TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Tre viktige poeng til Sarpsborg! Dei opna kampen best, og greidde å halde unna for Sogndal sitt press i andre omgang. Skuffande av heimelaget som opna sesongen med to strake sigrar.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Hoås spelar midtstoppar no, og ryddar godt unna.
90+3'
Wiig får avklart! Det går mot tre poeng til Sarpsborg!
90+2'
Sogndal i angrep no.
90+2'
Grorud med langt framspel som går over alle. Utspark frå Hjulstad!
90+1'
Henrik Furebotn kåra til dagens Sogndal-spelar av ein lokal jury på Fosshaugane.
90'
Hovland skyt frå 25 meter. Svakt forsøk - over!
90'
Det er lagt til tre minutt.
89'
Amarh får frispark høgt oppe på Sogndal sin banehalvdel. Viktig for gjestene dette, som brukar lang tid til å ta frisparket!
88'
Gult kort
Munnbruk.
88'
Hjørnespark
Frispark til Sarpsborg.
88'
Scheel er nære på å redusere til 2-2 for Sogndal, men Sarpsborg får gitt til corner.
86'
Hjørnespark
Piotr får kontroll.
86'
Kaptein Berge får tilsnakk av dommaren, etter at han sjølv får frispark i duell mot Flo. Tydeleg at midtstopparen var ute med nokre kommentarar mot dagens pipeblåsar.
84'
Spillerbytte
84'
Sarpsborg forsvarar seg godt. Både Berge og Heieren Hansen ryddar godt unna i forsvaret.
82'
Martin Wiig er frampå og skyt frå 20 meter. Over!
82'
Espen Olsen kjem aleine med keeper, og set ballen i stolpen og ut. Samstundes bles dommaren i fløyta - frispark til gjestene!
81'
Sarpsborg jaktar ein ny skalp på Fosshaugane. I fjor vann laget 1-0, etter mål av Tom Erik Breive.
80'
1724 tilskodarar ser kampen.
79'
Aabrekk legg om til tre forsvarsspelarar no. Mats Solheim blir flytta opp på midtbana.
77'
Hjørnespark
Bak mål, og til utspark frå Piotr.
74'
Hovland får frispark i duell mot Hoås, og publikum gir dommar Rafiq ironisk applaus for avgjerdsla.
73'
Sogndal pressar på og står høgt med laget. Ligg mål i lufta no.
71'
Ørjan Hopen klinkar til frå 15 meter, men skotet blir blokkert. Stor sjanse!
70'
Breive slår frisparket inn i feltet, men Piotr får kontroll.
69'
Hoås får frispark i duell mot Furebotn. Breive skal slå inn frå venstrekanten.
68'
Aabrekk er ivrig på sidelinja og har ikkje gitt opp håpet om alle tre poenga.
66'
Berat Jusufi har hatt to gode sjansar på frispark no. Begge har gått rett i klypene på Piotr i Sogndal-buret.
66'
..rett på keeper!
66'
Jusufi gjere seg klar..
65'
Hoås får juling i luftrommet og får frispark til Sarpsborg i god posisjon!
64'
..han skyt.. rett på keeper!
63'
Hoås kjempar beintøft på topp, og får frispark i duell med Hovland 35 meter frå mål. Jusufi gjere seg klar..
62'
Sogndal det klart beste laget ute på bana no.
61'
Kjempesjanse til Ulrik Flo og Sogndal! Espen Olsen dreg seg fri på høgrekanten og legg inn. Der står innbytaren fri inne i boksen og klinkar til. Like utanfor!
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
60'
Det går nok ikkje lenge før Hoås må forlate bana. Måltjuven spelar for halv maskin for augeblikket, og held seg framleis til låret.
58'
Jubel på Fosshaugane når speaker informerer om Mjøndalen si 2-1 scoring over Fredrikstad.
57'
Hoås haltar og det ser ut som spissen slit med låret.
56'
Gjestene i angrep, og innbytar Amarh får stå heilt åleine. Kader ordnar opp for heimelaget.
55'
Espen Olsen vil ha straffe, etter at han blir lagt i bakken inne i feltet. Publikum er tydeleg misnøgde med dommar Rafiq si avgjerdsle.
54'
Tommy Øren skyt frå 15 meter, og keeper Hjulstad gjev retur. Den tek Barry Kader seg av, men på nytt er Sarpsborg sin sisteskanse nede å reddar. Fantastisk keeperspel av 26-åringen!
52'
Breive set keeper Piotr på prøve, men polakken i mål har kontroll på skotforsøket frå 30 meter.
51'
No er det Sarpsborg-keeper Magnus Hjulstad som har sola rett i augene. Utan skygghue..
49'
Tommy Øren headar i tverrliggjaren, etter innlegg frå Espen Olsen!
47'
Hjørnespark
Lang corner, som går heilt til innkast for heimlaget.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på stillinga 1-2. Sarpsborg opna kampen klart best, og fekk to mål i løpet av dei første 15 minutta. Sogndal avslutta kampen best siste ti og skapte fleire sjansar. Det går mot ein svært spennande andre omgang her i Sogndal!
