TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Sogndal blir å finne i 1. divisjon neste sesong. Og der høyrer dei heime akkurat no. Ein siger på dei siste 17 kampane seier sitt. 11 poeng opp til sikker plass fortel at verken spelarar eller trenarar har vore gode nok. Dermed kan trenar Olsson levere ifrå seg nøklane til Bakke, som skal styre laget dei neste sesongane.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+2'
Mål!
0-2
For ei scoring! Leiker seg med Sogndal-forsvaret, og skyt på halvspretten frå 20 meter!
90+2'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90'
Hjørnespark
Udjus er oppe på corneren, men det hjelp så lite.
89'
Hjørnespark
Sarr avsluttar utanfor.
89'
Sogndal-trenar Olsson har gjennom heile sesongen at laget får dei poenga dei fortener etter 30 kampar. No er laget altså å finne i 1. divisjon neste sesong.
88'
Publikum reiser frå Fosshaugane.
87'
Mål!
0-1
Der er Sogndal i 1. divisjon! Stabæk kjem fire mot to (!), og Kassi har ei enkel oppgåve å sette inn 0-1.
86'
Sogndal avsluttar kampen med 3-4-3 formasjon, eller?
86'
Spillerbytte
86'
4439 tilskodarar ser kampen.
85'
Hjørnespark
Sogndal får frispark.
85'
Stephens skyt via Utvik til corner.
84'
Hjørnespark
Blir utspel frå keeper.
83'
Hjørnespark
Ny corner.
83'
Strand og Flo kjem aleine mot ein Stabæk-forsvarar, men avslutninga går rett på keeper! For ein sjanse!
81'
No har publikum verkeleg vakna til liv!
81'
Då er det berre ei Sogndal-scoring og Haugesund-seier som skal til for å sikre Sogndal kvalik-plassen.
80'
2-2 i Haugesund - Brann no! Skal gi Sogndal ekstra guts på slutten?
80'
Spillerbytte
79'
Heimelaget prøver så godt dei kan, men det er ikkje godt nok. Når dei ikkje slår Stabæk på heimebane i ein så viktig kamp har dei lite i Tippeligaen å gjere.
77'
Flo har att over kapteinsbindet for heimelaget, ettersom Bolseth gjekk av bana.
75'
Spillerbytte
75'
Psyché kjem inn på bana att, og laga spelar 11 mot 11 igjen.
73'
Midtstoppar Psyché ligg nede med krampe.
73'
Otoo legg inn - keepermat.
72'
Sogndal står høgt med heile laget. No er det enten - eller!
71'
Boli får ballen inne i femmeteren, prøver å vende, men blir pressa hardt i ryggen. Halvsjanse der!
70'
1. divisjon nærmar seg for Sogndal no. Berre 20 minutt att å gjere det på.
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
67'
Boli med stor sjanse! Får ballen inne i feltet på sju meter, men skyt like utanfor!
66'
Strand klinkar til frå 25 meter. Ballen stryk stolpen!
65'
Heimelaget må ta større og større risiko, ettersom dei uansett må vinne her. Det opnar også opp for Stabæk-kontringar.
64'
Brochmann med stor sjanse, men avsluttar utanfor frå 16 meter! Valgte kraft foran presisjon der, dansken.
63'
Brustad skyt frå ti meter, og Udjus må retur som går rett i eigen medspelar. Får etterkvart ballen unna.
61'
Brochmann går ut på høgrekanten, og Flo går inn som midtspiss saman med Otoo.
60'
Hjørnespark
Strand får ballen på 20 meter, og bles den over.
59'
Spillerbytte
59'
Jacobson skyt - men skotet blir blokkert.
58'
Hjørnespark
Udjus boksar ut.
56'
Brochmann skal inn for Sogndal.
54'
Nok ein gong er Sogndal åleine gjennom, men denne gongen er det Strand som er i offside. Stabæk-forsvaret står høgt!
