TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Må også leggast til at Saftkokarane står igjen og hyllar Wæhler som er borte og takkar dei. Verkeleg ein publikumshelt i Sogndal sølvreven Wæhler.
Det endar 2-2 i saftbygda. Ein god kamp fram til Ulf utlikna ti minutt ut i andre omgang. Etter det daua det meste hen og uavgjort er eit greitt resultat. Mange avslutnignar i dag. 17-9 til heimelaget og av desse hadde dei 6 på mål, mens bortelaget hadde 3. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake til 16.mai kamp mot Åsane.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+3'
Hjørnespark
Frispark til Sogndal.
90+2'
Johansen slår ballen langt over mål. Elendig utnytta.
90+1'
Frispark til Ulf på kanten av 16-meteren.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Sogndal har sett best ut dei siste minutt, men Ulf ser heller ikkje ueffne ut når dei kjem oppover.
89'
Schulze får til ei avlsutning frå 20 meter, men nokre meter til side for mål.
89'
No skjer det svært lite her. Begge lagene ser ganske slitne ut og begge lag ligg også djupt og kompakt så vanskleig å trenge gjennom.
84'
Kryger nede igjen, men denne gangen har han vondt. Oppe igjen no, men Usman må nok legge til litt i denne omgangen.
83'
Godt spel av Sogndal. Får til eit innlegg som Flo headar utafor.
82'
Så er det Kryger som ligg nede og vrir seg. Usman vinkar han opp og det er heilt rett. Kan ikkje legge seg ned når ein er trøtt.
81'
Talentet Hove får ti minutt her. Blitt lite speletid på spelaren som er fast på U-18 landslaget.
80'
Spillerbytte
80'
Inne i dei siste ti minutta her no. Skal vi få ein vinnar?
80'
Gult kort
80'
Akinyemi ligg nede og vrir seg. Reiser seg opp og seier eit eller anna til dommar og får gult kort. Viss han får for filming er det voksent dømt av Usman.
79'
Endar i mykje klabb og babb i feltet der Origi mistar ballen. Nytt innlegg der Flo lagar frispark.
78'
Frispark til Sogndal som skal svingast inn.
78'
Flott spel på venstre av Ulf og det er Brix som får avslutte frå 16 meter. Like over.
77'
Sandnes Ulf styrer det meste no. Ser ut som dei lyseblå er det laget som held best her.
75'
Sogndal no i 3-4-3 ser det ut som. Spiss Fredriksen er flytta ned som midtstoppar.
73'
Spillerbytte
71'
Innlegg frå Mandic som Schulze headar rett på Origi.
70'
Hjørnespark
Elendig corner av Soltvedt. Endar i femmeter.
69'
Spillerbytte
68'
Latifu nede med det som kan ligna på ein strekk. Skade i forsvaret er noko Sogndal absolutt ikkje treng no.
67'
Så blir nemnte wæhler utfordra på fart av Kachi og då slit han. Sogndal får til slutt klarert.
65'
Like mange baklengs for Sogndal med Wæhler på bana i 55 minutt som resten av sesongen. Ikkje det at 41-åringen har vore skyldige i nokon av måla då.
64'
Ikkje ofte ein ser ein spelar slå ein keeper i duell utan at det vert blåst frispark. Kanskje det som overraska spelarane på begge lag. Derimot heilt rett av Usman å ikkje blåse då det var ein heilt fair duell.
63'
Lang ball opp på frisparket og Greenidge knuser Origi i lufta. Ballen vert liggande i feltet, men ingen ser ut til å ville ta den. Til slutt får Akinyemi klarert.
62'
Gult kort
62'
Johansen seint inne på Latifu og får kortet.
62'
Roa seg ned litt no etter dei fem elleville minutta i starten her.
60'
Midtspiss Fredriksen stangar ut.
60'
Frispark til Ulf som skal svingast inn.
59'
Spillerbytte
58'
Hjørnespark
Frispark til Ulf.
