Oppsummering
Sogndal køyrer over Start på heimebane, og vinn heile 4-0! Ein såg tidleg at det var heimelaget som ville ta kontroll over kampen. Baidoo skulle bli den store spelaren i dag, og han var involvert i dei fleste måla. Han slo innlegget som førte til 1-0, og sette inn 2-0 sjølv. Med dette pauseresultatet, ville det bli tungt for Start. Etter pause fekk Flataker også vise fram siden ferdigheiter. Han står på rett plass på 3-0, og er god når han rundar keeper på 4-0. Dette vart ein tung kamp for Start, og dei må opp mange hakk om dei skal kome seg ut av neddrykkskampen i løpet av hausten.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+2'
Flo stangar vekk eit innlegg frå Sjøkvist. Det har me sett mykje av i denne kampen.
90+1'
No ventar alle på at kampen skal bli ferdig.
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
89'
Sogndal avsluttar kampen med å spele 4-5-1.
83'
Sogndal forsøker seg på eit par innlegg utan å lukkast. Angrepet blir avslutta av ei svak avslutning frå Twum.
77'
Sjøkvist prøver seg på ein frekk variant når han prøver å chippe over Jendal som står langt ute. Går over målet.
72'
Lustringen Kalstad skal straks inn for Sogndal.
71'
Etter 3-0 har ting gått fort på Fosshaugane. Sogndal vil berre køyre på, og Start er desperate etter scoringar. Dette betyr også at det går litt for fort til at alt blir like presist.
70'
Makosso prøver seg frå distanse, og ballen går ein meter over målet.
62'
Dahsaev vinn ballen får Hintsa, og prøver seg sjølv frå 20 meter. Ballen går langt utanfor.
61'
Isah slår mot Dahsaev som kjem på underlap, men det er ikkje presist nok.
59'
Det har ikkje vore nokre store sjansar etter pause. Sogndal er komfortable med å leie 2-0 medan Start slit med å kome til avslutningar.
57'
Omtrent alt Start skapar, kjem frå at Sjøkvist slår inn mot Schulze i boksen. Så langt har det ikkje fungert.
52'
Makosso får ein fot på Borgthorsson i boksen, men Tennøy er også denne gongen sikker på at det ikkje er straffe.
49'
Isah får ei avslutning frå distanse. Sogndal er rasande fordi Start ikkje speler ut ballen når Baidoo ligg nede på bakken. Hadde blitt voldsomme reaksjonar om den ballen gjekk i mål.
47'
Sjølstad slår inn mot Flataker, men han lagar frispark når han hoppar inn i Jenssen.
46'
Hintsa sparkar i gang den andre omgangen. Så blir det spennande å sjå om Start kan snu kampen med dobbeltbytet i pausen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dashaev og Isah gjer seg klare til å kome inn for Start.
Sogndal leiar 2-0 til pause, og det er ikkje ufortjent når ein ser kva dei har skapt. Start har hatt eit par sjansar dei også, men utanom det, har dei skapt veldig lite. Karadas har ein jobb å gjere i pausen dersom det skal bli poeng på Start.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Sjøkvist går i bakken, og vil ha straffe, men Tennøy er sikker på at det ikkje er det. Nokre få protestar frå Start, men det roar seg kjapt.
44'
Flataker med ein god sjanse! Han får ballen frå Baidoo, og prøver å fyre av etter ein sprett. Han satsar mest på kraft, og ballen går utanfor.
44'
Arrocha prøver å finne Hintsa i bakrom, men Torkildsen ser den pasninga før nokon andre. Han plukkar ballen enkelt.
42'
Sjøkvist slår mange gode innlegg, men Start manglar den spelaren som kan true Arrocha og Flo i boksen.
39'
Stolpe frå Borghtorsson! Han prøver seg frå 16 meter, og treff metallet. Sjansen kjem etter at Pålerud slår ballen rett til islendingen.
33'
Baidoo doblar leiinga! Ein lang ball frå Eriksson i forsvaret blir spelt gjennom til han. Mottaket er perfekt, og avslutninga skrur seg inn i det lengste hjørnet. Vakkert av stjernespelaren til Sogndal. Ballen treff ein Startspelar på veg mot målet, og det kan ha vore akkurat nok til at Torkildsen ikkje fekk ei hand på den.
33'
Baidoo slår hardt inn mot Hintsa. Så hardt at svensken ikkje klarar å få til ei avslutning. Ballen treff kneet hans, og går ut til utspark.
32'
Baidoo går i bakken etter ein duell med Grønli, der ingen av dei hadde ballen. Frispark til Sogndal.
30'
Pålerud blokkerer eit innlegg frå Baidoo. Backen som må vikariere på stopparplass, har hatt ein brukbar start på kampen.
29'
Pålerud prøver seg på eit innlegg, og Jendal har full kontroll i boksen.
