Referat
Kun høydepunkter
Av gode spelarar i dag må ein trekke fram midtsopparane på begge lag. Azar Karadas kanskje den beste av desse.
I ein ikkje alt for spennande fotballkamp så får vi dramatikk på slutten då Sogndal scorar. Men alt i alt veldig fortent at Sogndal vinn. Sandnes Ulf var lenge med og i førsteomgang var det jamnt. Utover i andreomgang tok Sogndal over alt sjølv om dei ikkje klarte å skape så mange sjansar.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Utan samanlikning så gjer Sogndal som Real Madrid og scorar på overtid.
90+2'
I muren og til corner.
90+1'
3 minutt tillegg.
90+1'
Descamp alt for seint i ryggen på Karadas og Sogndal får frispark på 25 meter.
90'
Sogndal kanskje ikkje noko Real Madrid så dei klarar ikkje å skape så mykje.
89'
Sogndal trykkjer og Sandnes måkar vekk i rein Atletico Madrid stil.
88'
Karadas er flytta fram som spiss, men SOla vinn dei fleste duellane mot eidaren. Sterkt av Sola.
87'
Dumt av Rubio å takle der når han har gult kort.
86'
No får vi sjå korleis Sandnes Ulf klarar seg dei siste 5 minutta med ein mann mindre.
86'
2827 tilskodarar.
85'
Sandnes Ulf frampå og litt missforståing i Sogndal sitt forsvar gjev nesten Rubio ein sjanse.
84'
Sogndal med full kotnroll på kampen akkurat no, men dei klarar ikkje å skape noko særleg. Sandnes Ulf satsar alt på overgangar.
81'
Sandnes Ulf er gode i boksen og har klart å tatt ut Sogndal isne gode hovudspelarar på dødballane.
80'
Mykje dødballar no. Sogndal som har trykket.
79'
Endar i 5-meter.
78'
Frispark til Sogndal på kanten. Litt billig. Valgardsson skal svinge innover. Igjen.
76'
Nei det var Tønne som låg nede. Oppe igjen no og klar til dei siste 15 minutta.
75'
Aanestad ligg nede med krampe.
74'
Nei det kjem kort og ballen vert etter kvart spelt ut over kortlinja.
74'
Innkast til Sandnes no. Skal kaste langt dei og.
74'
Innkast til Sandnes no. Skal kaste langt dei og.
73'
Endar i at Haugen skyt over frå 11 meter. God sjanse for Haugen der.
73'
Innkast til Sogndal og Teniste skal kaste langt. Karadas kjem opp.
70'
Sandnes Ulf klarar å etablere litt spel, men på innlegg frå kant så er Sogndal sine stopparar relativt overlegne i boksen.
67'
Nære, men ballen sklir av pannebrasken til Otoo og ut til 5-meter.
66'
Frispark til Sogndal ca. 30 meter frå mål og ute på kant. Valgardsson skal svinge ballen innover.
65'
Moldestoppar og nyleg landslaguttatte Even Hovland er på kampen. Han er nok lite aktuell for ein overgang til nokon av desse laga, men følge nok sine gamle lagkammeratar i Sogndal.
64'
Det er Sogndal som styer kampen no og Sandnes Ulf prøver på raske overgangar. Det er rogalendingane gode på så dette er heilt opent.
62'
Via muren og til corner.
61'
Fleire står klar til å skyte for Sogndal.
61'
Litt billig meiner Sandnes Ulf sine spelarar.
60'
Frispark til Sogndal på 18 meter etter at Sola er for tøff i duellen med Otoo.
60'
Sandnes Ulf har derimot to fotrappe spissar som Sogndal ikkje bør gje for mykje rom viss sogningane vil at poenga skal bli i gjen i saftbygda.
59'
Framleis jamnt på Fosshaugane, men Sogndal kanskje med eit lite initiativ.
57'
Dommarentrioen dømmer offside vår Valgardsson kastar til Otoo. Dette var svakt.
56'
Innoverskrudd frispark frå Lennon og Rubio får nesten flikka ballen i mål, men i staden går den inn i armane til Dyngeland.
55'
Patronen for sein og sparkar ned Rubio på 25 meter. Burde kanskje og vore eit kort der.
52'
Petter Strand skyt knallhardt frå 20 meter. Ballen går på innsida av stolpen og rullar langs streken og ut. Fantastisk skotteknikk på ungguten.
