TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Det går mot 0-0.
90+2'
Hjørnespark
Gjestene får kontroll.
90+2'
Sogndal i angrep no. Får corner!
90+1'
Det er lagt til tre minutt.
90'
Hjørnespark
Sogndal avklarar.
90'
Frispark til gjestene på midtstreken.
89'
Lang ball mot Myhre, men Næss Lund avklarar til innkast.
88'
Vi nærmar oss slutten her på Fosshaugane. Ulf er nøgde med uavgjort, og bruker tid på alt dei føretek seg no.
87'
Hopen slår inn i feltet, men Ulf avklarar.
85'
3545 tilskodarar ser kampen.
84'
Hjørnespark
Blir avklart på første stolpe.
84'
Næss Lund får sin sesongdebut. Måndag spelte han sine første minutt for sesongen mot Skavøypoll i 4. divisjon, etter eit langt skadeavbrekk.
83'
Spillerbytte
83'
Ulf prøver seg, men Teniste skjermar ballen ut over dødlinja.
80'
Spillerbytte
80'
Sogndal har vore langt betre i andre omgang, og hadde fortent leiing no.
78'
Hjørnespark
Fin sjanse for Frejd, men skotet går utanfor!
77'
Bra trøkk i Sogndal no! Denne gongen er det Flo som skyt frå ti meter, men skotet blir blokkert.
76'
Hjørnespark
Ulf avklarar.
76'
Hjørnespark
Ny corner.
76'
Sogndal pressar på! Innbytar Flo avsluttar og Falch gir retur. Der er Brochmann nære, men får berre corner.
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
74'
Brochamnn får sjansen, men set ballen rett på Falch som leverer ei flott redning!
73'
Fint Sogndal-angrep, og Mane slår inn frå høgre. Ingen av Sogndal-spelarane klarar å setje ballen i mål. Heller ikkje Bakke i returrommet får det til.
72'
Hopen står klar på sidelinja for Sogndal.
70'
Hjørnespark
Frejd avsluttar utanfor.
70'
Fin sjanse for Sogndal! Mane slår inn frå høgrekanten, og Holsæter er nære på å setje ballen i mål!
66'
Hjørnespark
Bak målet til Falch.
66'
Sogndal får frispark på eigen banehalvdel, og heimepublikum appaluderer som det skulle vore ein stor målsjanse. Dommaren er ikkje populær på Fosshaugane.
65'
Torsteinbø får seg ein trøkk i hovudet etter duell mot Flo, men det går bra med kantspelaren til Ulf.
62'
Fin sjanse for gjestene! Ulland Andersen klinkar til frå 20 meter, og skotet har god retning. Ballen blir blokkert av Valsvik, og heimelaget får ballen unna!
59'
Gult kort
Brochmann vil ha frispark, men får det ikkje. Flo tek att i neste duell på lagets vegner, og får gult kort.
59'
Dommaren bles av, fordi han trur Saaliti får ein trøkk i hovudet. Det er i staden i leggen, og Ulf-spissen er på beina att. Dommaren droppar ballen, og Saaliti spelar ballen tilbake til Udjus langs bakken.
56'
Hjørnespark
Flo nikkar unna, og Espedal får sjansen frå 18 meter. Utanfor!
55'
Kjempesjanse for Sogndal! Langt innkast frå Teniste, og Mane avsluttar rett på keeper - frå éin meter!
54'
Myhre får sjansen på topp, etter seks mål for andrelaget denne sesongen. Skal han senke Sogndal i kveld?
53'
Spillerbytte
51'
Bra med tilskodarar på Fosshaugane i kveld.
49'
Stor Sogndal-sjanse! Lang ball mot Flo som stussar vidare til Brochmann. Han slår ballen tilbake til Flo som skyt på direkten frå åtte meter. Over!
48'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
48'
Keeper Falch utan caps, og har sola rett i andletet. Urutinert!
47'
Hjørnespark
Elvis avsluttar, men ikkje mot mål. Ulf får kontroll.
47'
Mane får ballen på kanten av sekstenmeteren. Han vender og skyt hardt. Falch må gi til corner!
46'
Sogndal tek avspark, og Furebotn skyt frå midtstreken. Utanfor!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Om du har spørsmål eller innspel, er underteikna å finne på Twitter med @FirdaAsgeir. Følg med også i andre omgang!
Då går laga til pause på stillinga 0-0. Mane hadde kampens største sjanse etter 40 minutt då han avlsutta i stolpen. Det var også alt som skjedde i første omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Hjørnespark
Feil idømt av dommaren, og han vel difor å blåse av første omgang før Ulland får ta corneren.
44'
Lang ball frå Furebotn mot Brochmann, men Frejd er kjapp og har kontroll i forsvaret. Avklarar til innkast.
42'
Hjørnespark
Bakke er høgst i feltet, men ballen går over mål.
41'
Gult kort
Dansken sklir, og legg Thorsteinsson i bakken. Publikum er uenig med dommaren, og har nok kanskje grunn til det.
40'
Stor sjanse til Sogndal! Holsæter slår inn frå venstrekanten, og Mane avsluttar med hovudet. Rett i stolpen!
