TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det vart overkøyring på Fosshaugane i dag! Ein strålande gjennomført førsteomgang sørger for at det står 4-0 til pause, og då er mykje av jobben gjort for Sogndal. Flataker scorar tidleg i kampen, og han skulle ikkje bli den einaste unge spelaren som scora i dag. Mathias Øren headar inn 2-0 på eit frispark, og får sitt første mål for Sogndal. Baidoo skulle også få seg ei scoring før pause, i tillegg til at Flataker set inn sitt andre for dagen. Det blir rolegare etter pause. Memedov får eit trøstemål for bortelaget før Hintsa scorar sitt første mål i OBOS-ligaen. Det blir altså 3 fortjente til poeng til Sogndal i dag!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+2'
Hintsa kjem seg nesten gjennom forsvaret, men blir stoppa rett før han skal avslutte.
90+2'
Nundal gjer ein god jobb i presspelet, og vinn eit innkast høgt i bana.
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
90'
Memedov prøver seg. Skyt over målet. Viser fram sine dribleeigenskapar før han skyt.
88'
Frispark
Slår mot Arrocha, men ballen er litt for lang. Dansken rekk ikkje fram.
88'
Sogndal har to spelarar frå b-lista på bana no. Årøy og Lødemel.
87'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Jendal boksar ballen ut.
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Frispark
Prøver seg frå distanse. Ballen går rett på Lönning.
80'
Frispark
Sentrar tilbake til Arrocha.
77'
Mål!
5-1
Hintsa utnyttar ein tabbe i forsvaret! Han fangar opp ballen, og set ansiktet mot målet. Bager klarar ikkje å stoppe han, og Hintsa skyt ballen hardt i mål bak Lönning. Denne scoringa har svensken venta lenge på.
75'
Mål!
4-1
Redusering for bortelaget! Twum ligg nede med skade, og ventar på at ballen skal bli spelt ut. Det skjer ikkje, og Sandnes Ulf set ballen i mål. Memedov kom innpå rett før pause, og har vore ein av dei få som har skapt noko for bortelaget.
74'
Frispark
Tek frisparket kort, og bygger seg opp bakfrå.
73'
Spillerbytte
73'
Spillerbytte
72'
Hjørnespark
Bager headar utanfor. Brukbar sjanse.
71'
Sandnes Ulf vinn ein corner etter ei blokkering av Høyland.
70'
Berland prøver eit hardt innlegg langs bakken, men Arrocha står på rett plass og klarerar.
68'
Det har vore relativt roleg etter pause. Sandnes Ulf har fått ha ballen mykje meir enn før pause, men skapar lite.
66'
Frispark
Held ballen i laget.
66'
Gult kort
Er alt for seint inne i ein duell med Hoven.
65'
Pereira gjer eit trippelbyte. Då har dei brukt opp alle byta sine.
64'
Spillerbytte
64'
Spillerbytte
64'
Spillerbytte
62'
Hjørnespark
Sandnes Ulf får kontroll over ballen, og prøver å kontre.
62'
Sakor stoppar Eriksson, og det blir corner.
61'
Flataker får ballen med ryggen mot målet. Han snur seg rundt, og avsluttar rett på Lönning.
60'
Flaten prøver å lobbe ein ball gjennom til Eriksson. Det går nesten bra, men bortelaget får kontroll over ballen før svensken.
59'
Sogndal prøver å finne ei opning i boksen. Blir til slutt stoppa av dommaren, som kjem borti ballen.
58'
Kvernstuen slår inn, men ingen medspelarar står der innlegget kjem.
56'
Hjørnespark
Arrocha stangar ballen utanfor! Hard heading, men ikkje presist nok.
53'
Frispark
Slår langt, og ballen går ut til innkast.
53'
Baidoo vinn ballen, og prøver å kontre. Han finn Hintsa ute til høgre som slår inn til Flataker. Spissen bommar på ballen, og den går vidare gjennom boksen. Bortelaget får kontroll til slutt.
51'
Hjørnespark
Bager headar ballen vekk.
51'
Øregaard scorar nesten sjølvmål, men ballen går akkurat ut til corner.
50'
Bortelaget har faktisk vore sterkast etter pause.
49'
Frispark
Slår langt ut til venstre.
48'
Øren er sterk, og stoppar Memedov som prøver å slå inn.
47'
Høiland prøver å heada eit innlegg vidare i mål, men ballen går utanfor.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det har vore ei sjeldan innhaldsrik omgang på Fosshaugane! Heile fire mål har me fått, og alle kom for heimelaget. Thomas Pereira er tydeleg skuffa over eige lag, og har allereie gjort to byter. Det blir tidenes snuoperasjon om Sandnes Ulf får med seg poeng herifrå.
Slutt 1. omgang Pause (4-0)
45+1'
Saftkokaradn syng "4-0 til pause!" når me nærmar oss halvspelt på Fosshaugane.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
44'
Mål!
4-0
Flataker får sitt andre mål for dagen! Flaten slår i bakrom mot Sjølstad som går på løp ute til venstre. Han slår inn hardt, og Flataker sender ballen roleg i mål. Ingen av stopparane er i nærheiten.
44'
Offside
Står i vegen for Lönning når han skal redde ei avslutning frå Sjølstad.
43'
Svak heading frå Høiland, og Jendal har ingen problem med å ta den.
