Referat
Kun høydepunkter
Då er det slutt i Sogndal og 1-1 er nok eit ok resultat sjølv om Sogndal nok meiner dei fortenar alle tre i dag. Sogndal det førande laget heile kampen, men Sarpsborg alltid farlig når dei nermar seg mål. Eit stolpeskot like etter Sogndal si utlikning kunne vippa kampen i sarpingane sin favør, men det ebba ut med poengdeling.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Sarpsborg som trykkjer.
90+2'
4 minutt tillegg.
90+2'
Valdimarsson prøver seg, men skotet går langt over målet til Dyngeland.
90+2'
Vi har endå ikkje fått nokon tilleggsminuttar.
89'
Valgardsson prøver seg, men Kerr held igjen lett.
89'
Men det stoppar opp og Sogndal bryt.
88'
Så kjem Sarpsborg!
87'
Heilt klart Sogndal som vil mest her på slutten. Sarpsborg ser nøgde ut med å få med seg det eine poenget.
86'
Ny god sjanse for Sogndal, men Strand når ikkje fram på innlegget.
85'
2511 tilskodarar.
85'
Endar i utspark for Dyngeland og Sogndal.
85'
Kast til Sarpsborg på høgd med Sogndal sin 16-meter.
84'
Saprsborg og litt meir deffansive no. Nede i ein rein 4-4-2.
84'
Tokstad vender veg Valgardsson og skyt like utafor. God sjanse for Sarpsborg.
83'
Mykje tilfeldig ute på matta her no. Er det det som skal avgjere kampen?
81'
Valdimarsson skal inn for Sarpsborg.
80'
Ser ut som Samuel må gje seg. Eit stort tap for Sarpsborg i såfall.
80'
To sletne lag ute på bana her no. Sogndal kanskje mest sletne og med god grunn. Dei kvitkledde har sprunge mykje i dag.
78'
Siste kvarteret no. Skal vi få ein sigerherre på Fosshaugane Campus?
76'
Endar i frispark til Sogndal nesten heilt nede ved deira eiga hjørneflagg.
76'
Sarpsborg får klarert og Samuel jaktar. Holsæter må gje til kast.
75'
Endå eit nytt kast.
75'
Nytt kast.
73'
Spennande her på Fosshaugane no. Det er ogndal som styrer og Sarpsborg satsar på kontringar. Dei kontringane er derinmot svært gode det er heilt åpent. No ein stor sjanse til Sogndal og Strand.
72'
Horriblet tilbakespel av ein sarping og Otoo kjem nesten åleine, men ein god Thømt Jensen får pirka ballen vekk frå ghanseren.
71'
Hopen og Ernemann i munnhuggeri etter at Hopen har stoppa dansken ureglementert. Vert vener at ganske fort.
68'
Otoo ligg nede med hovudskade og Rafiq stopar ikkje spelet. I ettertid viser det seg at Otoo kanskje ikkje hadde så vondt i hovudet så godt sett av dommaren.
67'
Djédjé falleveldig lett i ein duell og med gult frå tidlegare ksal han være forsiktig. Rafiq vel å oversjå situasjonen.
65'
Kastar til Thømt Jensen som vrir glimrande Berthod, men han er i offside.
64'
Innkast til Sarpsborg halvegs inne på Sogndal sin banehalvdel.
63'
Oppe igjen. Viktig for Sarpsborg.
62'
Så erdet Heieren Hansen som ligg nede etter ein duell med Fardal Opseth.
61'
Denne kampen har verkeleg eksplodert dei siste 10 minutta.
61'
Så er det ny stor sjanse til Sogndal. Otoo får tåspissen på eit innlegg og ballen går nokre centimeter utafor.
60'
Wiik jagar ein ball og held seg til baksida av låret. Strekk.
58'
Enorm sjanse til Sarpsborg! Ballen kjem på bakerste og der står Djédjé og klinkar til. På innsida av stolpen og ut!
54'
Veldig underhaldande her no.
54'
Så er det Fardal Opseth so mdreg seg innover og frå tolv meter curlar han ballen ein liten meter utafor.
52'
Thømt Jensen headar like utafor på corneren.
51'
Enorm sjanse for Sogndal! Otoo slår inn og Petter Strand skyt frå seks meter, men Kerr reddar mesterleg. Så kontrar Sarpsborg og Samuel er nesten åleine med keeper, men Holsæter får gjeve til corner.
51'
Enorm sjanse for Sogndal!
50'
Sogndal går over til å spele 4-4-2
50'
Karadas må ut.
