TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Skeid tek med seg alle tre poenga! Det tek heilt av på benken etter kampen. Dette var tre viktige poeng for dei. Det skjedde ikkje ekstremt mykje offensivt i kampen, og Skeid forsvarte seg godt. Flo sitt formasjonsbyte inn mot kampen hadde ikkje særleg stor effekt. Målet kom frå eit lurt frispark av Rise. Fleire mål vart det ikkje. Opprykk ser stadig vanskelegare ut for Sogndal å oppnå medan Skeid vil klamre seg fast til ein plass i OBOS-ligaen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-1)
90'
Gult kort
90+5'
Gult kort
Dreg ut tida.
90+4'
Flo prøver seg på ein blanding av innlegg og skot. Går utanfor.
90+3'
Mykje kjefting fram og tilbake no. Kaos ved innbyte og uthaling av tid.
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Spillerbytte
90'
Tre spelarar ligg nede for Skeid no. Mest truleg for å dra ut tida. Publikum blir frustrerte her no. Skeid gjer det dei kan for å vinna.
89'
Frispark
Blir klarert vekk.
89'
Skeid er i ferd med å ta tre viktige poeng i dag!
89'
Sogndal ropar på corner, og blir overraska når dei ikkje får det. Tida renn ut for dei no.
88'
Frispark
Slår langt.
85'
Offside
Kupen er for ivrig når han vil ha ballen.
84'
Frispark
Tek frisparket kjapt for å kome fort i gang.
83'
Gult kort
Brukar for mykje tid.
82'
Hjørnespark
Blir klarert.
82'
Stor sjanse for Skeid! Van der Spa er modig og blokkerar! Blir corner.
81'
Hjørnespark
Heada vekk.
81'
Flo set inn på to nye med ti minutt att av kampen.
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
79'
Melchior avsluttar frå 16 meter, men van der Spa blokkerer.
78'
Nesten for Diaz! Blir spelt fint gjennom, men volleyen er ikkje hard nok. Der kunne det stått 1-1.
76'
Frispark
Slår langt opp.
74'
Offside
73'
Frispark
No er det keeper sin tur til å sende ballen langt opp i bana.
71'
Offside
Stor sjanse for Skeid, men det er avblåst for offside.
69'
Hjørnespark
Blir slått for langt.
68'
Spillerbytte
67'
Altai ligg nede og kjenner på noko no.
66'
Skeid kan vere på veg til tre viktige poeng i nedrykkskampen.
65'
No slit både Sogndal og internettilkoplinga her på Fosshaugane. Ikkje mykje som har gått vegen for sogningane.
62'
Sondal er tilbake i 4-4-2 no. Det lønner seg nesten med ein gong når dei får eit innlegg som ingen av spissane rekk fram til.
61'
Spillerbytte
61'
Effiom involverer seg med ein gong, og får ein avslutning som blir blokkert.
60'
Grønner gjer seg klar for Sogndal.
60'
Spillerbytte
58'
Ingimundarson prøver seg frå distanse, men treff ikkje slik som han vil.
56'
Hjørnespark
Stering headar ballen vekk.
55'
Frispark
54'
Gult kort
Alt for sein takling på Slørdahl.
53'
Frispark
53'
Gult kort
Nok ein gong gult for å stoppa ein kontring.
51'
Frispark
Endå eit frispark som blir slått langt opp i bana. Steiring har hatt ein del av dei i dag.
50'
Sogndal har vore friskare siste minutta, men som vanleg slit dei når dei skal gje frå seg ballen.
50'
Twum får sjansen til å avslutte, men nølar for mykje. Skeid vinn ballen.
48'
Frispark
48'
Jonsson ser Ørjasæter, men det gjer også Kvarekvål, og plukkar opp ballen.
47'
Hjørnespark
Same varianten, men mistar ballen med ein gang.
46'
Hjørnespark
Kort variant.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Skeid leiar med eitt mål til pause. Lite har skjedd offensivt hos begge lag, og målet kom frå eit lurt frispark som gjekk direkte i mål. Skeid vil nok vere ganske så nøgd så langt.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Diaz ropar på straffe, men Bodding meiner at han går ned for lett.
45'
Dommarane var veldig tidleg ute med å vise tilleggstiden. Over eit minutt før 45 minutt var spelt.
45'
Frispark
Frisparket har Fij kontroll på.
45'
Gult kort
Riv ned ein spelar på full fart framover. Den var soleklar. Frispark i farleg posisjon.
44'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
43'
Hjørnespark
Går over alle, og ut til utspark.
43'
Fij snappar opp ballen når Skeid prøver å kombinere seg fint fram mot målet.
42'
Buduson dreg med se ballen, men Slørdahl er sterk, og stoppar han.
40'
Bojang fekk vondt på corneren, men han er kjapt oppe igjen.
39'
Hjørnespark
Blir heading mot mål, men keeper står på rett plass.
38'
Frispark
38'
Flo speler fram til Ørjasæter. Ballen hans bak forsvaret var ikkje god nok. Då er det Kvarekvål sin ball.
35'
Hjørnespark
Ballen går mot bakerste, men ein ryggande Ingimundarson klarar ikkje å treffe ballen skikkeleg.
