TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det endar med heimesiger, og Skeid klarte aldri å true Sogndal spesielt mykje. Borgthorsson scorar i andre heimekamp på rad, og sender Sogndal i leiinga. Grønner, som får sin første start for Sogndal i serien i år, sørger for at det står 2-0 til pause. Det blir også sluttresultatet når ingen av laga skapar spesielt mykje i andre omgang. Det nærmaste Skeid kom, var ei avslutning frå Buduson som Fij redda. Då kunne det kanskje blitt liv att i kampen. Skeid har ein stor jobb å gjere dersom dei har tenkt å unngå nedrykk i år.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Sjølstad kjem seg inn i boksen, men Vidtun Nilsen plukkar innlegget.
90+1'
Frispark
Sentrar tilbake til van der Spa.
90+1'
Me er inne i overtida, og det er ingenting som tyder på at dette skal ende med noko anna enn tre poeng til heimelaget.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
89'
Offside
Står for langt framme når ein ball kjem.
88'
Van der Spa får seg ein smell, men det stoppar ikkje han.
87'
Offside
87'
Frispark
Ender med offside på ein Skeispelar.
85'
Akkurat no er det mange unge spelarar utpå for begge lag. Kven av dei kjem til å vise seg fram?
84'
Frispark
Det kjem ei avslutning til slutt, men den går utanfor.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Gult kort
Stoppar ei kontring som kunne blitt farleg.
82'
Skeid har faktisk hatt den største sjansen i andre omgang. Utanom den , har det skjedd lite begge vegar.
79'
Hjørnespark
Fij fangar ballen.
79'
Melchior avsluttar på Fij, og det blir corner.
78'
Det har ikkje vore nokre mål i andre omgang. Neste mål vil enten drepe kampen, eller skape liv i den.
76'
Frispark
Flo headar vekk.
74'
Frispark
Dei prøver å kombinere seg fram frå frisparket, men dei slår vekk ballen.
74'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Skeid skal gjere eit dobbelbyte.
71'
Hjørnespark
Keeper fangar ballen til slutt.
71'
Ny corner frå Sogndal.
70'
Hjørnespark
Vidtun Nilsen boksar ballen vekk.
69'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
68'
Spillerbytte
67'
Nessø kjem åleine med keeper, men sender ballen rett på han.
66'
Heimelaget trillar ballen rundt, og leiter etter ei opning i forsvaret. Akkurat no er den vanskeleg å finne.
64'
Frispark
63'
Spillerbytte
62'
Frispark
Jonsson skyt over målet.
61'
Syver Aas skal inn for Skeid.
60'
Sogndal prøver seg på fleire innlegg, men Skeid klarerar det som kjem.
56'
Frispark
Sogndal vinn ballen i boksen, og kan kontre. Dei klarar ikkje å fullføre den kontringa.
56'
Gult kort
Stoppar ei kontring.
54'
Frispark
Sentrar kort til Flo.
54'
No blir det mange frispark utpå her.
53'
Frispark
Twum sender ballen vidare.
52'
Frispark til Skeid i god posisjon.
52'
Frispark
Tek det kjapt.
51'
Frispark
Held ballen i laget.
51'
Gult kort
Kjeftar på dommaren.
51'
Stor sjanse for Buduson! Buduson får ballen åleine med Fij, men det er ei god redning frå keeper. Veldig nære 2-1.
49'
Hjørnespark
Johansen headar vekk denne gongen.
49'
Hjørnespark
Steiring headar vekk.
48'
Flo blokkerer ei avslutning ut til corner.
47'
Frispark
Sentrar bakover i bana.
46'
Etter litt venting på ein ball, er andre omgang i gang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar fortjent til pause. Det står berre 2-0, men det kunne vore meir dersom Jonsson hadde scora på straffesparket. Skeid prøver å kontre, men har ikkje vore nøyaktige nok. Dei har ein jobb å gjere i pausa viss dei skal kome seg tilbake i kampen.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+1'
Hjørnespark
Blir boksa vekk av keeper.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Frispark
45'
No skjer det mykje rundt Grønner. Denne gongen er det Steiring som blir liggande etter ein duell.
45'
Frispark
Held ballen i laget.
44'
Twum får vondt, og går ned. Han kjem seg opp, og treng ikkje hjelp.
42'
Borgthorsson får ballen i boksen, men skotet blir blokkert med ein gong han fyrer av.
40'
Hjørnespark
Vidtun Nilsen er høgt oppe, og plukkar ballen.
38'
Skeid kjem til eit par halvsjansar, men klarar ikkje å finne nokon på innlegga sine.
36'
Frispark
Ballen går rett i muren.
36'
Sogndal får frispark i god posisjon.
35'
No blir det tungt for Skeid som ikkje har skapt særleg mykje i kveld.
33'
Mål!
2-0
Grønner får sin første start for sesongen i Sogndal, og der viser han kva han er god til. Han får ein lang ball i bakrom, og då er han ofte raskast. Han tek med seg ballen rundt Vidtun Nilsen, og sender ballen inn i eit tomt mål.
