TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og Sogndal vinn 3-1. Stabæk kom til svært få målsjansar, medan heimelaget produserte svært mange. Fortent siger til heimelaget, som dermed tok ein viktig siger. Stabæk må reise heim til Bærum med ni poeng opp til Odd på kvalikplassen.
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+4'
Lite som skjer på Fosshaugane no.
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90+1'
Spillerbytte
89'
Hjørnespark
Sogndal får avklart.
88'
Heimepublikum godt nøgde på stadion no, og klappar fram spelarane mot tre poeng.
86'
Spillerbytte
85'
Stabæk-frispark 30 meter frå mål. Hedenstad skyt - rett i muren.
84'
Det går mot tre poeng til Sogndal her på Fosshaugane.
82'
Spillerbytte
81'
Flo signaliserer byte til benken.
81'
Gjestene jaktar redusering no.
80'
Stor sjanse for Stabæk! Stokkelien avsluttar med pannebrasken - like over!
77'
Om Sogndal vinn dagens kamp, blir det lagets første sidan 28. april mot Molde.
75'
3128 tilskodarar ser dagens kamp.
73'
Hjørnespark
Lur variant, men Stabæk klarar ikkje å utnytte det. Sogndal-forsvaret ryddar unna.
73'
Heidar skyt frå 22 meter. Får corner.
69'
Viss Stabæk-trenar Belsvik har noko krutt på lager, bør det inn på bana no. Viss ikkje blir alle poenga att i saftbygda.
68'
Hjørnespark
Stabæk får kontroll.
67'
Hjørnespark
Sogndal får innkast på motsett side.
67'
Sogndal stormar rett i angrep. Mane skyt via eit Stabæk-bein - i tverrliggjaren!
64'
Mål!
3-1
Brochmann køyrer karusell med Stabæk-forsvaret! Han avsluttar dribleserien med å setje ballen i mål frå ti meter, til venstre for keeper. 3-1!
63'
Sogndal med eit klart overtak no.
62'
Fin sjanse for Sogndal! Dyngeland skyt med venstrefoten frå 20 meter - like til side for målet til Sayouba.
61'
Kaptein Kleiven ligg nede for telling. Stans i spelet.
58'
Hjørnespark
Hammer avsluttar, men Valsvik ryddar opp meisterleg.
56'
Mane med frekt skot frå 25 meter. Keeper Sayouba er med på notane!
54'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
53'
Mål!
2-1
Nok ein gong er det Ulrik Flo som scorar for Sogndal! Får ballen på 16 meter - og skyt i det lengste hjørnet.
49'
Hjørnespark
Patronen prøver seg, men får ikkje skikkeleg treff.
48'
Flo, Bakke og Hopen i oppvarming for Sogndal.
47'
Kaptein Kleiven skyt frå 25 meter. Rett på Lysne som held ballen sikkert.
46'
Sogndal med to spelarar som til dagleg spelar i 4. divisjon ute på bana no. Lysne og Dyngeland.
46'
Stabæk tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
45'
Spillerbytte
Reservekeeper Lysne står klar, og skal spele andre omgang for ein halvskada Udjus.
Då går laga til pause på stillinga 1-1. Sogndal har hatt flest sjansar, men berre Ulrik Flo har kome på scoringslista for heimelaget. Mads Stokkelien scora gjestene sitt mål nokre minutt etter. Følg med også i andre omgang!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Det er lagt til minimum eitt minutt.
44'
Stabæk-fansen er dei som gir mest lyd ifrå seg på Fosshaugane for augeblikket.
42'
Spillerbytte
42'
Kampen har roa seg ned, etter at den opna friskt.
39'
Stengel prøver å finne Haugsdal på løp inne i feltet, men pasningen blir snappa opp av Valsvik sin lange fot.
38'
Sogndal-frispark på nær 30 meter. Mane skyt - over.
37'
Sogndal har både Hopen og reservekeeper Lysne i oppvarming. Udjus småhaltar litt, og klarar ikkje å ta utspark.
36'
Mane legg inn i feltet, og keeper Sayouba er delvis på bærtur. Ballen går likevel over alle, og gjestene får innkast.
