TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sandnes Ulf gjennomfører ein prikkfri kamp deffansivt og vinn 2-0 i Sogndal. Ut i frå skotstatsitkken så kan vi kanskje ikkje seie at det er fortent og det er Sogndal som styrer store delar av kampen. Alikevel er rogalendingane svært solide bakover og dødeleg giftige på dødball. 1-0 kjem etter eit glimrande frispark av Magnus Grødem og 2-0 etter ein innøvd variant på corner. Dermed klatrar bortelaget forbi Sogndal på tabellen og har ein svært god sesongstart med to sigarar og to uavgjort. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer alle velkomne tilbake ved ein annan anledning.
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Fire minutt tillegg.
89'
Hoven skrik på straffespark, men går nok litt for litt ned der i duell med Hansen.
88'
Ndour tråklar seg gjennom og frå seks meter skyt han i tverra og ned på strek. Enorm sjanse for Sogndal.
84'
Innlegg til Brændsrød som er fri på bakerste, men spissen set ballen i nettveggen. Dei sjansane må Sogndal setje om det skal bli poeng her i dag.
83'
Sogndal har ballen heile tida no og Ulf ligg bak og satsar på kontringar. Ingen av dei lukkast særleg med dei taktikkane, men det passar nok Ulf heilt greitt no.
78'
Spillerbytte
78'
VM i bytter akkurat no!
77'
Spillerbytte
76'
Bakke prøver seg med eit trippelbyte.
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
73'
Sogndal pressar på, men finn ingen opningar. Må nok prøve noko anna enn å berre spele rundt boksen på leit etter innlegg.
72'
No har Ulf alle mann i eigen sekstenmeter!
70'
Hjørnespark
Klabb og bakk før Eid får avslutta liggande på Heigre som held ballen. Solid i dag sisteskansen til Ulf.
70'
Innlegg som går via ein ulfspelar og dalar ned over Heigre som får vippa den til corner for heimelaget.
68'
Ser meget solide ut no Ulf. Slepp ikkje Sogndal til nokon sjansar og sjølv om dei ikkje har så mykje ball så verkar dei å ha god kontroll.
66'
Hjørnespark
Sogndal får klarert.
62'
Mål!
0-2
Ser ut som den går rett i mål! Innsvingar som får hjelp av vinden og Sandnes Ulf pakkar alle mann inn på strekk. Fij klarar ikkje å komme ut og ballen går rett i mål. Mulig at Kapidzic er borti ballen før den går inn.
62'
Hjørnespark
60'
Ulf med kraftig medvind i denne omgangen. Spørs om det var det som hjelpte frisparket til Grødem litt også.
59'
Skyt ca. seks meter over mål. Ekstremt svakt firspark av Kristoffersen.
58'
Kupen vert lagt i bakken på 25 meter. Kristoffersen står klar.
57'
Spillerbytte
57'
Hjørnespark
Stryk skallen til Igoh der. God sjanse for heimelaget.
55'
Sogndal med eit lite power-play, men eg tel faktisk ni (9!) ulfspelarar inne i eigen sekstenmeter. Forsvarar seg godt her no bortelaget.
52'
Då får vi sjå om vi kan få ein litt meir open kamp.
51'
Mål!
0-1
Grødem tar frisparket sjølv og curlar ballen ned i Fij sitt venstre hjørne. Kanskje eit skot keeperen bør ta, men ikkje så lett å sjå utgangen. Godt frispark av Grødem.
50'
Mannsverk feller Grødem på 20 meter og Ulf får eit frispark i fin posisjon.
49'
Veldig høgt tempo i starten av denne omgangen også. Begge laga kjem seg til sekstenmeteren, men der er det også som regel bom stopp.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen tilleggsminutt frå dagens dommar Jan Morten Tennøy og dermed går laga til pause med 0-0. Ein omgang med høgt tempo og lite målsjansar. To lag som ligg tett deffansivt og ikkje gir frå seg mykje rom. Vi får sjå om nokon av dei klarar å bryte gjennom i løpet av den andre omgangen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
43'
Gult kort
Alt for seint ute i ei takling på Totland.
41'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
41'
Ny glimrande ball i bakrom frå Mannsverk. Denne gongen er K. Hoven gjennom, men tek eit touch for mykje og Salte får blokkert til corner.
39'
Mannsverk med ein herleg stikkar i 'Pablo Hernandez klassen' til Totland. Backen legg inn, men der er ingen. Ein av Sogndal sine tre spissar burde ha lukta kvar det innlegget kom.
38'
Jubel blant dei 200 når dei får høyre at Stjørdals/Blink leiar på Åråsen.
34'
Kupen med ein glimrande stikkar til K. Hoven som skyt like utafor frå skrå vinkel. Dagens største sjanse.
32'
Kapidzic stussar til Eriksen som nesten kjem seg framfor Igoh. Nære på for Ulf der.