49'
Lang ball opp på Flo som får ta ned ballen i 16-meter, men avslutninga vert blokkert av Thømt Jensen.
48'
Karadas på beina igjen, men tvilsamt om han kan halde fram.
47'
Karadas blør frå hovudet og Sogndal har ingen forsvarar på benken.
47'
Det smell då Djédjé går seint inn i ein duell med Karadas. Eidaren vert liggande nede.
46'
Ingen byter på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga på bana og vi er straks klar for 2.omgang frå Fosshaugane Campus.
Heilt greitt at Sarpsborg leiar til pause. Dei har hatt den einaste skikkelege avslutninga på mål og den gjekk inn. Sogndal har hatt eit visst trykk, men skapar ingen sjansar berre halvsjansar. Sarpsborg ser farlege ut når dei nermar seg mål. Den offansive kvartetten til Sarpsborg har mange kvalitetar og det var nettopp farta og fintane til Djédjé som gjorde at Sarpsborg leiar 1-0.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Lang ball opp frå Sogndal, men ingen går på stussen til Flo og Kerr kan plukke opp ballen inne i sin eigen 5-meter.
45+1'
2 minutt tillegg.
44'
Thorarinsson med skotforsøk, men det går langt over mål.
43'
Holsæter ned på høgreback og Hopen inn på midten.
42'
Skaasheim må gje seg og Sogndal spelar no med 10 mann.
41'
Skaasheim ligg nede med ein skade. Spørs om det er ein strekk på den lokale balestrendingen.
41'
Sogndal heilt klart med flest avslutningar, men Sarpsborg ser farlege ut kvar gong dei kjem sjølv om dei ikkje har hatt for mange avslutningar på mål.
40'
Flo prøver seg med eit skot frå 20 meter, men igjen er dette barnemat for Kerr.
38'
No florerar det i feilpasningar frå begge lag.
38'
Godt slått, men rett i hendene til Kerr.
37'
Valgardsson skal svinge innover.
37'
Frispark til Sogndal skrått på mål. Avstand ca. 20 meter.
36'
Kerr med ein forferdeleg 5-meter. Klarar å sparke utover sidelinja på eigen banehalvdel.
34'
Karadas får frisparket og Samuel er irritert.
34'
Ny knallhard duell mellom Karadas og Samuel og begge vert liggande.
33'
Farlig innlegg frå Skaasheim som dett ned rett forran Kerr. Heieren Hansen får klarert.
31'
Sarpsborg med meir kontroll på kampen no.
31'
Sarpsborg på kontring og det må to mann til for å stoppe Samuel.
28'
Enorm sjanse for Sarpsborg! Karadas bryt, men headar ballen rett på Martin Wiik som kjem åleine med Dyngeland. Keeperen får såvidt tåa på ballen og får gjeve ut til corner.
27'
Kraftig regn i Sogndal no og dette gjer at ballen går fort i det våte kunstgraset. Litt for fort for mange av spelarane.
26'
Stor sjanse for Sogndal! Holsæter kjem til Innlegg og på bakerste er Skaasheim nesten på blank kasse. Headinga går ikkje på mål.
25'
Teniste får tilsnakk etter å halde igjen Samuel på ei kontring. Var vel ikkje ei heilt soleklar halding og då held Rafiq korta i lomma.
24'
Vanskeleg å kaste langt i dag grunna ein sleip ball og då forsvinn mykje av angrepsstyrken til Sogndal.
24'
Dårlig kast, men får eit nytt frå same posisjon.
24'
Nytt innkast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
23'
Otoo snurrar rundt på 20 meter og skyt, men skotet vert litt for laust og det går også midt på Kerr.
22'
To gode innlegg på rad her frå Sogndal. Først får Heiern Hansen stussa ballen framfor Flo og på neste angrep er det Otoo som set ballen utafor.
20'
Jamnt sålangt i denne kampen. Sogndal har ballen mest, men Sarpsborg ser farlege ut både på overgangar og når dei byggjer opp raske kombinasjonar på topp.
18'
Nydeleg stikkar av Haugen til Skaasheim. Innlegget langs baken er hardt og godt, men igjen er Kerr nede og held ballen framfor Sogndal sine spissar. God inngripen igjen av Kerr.
17'
Sogndal bryt og Petter Strand prøver eit skot. Går to meter utafor og Kerr har god kontroll på den.
16'
Sarpsborg kastar kort og prøver å halde ballen i laget, men det er vanskelig på den sleipe matta.
16'
Samuel i løpeduell med Karadas. Skulder mot skulder og Samuel er den som vert ståande på beina. Karadas får gjeve til kast.
