Referat
Kun høydepunkter
Stig Anders Hauge takkar for seg. No kan du følgje både norsk og engelsk fotball live her på vår portal resten av kvelden. Nyt det!
Skotstatistikken viser 12-10 til Sogndal der heimelaget hadde 9 avslutningar på mål, men Stabæk hadde 4.
1-1 i Sogndal og det skal nok bortelaget vær mest nøgde med. Sogndal kjørte det meste av kampen, men ein svært god Sayouba i stabækburet var i det umoglege hjørna fram til Ramsland ikkje kunne unngå å setje inn 1-0 på opent mål etter ei god kontring av Sogndal. Det såg lenge ut som heimelaget skulle styre inn til tre viktige poeng, men så tok Meling ballen i eigne bein og dreiv frå midtbaneen og fram til 16-meteren før han klinka ballen ned i Dyngeland sitt venstre hjørne. Dermed vart det 1-1 i Sogndal.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+2'
Birkelund avsluttar frå 25 meter rett på Sayouba.
90+1'
Sogndalfrispark midt på bana. Skal lempast opp.
90+1'
To minutt tillegg.
90'
Ingen av laga ser heilt ut til å gå for sigeren. Meir redd for å tape enn lystne på å vinne.
87'
Nije dreg seg fri igjen, men avslutning er midt på Dyngeland.
85'
3004 tilskodarar i dag på Fosshaugane Campus.
85'
Nije gjennom, men blir avblåst fro offside.
84'
Stabæk trillar mykje ball no.
83'
Innlegg frå Nije, men den plukkar Dyngeland lett.
81'
Kom ut av ingenting den scoringa til Stabæk. Bæringane har produsert svært lite i denne andreomgangen.
76'
Furebotn opp på topp. Sogndal held fram i 4-4-2.
75'
Koomson med innlegg til Otoo som ikkje kjem over ballen og headar over.
73'
Escoe i bakken etter duell med Psyche i feltet. Såg ut som han falt veldig lett og Steen vinkar han opp.
70'
Eitt par fine tunnellar av Alanzinho i dag, men ellers har han blitt godt passa på av sogndalspelarane og vore realtivt usynleg.
67'
Vanvittig sjanse for Stabæk. Skapt av Sogndal. Lang ball i bakrom som Psyche skal stusse tilbake til Dynglenad som er på veg ut. Ballen går forbi sisteskansen og Keita skal bare sette ballen i det åpne buret. Dessverre for Stabæk har Psyche lukta sin eigen feil og får kaste seg inn og sklidd ballen ut til corner.
64'
Mykje lågare tempo i kampen. Sogndalspelarane har iallefall sprunge svært mykje så mogleg dei byrjar å gå litt tomme.
61'
Stabæk meir med i kampen etter at Sogndal begynte omgangen friskt.
55'
Perfekt innlegg frå Raitala og for ein gong skyld er Sayouba ute og rotar, men Ramsland si heading går utafor.
53'
Som går ut over dødlinja.
52'
Keita frå 18 meter. Dyngeland fistar ballen over.
52'
Sogndal best i starten av denne omgangen også.
49'
Otoo dreg seg fri i boksen og avsluttar. Sayouba nede og sler ballen vekk.
49'
Keita prøver eit skot frå 30m eter. Går ca. 10 meter utafor.
47'
Koomson dreg seg forbi Granli innei boksen og legg inn, men kven er der? Sayouba ute og snappar innlegget.
46'
Sogndal med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er begge laga inne på bana og vi er straks klare for den andre omgangen her frå Sogndal.
Morosam omgang dette frå Fosshaugane sjølv om det er mållaust. Sogndal begynte best før Stabøk tok over midtveg. På slutten av omgangen tok Sogndal over mykje igjen. Heimelaget har vore farlegast med heile seks avslutningar på mål i tillegg til eit par feite sjansar for Kjemhus. Sayouba i stabækburet har derimot vore glimrande og er nok grunnen til at Stabæk ikkje ligg under til pause. Mykje fine kombinasjon frå bortelaget som og har spelt seg til nokre gode sjansar. Derimot har den siste pasningen ofte vore upresis noko som resulterte i berre ein avsltuning på mål i denne omgangen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Hanche-Olsen kejm inn med to strake bein på Kjemhus. Tek ballen, men dette er jo veldig farlig spel. Steen er einig og gjev frispark.
