TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er det over. Sogndal vinn 4-1 i årets fyrste kamp på Fosshaugane.
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+2'
Bendik Bye skyt skyt og ein liggande Hanche-Olsen blokkerar. Hands skrik sogningane. Trur ikkje det seier Saggi.
90+1'
Gult kort
Riv ned Birkelund på veg framover.
89'
Stabæk har ballen klart mest, men det er ganske tamt no. Har heilt klart gitt opp. Sogndal med eit par gode overgangar i det siste så det luktar meir 5-1 enn 4-2 her på slutten.
87'
Spillerbytte
87'
Fint angrep av Sogndal som endar med at Bye skyt over.
85'
2237 tilstades på Fosshaugane i dag. Godt under snittet frå i fjor.
83'
Teniste kastar for ein gong skyld ikkje langt. Set ut fleire enn sine eigne medspelarar der. Endar i opent spel og Stabæk vinn etter kvart ballen.
82'
Stabæk rotar og upressa slår Sayuba ein ball ut over sidelinja. Innkast til Sogndal.
81'
Bye igjennom, men det blir dømt offside. Den er nok hårfin.
79'
Sogndal på kontring. Stbæk har gitt opp. Fire mot tre i heimelaget sin favør, men innlegget frå Skaasheim går ein meter for langt framfor Bye som der kunne fått hat-tricket sitt.
77'
I tilleg har vi berre notert fem skot på mål for sogningane så her har ein vore effektive for å seie det mildt.
76'
Fire mål av Sogndal på fire dødballar. To innkast, ein corner og ein straffe.
75'
Spillerbytte
74'
Mål på straffe!
4-1
Ballen til venstre og Sayuba til høgre. Game-set-match.
74'
Straffe!
Langt frispark inn i feltet og dommar Saggi dømmer nok på ei holding.
72'
Då gir vi Stabæk ein liten sjans til å komme inn igjen i dette. Sogndal har langt i frå imponert i dag og Stabæk har heile kampen sett under eitt vore det spelemessig beste laget.
71'
Spillerbytte
70'
Mål!
3-1
Fantastisk heading av innbyttaren. Glimrande innlegg av Kassi og Nimely heng i lufta og stangar ballen i krysset. Utagbart for Dyngeland.
69'
Men denne gong får Stabæk stanga ut.
69'
Sogndal får fleire innkast på høgd med Stabæk sine sekstenmeter. To mål frå desse situasjonane tidlegare i kveld.
67'
Spillerbytte
67'
Igjen klarar Stabæk å trykkje Sogndal bakover, men når Njie får sjansen i Sogndal sin boks så er avslutninga alt for dårlig.
66'
Sogndal ligg svært lågt no og satsar på kontringar. dessverre for songingane kan vi ikkje seie at dei er heilhjerta når dei får sjansen. Stabæk pressar på og med eit kjapt mål kan dei komme seg inn igjen i kampen.
64'
Hjørnespark
64'
Fint spel av Stabæk. Brochmann får stå aleine på 20 meter. Godt skot, men og god redning av Dyngeland.
62'
Lite som skjer framfor måla her no. Ser ikkje ut som Stabæk klarar å svare i særlig grad.
59'
Hjørnespark
Blir eit skudd som igjen er for veigt og går nokre meter utafor.
58'
Hjørnespark
Endar i ny corner
57'
Spillerbytte
55'
Mål!
3-0
Innkst frå Teniste som går gjennom heile feltet. Sprett fleire gonger før Bye trillar ballen i mål. Rolig og fin avslutning av Bye, men her er det svært tafatt av Stabæk i eigen boks.
54'
Hjørnespark
Ballen ut på 20 meter og avslutninga går eit par meter utafor.
54'
Ohi skyt frå 20 meter via ein sogndalspelar og til corner.
51'
Hjørnespark
Endar i femmeter.
51'
Så er det Bye som klinkar til frå 20 meter. Sayuba får såvidt fista til corner.
50'
Koomson svingar utover og Utvik prøver seg på ein volley. I stolpen!
49'
Gult kort
49'
Hanche-Olsen meiar ned Koomson på veg gjennom. Det blir gult.
