TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det er altså Sogndal som ender opp med tre poeng her på Fosshaugane Campus! Det var to forskjellige omgangar me fekk sjå. Heimelaget hadde overtaket i første omgang, og då kom også målet deira ved Ørjasæter. Etter pause snudde kampen heilt. Sandnes Ulf tok over, og leitte lenger etter utlikning. Forsvaret til Sogndal stod i mot alle innlegga som kom, og bortelaget var ikkje effektive når dei fekk sjansen. Sogndal tek altså sin første heimesiger mot Sandnes Ulf sidan nedrykket i 2017!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+2'
Dårleg stemning mellom spelarane det siste minuttet no.
90+1'
Øregaard kjem hoppande inn i boksen på eit innlegg, men headinga treff ikkje målet.
90'
Frispark
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
89'
Hjørnespark
Heada ut til utspark for keeper.
87'
Gult kort
For sein inn i ei takling på Ingimundarson.
86'
Grønner får ballen inni boksen, men avslutninga hans blir for svak.
86'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Frispark
Heading på bakerste stolpe som går langt over mål.
83'
Hands på Ørjasæter, og frispark til bortelaget.
82'
Gult kort
Gult kort for å bruke for lang tid.
82'
Sandnes Ulf pressar på, og Kleppa slår eit innlegg som går ut av spel.
81'
Frispark
80'
Ramsland får ballen feilvendt, og prøver å avslutta, men den går utanfor målet.
80'
Frispark
79'
Kleppa slår inn til Moldskred som akkurat ikkje får nok kontakt med ballen når han skal heade.
77'
Sogndal gjer eit dobbeltbyte for å kome meir inn i kampen igjen.
77'
Spillerbytte
76'
Spillerbytte
76'
Jonsson har tidenes moglegheit til å avslutte, men får ikkje med seg at han blir løpt opp av ein motspelar.
75'
Halgunset står for dei fleste avslutningane til bortelaget. Denne går også over målet.
73'
Halgunset med ein ny avslutning som går langt over.
72'
Hjørnespark
Ut frå Ingimundarson.
72'
Frispark
Arrocha headar ut til corner.
71'
Hoven stoppar Hiim, og det blir frispark.
70'
Frispark
69'
Bortelaget har verkeleg teke over kampen etter pause.
68'
Frispark
Halgunset er først på den, men treff ikkje reint.
67'
Gult kort
Stoppar eit angrep.
66'
Enorm sjanse til Ramsland som endar med at Fij reddar på streken! Mange på tribuna såg den ballen i målet!
64'
Frispark
Endar ikkje med nokon stor sjanse.
64'
Spillerbytte
64'
Frispark til Sandnes Ulf ved dødlinja rett utanfor boksen.
61'
Frispark
61'
Jonsson blir heldt samanhengande i 20 sekundar, og får til slutt frispark.
59'
Sogndal vil ha endå ein corner, men dommaren meiner at Jonsson er sist borti ballen før den går ut.
57'
Hjørnespark
Ballen går over alle inni boksen.
57'
Corner nummer ni for Sogndal.
56'
Hjørnespark
Halgunset headar ballen langt over målet.
55'
Frispark
Blir til eit hjørnepark.
55'
Osenbroch prøver å curle ballen i lengste, men ballen går ut til innkast.
53'
Frispark
Fij slår ballen langt.
53'
Duell inni boksen til Sogndal ender med frispark utover.
51'
Halgunset prøver seg frå distanse. Fij har god kontroll.
50'
Bortelaget har opna friskt. Sogndal blir pressa langt bak.
47'
Hjørnespark
Kort variant. Ender med eit innlegg som Falch får tak i,
47'
Sandnes Ulf opnar andre omgang med å trille ball rundt boksen til Sogndal.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er heimelaget som leiar når me er halvspelt. Dei hadde heile sju hjørnespark, og det var også der målet kom frå. Ungguten Ørjasæter har store krav til seg i år, og har starta bra no med å sende Sogndal i leiinga. Det har vore få sjansar til tross for at heimelaget ofte har hatt ballen nære boksen til Sandnes Ulf. Så lenge det berre er eitt mål i kampen, kan dette sjølvsagt snu.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Offside
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
44'
Hjørnespark
Klarert ut igjen.
43'
Frispark
42'
Offside
Går litt for tidleg i bakrom.
41'
Hiim slår inn i boksen, men Sogndal får kontroll på ballen.
39'
Hjørnespark
Ut frå Flataker.
