Referat
Kun høydepunkter
Då takkar Stig Anders Hauge for seg og ynskjer dykk ein flott kveld vidare med masse fotball her i liveportalen. Vi ynskjer dykk alle velkomne tilbake til Fosshaugane 1.oktober og slaget om vestlandet når Sogndal møter Brann.
Avslutningstatistikken viser 6-10 i favør Sarpsborg, men i avslutningar på mål vinn Sogndal 5-3 og det var nok dette som skilde laga i dag.
Då er det over i Sogndal. Heimelaget tek sin største siger for sesongen i kanskje deira dårligaste heimekamp i år. Sarpsborg klarte diverre ikkje for dei å straffe Sogndal og når då heimelaget er dødelege effektive så kan alle sogningar glede seg over at laget no klatra opp til 9.plass på tabellen med heile 8 poeng til kvalikk og 10 poeng ned til nedrykkstreken.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+3'
Fint angrep av Sogndal som Holsæter avsluttar utafor.
90+1'
Lagt til 3 minutt.
90+1'
Fint angrep av Sogndal som endar i corner.
90'
Keeper Dyngeland kåra til Sogndal sin beste i dag når dei vinn 3-0. Seier vel det meste om kampen.
86'
No skal vi hugse at Sogndal leia 4-1 mot Molde til det var spelt 89 minutt så sarpingane skal kanskje ikkje grave seg ned endå.
85'
2713 får sjå Sogndal sin største siger for sesongen.
81'
Sarpsborg har styrt mykje heile kampen og komme til ein del avslutningar, men det har ikkje villa seg heilt for dei i dag. Sogndal derimot har vore svært effektive når dei har fått moglegheiten.
80'
Sveen er fullstendig utslitt, men ser ikkje ut som Bakke vel å byte. Viser ikkje mykje tillit til spissen Otoo her Bakke.
77'
Sarpsborg held fram emd å trykke Sogndal tilbake. Lindberg med avslutning som blir blokkert utafor.
77'
No vert det nok hardt for Sarpsborg å få noko poeng med seg heim til Østfold.
76'
Utrulig flaterande at det står 2-0. Sogndal har ei avslutning i andre omgang.
74'
Heilt utrulig at det er Sogndal som scorer. Koomson i løpsduell med Thomassen. Mulig at backen får ein dytt der, men Koomson kjem seg iallefall forbi og legg inn til Sveen som sleivar ballen forbi Kristiansen. Ikkje noko god avslutning, men får så kort hald så held det ofte å treffe ballen.
73'
Vi tel no 9-3 i avslutningar til Sarpsborg. Spørs om den sitte snart no for østfoldingane.
70'
Dyngeland er ute på eit innlegg og tapar i duellen mot Sundli ser det ut som. Heading er ikkje hard, men snik seg fram til stolpen. Raitala når fram på returen og får klarert.
70'
Saltoinnkast frå Groven. Treng litt slik underhaldning no.
69'
Thomassen tek ballen med henda før ballen har vore ute meinar Kjensli, men etterkvart blir det dømt kast til Sarpsborg. Rotete frå trioen i svart, men det skal no seiast at nivået dei i kvitt og dei i blått viser heller ikkje er noko å skryte av.
68'
Mykje rot utpå her no både frå begge lag og dommartrio.
64'
Sarpsborg har ballen mykje i denne omgangen, men slit med å skape noko. Litt slik som Sogndal hadde det i første omgangen. Mogleg at sola og hemmar ein del i det oppbyggande spelet.
62'
Koomson og Thomassen konkurrerar i kven som klarar å halde kvarandre mest. Førstnemnte kjem seg tilslutt forbi og får lagt inn, men der er Sundli igjen framme med ei lang tå og får klaret framfor Sveen.
61'
Hovda med eit forsøk på heil volley frå 25 meter. Såg ikkje heilt ut som han trudde på skotet som gjekk ca. 10 meter utafor.
60'
Ramsland gjennom, men SUndli får ei lang tå på ballen og får gitt til corner.
58'
Haltar av bana Bolseth. Vi får sjå om han kjem innpå igjen.
56'
Bolseth ligg igjen nede etter ein duell. Denne gongen spørs det om kapteinen kan halde fram.
53'
Mykje lange ballar og duellar på begge sider av midtbanestreken. Lite velspelt kamp dette.
51'
Sarpsborg har tatt initiativet i denne omgangen.
