TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Ein dårlig kamp får ein utrulig spennande slutt. Keeper Heigre tek fram ei redning som får ein til å tenkje på nyleg avdødde Gordon Banks. Akor går opp og stangar til frå fem meter og Heigre berre ligg i lufta og slår ballen over. Der trudde nok mange sogningar at sigeren var sikra. Sandnes Ulf er nok nøgd med at resultat blir som det blir til slutt for Sogndal hadde eit stort trykk her i andre omgang. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Hjørnespark
90+3'
Hjørnespark
Heigre med ei sjuk redning!
90+3'
Hjørnespark
ny corner.
90+3'
Endar i corner.
90+2'
Sogndal vinn eit kast høgt i bana
90+1'
Gult kort
uthaling av tid
90+1'
God kontring av Ulf der Totland får klarert like framfor Kachi.
90+1'
Tre minutt tillegg
90'
Spillerbytte
89'
Ndour avsluttar svakt utafor frå 20 meter.
89'
Sogndal med eit sterkt trykk no.
86'
Spillerbytte
83'
Eriksen er sliten han også no. Ulf på kontring, men stoppar opp til slutt får ein utslitt Eriksen ballen. Berre måker den over.
83'
Er oppe igjen no stopparen.
81'
Bogdanovic nede med krampe. Ganske taktisk dette trur eg for Ulf ser meget slitne ut.
79'
Mål!
1-1
Går opp og stangar ballen i mål. Glimrande slått og for ei heading av innbyttaren. Scoring i debuten der av spelaren som vart henta frå Florø før sesongen.
79'
Hjørnespark
78'
Soltvedt med alle tiders sjanse til utligning. Får ballen på fem meter og gjer alt for å få ballen over på venstrefoten, men må tilslutt avslutte med høgre og den går via Heigre og til corner.
75'
Lufta har gått litt ut av heimelaget no. Begge lag ser derimot slitne ut så mykje kan framleis skje her på slutten.
74'
Hjørnespark
Endar i absolutt ingenting for heimelaget.
73'
Så er det plutselig Sandnes Ulf osm har tatt heilt over. Eriksen får stå å sikte i boksen, men avslutninga snik seg like over.
72'
Erlien vert spelt igjennom, men gjer eit dårlig mottak og ei endå dårligare avslutning. Der skal det stå 2-0 til Ulf!
71'
Spillerbytte
71'
Så er Kapidzic frampå med eit skot frå 20m eter. Snik seg like ovanfor Dyngeland sitt borterste hjørne.
70'
Hjørnespark
Ramsland headar over.
69'
Ramsland får til ei heading som Heigre må slå over.
68'
Veldig mykje Sogndal her no, men Ulf er langt i frå ufarlege på overgangar.
68'
Innlegg frå Rindarøy som Akor headar på mål. Vert for enkelt for Heigre.
65'
Hjørnespark
Endar i at Totland fyrer ballen eit godt stykke over frå 25 meter.
65'
Akinyemi derimot trur dommar paikar på straffe, men forsvararen kan ganske kjapt senke skuldrane.
65'
Haugen driv gjennom feltet og Akinyemi løpet ved sida av han. Når han kjem til dødlinja falle Haugen svært lett. Eg syns det skal være gult kort for filming, men dommar gjer ingenting anna utanom å peike på femmeter.
62'
Ramsland avsluttar like utafor.
62'
Innlegg frå Soltvedt, men ingen i kvitt på første stolpe. Enkelt for Heigre å fange ballen der.
59'
Ulf ligg svært lågt og Sogndal ligg ganske så høgt no. Luktar eit mål ein eller annan veg.
57'
Ramsland klipper ned Akinyemi. Igjen held dommar Tennøy korta i lomma. Underteikna meiner igjen han ikkje burde gjort akkurat det.
55'
Innlegg der Adams stjel avslutninga frå Sculze. Hadde han ikkje gjort det kunne det fort stått 1-1.
54'
Sogndal heilt kalrt meir på høgget i denne omgangen. Sandnes Ulf forsvarer seg dog godt.