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45'
Keita får to forsøk frå 20 meter. Det eine går i Patronen, men det andre går eitt par meter utafor.
44'
Går forbi alle og ut til femmeter.
43'
Koomson skal svinge innover.
43'
Så er det Koomson som prøver frå 16 meter, men ivorianaren i stabækburet er i det umoglege hjørnet i dag.
42'
Otoo kjem først på ein ball i bakrom og dunkar til frå 16 meter. Sayouba med ny god redning.
36'
Ny stor sjansen for Kjemuhs på fem meter. Denne gongen treff han godt, men det ser vel ut som det er Skjønsberg som blokkerar. Stor sjanse igjen for Sogndal og Kjemhus.
33'
Så smell det i andre enden. Ramsland driv gjennom, men avslutninga frå sju meter går rett på Sayouba og til corner.
32'
Sogndal rotar det vekk på midten og Keita kjem ein mot ein mot Patronen. Prøver å gje til Mehmeti, men det blir for upresist. Kunne nok avslutta sjølv og der Keita.
31'
Kasssi inn med nesten to strake bein på Birkelund. Bergensaren skal være glad han fekk hoppa opp ellers hadde sesongen han vore over.
30'
Stabæk har tatt over meir av spelet i kampen no etter at Sogndal styrte mykje dei første 15 minutta.
28'
Lukkast bra Sogndal med dette no, men denne spelestilen kostar mykje så vi får sjå om kreftene held utover i kampen for heimelaget.
28'
Sogndal stenger av utspela til Sayouba no. Vil hindre Stabæk i å få spele kortpasningsspelet dei er så gode på.
26'
Alanzinho meir sentralt i bana no.
26'
Glimrande angrep av Stabæk. Spelar seg gjennom med Nije på venstresida. Innlegget hans havnar nesten hjå Mehmeti. Berre ein lang for frå Patronen hindrar ei scoring til bortelaget der.
24'
Det går svært fort med Stabæk når dei går framover i kontringa, men den siste pasninga er litt upresis og Raitala hindrar at Nije kjem åleine gjennom.
22'
Otoo dreg seg inn i banen og avluttar godt mot det høgre krysset til Sayouba, men ivorianaren er med på notane.
20'
Tek det kort, mistar ballen og Keita pådreg seg eit frispark.
20'
Frispark til Stabæk midt inne på Sogndal sin halvdel.
20'
Luke nr.2 i dag frå Alanzinho. Denne gong på Birkelund.
19'
Bakke tydeleg misnøgd med spissen Ramsland sine løp. Ramsland ser ikkje ut som han er einig i kritikken.
15'
Innlegg frå Koomson som Otoo nesten når fram på. Nytt fint angrep av Sogndal.
15'
Morosam start på kampen. Begge lag viser fine takter offansivt.
13'
Stor sjanse for Sogndal. Innlegg frå Koomson til Ramsland som tek ballen ned i boksen og gjev ut til Kjemhus på fem meter. Dessverre for Sogndal bommar omtrent bergensaren på ballen og Stabæk får klarert.
12'
Stabæk er nære på å spele bort ballen sentralt i bana, men pasningen når akkurat fram til Kassi som driv framover. Avsluttar frå 16 meter like utafor. Flott initiativ av Kassi.
10'
Så får Stabæk kose litt med ballen. Trillar litt i bakre rekker før dei prøver seg på høgresida. Nije er på veg gjennom, men Teniste klarar å stoppe han som bakerste mann.
8'
Sogndal styrer mykje her i starten.
7'
Otoo med godt førearbeid som gjev Kjemhus sjansen frå ca. 20 meter. Han skyt rett på Sayuoba.
6'
Alanzinho viser seg fram med ei luke på Raitala, men Kjemhus gjer ein god jobb som andreforsvarar og tek ballen frå brasilianaren.