31'
Hjørnespark
Van der Spa headar inn i feltet, men Vidtun Nilsen er først på ballen.
31'
Hjørnespark
Ny corner.
31'
Skeid prøver ofte å finne Williams når dei kontrar, men pasningane er litt for ofte upresise.
29'
Frispark
Twum stangar vekk innlegget.
28'
Frispark
Slår langt mot Buduson. Van der Spa er først på ballen.
24'
Hjørnespark
Ballen går rett til Bojang.
22'
Frispark
Steiring slår langt.
22'
Grønner er tøff i ein duell mot Flo, men får berre tilsnakk.
20'
Bom på straffe!
Jonsson set ballen i stolpen! Han prøver å score på returen, men det har han ikkje lov til. Skeid får ballen.
19'
Straffe!
Sogndal får straffespark! Jonsson fyrer av eit skot, og den blir stoppa av ein arm. Dommar er aldri i tvil.
17'
Mål!
1-0
Borgthorsson sender Sogndal i føringa! Ørjasæter kjem seg inn i boksen, men mistar ballen. Andreballen er islendingen først på, og skyt ballen i mål via ein forsvarspelar.
17'
Frispark
Held ballen i laget.
16'
Melchior kjem seg kjapt opp igjen.
16'
Williams fyrer av, men ballen treff kun Melchior hardt i hovudet. Han blir liggande.
13'
Frispark
Grønner stangar vekk frisparket som hadde retning mot Buduson.
13'
Hoven kjem seg inn i boksen, og stangar ei heading rett på keeper. Den første redninga i kampen.
12'
Offside
Kjem frå offside på eit innlegg.
11'
Det er stort sett heimelaget som har ballen. Skeid satsar på kontringar.
9'
Hjørnespark
Altai er først på ballen, men får ikkje eit bra treff. Utspark for keeper.
9'
Grønner kjem til ein stor sjanse når eit innlegg frå Sjølstad kjem inn i boksen. Headinga er ikkje presis nok, og ballen går på utsida av stolpen.
6'
Hjørnespark
Steiring klarerar.
5'
Jonsson får ballen frå Flo i god posisjon. Avslutninga går like utanfor stolpen.
3'
Williams får den første avslutninga i kampen. Langt over.
2'
I det dommaren startar kampen, opnar himmelen seg. Det bøttar ned.
1'
Grønner sparkar kampen i gong.
Avspark Start 1. omgang
Det har regna godt i Sogndal i dag, men rett før avspark har veret blitt mykje betre.
Dette blir ein spennande kamp for Fredrik Flo. Pappa Håvard Flo er på tribuna, og skal sjå sonen sin prøve å stoppe laget han jobbar for.
Då er lagoppstillingane klare! Sogndal må gjere eit par endringar frå kampen mot Raufoss. Grønner kjem inn for Ingimundarson som måtte ut med skade. Arrocha er suspendert, og Per-Egil Flo kjem inn som stoppar. Bendik Rise er ute med sjukdom, og Fredrik Flo kjem inn. Det betyr truleg at Altai går opp på midtbana. Rise er med på benken.
I same oppgjer på Nordre Åsen i år var det Sogndal som fekk med seg alle tre poenga. Stillinga var 0-4 like etter pause, men alle som har sett Sogndal sine kampar veit at det er ei farleg leiing. Kampen enda 2-4, og det vart ikkje like komfortabelt som sogndølene hadde håpa på. I fjor var det Skeid som klarte å få med seg ein siger frå Fosshaugane Campus etter at Buduson krangla ballen inn på ein dødball.
Det vart tap for Arne Erlandsen i debuten då dei tapte 0-1 mot Ranheim på Nordre Åsen. Prestasjonen i seg sjølv var ikkje så alt for dårleg, men det var ikkje nok til å få poeng. Sogndal leverte kanskje deira dårlegaste prestasjon i år i førre runde. Dei tok turen til Nammo Stadion, og det enda heile 3-0 til heimelaget! Me får altså to lag i dag som må snu ein dårleg trend frå sine siste kampar.
For dei fleste i ligaen er to tredeler av sesongen ferdigspelt, men slik er det ikkje for Sogndal. Dei har kun spelt 19 kampar, og ligg på femteplass med 31 poeng. Dei fleste rundt dei på tabellen har spelt 20 kampar, så tabellen kan lyge litt akkurat no. Det same gjeld KBK som ligg to poeng bak Sogndal, og det er altså det oppgjeret som vart utsatt tidlegare i år. Skeid har fått spelt alle sine 20 kampar så langt, og dei er nok ikkje spesielt nøgd med det dei har levert i år. Dei ligg på sisteplass med 11 poeng, og det er ni poeng opp til kvalikplassen. I eit forsøk på å redde sesongen har Arne Erlandsen teke på seg ansvaret som hovudtrenar ut sesongen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Skeid på Fosshaugane Campus!