35'
Ny sjanse for Sogndal. Innlegg frå høgresida, der Patronen nikkar utanfor.
34'
Mane ligg nede for telling i feltet, etter kollisjon med ein Stabæk-spelar. Held seg til sida.
32'
Valsvik tek utspark istdenfor Udjus no.
31'
Hjørnespark
Stengel prøver seg frå distanse. Utanfor.
30'
Brochmann med dribleraid inne i feltet. Han prøver også eit skotforsøk, men blir blokkert.
29'
Hjørnespark
Blir avklart - igjen.
29'
Hjørnespark
Blir avklart.
27'
Fin sjanse for Stabæk! Stokkelien med godt skot frå over 20 meter, like til side for målet til Udjus!
25'
Stor sjanse for Sogndal! Mane slår inn i feltet mot Flo, men keeper Sayouba boksar ut. Returen tek Skaasheim seg av på heil volley - to meter over!
24'
Frispark til Sogndal på midtstreken, etter at nemde Flo får seg ein trøkk.
24'
Flo held seg til sida, der han har slite med skade dei siste dagane. Må Sogndal byte ut målscoraren?
21'
Hjørnespark
Brustad avsluttar umarkert frå åtte meter. Over!
21'
Brustad utfordrar Teniste på høgrekanten. Får corner!
19'
Hjørnespark
Badji avklarar på første stolpe.
18'
Skaasheim slår inn i feltet, og Valsvik nikkar tilbake til Dyngeland. Han prøver å dra seg fri, men klarar det ikkje. Stabæk avklarar.
17'
Sogndal-frispark på midtstreken.
15'
Gult kort
Tek først ball, før Brustad går hardt i bakken.
14'
Mål!
1-1
Corner inn i feltet, som Sogndal slit med å avklare. Der er Stokkelien på rett plass på seks meter, og bankar ballen i mål - nett som Flo gjorde for nokre minutt sidan!
13'
Hjørnespark
12'
Hjørnespark
Udjus boksar ut, til ny corner.
11'
Ny fin sjanse til heimelaget. Denne gongen er det Valsvik som klinkar til frå 20 meter. Rett på keeper!
10'
Hjørnespark
Blir avklart.
9'
Ny stor sjanse for Sogndal! Skaasheim med fin pasning til Dyngeland som kjem åleine med keeper. Han legg seg bakpå, og skyt over!
8'
Mane held seg til baksida av låret, og Hopen er sendt i oppvarming.
7'
Viktig scoring for Sogndal, som ikkje har vunne sidan april.
5'
Mål!
1-0
Badji skyt frå 20 meter, men skotet blit klarert. Flo får ballen på seks meter, og Sogndal sin toppscorar bankar ballen i mål!
4'
Sogndal med eit lite overtak dei første minutta.
3'
Eriksson tek frisparket med venstrefoten sin. Ballen går over heile feltet, og utanfor.
2'
Frispark til Stabæk midt på Sogndal sin halvdel.
1'
Kjempesjanse for Sogndal! Udjus slår opp til Flo som gir vidare til Brochmann. Ballen går via Flo og til Dyngeland som skyt på direkten frå 16 meter. Like over!
1'
Heimelaget tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg ut på bana. Nærmar seg kampstart!
Sogndal-trenar Jonas Olsson gir Stian Dyngeland (21) sjansen på topp for i dag. Ungguten står bokført med to kampar og null mål i Tippeligaen, og han har i desse berre spelt nokre få minutt som innbytar.
Etter Sogndal sin 2-1 siger over Molde 28. april, står laget med 0-3-5 på sine siste åtte kampar. I same periode har gjestene 2-0-6.
I førre serierunde spelte Sogndal 1-1 borte mot Tromsø, medan Stabæk tapte 1-2 heime mot serieleiar Strømsgodset.
Viktig kamp for begge lag dette. Sogndal ligg som nummer 13 på tabellen, med sine 15 poeng. Stabæk er framleis tabelljumbo, og laget har sju poeng på sine første 14 kampar.
Velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Stabæk frå Fosshaugane Campus!