34'
Skeid har vore gode til å forsvare seg. Sogndal mistar ofte ballen med ein gang dei er i nærleiken av målet.
32'
Sogndal fekk sin første avslutning på mål. Ein svak heading som gjekk rett på keeper.
30'
Før det gule kortet kom Sogndal seg nesten til ein sjanse. Ørjasæter prøvde å avslutta, men ballen gjekk rett i blokka.
29'
Gult kort
Dagens første gule for å stoppa ein kontring.
28'
Frispark
28'
Ingimundarson er no oppe igjen.
27'
Bodding er ingen populær mann på Fosshaugane i kveld.
26'
Sogndal ropar på straffespark, men får det ikkje! Keeper får ein lang touch, og ender opp med å takla Ingimundarson. Islendingen ligg framleis nede.
25'
Nok ein gong slurvar Sogndal vekk ballen.
24'
Frispark
Blir heada utanfor målet.
24'
Dette er eit kampbilete Skeid kan like. Sogndal slit med å få til noko offensivt.
23'
Offside
Litt for ivrig når han går forbi backlinja.
21'
Mykje slurv hos Sogndal no. Spelar ballen ut av spel når dei forsøker å angripe.
18'
Mål!
0-1
Frisparket går direkte i mål! Ingen tek i mot ballen når den sprett gjennom feltet, og dermed går den ned i motsatt hjørne. Då er Skeid i føringa.
18'
Frispark
17'
Mange frispark rundt midtbana så langt. Spelarane får beskjed om å roe seg ned.
17'
Frispark
16'
Offside
Går for tidleg.
15'
Hjørnespark
Klarert vekk.
15'
Skeid med dagens første avslutning. Rett på keeper.
14'
Frispark
Sentrar tilbake til keeper.
14'
Kollisjon mellom Steiring og Diaz. Begge ligg nede, men trur det skal gå fint med dei. Firspark til Skeid.
12'
Hickson legg inn mot Buduson, men ballen er for høg.
12'
Ingimundarson snappar ballen på midten, men touchen hans blir for dårleg, og keeper kan plukke opp ballen.
10'
Eit soleklart feilkast frå Hoven, og Skeid får innkastet.
9'
Det har skjedd veldig lite dei første minutta i dagens kamp. Ingen store sjansar.
9'
Van der Spa og Slørdahl slurvar og mistar ballen.
8'
Sogndal forsøker seg på eit angrep uten å lukkast.
7'
Frispark
6'
Rise forsøker å dra med seg ballen, men blir stoppa.
4'
Frispark
Sentrer tilbake til forsvaret.
4'
Ingen sjansar dei første minutta.
3'
Frispark
1'
Frispark
Klarert vekk.
1'
Då har kampen starta.
Avspark Start 1. omgang
Dagens hovuddommar er Eivind Bodding. Som assistentar har han med seg Erland Hareland og Martin Javier Solheim. Jonas Sande Mossestad er fjerdedommar i dag.
Det er ein fin haustdag i Sogndal, og det er framleis så varmt ute at ein kan gå i t-skjorte. Dei som er litt meir rutinerte her veit kor kaldt det kan bli utover kampen, og har teke med seg ein jakke. Det er uansett ein perfekt dag for fotball her i Sogndal!
Det ser faktisk ut som at Sogndal går for ein 3-4-3 i dag! Det er ein formasjon dei kjenner godt frå tida under Eirik Bakke. Som meldt er ikkje Kristoffer Hoven med for Skeid i dag. Tidlegare Sogndalspelar Steiring er derimot med.
Det går rykter om at det kan bli ein formasjonsendring for Sogndal i dag etter at Flo ikkje har fått orden på forsvaret enno. Han har holdt på 4-4-2 i omtrent kvar kamp, men etter dei siste resultata har han hinta om at han må gjere endringar. Det blir spennande å sjå om han klarar å stenge av litt meir.
Mellom denne kampen og førre kamp, så har overgangsvindauget stengt. På den siste dagen henta Skeid Kristoffer Hoven på lån frå Sogndal, men han skal truleg ikkje vere med i dagens kamp. Hoven sleit med speletiden i Sogndal etter at både Grønner og Diaz kom framfor han i køen.
Førre oppgjer mellom laga var i juni. Kampen vart speld i Groruddalen, og Sogndal vann 2-3 i ein ganske spennande og målrik kamp. Om ein ser på resultata frå begge sine kampar i førre runde, så er det lov å håpe på ein målrik kamp i dag også! Sogndal tapte 5-2 mot FFK, og Skeid tapte 1-5 mot KFUM.
Det er eit heimelag som har hatt ein ganske stusseleg august månad. Det vart ikkje meir enn ein siger, og det vart ein god del baklengsmål. Heile 17 mål i mot vart det på fem kampar. Til tross for det vart keeper Renze Fij kåra til månadens spelar av Saftkokaradn! Det seier vel mest om kor mykje Fij hadde å gjere i eigen boks. For Skeid såg august veldig annleis ut. Der blei det faktisk berre eitt tap, og det kom mot KFUM Oslo i førre runde. Utanom det vart det to sigrar og to uavgjort.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Skeid!