TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Ein vel fortent siger til Sogndal. I kveld var det rett og slett klasseforskjell på laga. Start spelar fint, men fullstendig utan trøkk og då går det ikkje når Sogndal er på høgget nesten heile kampen. Til tider så spelar og Sogndal bra fotball sjølv om det i periodar vert ein del langt utan meining. Scoringa på slutten var livsviktg for Sogndal som no klatrar opp på kvalikk og har heng på laga forran. Banens beste var utan tvil Petter Strand. Konstruktør bak begge måla og til tider så herjar han i rein Myggen-stil på midtbana til Sogndal.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Strand gir til Flo som prøver å curle ballen i vinkelen. Det går ikkje.
90+3'
Frispark til Sogndal.
90+3'
Vinn eit innkast.
90+3'
Start i angrep.
90+3'
Stor stemning på Fosshaugane no.
90+2'
Endar i armane til Dahlin.
90+2'
Start vinn eit innkast høgt i bana.
90+2'
No må Start kaste alle mann i angrep.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Lagt til 4 minutt.
90+1'
Gult kort
For sein.
89'
Mål!
2-1
Så sit den for Sogndal. Igjen er det Strand som brillierar. Opnar opp heile Start sitt forsvar ved ei pasning ut til Valgardsson. Han slår inn og til slutt er det Vaslvik som stuper ballen i mål.
88'
Renn ut i sanden og Asante går i offside.
88'
Innkast som landar rett i klypene til Opdal. Start kan kontre.
87'
Tempoet har falt kraftig dei siste 10 minutta og dette drar seg nok mot uavgjort.
86'
2524 tilskodarar.
85'
Gult kort
Feller Asante på veg framover.
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
83'
Innkast til Start like ved hjørneflagget. Brukar god til no sørlendingane.
82'
Nilsen og Brochmann skal inn for Sogndal.
81'
Lite som skjer akkurat no. Start har fått stabilisert laget og Sogndal klarer ikkje å trykkje dei så hardt.
79'
Vart ingenting ut av frisparket til Sogndal. Flo gjekk i offside.
79'
Spillerbytte
79'
Karadas i duell med Tripic denne gong og igjen er det eidaren so mer klart sterkast. Får seg og eit frispark midt på bana.
77'
Innlegg frå Patronen til Flo og stryningen heng fint i lufta. Dessverre for Sogndal kjem det ein svær odding ut og snappar ballen. God dag mellom stengene for Opdal dette.
76'
Endar i ein pasning som går ut over kortlinja. Innleiinga var god for sørlendingane, men utover har det vore berre Sogndal.
75'
Start med ballen i laget no.
73'
Hjørnespark
Klabb og babb før Start får seg eit etterlengta frispark.
73'
Start satsar no berre på å få ballen opp i bakrom på Hoff.
72'
Hjørnespark
Start får klarert.
72'
Skiskyttar Johannes Thingnes Bø er på plass på Fosshaugane for fylge Sogn og FJordane sitt flaggskip på fotballbana. Er du imponert Bø?
70'
Framleis SOgndal som styrer kampen når vi no går inn i dei 20 siste minutta.
69'
Det vert sagt at det var ein hands i forkant av corneren til Start som Sogndal sine spelarar reagerte på.
68'
Spillerbytte
67'
Mål!
1-1
Petter Strand leikar seg med Start sitt forsvar. Slår ut til Teniste som legg inn på pannebrasken til Otoo. To mål på eit minutt!
65'
Mål!
0-1
Så scorar Start. Andersen ruvar i lufta og stangar inn 1-0. Store protestar i forkant av corneren og stor pipekonsert retta mot dommar Lundby på Fosshaugane no.
65'
Hjørnespark
65'
God angrep av Start som endar i corner til kraftige protestar frå Sogndal.
64'
Hjørnespark
Sarr headar ut. Konge i lufta i dag og veldig viktig for Start på dødball.
64'
Etter fleire gode sjansar får Sogndal corner.
62'
Dei siste fem minutta har det berre vore eit lag på bana. Heimelaget.
61'
Ballen ut på 20 meter til Valgardsson som skyt ca. 25 meter utafor.
60'
Hjørnespark
Ut til kast for Sogndal.
60'
Otoo får skyte frå 17 meter. Via ein startspelar og til corner. God sjanse for Sogndal.
60'
Stuss frå Valsvik, men Sarr får igjen heada ballen ut.
59'
Innkast frå Teniste igjen.
59'
Sogndal med powerplay utan å skape det store. Innlegget frå Teniste går inn til Opdal. Men Andersen er vel ivrig i drakta til Flo som skrik på straffe. Trur og Andersen skal være glad domaren ikkje hadde same posisjon som tilskodarane på hovudtribuna.
56'
God overgangsmoglegheit for Start, men Hoff går i offside.
54'
Glimrande slått av Petter Strand. Knallhard innoversvingar som Opdal er heilt nede ved stolperota og reddar.
53'
Frispark til Sogndal like ved hjørneflagget.
53'
Sarr er konge i lufta og stangar ut.
53'
Langt kast frå Teniste.