48'
Vedlig sterkt av Utvik i duellen der, men Ordinas vil nok sette spørsmålsteikn med markeringa. Der sov gutane hans i timen.
46'
Mål!
2-0
Utvik vinn duellen og headar ned i feltet der Bye berre har å breiside ballen i mål. For ein start av Sogndal på denne omgangen!
46'
Hjørnespark
46'
Sogndal rett i angrep og får seg ein corner.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga på bana og vi er straks klart for andre omgang. Ingen byter ser det ut som.
Då er det heldigvis pause. Ikkje at kampen har vore dårlig, men det er fryktelig kaldt for underteikna. Vi oppsummerar raskt. Stabæk det førande laget, men Sogndal i leiinga etter eit langt kast og klabb og babb i feltet. Der klarar Sayuba å rote ballen i eige mål samtidig som Sveen sannsynlegvis brekk beinet. Straks tilbake frå kalde Fosshaugane.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+5'
Forresten ein stygg glipp av Sayuba på corneren, men Sogndal klarte ikkje å straffe stabækkeeperen.
45+4'
Hjørnespark
Stabæk kontrar, men Teniste klarar å hindre Skogseid i å komme gjennom.
45+3'
Nei no er dei tilbake der dei starta. Var visst berre eit kort plasskifte for Stabæk sine vingar.
45+2'
Njie og Brochmann har skifta kant.
45+1'
Fem minutt tillegg.
45'
Hjørnespark
God sjanse der for Sogndal etter ein del klabb og babb.
45'
Sogndal litt mier med i kampen dei siste minutta. Mogleg Stabæk og er gått litt tomme og gledar seg til å komme seg inn til ein varm garderobe.
42'
Ba med forsøk frå nesten 30 meter. Langt over.
39'
Gult kort
Takling på Nije. Litt strengt, men får sikkert etter fleire forseelsar.
38'
Stabæk heilt klart me initiativet i kampen no. Sogndal har senka seg godt inn på eigen halvdel og satsar på kontringar.
36'
Hjørnespark
Sogndal kontrar, men Nwakali går i offside.
35'
Hjørnespark
Ny corner.
35'
Stabæk kontrar og Ohi kjem åleine med to sogndalspelarar. Klarar nesten å dra seg fri, men får berre ein corner.
34'
Endar i opent spel og Sogndal beheld ballen.
33'
Innkast til Sogndal frå same posisjon som ved målet. Teniste skal kaste langt.
33'
Blåse ein del enkle frispark her no Saggi. Denne gong er det ramsland som får frsipark etter ein duell. Såg ikkje akkurat ut som eit frispark her i frå og spelet blir også stykka veldig mykje opp.
31'
Moe testar slegga på nytt, men skotet frå 25 meter går nokre meter til side for mål.
29'
Meget gode dei to sentrale midtbanespelarane til Stabæk. Ba og Lumanza stabiliserar dette leikne stabæklaget.
28'
Lumanza prøver slegga frå 25 meter. Like over målet til Dyngeland.
28'
Ba går fryktelig lett ned etter at Furebotn er inne seint i ei takling. Er ikkje mykje kontakt der, men dommar Saggi står nermare enn oss og gir frispark. Då har han sikkert sett rett.
26'
Ein halv meter over!
26'
God sjanse dette for Stabæk. Ser ut som Moe vil prøve seg.
25'
Ohi går ned på 17 meter. Frispark.
25'
Litt mot spelets gang at Sogndal tok leiinga. Stabæk det førande laget så langt.
24'
Stabæk farleg frmapå med ein gong. Njie er nære på å snappe ballen framfor Skaasheim som prøver å skjerme inn til Dyngeland.
22'
Spillerbytte
21'
Ser også ut på repetisjonen at det er eit sjølvmål av Sayuba.
21'
Røde Kors er inne på bana og Sveen bært ut på båre. Bye klar til å komme inn.
20'
Sveen vart også skada i målsituasjonen. Ser ikkje bra ut. Snakkar om beinbrot.
19'
Selvmål!
1-0
Langt innkast frå Teniste som blir stussa vidare. Der er Sveen rett framfor Sayuba og pirkar ballen i mål. Faktisk så er det Sayuba som rotar ballen inn og difor eit sjølvmål.
