TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sarpsborg borte og takkar dei frammøtte. Slik som kampen utarta seg er dei nok nøgde som kan ta med seg eit poeng heim til Østfold.
Buing på tribunane etter ei elendig forestilling. Sarpsborg skal ha for at dei prøvde, mens Sogndal var veldig skuffande. Spesielt etter at Sarpsborg vart redusert til 10 mann. Etter det var det veldig lite som skjedde på Fosshaugane CAmpus.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+5'
Det går mot 0-0 etter ei bedrøvelig forestilling.
90+4'
Spillerbytte
90+4'
Stor sjanse for Thorarinsson. Islendingen er åleine gjennom, men Valsvik kastar seg inn og får avverga for Sogndal. Der kunne sarpringane tatt alle poenga.
90+3'
Latter då Ricardo Santos blir utnemnt til dagens sogndalspelar. Ikkje så mange som er einige i det.
90+3'
Skot frå Thorarinsson utafor.
90+1'
I dag er det 2418 tilskodarar på Fosshaugane Campus.
90+1'
4 minutt tilleg, men det blir nok meir no når Kerr ligg nede.
90'
No ligg nemnte Kerr nede etter ein duell i feltet.
90'
Kerr har stått fram som dagens mann sjølv om Sogndal ikkje har klart å teste jamaicanaren så mykje.
86'
Stor sjanse for Sogndal. Ballen går fram og tilbake inne i feltet med gode sjansar for både Karadas og Santos. Tilslutt avsluttar Stamnestrø utafor.
85'
Spillerbytte
84'
Rett på Kerr.
84'
No skal Mane skyte frå ca. 23 meter.
83'
Nytt frispark til Sogndal i farleg posisjon.
82'
Mane slår inn og Sagna heddar over.
82'
Frispark til Sogndal frå kanten av 16-meteren.
81'
Asgeirson kjempar knallhardt på midtbana. Godt innhopp av islendingen.
80'
Sogndal klarerar.
80'
Thorarinsson står klar.
79'
Frispark til Sarpsborg i god posisjon ca. 25 meter frå målet til Sogndal.
78'
Lang ball i bakrom, men Hansen har god kontroll på Santos.
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Sogndal har no lagt seg bakpå. Virkar som dei er nøgde med eit poeng dei og.
73'
Håpløst av Stamnestrø som ikkje klarar å løfte ballen ein gong. Sarpsborg klarerar.
72'
Frispark til Sogndal.
72'
Gult kort
71'
Spillerbytte
71'
Kjempesjanse for Sarpsborg. Kontring som tilsutt Thorarinsson får avslutta på umarkert frå 7 meter. Han skyt dessverre for sarpingane over.
69'
Høgt innlegg frå P.E. Flo som Kerr fangar lett. Sarpsborg forsvarar seg og ser nøgd ut med eit poeng samtidig som Sogndal ikkje klarar å skape noko som helst.
67'
Mane driblar seg ut over sidelinja. Som sagt så erdet svært svakt angrepsspel av sogningane. Svake individuelle ferdigheitar, men dei kjem og av at Sarpsborg gjer ein glimrande jobb defansivt.
66'
Igjen klarerar Sarpsborg. Innkasta verkar som å være Sogndal sitt beste angrepsvåpen.
65'
Nytt innkast til Sogndal frå same posisjon. Teniste står klar.
64'
Lang ball mot Ulrik Flo, men han rotar ballen over linja. Svakt av Flo.
63'
Hjørnespark
Slår corneren bak mål.
63'
Endar tilslutt i corner etter to gode forsøk frå Ulrik Flo.
62'
Nytt innkast til Sogndal.
61'
Sarpsborg held fram å trille ball. Sogndal spring mellom, men sarpingane klarer ikkje å skape nokon gode sjansar.
60'
Nytt kast frå teniste, men Sarpsborg klarerar igjen. Har hatt god kontroll på Sogndal sine dødballar.
57'
Hjørnespark
Kerr boksar ut.
57'
Endar i corner.
57'
Det blir eit langt kast frå Teniste no.
56'
Ein mykje opnare kamp her no. Sogndal pressar høgt og det same gjer faktisk Sarpsborg. Framleis mykje feil på begge lag så nivået må seiast å være litt skuffande. Men spennande for begge lag sin supporterar.
55'
Sarpsborg farlig frampå og får ein god sjanse Valdimarsson, men skotet går rett på Dahlin.
53'
Gode sjansar for Sogndal. Etablerar eit trykk på Sarpsborg, mne den siste avgjerande avslutninga er alltid for dårlig.
49'
Mykje høgare press frå Sogndal, men Sarpsborg er ballsikre og spelar seg ut gong på gong. God fotball av sarpingane.
48'
Som forutett så ligg no Sarpsborg mykje lågare. Sogndal har festa eit grep om denne omgangen, men ikkje skapt noko særlig endå.
