vike for Skaasheim og Sagna.
Men nok om livsfarlig bedriftsfotball. Vi er tilbake ca. ein time før kampstart med lagoppstillingar og før-kampeninfo om dei to laga.
I ein kamp tidlegare denne veka på Fosshaugane Campus spelte dei lokale skigründerane frå SGN Skis mot eit forsterka lag frå Bratt Moro, som er ei bedrift med fokus på Sogndal som fjellsportshovudstad i Noreg. Med forsterkningar som Eirik Bakke, Håvard Flo, Atle Torvanger og Terje Skjeldestad vart Bratt Moro for sterke og vann 3-2. Sistnemnde keeperkjempe viste prov på at at han framleis held høgt nivå og sjølv om motstanden ikkje var av tippeligaklasse så var Skjeldsestad ein levande mur! Frå kampen kan ein og melde om ein avriven akilles, tre ribbeinsbrot, ei sundslått tann og fleire hamstrinstrekkar. NAV-kontoret i Sogndal har difor hatt sitt å stri med og denne veka for å seie det sånn.
For Sogndal har det ikkje vore meldt om nye skadeproblem og det blir spennande å sjå om bergensaren Nesse Stephensen held fram på sentral midtbane til fordel for Sidy Sagna slik han gjorde med hell mot Haugesund.
Henrik Dahlum og Christan Tveit har vore småsjuke og er ikkje med til Sogndal, mens Jesper Mathisen er ute med kneskade ifølgje Start si heimeside. Start kjem difor til saftbygda med denne troppen: Håkon Opdal, Terje Reinertsen, Amin Nouri, Rolf Daniel Vikstøl, Bismark Acosta, Glenn Andersen, Babacar Sarr, Alain Delgado, Espen Hoff, Ernest Asante, Solomon Owello, Sondre Tronstad, Gummi Kristjansson, Espen Børufsen, Matthias Vilhjalmsson, Alejandro Castro
Litt forskjellige utgangspunkt for laga før kveldens kamp. Start vart utklassa på heimebane med 6-0 av serieleiiar Strømsgodset, mens Sogndal tok ein imponerane 1-0 siger borte mot Haugesund sist helg.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den 12.runden i Tippeligaen 2013. Dagens kamp mellom Sogndal og Start er den siste før vi no går inn i ein lengre pause grunna U21-landslaget si deltaking i EM.