52'
Rindarøy på full fart igjennom og går rett i bakken. Vanskelig å sjå om det er filming eller om han berre trynar. Uansett ingen rop på straffe frå backen så dommaren dreg ikkje opp det gule.
49'
Sogndal med eit ganske hardt trykk på Ulf her i starten av denne omgangen. Dog uten å klare å skape noko særleg framfor mål.
46'
Bakke med to byter og over i 4-3-3. Seternæs held fram med same laget og same posisjon ser det ut som.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ikkje den beste omgangen vi har sett frå Fosshaugane dei siste åra, men gjestane frå Sandnes er nok veldig nøgd i alle fall med resultatet. Eriksen har vist seg som den klassespissen som Huagesund har vore ute etter. Farlig kvar gong han får ballen i boks og det er også han som er forskjellen på laga etter scoringa si i det andre minutt.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Endar i corner, men dommaren bles til pause.
45+1'
Hjørnespark
45+1'
Ny stor sjanse for Sogndal. Haugen legg inn, men Holmvik får klarert framfor tre sogndøler.
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45'
Det var alstå ikkje kort til Fredriksen der. Var så sikker at eg la det inn før dommaren trakk noko opp av lomma. Og så trakk han faktisk ikkje noko opp av lomma. Merkeleg for han klipper Eriksen rett ned.
43'
Ernemann slår ballen på bakerste stolpe, men der er Steiring i offside.
42'
Gult kort
Hindrar overgang.
38'
Hjørnespark
Etter klabb og babb så dett ballen ned til Colina som avsluttar rett på Totland frå elleve meter. God sjanse for Ulf.
37'
Som tidligare sagt så er det veldig mykje rart i denne kampen frå dei 22 som er utpå her. Mykje slurv både med paningar og løp samt mange dårlige val med og utan ball. Middels kamp sålangt.
34'
Hjørnespark
Endar i frispark til Sogndal.
34'
Så kontrar Sandnes og er nesten gjennom, men Sogndal får klarert til corner.
33'
Soltvedt legg ballen svakt inn.
33'
Ramsland blir lagt i bakken utafor sekstenmeteren. Billig frispark.
31'
Hjørnespark
Får to sjansar her, men Sogndal stangar ut begge gonger.
30'
Ramsland gjennom, men skyt utafor. Svak avslutning der for spissen som reiser til Start no i sommar.
29'
Gult kort
Slepp unna med gult der venstrebacken.
28'
Holmvik inn med strake bein på Birkelund og tar både mann og ball. Er heldigvis mest på ball.
27'
Innlegg frå Kleppa som Eriksen stangar nokre centimeter over.
25'
Kvite hanskar på Holmvik i dag. Det er lekent.
24'
Hjørnespark
Blir klarert og Birkelund avsluttar høgt over frå 25 meter.
23'
Holmvik skyt langt utafor.
23'
Frispark til Sandnes Ulf på ca. 25 meter.
22'
Gult kort
Hindrar Eriksen på ei overgang.
21'
Hjørnespark
Endar i opent spel og eit kast til Sogndal.
21'
Gult kort
Protesterer på eit frispark. Bør kanskje tåle dette dommaren, men linja i Noreg er vel litt låg på akkurat munnbruk.
20'
Ein god del rart her i starten frå begge lag. Mange feilpasningar som gjev motstandaren gode overgangar. Premierenervar?
17'
Hjørnespark
Over alle og ut til utspark. Kapidzic skrik og vil ha straffe og det er heilt klart at Birkelund nappar litt i drakta til spissen.
17'
Kjempesjanse for Ulf. Eriksen er åleine gjennom, men avsluttar rett på Dyngeland.
16'
Igjen er Sogndal frampå. Totland prøver å spele gjennom Soltvedt, men pasningen vert litt for hard.
12'
Stor sjanse for Sogndal! Soltvedt vinn ballen sentralt og Sandnes Ulf er i Ubalanse. Schulze får ballen på kant og legg inn til Haugen som avsluttar rett på Heigre.