14'
Sarpsborg får klarert.
14'
Innkast til Sogndal ved Teniste
14'
Sarpsborg med ballen no og dei har mange fine kombinasjonar. Sogndal blir springande mellom sjølv om dei pressar hardt. Skal verta interessant å sjå kor mykje krefter sogningane har igjen til 2.omgang om dei skal springe så mykje no.
10'
Sarpsborg tek kaste kort og Sogndal bryt. Strand har ballen inne på Sarpsborg sin banehalvdel, men framfor han er det to spelarar frå Sogndal og sju frå Sarpsborg. Dei sju sarpingane har då relativt grei kontroll.
9'
Sogndal frampå, men Sarpborg bryt og kjem raskt på ein overgang. Vinn eit innkast høgt i banen.
8'
Sarpsborg med ballen no og dei ser farlege ut kvar gong dei kjem. Djédjé med fart og Samuel med kraft. Bak der ligg og Zadjic og lurar.
7'
Skaasheim slår igjennom til Otoo på kant. Han slår hardt inn, men Kerr er fint nede og held ballen framfor Flo.
6'
Mykje innkast og duellar no.
5'
Draumestart for Sarpsborg. No lig gdei lågt og det er Sogndal som må styrer kampen, noko sogningane ikkje er så komfortable med.
4'
Sogndal med innkast og det vert småfarlig, men på innlegg nummer to så klarer Kerr å halde ballen.
1'
Sogndal med avspark og ballen vert dunka opp på Ulrik Flo som ikkje er komen i posisjon og Sarpsborg klarerar.
Avspark Start 1. omgang
Kanskje ti personar har tatt den lange turen over fjellet frå Sarpborg og dei er plassert bak målet til sogndalkeeper Dyngeland.
Få minutt til avspark og ikkje mykje folk på plass i Sogndal. Det spørs om resultatet mot Stabæk og dagens dårlege vær har skremt sogningane frå å reisa på kamp.
Etter nesten to veker med strålande «før-påskevær» har no dei gode gamle skyene samla seg over saftbygda. Godt med nedbør i lufta vil gje ballen ein fin stuss på den vårgrøne(kunst)grasmatta.
På Fosshaugane har Sogndal vunne tre og Sarpsborg vunne tre på dei siste seks møta. Sist sarpsborgsiger kom heilt tilbake i 2010 då begge desse laga spelte i 1.divisjon.
Dei fire siste kampane mellom desse to laga har gjeve tre mål. Vi håpar at dagens kamp kan gje oss litt meir underhaldning.
Det motsatte oppgjeret i fjor enda med 1-0 siger til sogningane etter eit mål av Sidy Sagna. Eit resultat som underteikna hugsar som meget ufortent då Sarpsborg hadde kanonade mot sogndalsmålet i heile 2.omgangen.
Tilsvarande oppgjer i fjor enda 0-0, men det var dramatikk då Tom Erik Breive vart utvist etter 40 minutt. i dag har sapringane tatt alle forhåndsreglar og plassert Breive på benken.
For Sogndal så har Hannu Patronen kasta inn handklede og vi reknar med det er Taijo Teniste som tar plassen hans i midtforsvaret og Eirik Skaasheim går inn på kant.
Då har vi fått lagoppstillingane og for Sarpsborg sin del så kan vi melde at Joachim Thomassen har blitt sjuk og står over.
Sogndal og stiller nok også mykje det same mannskapet som tapte mot Stabæk, men det er forventa at Tim Nilsen må vike for Mahatma Otoo på topp. Vi kjem tilbake ca. 1 time før kampstart med lagoppstillingane og anna info om kampen
Sarpsborg 08 er venta å stille med dei same som utklassa Brann, men hjelpetrenar Ian Burchnall har ymta frampå at det kan kome nokon små endringar grunna at Sogndal spelar ein fullstendig anna fotball enn det Brann gjer.
Sogndal starta også med 3-0, men det vart tap mot eit ungt og nedrykksdømt Stabæk i Bærum. Etter mange gode treningskampar i vinter var dette ein skrell for sogningane og vi får sjå om dei klarar å heve seg i kveld mot eir sarpsborglag som såg veldig sterke ut i serieopninga.
Sarpingane klinka til med å utklasse «Bergens stolthet» 3-0 i fyrste seriekamp. Så får vi sjå om dei og klarar å tukte «veslebror» på Vestlandet.
Hei og velkomen til årets fyrste tippeligakamp frå Fosshaugane Campus. I kveld er det Sarpsborg 08 som vitjar saftbygda.