57'
Hjørnespark
Sculze er høgast og det ser ut som det er Kryger som reddar på strek.
57'
Og vi som trudde vi skulle få ein målfattig kamp i dag mellom to gjerrige lag.
55'
Mål!
2-2
No skjer det ting her! Ulf bygger fint opp på høgre. Kachi legg 45-grader ut til Brix som set ballen ned i Dyngeland sitt nermaste hjørne. For ein start på denne omgangen!
53'
Mål!
2-1
Sogndal snur kampen på to minutt! latifu legg inn til Jensen som er heilt åleine på bakerste stolpe. Han skal bare sette belln i mål, men bommar fullstendig. Heldigvis for han går ballen over motsatt til Soltvedt som dunkar ballen i mål.
53'
Spissen får behandling på sidelinja.
52'
Kachi ligg nede med skade.
51'
Mål!
1-1
Så sitt den for heimelaget. Mandic utfordrar Jonsson og får lagt inn i boksen til Fredriksen som får tatt ned og lagt til rette for Schulze. Han dunkar ballen i mål.
50'
Spelar seg fint ut bakfrå igjen rogalendingane. Gode med ball i alle ledd.
50'
Heikkila som stangar vekk. Midtstopparane til Ulf har vore gode i dag.
49'
Ulf får stanga vekk.
49'
Billig frisaprk til Sogndal nede ved hjørneflagget. Soltvedt skal svinge inn.
48'
Lite å skrive heim om innleiingsvis her.
Start 2. omgang Start 2. omgang
42-åringen Kjetil Wæhler har klart seg greitt sålangt i denne kampen. Trur tempoet i OBOS-ligaen passar ringreven godt.
Dommar Usman legg ikkje til noko og det er greitt. Sandnes Ulf leiar 1-0 sjølv om det nok er heimelaget som har hatt det meste av spelet i denne omgangen. Ulf var derimot dødeleg effektive då dei fekk sjansen og ei kvalitetsavslutning av Kachi er forksjellen på laga.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Etter eit vedvarande trykk får Ulf til slutt femmeter.
44'
Hjørnespark
Sogndal får frispark nede ved hjørne.
43'
Hjørnespark
Rindarøy avsluttar, men Origi med ein feberredning.
43'
Ny corner, men denne gong frå motsatt side.
42'
Hjørnespark
Ny corner.
42'
Sogndal styrer spelet, men Ulf kontrar og Kachi får avslutta frå 14 meter. Rett på Dyngeland.
39'
Sogndal med power play rundt Ulf sin boks. Jensen legg ballen inni feltet til ein umarkert Mandic som sleivar ballen utafor frå sju meter. Svakt!
38'
Dette var Ulf si fyrste avslutning på mål. Effektivt av rogalendingane.
37'
Gult kort
Pådreg seg gult kort i feiringa. Såg ikkje heilt kvifor.
36'
Mål!
0-1
Flott spel av Ulf på høgresida og innlegget til Edvardssen vert styrt i mål av Kachi. Glimrande avslutning!
35'
Blir ingenting ut av angrepet.
34'
Sogndal rett i angrep og vinn eit kast nede ved hjørneflagget.
33'
Hjørnespark
Rett i klypene til Dyngeland.
32'
Så er det Ugwuadu som er igjennom, men også han avsluttar utafor frå skrått hold.
32'
Eriksen prøver seg frå skrått hold, men skotet går utafor. Vi er oppe i 12 avslutnignar sålangt, men berre ein har gått på mål.
30'
Ganske underhaldane 0-0-kamp så langt dette.
30'
God sjanse Ulf når Brix parkerer Greenidge og legg inn. Til slutt får Latifu klarert.
28'
Rindarøy med godt innlegg som Schulze klinkar til på frå sju meter. Like over. Sogndal nermar seg.
26'
Hjørnespark
Endar i åpent spel, men til slutt får Origi fingrane på ballen.
26'
Dyngeland ute og rotar, mens Wæhler og Ugwuadu er i duell. Får til slutt klarert ballen opp på tribuna der keeperen.