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45+1'
Det er lagt til eit minutt.
45'
Giæver stjel ballen frå Hovland, men Sarpsborg får ikkje avslutta angrepet.
43'
Heimelaget betre med i kampen no. Det luktar fleire mål på Fosshaugane!
42'
Viktig scoring for heimelaget like før pause. God prestasjon av Espen Olsen, som har gått mållaus av bana dei to første seriekampane i år.
41'
Hjørnespark
Lars Grorud klinkar til på halvspretten frå 30 meter. Utanfor!
38'
Mål!
1-2
Espen Olsen viser fram gamle kunster som han ikkje har vist fram i Sogndal før. Leikar seg med Sarpsborg-forsvaret og set ballen hardt bak Hjulstad! Ny spenning i kampen!
37'
Hoås ropar etter hands på Grorud inne i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare.
35'
Kampen har roa seg litt ned no. Sarpsborg har grei kontroll, medan heimelaget jagar redusering.
30'
Stor sjanse for Sogndal! Elvis avsluttar med pannebrasken, rett i stolpen etter eit frispark frå Per Egil Flo. Her burde det blitt 1-2!
29'
Per Egil Flo med frykteleg feilpasning i eige forsvar, og Hoås er nære på å stjele ballen foran Grorud. Heimelaget lev farleg no.
27'
Sogndal har store problem bakover, og veit ikkje heilt korleis dei skal forsvare seg mot den frykta spissduoen Hoås/Wiig.
26'
Morten Giæver får gå heilt åleine langs sekstemeteren. Han skyt med venstrefoten i nærmaste hjørne, men Piotr er kjapt nede.
25'
Første applaus frå heimepublikum kjem etter ei Sarpsborg-kontring. Even Hovland spring opp Martin Wiig og Sogndal kan starte eit nytt angrep.
23'
Tommy Øren får to forsøk. Det første blir blokkert - det andre er keepermat for Hjulstad.
22'
Det gjekk ikkje mange minuttane, før keeper Piotr fekk på seg ei skyggehue..
20'
Wiig prøver seg på venstrekanten, men Hovland viser kvifor han var aktuell for Manchester United. Han ryddar fint opp med ei takling, og tek med seg ballen framover.
18'
Tommy Øren får ballen på sekstenmeteren. Han vender og skyt. Over!
16'
Gjestene har fått ein fantastisk start på kampen, med to mål på 13 minutt. No blir det spennande å sjå om Harald Aabrekk sitt mannskap har noko å svare med.
13'
Mål!
0-2
Venstrebacken skyt frå 40 meter, og ballen fyk inn i målet bak Piotr som har sola rett i augene! Første tabben av den stabile polske sisteskansen i tida hans i Sogndal!
12'
Kaptein Lars Grorud er tydeleg misnøgd med å liggje under med 0-1 etter ti minutt, og piskar medspelarane til større innsats.
11'
Breive skyt frå 25 meter, like utanfor!
10'
Jamn opning på kampen i Sogndal. Hoås og Wiig skapar trøbbel for Sogndal-forsvaret kvar gong dei er involverte i spelet.
7'
Mål!
0-1
Herleg pasning frå Hoås mot Wiig som vippar ballen over Piotr og i mål! 0-1 og pangstart for Sarpsborg!
6'
Hoås testar skotfoten frå 20 meter. Utanfor!
5'
Halvorsen spelar i dag mot gamle lagkameratar i Sarpsborg. Kantspelaren var henta til klubben i fjor.
4'
Ole Jørgen Halvorsen får ballen innanfor sekstenmeteren og skyt med venstrefoten. Like over!
2'
Langt utspel frå Hjulstad, og Hoås får gå opp i luftrommet heilt åleine. Bortelaget får innkast nede ved hjørneflagget.
2'
Barry Kader skyt frå 25 meter. Over!
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Begge lag i oppvarming, det nærmar seg kampstart på Fosshaugane!
Sarpsborg 08-trenar Roar Johansen har stor tru på tre poeng mot opprykksrival Sogndal: - Vi tenkjer at eit uavgjort resultat vil være to poeng for lite. Vi meiner sjølv at vi har eit mannskap som er godt nok til å slå alle lag i 1. divisjon på ein god dag, seier han til Sarpsborg Arbeiderblad.
For heimelaget er ikkje Håvard Flo med i dagens tropp. 40-åringen har kome inn som innbytar i dei to første seriekampane, men ser dagens kamp frå tribunen. Hos Sarpsborg 08 er Michael Røn ute grunna operasjon. Han er venta å vere tilbake på laget som møter Follo neste helg.
Sarpsborg har eit godt tak på Sogndal på Fosshaugane. Dei siste to åra har gjestene vunne 1-0, medan kampen enda 1-1 i 2007.
Serieleiar Sogndal står med to strake sigrar, etter 2-1 over Ranheim og 1-0 over Alta. Sarbsborg 08 tapte første kamp 2-1 mot Løv Ham, medan dei vann 3-0 over erkerival Fredrikstad førre helg.
Velkommen til Sogndal - Sarpsborg 08 frå Fosshaugane Campus!