TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det ender ganske så utruleg 2-3 på Fosshaugane, og Stabæk tek med seg tre poeng heimatt til austlandet. Sogndal scora tidleg på eit frispark, og dei spelte ein strålande første omgang. Stabæk hadde to sjansar før pause, og Spiten-Nysæter var effektiv, og scora på begge. Etter pause jakta Sogndal utlikning lenge, og den kom ved Høyland etter 73 minutt. På det tidspunktet var det mykje som tyda på at Sogndal skulle halde fram med å jakte scoring, men Stabæk gjennomfører eit strålande angrep 10 minutt seinare, og set inn vinnarmålet. Til tross for 17 sjansar til saman, fekk me ikkje fleire scoringar på Fosshaugane, og det ender dermed 2-3!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-3)
90+5'
Hjørnespark
90+5'
Frispark
Blir heada ut til corner.
90+4'
Gult kort
Bruker tid, og kastar ballen for langt fram i forhold til der han skal ta frisparket.
90+4'
Frispark
90+4'
Frispark
Blir frispark til Stabæk etter ein duell i boksen.
90+4'
Sogndal får ein siste sjanse på eit frispark!
90+2'
Eggen Vinge slår ballen ut til innkast. Folk begynner å bli slitne utpå bana.
90+2'
Sogndal jaktar utlikning. Etter 12 sjansar er det ganske så utruleg at ein ikkje har scora meir.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Frispark
Slår langt.
90'
Frispark
Avsluttar hardt langs bakken. Går eit par meter utanfor.
90'
Eggen Vinge vinn eit frispark i god posisjon.
89'
Spillerbytte
87'
Flataker avsluttar på Rossbach. Mange på tribuna såg den inne i mål, men det er ei strålande redning av keeper.
83'
Mål!
2-3
Stabæk er tilbake i leiinga! Dei speler seg fint fram ute til høgre, og Roberts får til slutt ballen. Han bankar til med høgre, og ballen skrur seg inn bak Jendal. Strålande stemning på bortefeltet etter scoringa.gee
Mål av Thomas Roberts (2-3)
Målgivende av Herman Geelmuyden
81'
Hjørnespark
Går alt for høgt, og det blir utspark for Rossbach.
81'
Frispark
Ut til høgre. Blir corner etter det.
79'
Frispark
I tverrliggaren frå Sjølstad! Sogndal er nære å kome i leiinga.
79'
Gult kort
Stoppar Flataker som er nesten inne i boksen.
78'
Frispark
Øya er på ballen, men treff ikkje reint. Ballen snik seg utanfor.
78'
Sjølstad lagar eit frispark i god innleggsposisjon.
76'
Det er framleis tid for begge lag å score eit vinnarmål!
76'
Frispark
76'
Sjølstad blir spelt gjennom frå Jendal, men ballen sprett slik at Rossbach rekk å springe ut, og redde ballen.
75'
Spillerbytte
73'
Mål!
2-2
Høyland utliknar for Sogndal mot gamleklubben! Skaanes og Baidoo leikar seg ute til høgre, og Baidoo slår eit innlegg som ingen på Sogndal treff. Ballen blir heada ut til Høyland som bankar til på volley. Ballen går hardt ned i hjørnet, og det står 2-2 på Fosshaugane.
Mål av Martin Høyland (2-2)
Målgivende av Edmund Baidoo
71'
Hjørnespark
Sogndal avsluttar mot mål, og ballen blir blokkert av ein arm! Det ser ikkje dommaren, og han vinkar spelet vidare.
70'
Baidoo slår inn mot Flataker, og det blir corner.
69'
Flataker kjem åleine med keeper etter eit smart innkast. Heller ikkje denne gangen klarar Sogndla å score på ein enorm sjanse. Begynner nesten å bli litt komisk.
68'
Frispark
Kort variant. Olderheim slår inn, men ingen får avslutta.
68'
Stabæk vinn eit frispark ved cornerflagget. Heimelaget skjønner ingenting.
65'
Sogndal begynner å bli ganske frustrerte. Stabæk bruker lang tid for kvart einaste stopp i spelet.
64'
Frispark
Sentrar til Næss.
63'
Hjørnespark
Ballen blir slått i eit farleg rom, men Stabæk vinn duellen.
63'
Spillerbytte
63'
Spiten-Nysæter set seg ned på bana. Kjenner på noko, og må bli erstatta.
62'
Hintsa kjem i ein god posisjon til å avslutte, men også denne gongen nøler han. Vinn ein corner.
61'
Frispark
Begge spelarane er klare att, og Stabæk kan fortsette spelet.