24'
Schulze med eit knallhardt skot rett på Origi.
24'
Sogndal som har vore gifitgast framfor mål, men spelemessig har det vore ganske likt.
23'
Innlegg inn i feltet som Fredriksen nesten får avslutta. Får også eit lite kakk på foten, men ikkje nok for Usman til å blåse.
21'
Hjørnespark
Kort corner som endar i avslutning utafor.
19'
Hjørnespark
Rett i dei stor nevane til Origi.
17'
Mykje som skjer sentralt i bana her no. To gode lag som møtes her og begge slitt for øyeblikket med å trenge gjennom motstandaren sitt kompakte forsvar.
12'
Innlegg frå Latifu som Jensen headar over. Ikkje akkurat ei sterk avslutnig frå midtbanespelaren som nok er best med beina.
11'
Schulze brenn til. Like utafor. Ville nok likt å sett den gå i nota mot gamleklubben.
8'
Hjørnespark
Stangast ut.
8'
Kryger med innlegg som blir blokkert til ny corner.
6'
Fire avslutnignar på fire minutt i denne kampen. Ingen på mål så naturlig at det framleis står 0-0.
5'
Innlegg inn i feltet og Soltvedt øydelegg for Fredriksen som kan sette ballen i mål. God sjanse for Sogndal.
4'
Cornerbonansa her i starten, men lite ut av dei.
3'
Hjørnespark
Wæhler stjel ballen og prøver seg med ein frekk utsidepasning som går rett ut over sidelinja. Litt rusten her ringreven.
2'
Hjørnespark
Hard innsvingar som Dyngeland boksar over til ny corner.
1'
Hjørnespark
Heading over av Fredriksen.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg inn på bana. Ganske glissent på tribunane, men Saftkokarane kjører i gang eit flott pyroshow. Herlig!
Regna godt i heile dag i Sogndal. Med 10-11 grader i tillegg så får vi håpe kampen ikkje blir like grå som været.
Ikkje så mykje spenstig statistikk å komme med framfor dette oppgjeret. Laga har møtt kvarandre seks gonger her i Sogn. Heimelaget har vunne tre, to har enda uavgjort og bortelaget har stukke av med sigeren ei gong. Målskilnad 6-4. Ikkje så målrikt som sagt når desse to laga møtes.
Utanom dette har vi ingen nyheiter om nye skadeproblem i nokon av troppane så det blir spanande å sjå kven Sæternes og Bakke sender utpå her i dag. Velkomen tilbake ein time før avspark. Då har vi laga klare for deg!
Sogndal har hatt store skadeproblem denne sesongen og i tapet i cupen vart den solide midtstopparen Steiring også skada. Då passa det godt, som i fjor, å ringe opp stopparkjempen Kjetil Wæhler som igjen gjer comeback i toppfotballen. I fjor gav dette gode resultat for Sogndal så får vi sjå om den rutinerte midtstopparen er på same nivå no.
Apropos cup så rauk jo då Sogndal ut i 2.runde mot Fyllingsdagen med 2-1 etter ekstraomgangar, mens Sandnes Ulf tok seg vidare med 1-0 heime mot Vidar. Ikkje akkurat imponerande av nokon av laga, men Ulf kom seg i alle fall vidare til 3.runde der dei skal møta Bryne.
Heimelaget ligg som nr. 5 på tabellen med 9 poeng, mens gjestane ligg på 3.plass med 11 poeng. Ingen av laga har tapt så langt i år og begge er svært gjerrige med henholdsvis to og tre baklengsmål. Meget god start av begge lag med andre ord. Ein liten kuriositet er forrøvrig at på to cupkampar mot to 3.divisjonslag har Sogndal slept inn tre mål, mens då berre to mot fem 1.divisjonslag.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus for den 6.runden i årets 1.divisjon. I dag smell det i dette toppoppgjeret mellom Sogndal og Sandnes Ulf.