TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sandnes Ulf med eit kolosalt press siste 20 minutta, men Sogndal stod unna presset og tek med seg tre utruleg viktige poeng i frå denne kampen.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Siste som skjer.
90+4'
Nytt kast til Ulf.
90+4'
Thorsteinsson skyt, men langt utafor.
90+3'
Innkast til Sandnes Ulf.
90+3'
Sogndal prøver å halde ballen i laget, men rotar den vekk og Ulf kan komme igjen.
90+2'
Frispark til Sogndal ti meter inn på Ulf sin banehalvdel. Tek seg igjen god tid Sogndal.
90+2'
Ball inn i feltet og Jovanovic får tak i ballen, men avsluttar langt utafor.
90+1'
Teniste ofrar seg og får ballen ut til innkast då Ulf trykte på.
90+1'
4 min tillegg.
90+1'
Ulf vinn ballen tilbake og byggjer opp eit nytt angrep.
90'
Dreg ut tida så mykje som mogleg no sogningane.
89'
Men Sogndal kontrar og vinn eit innkast høgt i bana.
89'
Ulf som styrer det meste igjen her no.
88'
Men ingenting ut av innkastet.
88'
God sjanse for Ulf. Thorsteinsson slår inn, men ingen når opp på innlegget. I bølgje to vinn dei innkast.
87'
Hjørnespark
Ingenting ut av den.
86'
Hjørnespark
Otoo med godt forsøk, men vert blokkert.
86'
2618 tilskodarar i dag. Lite i ein så viktig kamp for klubben.
84'
Spillerbytte
84'
Jo der kjem Stamnestrø inn.
84'
Ser ikkje ut som det er nokon på sogndalbenken som gjer seg klar.
83'
Karadas signaliserar til Olsson at Holsæter må byte.
82'
Andersen med dobbeltbytte.
82'
Sogndal har omtrent ikkje ballen no og publikum har no ti nervepirrande minuttar framføre seg.
81'
Spillerbytte
81'
Spillerbytte
81'
Sola skyt, men Mihajlov står i vegen.
81'
Stor sjanse til Ulf, men dei kjem ikkje til avslutning i mølja forran mål.
80'
Det er Ulf osm styrer alt her no. Klarer ikkje å skape dei store sjansane, men med så mykje ballinnehav så kjem nok dei og snart.
78'
Hjørnespark
Sogndal klarerar, men Ulf vinn ballen tilbake. Tilslutt eit innlegg som går i klypene på Dahlin.
78'
Godt slått, men Dahlin tuppar ballen til corner.
77'
Mihajlov vil skyte.
77'
Sandnes Ulf med mest ball dei siste minutta. Rogalendingane presser på for eit mål og får eit farlig frispark no på 17 meter.
75'
God sjanse for Sandnes etter kaos i feltet, men tilslutt er det Karadas som får rydda unna.
74'
Frispark igjen til Ulf i farlig posisjon.
73'
Teniste ligg nede, men estlendaren ser ut som har klarer å fortsette kampen.
73'
Ulf kontrar og Thorsteinsson slår inn, men der er Tenise og avergar framfor Helle. God sjanse!
72'
To innlegg få Mane, men Ulf er gode i fletet og klarerar sjølv om Sogndal hadde både KAradas og Valsvik oppe.
71'
Tek i ein spelar, men Dahlin held og har kontroll.
70'
Frispark til Sandnes Ulf på ca 25 meter. Sola og Thorsteinson står klar.
69'
Hjørnespark
Karadas stangar ut.
68'
Gedigen sjanse til Sogndal! Sagna skyt og Falch gjev retur. Der er Holsæter og brassar ballen mot mål, men Falch er oppe igjen og gjer ei feberredning.
66'
Gult kort
Eit veldig rart kort der. Skaasheim taklar på ball og sparkar så ballen to meter etter at dommaren har gjeve frispark.
65'
Stor sjanse til Sogndal. Sagna vippar gjennom til Otoo, men ballen trillar litt av foten hans og avslutninga går i nettveggen. Omgangen sin første sjanse.
64'
Stephensen testar skotfoten frå 30 meter og Falch må gje restur og tilslutt vinn Sogndal eit innkast.
63'
Spillerbytte
62'
Det er Ulf som vinn duellane no og Sogndal slit og med mange feilpasningar. Kampen har ei stor nerve, men manglar målsjansane i denne omgangen.
61'
Langt kast inn denne gongen men Helle stussar ballen i nettveggen.
61'
Karadas bommar på ei takling og smell inn i reklameskilta. Sandnes vinn eit innkast i angrepet etterpå.
60'
Sandnes Ulf har mykje meir tak på kampen no. Har klart å få litt fart på angrepsspelet sitt og det slite Sogndal med å forsvare seg mot.
59'
Publikum i harnisk når linjedommaren ikkje ser at ballen er ute og Sandnes Ulf får halde fram angrepet sitt. Heilt klart mykje nervar blant sogningane på tribuna.