50'
Rett på Dyngeland.
49'
Hovda skal skyte.
49'
Nielsen i bakken ca. 20 meter frå Sogndal sitt mål. Frispark.
47'
Sarpsborg med sola i ansiktet i denne omgangen. Begynner å blir ei låg og lei haustsol dette for både keeper og forsvar.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Jo. Østli ut og Kirkevold inn. Offansivt byte dette av Geir Bakke.
Ser ut som ingen av laga skal gjera nokon byter her i pausen.
Laga på veg ut på bana.
Ein relativt dårlig omgang er over på Fosshaugane Campus. Sogndal leiar 1-0, men Sarpsborg har nok vore det beste laget så langt. Begge laga virkar dog svært tannlause og uoppfinnsame. For Sarpsborg har det vore mange lange ballar opp på Mortensen utan særleg resultat. Sarpingane har vore klart best når dei har komme rundt på kant og då spesielt med Tvieta på høgrekanten. Sogndal har vore svært tannlause offansivt og har slite i det oppbyggande spelet. Men dei leiar 1-0 og har eit fint utgangspunkt framfor dei siste 45 minutta.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Sogndal med eit lite trykk mot målet til Sarpsborg, men utan å skape nokon farligheiter.
45'
Ramsland nære på å finne Sveen, men Rosted får klarert til kast.
44'
Heilt klart at dette er to lag ute av form. Lite fantasifullt, mykje frispark og lange ballar har vore det vi har fått sett i denne første omgangen.
43'
Sogndal med eit lite tyrkk mot Sarpsborgmålet. Endar i eit innkast.
41'
Tveita skjer inn i feltet, men Raitala får satt inn ei takling som hindrar vingen i å komme gjennom. Gode prestasjonar av både forsvar og angripar der.
41'
Kapteinen er oppe igjen. Sarpsborg nyttar pausen til å få seg ein drikkepause og ein taktikkprat.
40'
Bolseth ligg nede og held seg til ryggen.
38'
Psyche stangar ut.
38'
Frispark til Sarpsborg. Lindberg skal curle innover.
37'
Sogndal rotar i det oppbyggande spelet og Sarpsborg får ein god moglegheit som endar i corner.
36'
Geir Bakke i diskusjon med assistent Stormoen. Såg ut som dei ikkje var heilt einige i ei avgjer der dei to.
34'
Heilt klart at sola i mot hemmar Sogndal si forsvarsrekke. Sarpsborg prøver å unytte dette med nokre lange ballar opp mot Mortensen.
31'
Ein enorm sjanse for Sarpsborg. Eit innlegg blir lagt ned av Groven til Lindberg som frå fem meter bankar til. Dyngeland strekker ut ein for og reddar. Fantastisk refleksredning av bergensaren. Lindberg fortvilar.
30'
Hardnar til utpå bana her no. Eirik Bakke utafor sona si og er ikkje nøgd med dommar Kjensli.
28'
Sogndal ropar på straffe når Ramsland blir halden i boksen. Såg tvilsam ut, men Kjensli dømmer corner.
28'
Fine kombinasjonar frå Sogndal, men Sveen kjem ikkje fram på innlegget frå Ramsland.
25'
Koomson leikar seg på høgrekanten og vinn ein corner.
24'
Nytt inkast til Sarpsborg som blir stussa inn i boksen der Hovda kjem springande. Får til eit skot i steget som går ein god meter utafor.
23'
Endar i corner.
23'
Innkast til Sarpsborg høgt i bana.
23'
Lite som har skjedd i denne kampen sålangt. Scoringa til Ramsland og headinga til Sundli med to minuttars mellomrom er behaldninga på underhaldingsfronten.
19'
Sogndal trillar ball og Sarpsborg legg ikkje inn noko press før midtbanestreken.
18'
Litt mot spelets gang dette. Sarpsborg har vore det beste laget dei første 15 minutta.
14'
Så er Sogndal frampå og Kristiansen må gje til corner.
13'
Kjempesjanse for Sarpsborg. Lindberg curlar ballen fint innover og der er Sundli høgast i feltet, men frå fem meter klarar han ikkje å presse headinga si ned.
13'
Bolseth legg Lindberg i bakken ca. 25 meter frå Sogndal sitt mål. Fin moglegheit dette for Sarpsborg.