15'
Sogndal byggjer opp på vestresida, men det blir mykje nesten for sogningane. Siste touchen er som regel ikkje bra.
14'
Stabæk ekstremt gode i gjennvinningsspelet dei siste minuttane. Har klart å legge eit visst press på Sogndal.
13'
Rett på Dyngeland.
12'
Ohi gjer seg klar.
12'
Der får Vetlesen frispark. Blir tatt på ca. 25 meter.
11'
Hjørnespark
Prøver ein variant som ikkje fungerar. Sogndal kan kontre, men Stabæk bryt. Endar i ein sitasjon der Vetlesen ropar på straffe. Umulig for oss å sjå om han har ei god sak der.
10'
Stabæk med fine kombinasjonar og Brochmann fiksar eit hjørnespark.
8'
Koomson kjem seg fri i mellomrommet og får dagens fyrste avslutning på mål. Rett på Sayuba.
7'
Framleis veldig oppjaga. Ingen av laga klarar å halde ballen så lenge i laget.
5'
Ramsland får seg eit frispark midt på bana etter duell med Skjønsberg. Er nok ikkje den fyrste duellen det mellom dei i dag.
4'
Lumanza driv inn i sekstenmeteren til Sogndal og legg 45 grader ut. Eit dårlig touch frå ein stabækspelar gjer at Dyngeland klarar å snappe ballen. Fine takter frå Stabæk der.
2'
Mykje fram og tilbake her i starten. Ganske oppjaga.
Avspark Start 1. omgang
Stabæk med avspark og med vinden i ryggen i denne fyrste omgangen.
Laga på veg inn på bana og vi er straks klare for årets fyrste kamp i Eliteserien frå Fosshaugane Campus.
Då har vi fått på oss tre lag og dratt ullstilongsen langt over navlen. Det er kaldt i Sogndal. Litt vind vil nok og gje laga ein liten fordel i kvar sin omgang.
Statistikken mellom laga i Sogndal viser at det er relativt jamt. Sogndal har vunne 4, Stabæk 5 og 3 kampar har enda uavgjort i Sogndal. Målskilnaden på desse kampane er 12-23 i Stabæk sin favør noko som 0-9 sigeren i 1998 kanskje kan tilskrivast.
Sogndal har då som vi ser endå ikkje fått klar nysigneringa Atta. Stabæk derimot har spissen Nimely på benken. Han vart klar for bæringane denne veka og har tidlegare klubbar som Crystal Palace og Manchester City på CV-en sin.
Bakke gjer to byter. Fjorårets toppscorar Sveen kjem inn for Bendik Bye, mens Grodås på venstrebacken er henvist til benken av Skaasheim.
Då er laga klare og Stabæk stiller uforandra frå seriopninga. Det betyr at vi får sjå eliteseriens toppscorer Ohi frå start.
Alt dette og mykje meir får de svar på når de kjem tilbake ca. ein time før kampstart. Då skal vi ha fått på plass både lagoppstillingar, statistikk og meir. Vel møtt!
Sogndal har ingen nye skadar etter helgas sesongopning, men det blir interessant å sjå om Bakke vel å gjere nokon byter etter tapet i Sarpsborg. Spesielt defensivt sleit sogningane. Uvisst om midtstopparsigneringa Walid Atta er klar då det har vore litt kluss med spelarregistreringa etter at låneavtalen frå den saudi-arabiske klubben Najran vart klar.
Den store spelaren i årets fyrste serierunde var Ohi Omoijuanfo med sine tre scoringar. Det er uvisst om Ohi blir klar til dagens kamp etter ein smell i halebeinet i opningskampen. I tillegg til dette er Tobias Ødegård og Raymond Gyasi framleis skada, samt at Ahmed El Amrani også er usikker.
Topp mot botn blir vel kanskje litt søkt etter berre ein spelt serierunde, men det er nettopp slik ståa er etter at Sogndal tapte 3-1 i sin fyrste kamp mot Sarpsborg, mens Stabæk slo Aalesund 3-1.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus for årets fyrste eliteseriekampen frå Sogndal. I kveld er det bærumslaget Stabæk som vitjar sognebygda.