61'
Gult kort
Får seg eit gult kort etter duellen med Walstad.
60'
Arrocha kjem seg kjapt opp, men Walstad har fått seg ein litt kraftigare smell.
59'
Hjørnespark
Blir frispark til Stabæk. Ein spelar frå kvart lag blir liggande nede.
58'
Offside
Offside på Stabæk, men ballen kom eigentleg frå ein motspelar.
57'
Offside
Kjem seg i ein farleg posisjon i boksen, men går litt for tidleg, og blir avvinka.
57'
Det er bortelaget som har hatt ballen mest etter pause. Sogndal har ikkje vist seg fram på same måte som i første omgang.
56'
Frispark
Slår bakover.
55'
Hjørnespark
Flataker headar ballen ut.
55'
Stabæk gjennomfører eit fint angrep, og vinn ein corner.
53'
Baidoo jaktar ein ball i bakrom, men han rekk ikkje fram før den går ut til innkast.
51'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
50'
Andresen får ballen i boksen, og prøver å avslutte høgt i lengste stolpe. Ballen går over målet.
48'
Hjørnespark
Kort variant som ikkje fungerer.
48'
Eggen Vinge vinn ein corner for Stabæk.
48'
Hintsa kjem åleine med keeper tidleg i omgangen, men nølar for mykje med ballen. Då får han ikkje avslutta.
46'
Begge lag gjer eit byte kvar i pausen. Pedersen fekk seg ein smell i første omgang, og det kan ha vore derfor han måtte ut.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Stillinga er smått utruleg 1-2 til pause. Sogndal speler ein enorm omgang, men klarar ikkje å score på sjansane sine, men det klarar Stabæk. Bortelaget er livsfarlege kvar gong dei får kontre. Spesielt Spiten-Nysæter har vore effektiv, og har vore den store helten til Stabæk før pause.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+2'
Det nærmar seg pause på Fosshaugane.
45'
Frispark
Held ballen i forsvaret.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Gult kort
River i trøya på ein motspelar.
43'
Spillerbytte
43'
Hoven har fått seg ein skade. Må bytast ut.
41'
Hjørnespark
Stabøk vinn ballen og contrar, men Sjølstad stoppar dei.
41'
Sogndal pressar på! Vinn ein corner.
37'
Det er heilt utruleg at Stabæk leiar denne kampen. Sogndal har tre sjansar dei skal score på, men som dei ikkje gjer.
36'
Hjørnespark
Flataker og Flaten sender ballen vekk.
35'
Hjørnespark
Høyland avsluttar rett på målet.
35'
Flataker i tverrliggaren!
34'
Spillerbytte
33'
Mål!
1-2
Kjempetabbe av Øren! Sogndal har dominert dei siste minutta, og så slår Øren ballen rett til Spiten-Nysæter. Han prøver seg rett utanfor boksen, og ballen går inn i hjørnet. Målet kom heilt ut av ingenting!
Mål av Oskar Spiten-Nysæter (1-2)
32'
Ny enorm sjanse til Sogndal! Innlegg frå høgre. Sjølstad headar på Rossbach, og ballen trillar framfor målet. Stabæk får akkurat blokkert før den går inn. Utruleg at ikkje Sogndal har scora meir enn eitt mål så langt.
31'
Hintsa får tidenes sjanse til å score! Han får ballen frå Flataker heilt åleine framfor Rossbach, men han avsluttar rett på keeper. Der skal ein spiss score.
29'
Hjørnespark
Næss får nesten ballen på bakerste stolpe, men Sogndal klarar akkurat å klarere før han får avslutta.
28'
Frispark
Slår ned til Næss.
27'
Frispark
Slår langt.
27'
Vinge slår inn, men Walstad lagar frispark i boksen.
24'
Hjørnespark
Arrocha headar ballen utanfor målet. Får stå ganske åleine, men kjem ikkje høgt nok opp.
24'
Hoven prøver seg frå distanse, men avslutninga blir blokkert.
21'
Pedersen er kjapt oppe igjen etter smellen. Det gjekk også fint med Sogndal sin spelar.
20'
Hjørnespark
Ballen går gjennom alle, men to spelarar blir liggande nede etter ein smell i hovudet.
20'
Strålande redning av Rossbach! Hintsa prøver å flikke ballen i mål, men keeperen er kjapt nede.
14'
Mål!