10'
Glissent på Fosshaugane i dag, men både Safkokarane og 15-20 sarpinga held bra liv.
8'
Så rotar Psyche og Mortensen kan storme mot mål. Gir ballen til Lindberg som avsluttar i Patronen før Nielsen set returen utafor.
8'
Jamnt i innleiinga utan nokon store sjansar til nokon av laga.
6'
Vi satte spørsmålteikn ved om Sarpsborg skulle spela 4-4-2, men det viser seg å være heilt korrekt.
4'
Sogndal sin keeper Dyngeland med ei lei ettermiddagsol i ansiktet i denne omgangen.
4'
Fine kombiasjonar mellom Mortensen og Lindberg, men denne gonger er det sistnemnte som går i offside.
2'
Sarpsborg får til ei avslutning, men Mortensen er i offside.
1'
Tveita stormar fram på kanten og får seg eit innkast høgt i bana for Sarpsborg.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana og vi er straks klare for den 24. runden i Tippeligaen frå Fosshaugane Campus.
Sol, 20 grader og nesten vindstille i Sogndal i dag. Ein perfekt dag for fotball både på bana og på tribuna.
Sidan Sarpsborg 08 sin historie berre strekk seg tilbake til 2008 har ikkje desse laga møttes så ofte. Men østfoldingane har hatt god kontroll i Sogn der dei har vunne tre av dei seks oppgjera mellom laga. To har enda uavgjort og berre ein gong har Sogndal vunne. Sist gong laga møttes i Sogndal vart det uavgjort 1-1 etter mål av Ulrik Flo og Franck Dja Djedje. Tilsvarande møte i Sarpsborg denne sesongen enda 0-0.
For Sogndal er Birkelund plassert på benken og inn kjem lagkaptein Bolseth. Ellers er det uforandra for heimelaget som også i dag gjev plass til talentet Johan Hove på benken. Ungguten som fylte 16 år sist veke er ein av få spelarar som er fødd i 2000 som har fått sjansen i Tippeligaen denne sesongen.
Då har vi fått laga her og spesielt Sarpsborg har ein del utskiftingar frå forrige kamp. Heiern Hansen, Lund Nielsen, Trondsen og Heintz er alle ute frå kampen mot Glimt. Dei tre sistnemnte er heller ikkje på benken så her er det nok snakk om skadar eller sjukdom. Men i motsetnad til kva vi sa før kampen så er ikkje Kristinn Jonsson skada. Han sit i dag på benken for østfoldingane. Vi er også litt usikre på kva formasjon dei blåkledde kjem med i dag, men i det vi har fått presentert her i presserommet så skal dei spele i sine vante 4-4-2 formasjon.
To ganger Bakke møtes på sidelinja i dag. Så får vi sjå kva lag Geir og Eirik dreg opp av hatten. Vi har i alle fall svar til dykk ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Hannu Patronen og Jukka Raitala står har to gule og med advarsel i dagens kamp vil dei få ein kamps suspensjon. For Sarpsborg vil Trondsen, Ernemann og Hovda måtte stå over neste kamp om dei i dommaren si bok i dag.
For Sarpsborg er forsvararen Kristinn Jónnson uaktuell grunna skade. Sogndal manglar Eirik Skaasheim og Kristian Fardal Opseth med skade. Desse to er sannsynlegvis ute resten av sesongen. I tillegg slit Bjørn Inge Utvik og med ein skade og er usikker til dagens kamp.
Ingen av laga har vist særleg god form i det siste. Sarpsborg har berre ein siger på sine fem siste kampar, mens Sogndal ikkje har vunne nokon av dei siste fem kampane sine. I sist runde fekk begge laga pryl av staute nordlendingar. Sogndal fekk to i sekken i Tromsø, mens Sarpsborg tapte 2-1 etter å ha tatt leiinga heime mot Glimt.
Begge laga treng ein siger for å henholdsvis melde seg på i medaljekampen eller komme seg ut av botnstriden. Sogndal ligg på 11.plass og har 5 poeng ned til Aalesund som ligg på kvalikkplass. Ein siger her i dag vil altså gje sogningane eit pusterom. Sarpsborg ligg på 6.plass og vil med siger i dag berre vere 1 poeng bak Haugesund på bronseplass.
Hei og velkomne til den 24. runden i Tippeligaen. Dagen kamp frå Fosshaugane Campus er mellom Sogndal og Sarpsborg 08.