54'
Fine Sogndal-tendensar, men Otoo er i offside i det han avsluttar rett på keeper.
51'
Kjempesjanse for Otoo og Sogndal! Får ballen inne i feltet, men får ikkje skikkeleg kontroll. Keeper kjem ut, og kastar seg over kula.
51'
Stor sjanse for Stabæk! Jacobson får ballen på ti meter, men skyt utanfor!
50'
Lang ball mot Nilsen som legg tilbake til Flo. Han legg inn i feltet, og der lurer Otoo. Han når ikkje skikkeleg opp i duellen mot Høiland.
48'
Utvik slår opp i feltet, men keeper kjem ut for å bokse - noko han klarar fint.
47'
Sogndal-frispark på midtstreken. Flyttar opp sterke hovudspelarar.
46'
Stabæk startar andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 0-0. Heimelaget hadde mest ball, medan Stabæk hadde den største sjansen. Den kom på overtid, då Boli avslutta rett på keeper. Sogndal må uansett vinne her, og må framover på bana etter pause!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Boli med kampens største sjanse! Avsluttar frå sju meter - rett på keeper Udjus!
45'
Nilsen går og går, heilt til han mistar ballen. Flo fortvilar over at han ikkje fekk ballen.
45'
Dommar Edvardsen og Otoo er uvennar. Frispark til gjestene etter at Sogndal-spissen er oppe med ein alboge.
44'
Gorozia skyt - rett på keeper!
43'
Nilsen er åleine gjennom, men er i offside.
42'
Brustad kjem rundt på høgrekanten, og legg inn i feltet. Der er Stephens på rett plass inne i feltet, men avslutninga blir det ikkje noko trøkk i.
41'
Næss med frykteleg feilpasning i eige forsvar, men Sogndal-angripet klarar ikkje å utnytte feilen.
40'
Litt teori medan det ikkje skjer så mykje nede på grasmatta. Om det blir uavgjort mellom Haugesund - Brann, så klarar Sogndal kvalik-plassen om dei vinn med tre mål her.
37'
Sogndal-frispark på midtstreken. Valgardsson slår opp i feltet, men Stabæk får kontroll.
36'
Frispark frå Valgardsson, og Psyche stussar like utanfor! Nær 1-0 der!
36'
Haugesund reduserer til 1-2, og heimepublikum på Fosshaugane er i ekstase!
35'
Valgardsson skyt - rett på keeper.
34'
Frispark til Sogndal i fin posisjon. Valgardsson står klar.
34'
Håplaus tversoverpasning av Psyché, og Brustad får ballen inne i feltet. Han bles kula over!
33'
To kjappe Brann-scoringar i Haugesund tok heilt piffen av Sogndal-laget.
32'
Han slår frisparket inn i feltet, men Psyché si avslutning går over.
32'
Sogndal-frispark i fin posisjon. Strand står klar.
30'
Otoo får frispark imot seg, og gir dommar Edvardsen nokre gloser i retur
30'
Bolseth skyt frå 20 meter, men skotet blir blokkert.
28'
Meling skyt frå distanse, men Udjus held ballen sikkert.
27'
Sogndal har seks utespelarar på benken. Alle med offansive fibrar!
26'
Fine kombinasjonar av Otoo og Bolseth, men Flo sin førstetouch held ikkje tippeliganivå i det han mottek ballen av Sogndal-kaptein Bolli.
24'
Gjestene som trillar ball no.
24'
Bolseth bryt på midten, og finn Teniste på kanten. Stabæk overtek.
22'
Nilsen testar skotfoten frå 20 meter. Like over!
21'
Laga har faktisk møtt kvarandre på Fosshaugane i siste serierunde ved ein tidlegare annledning. Det var i 1998 og Stabæk tok ien småfrekk 9-0 siger og Sogndal rykka ned.
20'
Ingen målsjansar til nokon av laga dei første 20 minuttane.
17'
Hjørnespark
Keeper boksar ut - igjen.