47'
Spillerbytte
46'
God sjanse for Sogndal til å byrje med, men Kerr er ute og plukkar pasningen frå Sagna.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sarpsborg kjem nok ikkje til å ligge så høgt i 2.omgang så då blir det spennande når Sogndal må opp og sarpingane kan ligge å kontre. Med andre ord forventar vi ein heilt anna 2.omgang i forhold til korleis den første utvikla seg.
Brian Deane lite nøgd med dommar Nilsen etter utvisinga av Breive. Den tidlegare Leeds og Sheffield United spelarane meiner nok at slikt blir ein ikkje utvist for i England.
Dramatisk med utvisninga av Breive og eit par feite sjansar til Sogndal. Ellers har fotballen variert kraftig i kvalitet. Mykje dårlig pasningspel, men også ein del fine kombinasjon frå begge lag. Sogndal derimot meir kontringsorientert enn Sarpsborg noko som er rart med tanke på at det er Sogndal som spelar heime.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+4'
Martin Wiig prøver seg. Rundar to spelar, men vert stoppa av Teniste som får stor applaus for innsatsen sin av heimepublikum.
45+3'
Valdimarsson fryktelig irritert over dommar Nilsen når han ikkje får frispark i ein duell med P.E. Flo. Frustrerte sarpingar no.
45+1'
Hjørnespark
Kort til Mane som gir til Sagna. han skyt langt over frå ca. 16 meter.
45+1'
4 minutt tilleg.
44'
Sannsynlegvis rett då Stamnestrø kjem seg relativt fort igjen.
44'
Stamnestrø rundar Berthod før han kastar seg i bakken og held seg for ansiktet. Publikum ropar på raudt kort igjen, men Nilsen gjer ingenting.
44'
Ny dramatisk situasjon!
43'
Sarpsborg no meir i ein 4-4-1 formasjon.
42'
Kerr tek ei skotfinte på Santos. Dristig av Sarpsborg si sistsekanse.
40'
Rødt kort
Rar situasjon! Santos legg handa si to ganger i ansiktet til Breive under spelet gang før Breive taklar han hardt. Kanskje strengt med raudt kort der Nilsen?
39'
Feilpasningane florerar frå begge lag no. Sogndal ligg frmaleis lågt, mens Sarpsborg begynner å finne meir tilbake til spelet dei hadde dei første minuttane.
37'
Heilt klart eit lurt trekk frå Deane då han bytta side på vingane sine.
37'
Saprsborg meir med no og set Sogndal under press. Rullar opp på kant og får innlegg, men avslutningane er ikkje gode nok.
35'
Tek det kort og kombinerar fint før innlegget går rett på ein sogndalspelar.
35'
Kast til Sarpsborg på høgd med 16-meteren.
33'
Thorarinsson og Elyounoussi har bytta side så vi får sjå om det hjelp for sarpingane.
32'
Saprsborg heilt vekke akkurat no. Får ikkje til noko.
31'
Langt innkast frå Teniste og brasilianaren Santos prøver seg på ein brasse. Hansen reddar på streken.
30'
Litt rotete kamp så langt. Sarpsborg prøver å spele, men Sogndal er aggresive og bryt gong på gong. Sogningane har hatt fleire gode overgangsmulighetar som dei har utnytta dårlig.
28'
Malick Mane ligg nede, men reiser seg opp igjen.
27'
Kjempesjanse for Sogndal, men Bolseth går i offside.
25'
Sogndal det kalrt beste laget no. Driv ikkje med finspel, men kjempar Sarpsborg ut av stilen.
23'
Gult kort
mane rundar Berthod opptil fleire gonger og til heng fransmannen i Mane si drakt.
23'
Fine kombinasjonar av Elyounoussi og Thorarinsson, men det blir ingen store sjansar ut av finspelet.
22'
Dårlig slått av Stamnestrø. Sarpsborg klarerar og kan angripe.
20'
Frispark til Sogndal.
19'
Saprsborg står høgt og gjev Sogndal problem med å spele seg ut. Difor blir det slått mykje langt opp mot Santos frå sogningane.
18'
Sogndal det førande laget no etter at Sarpsborg starta klart best.
18'
Mane driblar av tre mann før han frå ti meter skyt ti meter over. Heimepubublikummet sukkar oppgitt.
17'
Brian Deane ikkje nøgd med assistentdommaren då den tidlegare Leeds-helten meinte Santos var i offside i den tidlegare nemnte situasjonen.
16'
Kerr vert også skada i duellen og vi har hatt ein pause i spelet på ca. 2 minutt, men no er keeperhelten klar igjen.
13'
Enorm sjanse for Sogndal og Santos. Sogndal bryt og Bolseth spelar til Mane. Senegalesaren spelar gjennom Santos som prøver å runde Kerr. Jamaicanaren stuper i beina til Santos og fangar ballen. Glimrande ingripen, men der bør ein spiss også score.
11'
Hjørnespark
God sjanse for Sogndal. Kort corner og Mane slår hardt inn. Ballen blir klarert av Brink rett opp i været og det er Kerr som til slutt får fanga ballen.