11'
Sogndal har festa meir grepet på kampen no utan at dei har klart å skapt noko.
10'
I tillegg til Eriksen som var ute store delar av fjorårets sesong så var også Ramsland ute heile sesongen for Sogndal. Så spørs det om han er i like god 'shape' som spissmakeren på motsatt side. Sett lite til lysluggen frå Sørlandet så langt i kampen.
9'
Sogndal med mange langar ballar inn i feltet så langt. Der har spesielt Bogdanovic god kontroll.
8'
Gratulerer til Alexander Kristoff som vann Gent-Wevelgem!
7'
Hjørnespark
Vert klarert av Sandnes Ulf.
7'
Hjørnespark
ny corner.
6'
Haugen dreg seg gjennom, men vert takla og får ein corner.
5'
Og for ein opning av Eriksen som var ute store delar av fjorårets sesong. Her ser vi kor viktig han er for dei lyseblå.
2'
Mål!
0-1
Eriksen blir spelt fri i boksen. Dreg av Birkelund og skyt. Ballen treff ein sogndalspelar og går i ein boge over Dyngeland. Pangopning på årets sesong av Sandnes Ulf og Eriksen.
1'
Sandnes Ulf med avspark. Lang ball opp som Sogndal klarerar.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg inn på bana. Det er ein 4-5 grader og ein kalde vind denne vårkvelden i Sogndal. Vi får håpe spelet varmar. Straks klart for seriestart!
Heimelaget har relativt godt tak på Sandnes Ulf her på Fosshaugane Campus. Statistikken viser 3-3-1. Sist gong laga møttes i Sogn var i fjor og då enda kampen 2-2.
Då har vi fått oppsummert litt på kva som har skjedd i vinter og no er det berre å nyte sola fram til vi er tilbake ca. ein time før kampstart med lagoppstillingane til årets fyrste kamp i 1.divisjon. Vel møtt!
For heimelaget har det vore svært mykje positivt i årets pre-season. Resultat har kanskje vore litt opp og ned. I generalprøven vart det 3-0 tap mot Brann men elles har både lokalmedia og folk generelt vore positive til det som liknar på meir offensiv fotball enn kva som vart vist i fjor der det til tider var begredelig offensivt. I tillegg har ein gått litt tilbake til røtene med litt fleire lokale innslag på laget enn i fjor der det så vidt var ein spelar frå Sogn og Fjordane i stallen. Fleire spelarar har tatt vegen ut, men ingen kjem nok til å sakne verken Wæhler eller Riise som ikkje bidrog nemneverdig sist sesong. Einaste store saknet blir nok høgreback Latifu som var ein av lagets beste i fjor. Viktigaste spelaren som er henta blir nok Ernemann som skal styre midtbana til sogningane i år.
Av nye spelarar kan vi Nemne Colina, Landu Landu og Laaksonen. Ut portane har derimot Nisja (lagt opp), Brix, Remi Johansen, Selvik, Danso og Vorthoren gått. Med 2-2-5 å vise til i treningskampane er nok kanskje skepsisen større enn håpet for dei lyseblå. 4-3 i siste treningskamp mot Raufoss gir derimot ein positiv innfart til serieopninga. Det har også vore mykje snakk om Kent Håvard Eriksen og ein overgang til Haugesund. Ingen bod er derimot har komme frå Nord-Rogaland og det igjen er svært positivt for Sandnes som sakna sin stjernespiss i store delar fjorårsesongen grunna ein skade.
Fjorårets nr.4 og nr.10 som møtes her i kveld på Fosshaugane Campus. Heimelaget har, som i fjor, satt seg eit heilt klart mål om direkte opprykk til Eliteserien. I Sandnes er det som vanleg også håp om å kjempe på øvre halvdel, men store utskiftingar i stallen gjer nok at ein litt usikre nede i Rogaland.
Då er det endeleg klart for dagen som mange i både Sandnes og Sogndal har vente på. Serieopning i årets 1.divisjon!