39'
Valsvik har vore god i midtforsvaret for Sogndal. Har hatt god kontroll på sterke Ondo i lutfrommet til no i kampen.
38'
Hjørnespark
Rett i utsida av stolpen. Utspark frå Falch.
38'
Furebotn og Brochmann kombinerer fint. Dansken vender og skyt frå 16 meter. Får corner!
37'
Hjørnespark
Kort variant, men skotet blir blokkert.
36'
Teniste prøver å finne Flo på løp, men Falch har full kontroll.
35'
Han slår ballen inn i feltet, men Udjus held ballen i fast grep.
35'
Frispark til Ulf i fin posisjon. Ulland Andersen står ved ballen.
34'
Lang ball mot Ondo, som stussar vidare til Saaliti. Valsvik skjermar ballen inn til Arsenal-aktuelle Udjus.
32'
Fin overgang for Sogndal, og Flo får sjansen frå 20 meter. Skotet går over tre meter over mål.
30'
Skaasheim slår inn i feltet, rett i klypene på keeper Falch.
29'
Flo gir til Holsæter som skyt frå 17 meter. Over!
28'
Nytt langt innkast frå Thorsteinsson. Saaliti er sist på ballen, men Ulf-spissen blir hardt pressa i kroppen i det han skal avslutte. Berre nesten for gjestene.
26'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
26'
Thorsteinsson sine lange salto-innkast skaper problem for Sogndal. Denne gongen får dei corner.
25'
Saftkokaradn prøver å hjelpe laget fram mot siger og eig kampen på tribunen. Ingen supporterar å sjå frå Sandnes i kveld!
23'
Fin overgang av Sogndal. Bakke slår mot Brochmann, som finn Flo på løp. Han får ikkje ballen med seg, men publikum applauderer likevel angrepet.
20'
Stor sjanse til gjestene! Lang ball mot Espedal som nikkar tilbake til Saaliti. Han avsluttar frå sju meter - like utanfor!
20'
Bakke for sein i takling mot Raskaj, og får heilt riktig tilsnakk av dommaren.
19'
Ulf i angrep, men Ondo får ikkje skikkeleg treff på ballen.
19'
Frejd slår opp i feltet, men Udjus er sjef i luftrommet og boksar ballen ut.
18'
Heimelaget betre med, etter at gjestene opna friskt.
16'
Hjørnespark
Bakke nikkar tilbake i feltet. Ballen går fram og tilbake, før Mane avsluttar utanfor! Kampens første halvsjanse.
15'
Lang ball mot Mane, men Falch les spelet godt og held ballen.
14'
Skaasheim nikkar tilbake til Udjus, som snappar opp ballen rett foran Ondo. Det gjekk eit langt sukk gjennom heimepublikum!
11'
Langt innkast frå Teniste, men keeper Falch boksar ballen ut.
11'
Thorsteinsson set fart framover og finn Ondo på kanten. Innlegget hans går rett inn til Udjus.
9'
Underteikna annonserte festfotball før kampstart. Dei første ti minutta har vore langt unna dette.
7'
Hjørnespark
Torsteinsbø avsluttar med pannebrasken. Over!
7'
Thorsteinsson med langt salto-innkast, men Sogndal og Valsvik avklarar.
5'
Torsteinsbø herjar på høgrekanten, men innlegget er ikkje like bra, og går til innkast for Sogndal.
3'
Mane opnar friskt på høgrekanten og utfordrar. Får innkast.
2'
Sogndal-trenar Olsson har gjort taktiske grep, og spelar i dag med Brochmann som spiss, medan Mane startar på høgrekanten.
1'
Ulf tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane står klare, og det er straks klart for 90 minutt festfotball på Fosshaugane.
Begge lag ruslar i garderoben, for å gjere sine siste førebuingar før kampstart.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om kampen når det nærmar seg kampstart.
Sogndal må klare seg utan Stéphane Badji som fekk sitt tredje gule kort i førre kamp på Åråsen. I tillegg er Ørjan Hopen usikker, grunna sjukdom. Midtstoppar Hannu Patronen er også utilgjengeleg.
Gjestene må klare seg utan Tommy Høiland som er ute i 6-8 veker grunna ein lårskade. I tillegg må laget klare seg utan Bo Andersen og Aksel Berget Skjølsvik som begge soner karantene. Frå før er Andreas Westlye ute med skade.
Sandnes Ulf rauk også ut av NM-cupen, men har sidan den tid tatt fem poeng. Desse kom etter siger mot Hønefoss, og poengdeling mot både Rosenborg og Odd Grenland. Førre helg vart det tap mot Molde.
Sogndal er inne i ein svak periode, og står med 1-14 i målskilnad på sine siste fem kampar. Florø 0-3 (NM-cup), Strømsgodset 0-3, Viking 1-2, Brann 0-5 og Lillestrøm 0-1 er fasiten.
Dette er den siste kampen på Fosshaugane på naturgras. Neste heimekamp mot Fredrikstad er det kunstgras - også her i Sogndal.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Sandnes Ulf frå Fosshaugane Campus!