Referat
Kun høydepunkter
Avslutninger: 9-6. Avslutninger på mål: 5-4.
Der er kampen slutt, og Sogndal vinn 2-1. Fortent utifrå spel og sjansar, sjølv om gjestene var nære på enkelte gonger. Det blir ein spennande siste serierunde 1. november. Følg med!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Aase viser fin teknikk, slår tunnel og finn Kjemhus på venstre. Han tek med seg ballen inn i feltet - og skyt. Utanfor!
90+2'
Stor sjanse for Ulf! Eriksen skyt frå skrått hald, og Hagerup reddar! Corner.
90+1'
Sogndal med frispark i fin posisjon. Opseth står klar. Rett på keeper!
90+1'
Fire minutt er lagt til.
90'
Vi er straks på overtid.
90'
Aase med lobb over feltet, berre slik M.Ødegaard kan. Verken Chikere eller Opseth klarar å ta ned ballen.
88'
Frispark til Ulf på midten. No fekk plutseleg Ulf dårleg tid, og spelarane gir bånn gass opp i feltet.
86'
Eriksen skyt - og Hagerup må gi til corner. Gjestene sitt første hjørnespark etter 86 minutt.
84'
Innlegg frå Aase. Bak mål.
84'
Ny jubel på Fosshaugane når Nest Sotra aukar til 2-0 mot Brann.
82'
Tida går heimelaget sin veg.
81'
Sarr med vådeskot frå 30 meter. Nesten innkast.
80'
Innkast til Sogndal oppe ved hjørneflagget.
80'
Snart berre ti minutt att på stadionuret. Eitt poeng hadde vore gull verdt for gjestene.
78'
Sola skyt, men ballen går opp på øverste rad bak målet til Hagerup.
78'
Frispark i fin posisjon, dette.
75'
Akkurat no er Sandnes Ulf utanfor play-off til Tippeligaen.
73'
Fin fotball frå Sogndal. Otoo og Opseth spelar vegg, og førstnemnde får æra av å avslutte angrepet. Han skyt - rett på keeper.
71'
Stor sjanse for gjestene! Eriksen skyt frå 16 meter, og keeper Hagerup gjer ei flott redning!
71'
Berget Skjølsvik med sitt andre forsøk på to minutt. Høgt over!
69'
Berget Skjølsvik er involvert ein av få gonger så langt. Skyt frå 20 meter, men forsøket blir blokkert.
69'
Holsæter og Decamps skallar saman. Førdianaren får den tøffaste smellen av dei to, men kjem seg heldigvis på beina att.
67'
Ulf bør ta fleire og fleire sjansar framover om det skal bli poeng for Ulf her.
66'
Franskmannen reiser seg att, og spelet held fram.
66'
Decamps ligg nede for telling, men spelet held fram.
66'
Begge lag har fleire spelarar i oppvarming langs sidelinja.
65'
Framleis Sogndal som har mest ball.
62'
Sola lagar frispark på kanten. Opseth skal ta det.
60'
Gjestene har fått håp om poeng no.
57'
Frispark til Ulf på midten. Sarr får tilsnakk.
56'
Denne gongen er det Holsæter som vil ha frispark. Heller ikkje han klarar å overbevise dagens dommar.
55'
Eriksen går i bakken på 20 meter. Vil ha frispark, men dommar Toppe vinkar han på beina att.
54'
Brochmann gir vidare til Eriksen, men pasningen er litt for hard.
53'
Fleire av Ulf-spelarane leverer langt under pari. Må heve seg fleire hakk om det skal bli poeng her.
52'
Med denne scoringa klatra Opseth opp på 16 seriemål. Eit mål unna Engblom som toppar toppscorarlista i 1. divisjon.
47'
Sogndal sine innkast blir tatt kort i dag. Verken Utvik eller Teniste er på bana.
46'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Opseth og Strand sparkar igang andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er på veg inn på bana att.
Scoringa frå Holsæter var det siste som skjedde denne omgangen. Ingen stor forestilling frå nokon av laga. Rett nok har begge lag hatt sine sjansar til å score, men tempoet er ikkje det heilt store. Med resultata etter 1. omgang i avdelinga er Ulf no utanfor topp seks!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
42'
Skaasheim dreg seg fint inn i feltet, men pasningen vidare i retning Opseth blir for upresis.
42'
Drage slår inn i feltet, og der møter Otoo på første stolpe. Han stussar ballen vidare, og kula stryk like over motsatt kryss!
40'
Fin sjanse for Ulf! Brochmann gir til Engblom inne i feltet som er nære på å sende gjestene i føringa, men Hagerup les spelet godt og snappar opp.
39'
Lang ball i retning Eriksen, men Grodås er ryddegut.
38'
Jubel på Fosshaugane når speaker opplyser om at Nest Sotra er i føringa mot Brann.
35'
Owello prøver å finne Sola, men dei snakkar ikkje samme språk. Missforståelse, og Hagerup kan gjere seg klar til utspark.
33'
Ulf trillar ball på eigen halvdel. Otoo, Drage og Opseth jagar.
31'
Innlegg i retning Otoo, og avslutninga hans med hovudet er velplassert. Keeper må heilt ned til stolperota, og gir retur. Der er ingen Sogndal-spelarar på hugget, og Ulf har kontroll.