56'
Hjørnespark
Falch boksar ut.
56'
Holsæter med pasning i Premier League-klasse til Mane som vinn ein corner for Sogndal.
54'
Asle Andersen manar mannskapet sitt til kamp. Berre eit mål til vil også gje eit særs viktig poeng.
53'
Hjørnespark
Endar i åpent spel for Sogndal, men tilslutt klarerar Sandnes.
52'
Godt innlegg frå Mane og Sola må gje til corner i duell med Holsæter.
52'
Sandnes Ulf med litt meir fart på spelet sitt og det er ein åpnar kamp no.
51'
Vert ikkje kasta langt. Kanskje grunna Valsvik og Karadas som ruvar bak der.
51'
No er det Sandnes som vinn eit kast høgt i bana.
50'
Valsvik prøver å stussa, men den går ut over kortlinja.
49'
Flo jobbar godt og Sogndal får eit kast høgt i bana.
48'
Hjørnespark
Karadas nikkar unna og Skjølsvik prøver seg med eit skot, men det går høgt over.
48'
Helle slår inn og Stephensen må klarere til corner.
47'
Furebotn med ein ettersleng på Skaasheim rett føre benken til Sogndal. Får nokon gloser slengande etter seg og Sogndal får frispark.
47'
Då er vi i gang med denne spennande andre omgangen frå Fosshaugane Campus.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Nesse Stephensen varmar godt opp for Sogndal. Det kan tyde på at Bolseth må gje seg.
Sogndal såg komfortable ut, men scoring i siste minutt av Aanestad gjer at denne kampen lever.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45+2'
Vi er snart ferdig med det tillagde minuttet
45+1'
Sarpsborg utliknar i Skien og no vert det eit drama her.
45'
Mål!
2-1
Frisparket vaert slått inn og der er Aanestad heilt åleine og stangar ballen inn bak Dahlin.
44'
Spillerbytte
44'
Gult kort
Alt for seint ute i ei takling og blir sjølv liggande nede.
43'
Halvsjanse då Pepa skyt utafor frå ti meter.
43'
Det går veldig seint med Sandnes Ulf. Veldig lett for Sogndal å forsvarer seg mot dette.
42'
Småfarlig, men Ulf klarerar.
41'
Kast til Sogndal frå Teniste.
40'
Sogndal startar presset sitt ti meter inn på eigen banehalvdel. Sandnes Ulf får ikkje fart på kula og då blir det lett å forsvare seg for sogningane.
39'
Etter ein feilpasning får Furebotn sjansen frå ca 20 meter, men igjen går det over frå årdølen.
38'
Fleire av spelarane som sklir ute bana. Det skal vel ikkje være så vanskelig å velge rett fottøy når ein spelar på kunstgras?
36'
Enorm sjanse til Sogndal! Holsæter snurrar rundt med Sola og går til linja. Han legg tilbake og ein pressa Bolseth set ballen utafor frå to meter.
35'
Sandnes Ulf slit veldig med korleis dei skal klare å bryte igjennom. Har endå ikkje produsert ein sjanse sjølv om dei har hatt ballen mest.
34'
Furebotn slår inn, men barnemat for Karadas og Valsvik.
34'
Frsipark til Ulf ca 35 meter frå Sogndal sitt mål.
32'
Sandnes Ulf har ballen mest no og Sogndal ligg lågt. Men Sogndal er så hissige at Sandnes Ulf ikkje har ein sjans til å bryte gjennom.
31'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
31'
Innlegg frå Aanestad som Thorsteinsson headar via Valsvik til corner.
30'
Berget Skjølsvik prøver seg, men Sagna og Teniste får tilslutt stoppa han.
29'
Nei no fungerar veldig lite for Sandnes Ulf. Sogndal ligg lågt og rogalendingane har ikkje nok bevegelse til å spele seg igjennom.
29'
Nei no fungerar veldig lite for Sandnes Ulf. Sogndal ligg lågt og rogalendingane har ikkje nok bevegelse til å spele seg igjennom.
28'
Går gjennom heile feltet og det er også dømt frispark til Sandnes Ulf.
28'
Mane applauderar til publikum og gjerseg klar til å ta frisparket.
28'
No er det Sogndal som styrer alt her. Sola feller Holsæter og nytt frispark til Sogndal. Denne gong frå kanten.
26'
Mål!
2-0
Mane skyt på frispark og det går via ein spelar og i mål. Men det er nok Sogndal sin toppscorar som blir ståande med det målet.
25'
Otoo skal skyte.
25'
Gult kort
Held igjen Otoo.
25'
Frispark til Sogndal på ca. 25 meter.
24'
Kanskje sogndalspelarane er litt meir på hogget enn Sandnes Ulf så langt. No er det Holsæter som får applaus etter at han kastar seg inn og klarerar eit skot frå Sola.
22'
Gult kort
Ettersleng på Ulrik Flo.
22'
Jamnspelt fyrste halvdel i Sogndal. Begge laga med 100% innsats og det kanskje ikkje så rart når vi veit kva som står på spel.