52'
Jamnt i innleiinga av denne omgangen med eit lite overtak til Start kanskje. Mons Ivar har i allefall fått tent gutta i pausen.
51'
Tripic prøver seg frå 30 meter, men skotet går 2 til 3 meter over.
50'
Sogndal vinn ballen og slår langt opp, men der er det ingen og Start tek over.
50'
Hjørnespark
Går gjennom heile feltet og endar i åpent spel.
49'
Hjørnespark
Kort corner. Går ut til ny corner.
49'
Patronen er på beina igjen for Sogndal og no kom Andersen seg opp og.
48'
Både ein sogndalspelar og ein startspelar ligg nede.
47'
Hjørnespark
Stor sjanse. Ser ikkje kven som headar men der er via ein sogndalspelar og ut til ny corner.
47'
Blir Tripic. Han skyt i keeperhjørna til Dahlin som gir til corner.
47'
Meget god posisjon.
46'
Frispark til Start på 17 meter.
46'
Nouri skal kaste langt.
46'
Lang ball opp grunna Sogndal sitt høge press og Hoff vinn eit innkast.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi klar. Start med avspark.
Startspelarane joggar inn på bana og no ventar vi berre på Sogndal før vi sprarkar i gang 2.omgangen frå Fosshaugane Campus.
Sogndal klart best i denne omgangen. Spesielt frå det 25. til det 40. minutt var det eit under at det ikkje vart mål til heimelaget. Men det står 0-0 og for Start sin del så får vi håpe dei har litt meir å by på i 2.omgang. Svært lite dei har fått til, men Sogndal har sprunge mykje og når sogningane byrjar å bli slitne så kan det verta lettare for Start å få til pasningsspelet sitt.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+2'
Vikstøl med innlegg over alle, men på bakerste lurar Hoff. Dessverre for sørlendingane bommar han på ballen i forsøket sitt.
45+1'
Sogndalspelarane er nok litt slitne og no er det Start som trillar ball utan at så mykje skjer.
45'
Kristjansson trekkjer seg fri i feltet, men med Karadas i skulder mot skulder etterpå flyg han 2 meter ut over sidelinja. Startfansen bak mål ropar på straffe men islendingen skjønte nok at her vart han for liten.
44'
God sjanse for Start på ei kontring, men pasninga frå Castro som kunne sendt to mann gjennom vert stoppa av Karadas.
42'
Sjansar i begge endar her no. Kanskje størst når Hoff skyt og Dahlin gjev ein retur. Men Valsvik får klarert framfor Castro.
40'
Ny fin sogndalsjanse, men utanom då han glei så har Opdal vore solid i startburet.
39'
Hjørnespark
Går over alle og ut til 5-meter.
38'
Sogndal styrer framleis veldig mykje og no har Start lagt seg lågt og satsar på kontringar. Vil nok berre komme seg til pause for å få omtsrukturert litt.
36'
Blir nok tordentale frå Mons Ivar i pausen. Dette er han nok ikkje nøgd med.
35'
Start rotar veldig mykje her no. Denne gongen er det Sarr som spelar ein katastrofal pasning i bakre rekker. Endar i kast til Sogndal, men det kunne gått så mykje verre for sørlendingane.
34'
Sogndal styrer det meste her no, men klarer ikkje å setje ballen i mål. Ganske typisk eit botnlag altså.
33'
Enorm sjanse til Sogndal. Sogndal bryt Start og Otoo flikkar til Bolseth som spelar igjennom Strand. Han avsluttar stolpen.
31'
Stor sjanse til Sogndal. Opdal sklir då han skal skyte ut. Otoo snappar opp ballen på 30 meter og set fart, men Berger klarer å presse han såpass at avslutninga går utafor. Opdal kan puste letta ut.
30'
Hjørnespark
På bakerste til Karadas, men han set heading over mål.
30'
Bolseth skyt via Berger til corner.
30'
Dårlig corner frå Valgardsson, men etter klabb og babb får Valsvik ballen på sju meter. Skotet vert blokkert.
28'
Hjørnespark
28'
Fin sjanse for Start, men innlegget til Hoff går rett i klypene på Dahlin.
28'
Start på kontring.
27'
Sarr stangar ut.
27'
Fyrtårna kjem opp.
27'
Innkast til Sogndal ved Teniste.
26'
Start prøver og prøver, men slit kraftig med pasningane.
24'
Hjørnespark
Endar i åpent spel før Karadas skyt over.
24'
Hjørnespark
Denne gongen er det ein god corner frå islendingen og Opdal fistar til ny corner.
24'
Ikkje så veldig underhaldande sålangt sjølv om det heller ikkje har vore kjedelig. Men mykje feilpasningar og individuelle feil stykkjer opp spelet.
22'
Sogndal pressar Start veldig høgt og dette er ikkje sørlendingae komfortable med. Slår mykje langt.
22'
Innlegg frå Teniste og Otoo prøver seg på ein volley, men den går rett på Opdal.
21'
Fin sjanse for Start. Spelar seg lett gjennom forsvaret til Sogndal og Kristjansson får lagt inn, men Dahlin snappar den forran Castro. Patronen og lovleg sein når han sklir inn i Kristjansson, men ingen ropar på straffe.