11'
Hjørnespark
Ny corner.
11'
Endar i corner.
11'
Sogndal litt meir med no. Det er klart for eit langt kast frå Teniste.
10'
God sjanse då Kerr mistar ballen, men jamaicanaren er kjapt opp og rettar opp feilen sin.
9'
Frispark til Sogndal, 30 meter frå målet til Kerr. Stamnestrø står klar til å slå ballen inn i feltet.
8'
Bolseth spelar spiss, Ulrik Flo venstrekant og Stamnestrø sentral midtbane. Ei veldig rar lagoppstilling for dei som kjenner Sogndal.
7'
Sarpsborg styrer det meste i starten på Fosshaugane Campus.
6'
Sogndal med nokon store feil til å begynne med. Valsvik mistar ballen i set oppbyggande spelet og Røn kjem åleine med Dahlin. Heldigvis for Valsvik får midtstopparkollega Patronen satt inn ei takling i siste sekund.
5'
God sjanse for Sarpsborg. Innlegg frå Thorarinsson og Valdimarsson avsluttar rett på Dahlin.
3'
Langt ball opp frå Brink, men ut til utspel for Dahlin.
2'
Sogndal ligg lågt til å begynne med. Mulig sogningane har bestemt seg for å gå ut litt defansvt for å hindre Sarpsborg si offansive slagkraft.
Avspark Start 1. omgang
Ola Hobber Nilsen skal være sjef under dagens kamp. Etter han sitt myntkast er det no bestemt at Sarpsborg 08 byrjar med ballen.
Laga helser på kvarandre og vi er klar til kamp på Fosshaugane Campus.
Begge laga i oppvarming no og Sarpsborg 08 sine spelarar og Brian Deane nyttar sjansen til å applaudere dei ca. 20 ihuga som har tatt turen frå Østfold.
Fint spelevær i Sogndal. Overskya og temperaturen begynner å nærme seg tosifra. Eit snev av vår i lufta gjer at stadion no byrjar å fylle seg opp, men at det vert så mykje meir enn 3000 i dag er lite sannsynleg. Men kanskje den overraskande sigeren mot Molde kan få sogningane ut av godstolen og på kamp.
Før begge laga gjekk vidare i cupen så overraska Sogndal stort då dei slo Molde 2-1 på Røkkeløkka. Dette var sogningane sin første siger i årets Tippeliga. Sarpsborg kom ned på jorda etter ein glimrande start på sesongen då serieledar Aalesund vart for sterke med 2-0 på Sarpsborg Stadion.
Sogndal spelar i ein tradisjonell 4-4-2 formasjon, mens Sarpsborg mest sannsynleg åpnar i ein 4-2-3-1 formasjon som defansivt vil ligne meir på 4-5-1.
Mohamed Elyounoussi er tilbake etter å ha starta på benken i cup-kampen mot Sparta og kjem til å starte på venstreving sjølv om han og Thorarinn Valdimarsson ofte byter side undervegs i kampen.
For Sogndal er målscorarane frå cup-sigeren mot Tornado/Måløy, Azar Karadas og Espen Næss Lund, tilbake på benken. Ulrik Flo får fornya tillit sjølv om spissen frå Stryn ikkje har scora sidan serieopninga mot Tromsø.
Då er laga klare og det store spørsmålteiknet er kvar Øyvind Hoås er. Verken i startelvaren eller på benken for Sarpsborg 08. Vi har diverre inga informasjon på kvifor kraftspissen ikkje er med til saftbygda.
Vi ynskjer alle våre lesarar tilbake ca. ein time før kampstart 18.00 søndag ettermiddag, for lagoppstillingar og pre-match info om både lag og spelarar.
For Sarpsborg er Alvaro Baigorri definitivt ute etter at han måtte gjennomføre ein operasjon i tåa denne veka. Han er venta å være ute i seks veker. Tidlegare sogndalspelar Christian Brink samt toppscorar i Tippeligaen Mohamed Elyounoussi varma benken då Sparpsborg 08 slo namnebror Sparta i cupen på onsdag, men er venta tilbake i startoppstillinga til denne kampen.
For Sogndal ser no skadesituasjonen lysare ut enn på lenge. Både Ørjan Hopen og Tony Brochmann er tilbake frå skade. Dei kjem nok ikkje til å starte morgondagens kamp, men vert sannsynlegvis å finna på benken.
I så måte ser tabellen no lys ut for dei begge. Sogndal på 12.plass med 4 poeng, og Sarpsborg 08 på 9.plass med 5 poeng. Toppscoraren i Tippeligaen kjem og frå Sarpsborg og heiter Mohamed Elyounoussi. Han har tre mål og deler tron med Petter Vaagan Moen og Michael Barrantes.
Ein viktig kamp dette for to lag som av mange er tippa til å kjempe om nedrykk i årets Tippeliga.
Då vil vi ynskje velkomen til live-dekning av den 5. serierunden i Tippeligaen og kampen mellom Sogndal og Sarpsborg 08.