TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

For ein kamp dette skulle bli! Det såg lenge ut til at det skulle bli ein komfortabel siger for Sogndal. Grønner viser at det var rett av Flo å gi han sjansen. Tre mål skulle det bli på Osloguten. Backen Gunnarsson fekk seg også eit mål. Når ein leiar 4-0 skal det ikkje i teorien kunne bli spennande på slutten, men plutseleg løsna det for Stabæk. Gift viser sine kvalitetar, og scorar to mål. Eit nydeleg mål frå Geelmuyden kjem mellom måla til Gift. Det gjer at dei ti siste minutta blir nervepirrande. Sogndal drog ned kantspelarane og spelte med seks bake med fire spelarar rett framfor der igjen. Supportarane til begge lag viste seg også fram, og skapte ein endå finare ramme rundt denne kampen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (4-3)
90+3'
No renn tida ut for Stabæk.
90+1'
Supportarane til Stabæk blir veldig frusterte når Sogndal sine spelarar legg seg ned med krampe.
90'
Fem minuttar får Stabæk på å jakte utlikning,
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
89'
Stabæk siktar på Wangberg som headar langt over.
87'
Frispark
87'
Sogndal ligg veldig langt bakpå no medan Stabæk pressar.
86'
Begge lag gjer fleire byter med fem minuttar igjen.
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
83'
Stabæk er plutseleg inne i kampen igjen! No er det spennande dei siste minutta.
81'
Mål!
4-3
GIFT GJER DET IGJEN! Nok ein gong står han åleine på bakerste, og set ballen inn i det opne målet.
80'
Frispark
80'
Gult kort
Storscoraren frå denne kampen dreg på seg eit gult kort.
79'
Sogndal tek grep etter å ha sluppe inn to mål.
79'
Spillerbytte
76'
Mål!
4-2
Ny redusering! Geelmeyden dreg seg fint framover, og skrur ballen i lengste. No er det liv i kampen igjen.
75'
Frispark
75'
Litt krangling mellom spelarane etter at Kryger fekk seg ein smell.
74'
Lange forsøker seg frå skrått hald. Går over linja før den skrur seg inn på bana igjen.
72'
Gult kort
Brukar for lang tid med ballen. Frustrerar bortefansen.
71'
Hjørnespark
Krogstad hoppar opp, og headar over.
69'
Frispark
God posisjon til å slå innlegg. Kryger får ei avslutning, men Sandberg reddar.
69'
Frispark
68'
Gult kort
Taklar Mathisen for hardt.
67'
Mål!
4-1
Gift reduserar etter ein corner. Heimefansen ropar på offisde. Headar ballen inn etter at Næss forsøker seg.
66'
Hjørnespark
65'
Frispark
63'
Mål!
4-0
HAT-TRICK! Mathisen stormar fram som vanleg, og er like effektiv denne gongen. Han finn Grønner som tek seg forbi ein siste forsvarsspelar, og set ballen i målet.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
61'
Kjønø gjer klar Kassi og Lange.
60'
No ser det verkeleg tungt ut for Stabæk.
57'
Mål!
3-0
GRØNNER GJER DET IGJEN! Nok ein gong kombinerer Sogndal seg fint framover. Mathisen driv mot målet, og slepp ballen til Nessø som legg inn til Grønner som set ballen inn i det opne målet.
57'
Dei kvite draktene til Sogndal er nesten gjennomsiktige i dette veret.
54'
Kostadinov forsøker seg frå distanse, men ballen skrur seg vekk frå målet.
53'
Hjørnespark
Forsøker å finne Wangberg igjen, men denne gongen lukkast det ikkje.
52'
No regnar det endå meir enn det gjorde i førsteomgang.
50'
Hjørnespark
Wangberg flikkar ballen over målet.
49'
Frispark
48'
Hjørnespark
Går til Edwards som forsøker seg på volley, men treff berre Fij.
47'
Gift kjem seg fram i feltet, men van der Spa er sterk og stoppar han.
46'
Kampen er i gong igjen, og ingen har gjort nokre byter i pausen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar noko overaskande 2-0 til pause. Stabæk starta best, og satt ballen i mål, men Gift stod i offside då han scora. Like etter tok Sogndal leiinga med Grønner. Ti minutt seinare dobla Gunnarsson leiinga. Begge måla kom ved at Sogndal klarte å kome seg gjennom forsvaret med korte og smarte pasningar. Det vil nok vere frustrerande for Stabæk at dei ikkje har klart å få meir ut av sjansane sine.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Van der Spa klarerer nok eit innlegg.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Frispark
45'
Krogstad forsøker ¨finne Geelmuyden, men ballen blir klarert.