5'
Igjen er Hanche-Olsen dei nødvendige centimetrane framfor Otoo. Kunne blitt ein god sjanse for Sogndal der om Otoo hadde kome forbi.
4'
Ramsland får ein ball i bakrommet, men det blir for skrått og han må prøve på eit innlegg til Otoo. Det går bak mål.
4'
Sogndal med høgt press og tvingar ellers trygge Kassi til å spele ballen ut av bana.
3'
Same Olsen stangar vekk Teniste sitt lange innkst.
2'
Otoo i duell med Hanche-Olsen som kjem seg framfor ghanesaren og får gjeve til kast.
Avspark Start 1. omgang
Stabæk med avspark.
Då er Sogndal og Stabæk på veg inn på bana og vi er straks klar for den 22.serierunden i Tippeligaen frå Fosshaugane Campus.
Raitala for Sogndal og Skjønsberg for Stabæk har to gule og må passe seg i forhold til karantene i neste serieomgang.
Delvis skya oppholdsvær og ein 16-17 grader i Sogndal i dag. Perfekte speleforhold med andre ord.
Statistikken mellom laga i Sogndal viser at det er relativt jamt. Sogndal har vunne 4, Stabæk 5 og 2 kampar har enda uavgjort. Målskilnaden på desse kampane er 11-22 i Stabæk sin favør noko som 0-9 sigeren i 1998 kanskje kan tilskrivast.
For Sogndal måtte Sveen kaste inn handkledet og det gjer at Mahatma Otoo får ein sjeldan sjanse til å vise seg fram. Ghanesaren vart som sagt matchvinnar i sist møte mellom laga så mogleg Bakke satsar på ein reprise her. For Sogndal har og Teniste vorte klar i siste minutt og dette er nok veldig viktig for sogningane.
Då har vi lagene klare. Vi ser at talentet Hanche-Olsen får plass i midtforsvaret og det gjer at Stabæk kan skryte av ein eigenprodusert forsvarsfirer.
Vi ynskjer alle velkomne tilbake ca. ein time før kampstart. Då skal vi ha lagoppstillingane klare for dykk. Vel møtt!
For Sogndal er kanskje dei to viktigaste spelarane usikre framfor denne kampen. Høgrebacken Teniste har vel om ikkje vore Sogndal sine beste spelar denne sesongen så i alle fall den mest stabile. Toppscorar Ole Amund Sveen er også usikker grunna ein smell i kampen mot Start.
Marcus Nilsson vert etter alle solemerker ikkje klar etter smellen han fekk mot Aalesund sist og det betyr at talentet Andreas Henche Olsen sannsynlegvis får starte dagens kamp i midtforsvaret saman med ringreven Morten Skjønsberg.
Det førre møte mellom laga i år enda 1-0 til Sogndal på Nadderud etter scoring av Mahatma Otoo. Sist gong desse laga møttes på Fosshaugane var i siste serierunde i 2014 då to scoringar av Michael Stephens sendte Sogndal ned i 1.divisjon.
I motsetnad til Sogndal har Stabæk vist fin form dei siste kampane. Sist knuste dei Aalesund 3-0 på heimebane og nyerveringane Keita og Alanzinho glitra for blåtrøyene. Faktisk har Stabæk berre eitt tap på dei siste sju kampane sine så den spanske trenaren Ordinas ser verkeleg ut til å ha fått fart på bærumsgutta.
Det skil 7 poeng mellom laga. Stabæk ligg på kvalifiseringsplass med 20 poeng. Dette er a poeng med Aalesund som ligg under streken, men bæringane har betre målskilnad. Sogndal ligg plassert midt på tabellen, men sogningane har berre eitt poeng på dei tre siste kampane og treng no å ta nokre trepoengarar for å ikkje spele seg inn i nedrykkstriden igjen. Sist vart det berre 1-1 mot jumbolaget Start for Sogndal.
Hei og velkomne til den 22.runden i årets Tippeliga. I dag er det Stabæk som vitjar Sogndal på Fosshaugane Campus. Avspark er kl. 15.30.