16'
Hjørnespark
Keeper boksar bakover, til ny corner.
15'
Hjørnespark
Ufarleg. Utspark frå keeper.
13'
Bolseth får frispark imot. Står fortvila med hoftefeste. Om det er grunna dommaravgjerdsla eller grunna resultatet i Haugesund er uvisst.
12'
0-2 i Haugesund - Brann no. Sogndal styrer mot 1. divisjon.
11'
Om det blir uavgjort i Haugsund - Brann, må Sogndal vinne med tre mål her. Det hastar for heimelaget!
10'
Halvsjanse for Sogndal! Psyché stussar ballen vidare i feltet, men keeper har grei kontroll.
9'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
9'
Lang ball mot Otoo, men Næss taklar fint. Innkast.
6'
Hjørnespark
Sogndal held ballen i laget, og Flo avsluttar i neste trekk. Over.
6'
Om Brann vinn i Haugesund, er Sogndal å finne i 1. divisjon neste sesong. Uansett korleis det går her på Fosshaugane.
5'
Speaker opplyser om at Brann har tatt leiinga borte mot Haugsund. Heilt stilt på Fosshaugane.
4'
Meling stormar framover, og prøver å finne Jacobsen inne i feltet. Psyché bryt foran og ryddar opp.
3'
Sogndal festar grepet om kampen, og trillar ball rundt midtsirkelen.
2'
Ser ut som Stabæk går ut i 3-5-2 / 5-3-2, og dermed overraskar både underteikna og Sogndal-trenar Jonas Olsson.
1'
Då er kampen igang!
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget skal starte med ballen.
Laga på veg inn på bana!
Publikum strøymer til Fosshaugane. Her blir det folkefest!
Då er lagoppstillingane klare.
Kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg kampstart. Lagoppstillingane blir publisert her omlag søndag klokka 17. Følg med!
Det er venta nær fullt hus på tribunen til dette spennande oppgjeret! Vi må to år tilbake for å finne sist gong det var så mange på Fosshaugane. I 2012 var det nemleg over 5000 både mot Fredrikstad og Brann!
Sist desse laga møttest på Fosshaugane i Tippeligaen var i 2012. Den gongen vann Sogndal 3-1.
Norsk Tipping held heimelaget som favorittar i dette oppgjeret, og tilbyr i skrivande stund 1.62 gongar pengane tilbake ved Sogndal-seier.
Stabæk har berre eitt tap på dei siste seks kampane på bortebane. Sogndal har berre ein siger på dei siste 16 seriekampane.
Franck Boli er Stabæk sin toppscorar så langt denne sesongen, med 12 mål. Saman med Fredrik Brustad (10 mål) kan han skape trøbbel for Sogndal-forsvaret. Hos heimelaget er Mahatma Otoo mestscorande med sine ni mål.
Hannu Patronen (Sogndal) og Anders Trondsen (Stabæk) må sone karantene i dette oppgjeret. I tillegg var Tomasz Sokolowski ute å slang med kjeften i media tidlegare i veka, og får karantene av klubben i dette oppgjeret.
Dette kan bli Jonas Olsson sin siste kamp som Sogndal-trener. Og forhåpentlegvis får vi sjå det mest offansive laget i svensken si tre år lange Sogndal-karriere.
Utgangspunktet for Sogndal er enkelt - men også vanskeleg. Berre seier er godt nok for å halde plassen i Tippeligaen. I tillegg må dei ha hjelp av Haugesund som møter Brann. Skulle det ende med poengdeling i Haugesund, må Sogndal vinne med tre mål mot Stabæk for å passere Brann på tabellen. Om Brann vinn er Sogndal uansett å finne i 1. divisjon neste sesong.
Siste serierunde i Tippeligaen står for tur. Stabæk ligg trygt plassert midt på tabellen, medan Sogndal er under streken.
Hei, og velkommen til Sogndal - Stabæk frå Fosshaugane Campus!