19'
'Vi må jobbe hardare' ropar Mons på sidelinja. Det trur eg og Start må gjere for det er Sogndal som styrer no.
17'
Hjørnespark
Elendig corner av Valgardsson. Langs bakken og i nettveggen. Den forrige gjekk over alle.
16'
God sjanse for Sogndal. Kampens første. Bolseth kjem rundt på kant og legg knallhardt inn langs bakken. Ingen klarar å komme på den før ballen dett ut på 16 meter til Petter Strand som fyrer av nokre centimeter over.
15'
Vi har spelt i 15 minutt og endå kan vi vel ikkje skriva heim om nokon store sjansar.
14'
Fine kombinasjonar av Sogndal på kant, men ingen er på innlegget til Valgardsson.
12'
Vikestøl med skot frå 20 meter, men den går rett i ein sogndalspelar. Trøkk i det skotet.
12'
Vikestøl med skot frå 20 meter, men den går rett i ein sogndalspelar. Trøkk i det skotet.
11'
Heilt klart to vidt forskjellige spelestilar som møtes her. Start likar å byggje opp angrepa sine, mens Sogndal er mykje meir direkte i stilen.
10'
Start får klarert.
9'
Innkast til Sogndal no. Teniste skal kaste langt og det er som ein corner å rekne.
9'
Jamnt i starten her. Sogndal kanskje med eit lite overtak, men Start er flinke til å halde i ballen og byggjer opp angrepa med tålmod.
7'
Hjørnespark
God sjanse for Sogndal då Valsvik er høgast, men domaren har blåst for ein dytt og Start får frispark.
6'
Men ein dårlig pasning frå Castro gjer at Sogndal overtek. Offside var det vist og.
6'
Feilpasning av Bolseth og Start kjem på ein farlig overgang.
4'
Hjørnespark
Går over alle og ut til utspark for Opdal.
4'
Karadas med karatespark, men Sogndal får frispark. Var nok for ein tidlegare duell.
3'
Begge laga vil nok prøve å tvinge det andre til å stå langt for begge forsvara er hovudsterke, mens spissane er nok best langs bakken.
2'
Sogndal står høgt og nektar Opdal å setje i gang langs bakken.
2'
Kristjanson spelar høgrekant og Espen Hoff spelar på topp saman med Castro for Start.
1'
Lang ball opp og innkast til Start.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg inn på bana og om nokre minutt er vi gang med denne viktige kampen i botnen av Tippeligaen.
Ikkje så mykje fotball endå, men sogningane brukar ikkje å møtte opp før dommaren bles i fløyta så det er håp om å få inn litt fleire her. Vi kan telje ca. 8 sørlendingar bak mål. Lang tur dette så eigentleg er det ganske imponerande.
Sjefen i Start, Mons Ivar Mjelde, har ei tidlegare karriere i Sogndal. I 2001 netta ostringen 2 mål på 7 kampar i saftbygda. Det er ikkje mange tidlegare lagkamperatar att i bygda, men Rune Bolseth spelte faktisk saman med Mjelde dette året.
Laga er no ute og varmar opp og begge spelar 2-touch 5 mot 5. Så får vi sjå om det blir noko tiki-taka om 20 minutt frå Fosshaugane Campus.
For Start er det ein del endringar frå kampen mot Brann. Castro, Sarr og Andersen ut, mens Paniagua og Asante er benka. Bismark Acosta som sagt ute med skade.
Då har vi laga klare og det er vel ingen store overaskelsar sjølv om begge laga gjer ein del endringar frå sist serierunde. Sogndal skal være styrka med Karadas og Patronen tilbake, men vi får sjå om skadane har sett dei litt tilbake.
Vi ynskjer alle velkomne tilbake ca. 1 time før kampstart då lagoppstillingane vil vera klare.
På vår statistikk som går tilbake til 1982 så har laga møttes 13 gonger i Sogndal. Det har enda i 5 heimesigrar, 5 uavgjort og 3 bortesigrar. I fjor enda det 1-1 mellom desse laga i Sogndal, mens Start vann 2-0 på Sør Arena.
Dei spelarane som Mjelde saknar er Jesper Mathisen, Bismarck Acosta og Matthias Vilhjalmsson. Børufsen, Sarr, Sandnes og Castro har alle slete med skadar, men er tilbake og med i troppen til dagens kamp.
I fylgje laga sine heimesider så blir Mons Ivar Mjelde kvalm av skadesituasjonen i klubben, mens Jonas Olsson no kan velje på øverste hylle frå ein fullstendig skadefri tropp.
Begge desse laga tok seg på onsdag vidare i cupen, sjølv om dei begge måte slite. Sogndal slo Åsane 2-0, mens Start scora på overtid og vann 2-1 etter lenge å ha lege under mot Jerv frå Grimstad.
Sogndal ligg nederst på tabellen, mens Start ligg på 11.plass. Det skil derimot berre 4 poeng mellom laga så dette kan vel absolutt kallast ein 6-poengskamp i botnstriden.
Då vil vi få ynska velkomne til den 8. runden i Tippeligaen og kampen mellom Sogndal og Start.