44'
Hjørnespark
Sandberg snappar innlegget.
43'
Offside
Står i offside når han får ballen tilbake etter å ha teke eit innkast.
42'
Jonsson skrur ballen inn mot van der Spa, men stopparen får ikkje kontakt med ballen.
41'
Frispark
Jonsson sitt innlegg blir klarert.
39'
Frispark
Frispark i farleg posisjon. Forsøket til Næss går langt over målet.
39'
Gift kjem til ein avslutning inne i boksen, men det står for mange framfor målet.
38'
Strålande sklitakling frå Jenssen som stoppar Nessø.
37'
Frispark
36'
Fij boksar vekk eit innlegg.
35'
Gift sender ballen rett på Fij! Stor sjanse for bortelaget. Ei glatt bane gjer det vanskeleg for forsvaret.
34'
Sandberg er ute og snappar ein gjennombrotspasning mot Nessø.
32'
Frispark
32'
Nok ein gong sender Sogndal fram mange menn, men Grønner rotar vekk ballen.
31'
No regnar det voldsomt utpå bana!
30'
Sogndal stormar fram i angrep, og Nessø skrur ballen like over målet.
29'
Spillerbytte
28'
No er det Mansour Gueye som ligg nede. Han må byte.
27'
Mål!
2-0
Sogndal doblar leiinga! Gunnarsson har teke turen fram i bana, og får betalt for det. han kombinerar fint med Grønner, og set ballen i mål åleine med keeperen.
26'
Hjørnespark
Van der Spa headar ballen vekk.
25'
Kryger er oppe på beina igjen, men har vondt i skuldra ser det ut som.
24'
Kryger ligg nede etter at han vart truffen då Fij skulle boksa ballen.
22'
Wernersson forsøker å finne Gift igjen, men treff akkurat ikkje spissen.
21'
Frispark
20'
Frispark
17'
Mål!
1-0
Sogndal tek leiinga! Mathisen vinn ballen, og spelar vidare til Jonsson. Islendingen finn Grønner inni boksen, og han chippar ballen i mål. Sogndal scorar med sin første avslutning.
15'
Edwards slår langt mot Gift, men ballen går ut til innkast.
14'
Sogndal trilla ball lenge utanfor feltet til Stabæk, men klarte ikkje å kome til avslutning.
13'
Frispark
12'
Frispark
12'
Offside
Gift set ballen i mål, men står i offside! Framleis 0-0.
11'
Wangberg får ei heading mot mål, men Fij står på rett plass.
10'
Hjørnespark
Stanga ut frå van der Spa.
9'
Van der Spa stoppar Geelmuyden frå å kome åleine gjennom.
9'
Ingimundarson forsøker å spele gjennom forsvaret, men der er det ingen klare.
7'
Næss får kampens første avslutning, men den går høgt over målet.
7'
Hjørnespark
Heada ut.
6'
Frispark
Skrus inn, og heada ut til corner.
6'
Gult kort
Tidleg gult kort når Blårud riv ned ein spelar.
4'
Frispark
3'
Ottesen prøver seg på eit innlegg, men det er ikkje vellykka.
2'
Stabæk er farleg frampå, men klarar ikkje å skapa den første sjansen.
1'
Stabæk sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Ein gjeng frå Bærum har teke turen til Sogndal i dag for å heia fram laget sitt. Med 20 minutt til kampstart har dei allereie starta synginga! "Det er vi som er SSF!" kan høyrast på Fosshaugane no.
Både Normann Hansen og Azemi er ute for Stabæk på grunn av sjukdom. Det har ført til at Markus Seim-Monsen får vere med i troppen før første gong. Ungguten er fødd i 2007!
Då er lagoppstillingane klare! Blårud har kome inn for heimelaget sidan sist kamp. Kostadinov og Geelmuyden er inne for Stabæk.
Laga traff kvarandre i andre serierunde. Då enda kampen 0-0 med relativt få store målsjansar. Det er lov å håpe på fleire mål i dag!
Både Sogndal og Stabæk heng med i den gjengen som kjemper om den andre opprykksplassen rett bak Brann. Før denne runden er det Stabæk som har den plassen med 28 poeng. Sogndal ligg som nummer seks med 25 poeng. Stabæk sin målforskjell er betydeleg betre, så Sogndal klarar ikkje å gå forbi sjølv om det skulle bli seier. Med tanke på kor jamt det er i OBOS-ligaen i år kan det ha mykje å seie for tabellplasseringa for laga om det blir null, eitt eller tre poeng i kveld, men det er naturlegvis berre tabellplasseringa etter siste serierunde som betyr noko.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Stabæk!