32'
Kupen vert lagt i bakken like utafor sekstenmeteren. Ganske klart firspark, men mannen i svart bles ikkje noko som frustrerar Kupen veldig.
30'
Gult kort
Seint ute i ei takling på midten.
29'
Ulf bygger fint opp på høgrekanten og får lagt inn. Der er Kapidzic fri, men det blir dømt frispark i mot den rutinerte spissen.
28'
Gult kort
Får gult for å ha truffet Eriksen.
28'
Litt klabb og babb i feltet før Mannsverk rundlurer Ringberg og får lagt inn på bakerste. Der treffe Eid ein ulfspelar i staden for ballen og får seg eit gult kort for den.
27'
Nytt frispark til Sogndal i fin innleggsposisjon. Kristoffersen står klar.
25'
Fij ute i duell med Kapidzic. Sisteskansen bommar litt der, men får seg eit billig frispark.
23'
Men det blir Kristoffer Hoven som brenner til. Rett i muren, men avslutning nummer to er bedre og Heigre må strekke seg for å få kontroll på den.
22'
Frispark til Songdal på 17 meter etter ein klønete inngrepen av ein ulfspelar. Ser ut som Eriksen. Uansett gjer no Roseth seg klar.
19'
Heilt klart at Ulf har tatt over initiativet i kampen dei siste ti minutta.
18'
Går gjennom heile feltet og ut til femmeter for Heigre.
18'
Frispark til Sogndal som Kristoffersen skal svinge inn.
16'
Hjørnespark
Igjen får Sødlund igjen ballen og på innlegg nummer to står Salte heilt aleine og får stanga på mål. Desverre for Ulf går headinga utafor. Salte var også i offside.
16'
God sjanse for Ulf. Sødlund driv oppover og spelar gjennom Eriksen som avsluttar, men Fij får redda til corner.
14'
Veldig høgt tempo her i starten og då også ganske mange individuelle feil.
13'
Hjørnespark
Södlund får to sjansar, men Fij får til slutt boksa ut.
13'
Ulf etablerer eit trykk inne på Sogndal sin halvdel og vinn eit hjørnespark.
11'
Grødem prøver seg frå 30 meter, men skotet er verken hardt eller godt plassert. Går nokre meter utafor.
10'
Langt kast inn i feltet frå Eid og ballen sklir av pannebrasken til Kupen. Nære på for heimelaget.
8'
Hjørnespark
Vert slått bak mål.
8'
Blir slått inn i feltet og vert stussa ut til hjørnespark for heimelaget.
7'
Frispark til Sogndal ca. 35 meter frå Ulf sitt mål.
7'
Mykje spel mellom dei to sekstenmetrane. Med to backtrearar på begge laga skal det litt til for å bryte gjennom sentralt.
4'
Sogndal har festa eit lite grep på dette her i starten.
2'
Ulf med avspark, men det er Sogndal som får det første angrepet. Prøver seg med ein bakromspasning på Kupen, men der er Hansen og får rydda opp.
Avspark Start 1. omgang
Då er begge laga på bana og vi er straks klare for kamp mellom Sogndal og Sandnes Ulf.
Ein fin sommardag dette i Sogndal med lettskya vær og 17-18 grader. Det bles derimot ein god dalatrekk så vinden kan faktisk få litt å seie i dag.
Då har vi fått laga og det er svært få endringar frå forrige serierunde. Hjå Ulf er Landu Landu plassert på benken og inn kjem Reppesgård Hansen. Sogndal stiller uforandra frå tapet mot Grorud.
Både Ndour og Eriksen aspirerar nok til plass i Bakke og Landro sine startoppstillingar i dag, men dette får vi først svar på ein god time før start når vi er tilbake. Vel møtt.
Det er ofte jamnt når desse laga møtes sjølv om Sogndal har eit lite overtak når kampane går på Fosshaugane. I saftbygda har sogningane tre sigrar, mens Ulf berre har ein. Det resultatet som oftast skjer når desse møtes her er uavgjort. Heile fire av dei siste åtte oppggjera i Sogn har enda med poengdeling. Dette var også utfallet i fjor då det enda 1-1 etter at Kent Håvard Eriksen hadde sendt Ulf i leiinga før Alioune Ndour utlikna eit god stykke ut i andre omgang.
Begge laga har hatt ein god start på sesongen, men Sogndal rauk sist mandag borte mot nykommar Grorud. Før det hadde sogningane to overbevisane sigrar. Sist heimekamp utklassa ein Ull/Kisa 6-1. Bortelaget er framleis ubesigra i årets OBOS-liga og sist klarte ein å halde storlaget Lillestrøm til 1-1 heime i Sandnes. Det gjer at rogalendingane har 5 poeng og ligg på 6.plass så langt i sesongen.
Hei og velkomne til vakre Sogndal og Fosshaugane Campus. I dag er det Sandnes Ulf som vitjar bygda i den fjerde runden av årets OBOS-liga.