30'
Brochmann med innlegg mot Engblom. Han vinn hovudduellen i feltet, og nikkar mot mål. Hagerup held kula i fast grep! Kunne fort blitt 0-1 der.
29'
Målmaskina Opseth var i alle fall iskald når han først fekk sjansen på åtte meter.
27'
Kampens første avslutning mot mål! Opseth får ballen på 25 meter, vender og skyt. Like over!
25'
Fotballpresident Yngve Hallen vart brukt som parkeringsvakt på Fosshaugane i dag. Dugnadsånda lev i beste velgåande i saftbygda.
24'
Tempoet i kampen er i ferd med å ta seg opp.
24'
Gjestene trillar ball. Owello får etterkvart ballen, men får ikkje avslutta.
22'
Innlegg mot Otoo, men spissen sklir i det han skal ta sats. Ulf overtek.
20'
Fin ball mot Engblom i bakrom, men keeper Hagerup kjem langt utanfor sekstenmeteren - og tek ned ballen på kassa. Gir til Grodås i neste ballberøring. Iskaldt.
19'
Ingen stor fotballkamp så langt.
18'
Opseth slår eit frispark inn i feltet, men keeper held ballen enkelt.
16'
Lang ball mot Holsæter, men kaptein Sola nikkar tilbake til eigen keeper.
16'
Strand med lur pasning mot Holsæter i bakrom, men stikkaren blir litt for hard.
15'
Brochmann leiker seg litt på venstrekanten, og slår etterkvart ein støttepasning. Innlegget går i retning Raskaj, men ballen trillar over dødlinja.
13'
Ulf set fart på ballen. Ballen blir slått inn i feltet, men ingen av medspelarane les hælsparket frå Eriksen.
11'
Innlegg inn i feltet, og Otoo venter på bakerste stolpe. Han slår tilbake i feltet, men der får Ulf-forsvaret ballen unna. Første gong tilskodarane var i nærheiten av å reise seg frå stolsetene.
10'
Bra med tilskodarar på tribunen. Fotballturneringa i bygda skal ta stor del av æra for det.
8'
Vi ventar framleis på kampens første sjanse.
8'
Fire av fire på Sogndal si midtbane med hanskar. Fortel litt om at det nærmar seg sesongslutt.
7'
Heimelaget held fram med å styre spelet. Trillar ball i laget.
6'
Utsparket frå keeper går rett til Opseth, som stussar vidare. Heimelaget held ballen i laget.
5'
Frisparket går over heile feltet. Utspark frå målet til Hagerup.
5'
Frispark til Ulf, midt inne på Sogndal sin banehalvdel.
5'
Otoo får ballen inne i feltet, men gjestene får avklart. Kunne blitt ein fin sjanse.
3'
Sogndal har klart mest ball i opninga.
1'
Då er kampen igang!
Avspark Start 1. omgang
Gjestene skal ta avspark.
Laga er på veg ut på bana.
Den legendariske 'stao no pao'-sangen blir spelt over anlegget på Fosshaugane. Det betyr at det straks nærmar seg kampastart!
To av dei tre nominerte til årets spelar i 1. divisjon møtes til duell her på Fosshaugane i dag. Babacar Sarr og Pontus Engblom er dei involverte.
Det er meldt seks grader og regn under dagens kamp. Dagleg leiar Egil Mundal viser til at tilskodarane på Fosshaugane kan sitte under tak, i motsetndad til Camp Nou i Barcelona. Så her er det ingen grunn til å sitje heime!
Heimelaget gjer også nokre endringar. Hagerup står i mål, medan Skaasheim er på høgrebacken. I tillegg kjem Holsæter inn på midtbana. Dermed er Dyngeland på benken, medan Bolseth og Utvik ser kampen frå tribuneplass.
Gjestene har gjort to endringar på laget som tapte 2-3 for Levanger førre runde. Trond Erik Bertelsen vart skada i den kampen, og er framleis ikkje klar. Inn kjem Vegard Aanestad. I tillegg startar Anel Raskaj til fordel for Marius Helle.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart kl.1300. Følg med!
Det er ei stor fotballturnering for barn og unge i Sogndal denne helga. Flesteparten vil vere tilstades under dette oppgjeret.
I siste serierunde møtes Sandnes Ulf - Ranheim og Levanger - Sogndal.
18 spelarar frå Sandnes Ulf er på plass i Sogndal. Deriblant Tonny Brochmann, som til tider var ein publikumshelt på Fosshaugane for nokre år tilbake.
Gjestene frå Rogaland har 4-6-4 på sine bortekampar så langt i år.
Sogndal er divisjonens beste heimelag, og dei står bokført med 10-3-1 på sine kampar på Fosshaugane denne sesongen.
Sandnes Ulf har to strake tap, og treng tre poeng her for å feste grepet om ein av dei fire kvalik-kampane.
Heimelaget har alt sikra seriegullet, medan gjestene kjempar om ein av dei fire kvalifiseringsplassane.
Hei, og velkommen til liveoppdatering av oppgjeret Sogndal - Sandnes Ulf frå Fosshaugane Campus! Dette er nest siste serierunde.