1-1
Stabæk kontrar inn ei utlikning! Dei vinn ballen lågt i bana, og Eggen Vinge stormar framover i bana. Til slutt blir det for trangt for han, og Spiten-Nysæter får ballen. Hans første forsøk blir blokkert, men returen går i mål. Dette målet viser kor farlege dei unge angrepsspelarane til Stabæk kan vere!
Mål av Oskar Spiten-Nysæter (1-1)
13'
Riise gjer ein god jobb, og vinn ballen frå Sjølstad som prøver å dra seg framover i bana.
12'
Frispark
Sentrar ned til Næss.
11'
Baidoo slår inn mot Hintsa, men innlegget er alt for høgt.
11'
Intens opning på kampen. Det er to lag som ønsker å storme i angrep når dei har ballen.
9'
Frispark
Held ballen i laget.
8'
Skummelt innlegg frå Hoven! Ballen går forbi alle i boksen. Ein liten touch frå Sjølstad hadde ført til scoring.
7'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret.
7'
Sjølstad slår eit innlegg frå venstre, og Rossbach er ute og plukkar ballen.
5'
Frispark
Frispark på eigen banehalvdel. Slår langt.
3'
Hjørnespark
Ballen blir heada vekk, og det er eit forsøk frå 20 meter på å treffe målet. Treffet er ikkje reint, og ballen går ut.
3'
Olderheim skaffar ein corner for bortelaget.
1'
Mål!
1-0
Sogndal scorar før det er gått eitt minutt! Og det er eit strålande dødballtrekk. Flaten slår mot bakerste stolpe, og der er Arrocha. Han headar ballen over alle, og der står Hintsa som headar ballen inn i hjørnet. Strålande start for heimelaget som sjeldan scorar på dødball.
1'
Frispark
1'
Tidleg frispark til Sogndal.
1'
Erik Flataker sparkar i gang kampen.
Avspark Start 1. omgang
Juniorsvingen stiller sterkt i dag, og tek sin vanlege runde rundt bana før kampen! I dag er det ikkje berre unge sogningar der. Ein ung Stabæksupporter har også fått lov til å bli med på runden!
Stabæk stiller med dei same elleve spelarane som tapte mot Egersund. Sogndal gjer to endringar. Per-Egil Flo og Felix Eriksson vart skada mot Start, og dei blir erstatta av Oskar Borgthorsson og Mathias Øren.
Ole-Alexander Ekeli Valen er hovuddommar i dag. Bjørnar Drtina Bjørnstad og Martin Javier Solheim er assistentdommarar. Jonny Skjerven har fått oppdraget som fjerdedommar.
Skadesituasjonen til Sogndal har begynt å sjå betre ut. Både Skaanes og Borgthorsson er klare til dagens kamp, men det er vanskeleg å seie om dei er klare for å spele 90 minutt. Per-Egil Flo slit med ein strekk, og er truleg ikkje med. Felix Eriksson kolliderte med stolpen på Sparebanken Sør Arena, og mykje tyder på at heller ikkje han er med. Stabæk har også ein del spelarar ute. Veum, Kostadinov, Ellegaard, Diabate og Opseth har alle hatt skadar i det siste. I tillegg var Andresen ute mot Egersund med sjukdom.
Begge lag rota vekk tre poeng i førre runde. Sogndal hadde god kontroll borte mot Start, men Schulze sette inn 2-1 sju minutt på overtid, og Sogndal måtte ta den lange turen heim til saftbygda utan poeng. Stabæk hadde også god kontroll då dei leia 4-0 heime mot Egersund, men så er det sånn at i OBOS-ligaen er det ingenting som kan bli rekna som ei "trygg leiing". Kampen enda 4-5, og det blei tre poeng til Egersund. Dette var ein kamp som faktisk minnar om det førre oppgjeret mellom Sogndal og Stabæk i 2022. Då leia Sogndal 4-0 etter hattrick av Grønner og ei scoring av Gunnarsson, men to scoringar frå Gift Orban og eitt mål av Geelmuyden sørga for at kampen enda 4-3. Det er altså ingenting som tyder på at me i dag får ein kamp som er avgjort før dommaren har blest av kampen!
Ti rundar av sesongen er gjennomført, og begge lag er som venta på øvre halvdel av tabellen. Sogndal ligg på 6. plass med 16 poeng, og Stabæk ligg på 8. plass med 13 poeng, men Stabæk har spelt ein kamp mindre enn dei fleste andre. Oppgjeret i dag består av to klubbar som kjem til å sjå oppover på tabellen, og har ambisjonar om å rykke opp. Derfor kan resultatet i dagens kamp bety veldig mykje når ein tel opp alle poenga etter sesongen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Stabæk i OBOS-ligaen!