28'
Det er ei stund sidan Start har vore farlege offensivt, men dei viste tidleg i kampen at det går an å skape farlege sjansar på dette Sogndallaget.
27'
Flataker prøver seg med venstrefoten. Ballen skrur ikkje rett veg, og går langt utanfor målet.
25'
Kjempesjanse for Sjølstad! Baidoo slår ballen over til Borgthorsson som legg den igjen for Sjølstad. Ballen står i ro i boksen, og han sender den langt over målet.
25'
Sjøkvist forsøker eit innlegg, men ballen går ut til innkast. Ingen frå Start venta i boksen.
20'
Start tek tak i ballen etter scoringa, og ønskjer å gå rett i angrep.
17'
Sogndal kontrar etter corneren, og vinn seg ein eigen corner.
16'
Ball i stolpen frå Start! No nærmar dei seg.
15'
Start får sin første sjanse! God redning frå Jendal etter heading av Schulze. Corner.
14'
Baidoo forsøker seg på ei heading, men det er ikkje hans store styrke. Redning frå keeper.
12'
Flaten prøver seg frå 25 meter. Ballen går eit par meter over målet.
11'
Det er tydeleg at Start er redde for Baidoo. Dei har fleire menn rundt han når han har ballen.
9'
Sjølstad slår inn mot Hintsa, og ballen går fem centimeter for høgt for svensken.
8'
Start er framme i bana for første gang, men Grønli får ikkje kontroll over ballen i boksen. Utspel frå Jendal.
6'
Torkildsen klarerer ein ball opp på taket på tribuna.
4'
Sogndal prøver å finne ein veg gjennom forsvaret til Start, men der er det veldig tett. Flaten har lyst til å avslutte, men kjem ikkje i god nok posisjon.
2'
Baidoo vinn ballen frå Grønli, og prøver å slå den vidare til Flataker, men er upresis. Kunne blitt ei farleg kontring for heimelaget.
1'
Kampen har starta, og Start startar med å slå ein lang ball opp mot forsvaret til Sogndal.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer to endringar frå laget som tapte mot Ranheim. Sjølstad er tilbake frå karantene, og kjem inn for Olugbe. Det betyr at Per-Egil Flo går tilbake på stopparplass. Oliver Hintsa kjem inn for ein skada Kasper Skaanes på topp. Bortelaget gjer ei endring på laget. Kalle Wallius kjem inn for Deni Dashaev.
Jan Morten Tennøy er hovuddommar i dagens kamp. Lasse Johannes Skogstad Patrikainen og Bjørnar Drtina Bjørnstad er assistentdommarar. Jonas Sande Mossestad er fjerdedommar.
Det var Start som fekk med seg alle tre poenga då dei møtte Sogndal tidlegare i år. Schulze sikra 2-1 til Start på overtid etter at Sogndal tok leiinga tidleg i kampen. Sogndal slit ofte mot Start. Dei klarte å vinne 2-1 heime i fjor, men før det, hadde dei ikkje slått Start sidan 2014.
Overgangsvindauget har opna, og begge lag har no sjansen til å forsterke troppen før haustsesongen startar. Sogndal har ikkje stressa voldsomt med å hente nye spelarar, til tross for ein relativt tynn tropp. Dei har henta Jamal Haruna frå Raufoss, men lånt han tilbake til Raufoss ut sesongen. I tillegg har dei mista kanskje sin viktigaste spelar i forsvaret, Andreas Hoven, til Stabæk, som er ein direkte konkurrent i OBOS-ligaen. Det har skjedd meir rundt spelartroppen til Start i sommar. Østigård Næss har reist til Færøyene, og Cosic sin kontrakt er terminert. Både Gregersen og Sanyang har gått til Sarpsborg 08. Sander Svela er tilbake frå lån, og Håkon Lorentzen, Sigurd Grønli og Mustapha Isah er henta inn for å forsterke troppen.
Begge lag kjem frå tap i førre runde. Sogndal spelte sin svakaste kamp denne sesongen mot Ranheim, og tapte heile 3-0 på bortebane. Start møtte topplaget Vålerenga på heimebane, og det såg lenge ut som at dei skulle få med seg eit godt resultat, men Petter Strand sikra tre poeng til Vålerenga rett før kampslutt.
Ein skulle trudd at dette oppgjeret skulle vere ein toppkamp i OBOS-ligaen, men i år er det ikkje sånn. Sogndal og Start er to klubbar som begge forventar å kjempe om opprykk, men har underprestert i år. Dette gjeld spesielt Start som ligg på 14. plass før kampen i dag, og kan potensielt rykke ned om dei er like svake i haust som i vår. Akkurat no ligg Sogndal på 7. plass, som er den plassen dei har enda sesongen på dei to siste åra, men det er ganske tett rundt dei på tabellen. Sogndal treng tre poeng i dag for å ikkje miste kontakt med dei andre laga i toppen av tabellen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Start i OBOS-ligaen!