51'
Begge lag slår og mykje langt og det er barnemat for to forsvar som er særs sterke i lufta.
51'
Mykje feilpasningar frå begge lag. Men og godt press.
49'
Keeperen er oppe igjen og det ser ut som det går bra.
49'
Skjølsvik spring inn i Dyngeland som er i lufta og unguten i målet går stygt i bakken.
46'
Sandes Ulf med lang ball opp og Helle vinn duellen mot Patronen. Får lagt til Rubio, men han skyt enkelt rett i armane til Dyngeland frå 20 meter.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi straks klar for 2.omgang.
Relativt jamnt og ein relatvit kjedeleg omgang på Fosshaugane Campus. Sandnes Ulf byrja kapmen best, mens Sogndal tok litt over etter kvart. Fullstendig åpent framfor andreomgangen. Som vanleg jamt og lite mål når desse laga møtes og denne gongen ser ikkje ut til å verta annleis.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
God sjanse for Sandes Ulf når Aanestad legg inn. Helle avsluttar utafor.
45'
Rabio fell ekstramt lett i duell med Utvik og får frispark. Der let nok Berntsen seg lure. Sandnes tek eit kort frispark og held ballen i laget.
43'
Tønne slår inn, men i feltet har Karadas relativt god kontroll og stangar ut.
41'
Stor sjanse for Sogndal på ein overgang. Ein feilpasning av Jaiteh gjer at Strand kjem i lag med 4 andre sogndalspelarar mot 3 frå Sandnes Ulf. Dessverre for sognignane vel Strand å avslutte sjølv og det vert ei enkel redning for Halldorson.
38'
Dyngeland ute og held ballen sikkert.
38'
Frispark til Sandes Ulf 10m eter inn på Sogndal sin halvdel. Skal slås inn i feltet.
36'
Begge laga har vore solide bakover så langt. Jobbar godt i forskyvinga og det er generelt vanskeleg å spele seg gjennom i begge endar.
35'
Strand driv inn i boksen, men godt forsvarspel av Sola og Tønne osm pressar han ut over kortlinja.
33'
Det første kvarteret var Sandnes Ulf best og det siste har Sogndal vore best. Så får vi sjå kven som avsluttar denne omgangen sterkast.
32'
Strand slår frisparket over mål.
31'
Aanestad blir slått tunnel på av Strand og lagar ein obstruksjon. Nytt frispark i god posisjon for Sogndal.
31'
Rubio vil ha frispark i duell med Utvik, men får innkast mot seg. Chilenaren og brukar det spanske p-ordet. Hadde han brukte den norske betydningen av ordet hadde han ikkje vore på banen meir.
29'
Sogndal med ny god sjanse, men ein pressa Holsæter skyt utafor frå 11 meter.
28'
Unguten i målet til Sogndal er oppe igjen og kampen kan halde fram.
28'
Lang ball inn frå Lennon. Dyngeland og Rubio i duell. Førstnemnte held ballen, men får seg ein smell og vert liggande.
27'
Knallhardt slått frå Strand og otoo er først på ballen. Headinga går eit stykke over, men ein god sjanse for Sogndal.
26'
Så vinn Strand eit nytt frispark ute på kant i god posisjon for Sogndal.
26'
Sandes Ulf klarerar.
25'
Luftskytset kjem opp for sogningane.
25'
Innkast til Sogndal og Teniste skal kaste langt.
24'
Tønne kjem seg rundt på kant, men innlegget hans går bak mål.
23'
Sogndal har vore litt meir med dei siste fem minutta. Sandnes Ulf litt dårligare i presset og då får sogningane litt meir tid med ballen.
21'
Ny god sjanse til Sogndal som endar i corner.
19'
God sjanse for Sogndal! Fint innoverskrudd frispark frå Strand. Otoo flikkar ballen vidare og forsøket går like over mål. Kampens første sjanse.
19'
Jaiteh svært sein i ei takling på Haugen og frispark til Sogndal. Kan bli ein fin sjanse for Sogndal. Strand skal svinge ballen innover.
17'
No er det faktisk veldig lite som skjer her.
14'
Sogndal har ballen litt meir no, men Sandnes Ulf er veldig gode i presset sitt og det blir mest støttepasningar for heimelaget.
12'
Veldig lite som har skjedd innleiingsvis. Sandes Ulf har hatt nokon halvsjansar.
10'
Sandnes Ulf pressar høgt og stressar Sogndal her i innleiinga.