21'
Furebotn fyrer til igjen mot gamle lagkameratar, men treff ikkje reint på ballen og det går utafor.
19'
Hjørnespark
Karadas avsluttar igjen, men skotet hans går til kast for Sandnes Ulf.
19'
Hjørnespark
Karadas får stå åleine og styrer headingen sin mot mål, men Otoo kjem i vegen.
18'
Mane skyt frå nesten død vinkel og Falch må gje til corner.
18'
Sandnes Ulf klarerar.
18'
Nytt kast til Sogndal ved Teniste.
17'
Ny stor sjanse for Sogndal. Ulrik Flo med nokre fintar i boksen som sjølv Tore Andre hadde vore stolt av. Skyt, men Falch reddar med ein glimrande beinparade.
16'
På ny slår Pepa opp mot Helle, men dette blir for lett for Valsvik og Karadas som berre skjermar ballen ut til utspark.
15'
Kastet endar i åpent spel før Ulrik Flo får ballen og skyt i stolpen. Skal det aldri lykkast for stryningen?
14'
Ein del rot i Sandnes Ulf sitt forsvar og dei gjer vekk eit innkast. Det blir farlig når Teniste kastar langt.
12'
Langt mellom finspelet så langt. Mykje springing og kriging frå begge lag.
10'
Furebotn prøver seg med eit skot, men det går over.
9'
Sandes Ulf varierar mellom å slå langt og å spele kort. Egentlig er det rogalendingane som har hatt majoriteten av banespelet så langt.
8'
Sola slår inn og det er farlig, men Sogndal får klarert.
7'
Frispark til Sandnes Ulf i farlig posisjon på kanten av Sogndal sin 16 meter.
7'
Mykje kriging til å byrje med i denne kampen.
6'
Sogndal prøver å spela seg ut og publikum set kaffien i vrangstrupen. Heldigvis for sogningane får Sagna frispark då Helle er for hard i ein duell.
5'
Med Valsvik og Karadas bak kan ikkje Sandnes Ulf slå høgt opp for i dei duellane vert Helle alt for liten.
4'
Draumestart for Sogndal og ein heller forferdeleg start for Sandnes Ulf. No vert det hardt for rogalendingane.
2'
Mål!
1-0
Otoo slår ein ball i bakrom på Flo. Han går mot dødlinja og legg ballen tilbake til Otoo som får til eit ikkje så veldig hardt skot, men ballen trillar i mål via Holsæster bak ein utmanøvrert Falch.
2'
Blir tatt kort og lagt ut på kant. Innlegget er det igjen Valsvik som klarerar.
1'
Frispark til Sandnes Ulf midt på Sogndal sin banehalvdel.
1'
Då er vi i gang. Kenneth SOla med ein lang ball opp som Valsvik klarerar.
Avspark Start 1. omgang
Ca. 10 kvinner og menn har tatt turen frå Sandnes til dagens kamp. Dei er plassert bak Dahlin i sogndalburet.
Laga på veg ut på banen. Her står det mykje på spel!
Det nermar seg kampstart i Sogndal og ein kan vel ikkje sei at stadion er i ferd med å fylla seg opp denne kalden søndagskvelden seint i oktober.
Ulrik Flo får fornya tillit frå start for Sogndal. Stryningen har vore fast innventar på topp for Sogndal i år, men står med fattige eitt mål. Det kom også i årets første seriekamp mot Tromsø.
Bjørn Helge Riise dagens mann i Sogndal. 3-2 til Lillestrøm!
Og der scora Bjørn Helge Riise for Lillestrøm! Veldig viktig for begge desse laga.
Henrik Furebotn er også venta å starte for Sandnes Ulf i dag. Han har fleire år bak seg i saftbygda og var i fjor også kaptein for Sogndal.
Vi ventar på lagoppstillinga til dei to laga og Sogndal kjem nok til å endre frå 5-3-2 sist til 4-4-2 i dag.
Absolutt ikkje to formlag som møtes her i kveld. Sandnes Ulf med 1-2-4 på sine siste sju kampar. Sogndal faktisk dårligare med 1-1-5 og sist siger til sogningane var 24.august!
Sogndal tapte sist runde etter eit seint mål av Christian Grindhaug i ein triller av ein kamp her på Fosshaugane. Sandnes Ulf leiia to gonger mot Odd, men måtte sjå seg slått 4-2 av Odd heime i Sandnes.
Begge lag med 30 poeng føre dagens kamp. Slik det ser ut no med siger til Tromsø over Lillestrøm så ligg Sandnes Ulf på kvalikkplass og Sogndal like forran på betre målforskjell.
Då vil vi få ynskje velkomen til den 28. runden i årets Tippeliga. Denne kvelden er det Sandnes Ulf som gjestar Fosshaugane Campus og det er ein utrulig viktig kamp for begge lag. Vinnaren her vil få eit godt pusterom i det som no viser seg å bli ein nedrykkstriller.