38'
Frispark
37'
Frispark
36'
Gult kort
Gult kort for å halde drakta til Ingimundarson.
35'
Ikkje ufortjent at heimelaget leiar no.
34'
Frispark
32'
Mål!
1-0
Sogndal tek leiinga! Ein spelar på Sandnes Ulf ligg nede etter å ha fått ein ball i seg. Dommar stoppar ikkje, og Ørjasæter får curla ballen i lengste! Fin avslutning. Bortelaget ville at dommar skulle stoppa spelet, men han lot det gå.
31'
Hjørnespark
31'
Endå eit hjørnespark til Sogndal.
31'
Hjørnespark
Nok eit hjørnespark blir klarert.
31'
Avslutning frå Ingimundarson. Falch reddar.
29'
Kleppa ligg nede med hovudskade etter å ha kollidert med ein medspelar. Oppe igjen kjapt.
28'
Det har vore få avslutningar så langt i kampen.
26'
Frispark
Blir klarert med ein gong.
25'
Frispark
Fij tek ballen.
25'
Ingimundarson feller Ramsland på veg framover. Blir ikkje kort.
23'
Frispark
Slår den kort til Gueye.
21'
Frispark
21'
Hjørnespark
Blir dømt frispark utover.
18'
Hjørnespark
Flataker headar ballen vekk.
18'
Sandnes Ulf vinn eit hjørnespark.
16'
Hjørnespark
Bortelaget klarer først, men Sogndal vinn igjen ballen. Avslutning frå kanten av boksen går langt over.
15'
Ørjasæter med eit raid, og Falch boksar vekk innlegget hans.
13'
Heimelaget speler seg inn i boksen til Sandnes Ulf, men slit med å kome til avslutningar.
12'
Frispark
Slår frisparket langt.
12'
Sogndal speler seg inn i boksen, men Sandnes Ulf får klarert.
10'
Hjørnespark
Blir nesten ein stor sjanse, men headinga går feil veg.
9'
Frispark
9'
Ramsland er for tøff i duell med Gueye.
7'
Frispark
Sparkar ballen ut bak målet til Fij frå eigen halvdel.
7'
Moldskred har kampens første avslutning. Rett på Fij.
5'
Hjørnespark
Falch tek imot ballen.
3'
Frispark
Frisparket blir klarert.
3'
Hay feller Ørjasæter, og det blir frispark.
2'
Sogndal har hatt ballen det første minuttet.
1'
Sogndal sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Lagoppstillingane er klare, og det er som venta ingen endringar. Unge Flataker startar på topp for heimelaget. Ramsland skal prøve å senke gamleklubben.
Ali al Hatam er dagens hovuddommar. Han har med seg Henrik Pettersen Sunde og Edvard Helgerud som assistentar. Fjerdedommar er Sivert Orheim.
Det er ikkje forventa store endringar på nokon av laga til denne kampen. For heimelaget er framleis Kasper Skaanes, Andreas van der Spa og Anders Nord ute med skade. Horenus Tadesse, Fredrik Torsteinbø og Markys Myre Aanesland skal ikkje vere tilgjengelege for bortelaget.
I fjor tok laget frå Sandnes fly til Sogndal. Den flyturen skremde Bjarne Berntsen så mykje at han bestemte seg for å ta rutebuss heim igjen. Mykje turbulens og ei flystripe langt oppe i ei fjellside var ikkje noko Berntsen ville oppleve igjen. I år går heile turen frå Sandnes til Sogndal med buss.
I første runde tok sogningane turen til Oslo der dei spelte 1-1 mot KFUM Oslo på Ekeberg. Sandnes Ulf knuste Skeid heile 4-1! Det vil seie at rogalendingane er øvst på tabellen etter første runde sjølv om det er alt for tidleg å sjå på den.
Det er eit veldig interessant oppgjer me har her i Sogndal. Sandnes Ulf har vore ein veldig vanskeleg motstandar for Sogndal dei siste åra. Sidan Sogndal rykka ned i 2017, har ikkje dei klart å slå Sandnes Ulf på Fosshaugane Campus ein einaste gong. Sist gong Sogndal klarte å slå Sandnes Ulf, var på bortebane i 2021. Det byrjar å bli ei stund sidan. Førre oppgjer enda heile 6-0 til Sandnes Ulf! Dette vil nok vere noko som bekymrar Flo sitt mannskap før kampen.
Hei og velkommen til livedekning av runde to av OBOS-ligaen! Her på Fosshaugane Campus er det Sogndal og Sandnes Ulf som skal kjempe om tre poeng.