8'
Så har Sogndal lagt om til sin vante 3-5-2.
8'
Fleire gode sjansar og til slutt får Rubio avslutta, men skotet går rett på Dyngeland.
7'
Skjølsvik skal slå utoverskrudd.
7'
Så får Sandnes Ulf eit frispark i akkurat same posisjon.
6'
Sandnes Ulf klarerar.
6'
Valgardsson slår innover
6'
Sogndal får eit veldig billig frispark ute på kanten på høgd med Sandnes Ulf sin 16-meter.
5'
Sogndal satsar mest på kontringar innleiingsvis. Då med høge ballar opp på Karadas som skal stusse til Otoo.
4'
Framleis Sandnes som styrer spelet. Held ballen i laget no og Sogndal vert springande mellom.
3'
Sandnes Ulf best i gang. Vinn dei fleste duellane.
2'
Ut på kant og så kjem innlegget. Dyngeland er ute og snappar framfor Rubio.
2'
Frispark til Sandnes på midten som skal slås inn i feltet.
1'
Ser ut som Karadas spelar på topp og då ligg Sogndal i 4-4-2.
Avspark Start 1. omgang
Skjølsvik og Karadas har blitt einige om at Sogndal byrjar med ballen.
Då er laga på veg inn på bana og vi er straks klare for kamp her frå Fosshaugane Campus.
Sogndal sin toppscorar er VM-aktuelle Mahatma Otoo med 5 mål. For Sandes Ulf har chilenaren Diego Rubio 4 mål. Han skal ikkje til VM, men Otoo framleis seier han ventar på telefon frå Ghana sin landslagssjef James Appiah.
I fjor vann Sogndal denne kampen 2-1. Tre kampar før slutt var dette ein svært viktig siger for sogningane i nedrykkstriden og det heile enda i at både Sogndal og Sandnes Ulf berga plassen i siste serierunde.
Henrik Furebotn har nesten 10 år bak seg i Sogndal. Før forrige sesong valde han å skifte beite og skreiv under for Sandnes Ulf. Der har han for det meste vore fast på laget og ein viktig mann for rogalendingane. Så får vi sjå korleis årdølen taklar gjensynet med gamle kjente.
Laga er i gang med oppvarminga på eit solfylt Fosshaugane Campus. Nesten 20 grader i lufta, men litt vind. Ikkje så mykje publikum endå, men no er ikkje sogningane kjent for å være for tidlig ute til fotballkamp. Sålangt sju personar i sandnesdrakt. Vi håpar på fleire.
For Sandnes Ulf er det også ei endring, der Jaiteh kjem inn for Midtsjø. Litt omrokkeringar på midtbana gjer at vi trur Furebotn vert flytta ut på venstrekant og Jaiteh og Skjølsvik spelar på sentral midtbane i Sandnes Ulf sin vante 4-4-2 formasjon.
Då er laga klare og vi ser at for Sogndal så er Bolseth ute. Holsæter har tatt plassen hans på midtbana og det virkar som Sogndal er tilbake i sin vante 3-5-2 formasjon. Men det trudde vi og mot Brann...
Vi er tilbake ca. kl 1700 med lagoppstillingane frå Fosshaugane Campus.
Jamnt mellom desse to klubbane i tidlegare møter i Sogndal. Begge laga står med 2 sigrar og det har også vorte to uavgjorte. Målskilnad på desse kampane er 8-7 i Sandnes sin favør. Vi kan med andre ord vente oss eit jamnt og spennande oppgjer i kveld og 90 veldig viktige minuttar i botnstriden.
Tijan Jaiteh og Anel Raskaj er tilbake for Sandnes Ulf til denne kampen. Avni Pepa og Edier Frejd er ute samt at Emil Johansson og Malaury Martin er langtidsskadde.
Det er ikkje forventa at Sogndal gjer nokon store endringar på laget som presterte årsbeste mot Brann sist. Det store spørsmålet er om me får sjå sogningane i 3-5-2 eller 4-4-2.
Sogndal ligg på 11.plass med 11 poeng, mens Sandnes etter resultata tidlegare denne helga ligg nederst på tabellen med 7 poeng. Med andre ord ein svært viktig kamp for rogalendingane i dag.
Då ynskjer vi velkomne til liveoppdateringa frå kampen mellom Sogndal og Sandnes Ulf. Kampstart i dag er kl 1800.