41'
Høyland prøver seg frå distanse. Går over målet.
40'
Dette skjer ikkje ofte! Pereira gjer eit dobbelbyte etter 39 minutt! Men det er tydeleg at noko måtte skje for at Sandnes Ulf skal kunne få med seg noko i dag.
39'
Spillerbytte
39'
Spillerbytte
38'
Brkic prøver å skape noko framfor målet til Sogndal. Desverre for han, er ikkje resten av laget med på det.
37'
Flaten får nesten ballen i ein god posisjon, men slurvar med mottaket. Sandnes Ulf vinn ballen.
33'
Aanesland prøver å finne Høiland i boksen, men pasninga kjem bak han. Dette har vore ein ekstremt svak omgang av bortelaget.
31'
Mål!
3-0
Eit meir kaotisk mål skal du leite lenge etter! Sogndal speler seg inn i boksen, og det kjem ein skummel ball mot Lönning. Keeperen får ikkje kontroll over den, og slår ballen omtrent mot eige mål. Der står Baidoo, og kan berre sentre den ballen i mål frå ein meter.
30'
Nydeleg angrep frå Sogndal! Øren slår ei pasning som minnar om Paul Scholes på sitt beste ut til Baidoo. Baidoo slår inn til Flataker som headar i metallet!
29'
Sandnes Ulf får ei heading mot mål, men Jendal er på rett plass, og fangar ballen.
28'
Aanesland slår inn mot Høiland, men Arrocha leser innlegget, og slår det vekk.
25'
Mål!
2-0
Ungguten stangar inn sitt første mål! Flaten slår eit strålande frispark frå høgre, og Øren stussar ballen vidare inn i hjørnet. Det er unggutane som herjar for Sogndal i dag!
25'
Frispark
25'
Bager stoppar Baidoo i full fart på veg fram. Får ikkje gult kort av ein eller annan grunn.
23'
Baidoo slår i bakrom mot Hintsa, men ballen er akkurat litt for lang til at svensken får tak i den.
21'
Hjørnespark
Flaten vinn ballen for Sogndal.
20'
Hjørnespark
Speler seg rundt boksen først. Så kjem ei heading Jendal må slå ut til ny corner.
20'
Aanesland vinn ein corner for bortelaget.
18'
Hjørnespark
Slår litt for høgt, og ingen klarar å ta imot ballen.
17'
Frispark
Slår ballen tilbake til forsvaret.
14'
Flaten slår langt mot Hintsa, men Lönning er kjapt ute og klarerar.
11'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
10'
Sandnes Ulf kjem seg fram i bana for første gong i kampen. Solheim har ballen ute til høgre, og slår eit upresist innlegg som endar med utspark for Jendal.
7'
Mål!
1-0
Flataker scorar for Sogndal! Sogndal speler seg fint framover i bana, og Flataker sender ballen vidare til Eriksson som står til venstre for han. Flataker set fart inn i boksen, og får ballen att av Eriksson. Spissen frå Måløy set ballen inn bak Lönning.
7'
Sandnes Ulf har omtrent ikkje fått låne ballen i opninga av kampen. Ingen store sjansar til nokre av laga enno.
6'
Eriksson dreg seg fint inn i boksen, også hans innlegg blir stoppa.
4'
Frispark
Sjølstad blir tatt på eigen banehalvdel, og tek frisparket kjapt.
3'
Baidoo slår eit innlegg frå høgre, men der står Øregaard, og tek imot ballen.
2'
Sogndal har hatt ballen heile det første minuttet.
Avspark Start 1. omgang
Dommar Magnus Koløy tek ein siste prat med kapteinane, og me er straks klare for avspark på Fosshaugane.
Det er to endringar i laget til Sandnes Ulf frå kampen mot Moss. Nyhagen er ikkje med, og blir erstatta av Bager. Hjorteseth går ut, og Aanesland kjem inn. Sogndal har sidan sist kamp mista Per-Egil Flo til skade. Øren, som starta som høgreback i førre kamp, tek hans plass, og Hoven går tilbake til sin faste plass på høgreback. Flataker kjem inn på topp for Nundal. Ved sidan av seg, får han Oliver Hintsa.
Begge lag har mangla fleire nøkkelspelarar i sesongstarten. Både Skaanes og Borgthorsson har vore ute med skade heile sesongen for Sogndal. Sandnes Ulf har mangla både Moldskred og Kleppa i store delar av sesongen. Det blir også spennande å sjå om Nyhagen er med for bortelaget i dag. Han og sambuaren ventar born i desse dagar, og han veit ikkje om han kjem seg til Sogndal til kampen.
Det har blitt spelt cup tidlegare i veka, og der tok Sandnes Ulf seg vidare til kvartfinale etter å ha slått ut Eidsvold Turn. Sjølv om Sogndal ikkje spelte noko kamp i cupen denne veka, har dei likevel vore direkte involvert i diskusjonen rundt det som har skjedd i cupen. I runde 3 tapte Sogndal mot KFUM Oslo. Det ingen oppdaga før denne veka, var at KFUM Oslo brukte ein suspendert spelar i denne kampen. KFUM rakk til og med å spele neste runde i cupen, og slå ut Lysekloster, før dette vart oppdaga. Dette har ført til at Lysekloster har sendt inn protest til NFF. Dersom KFUM skal straffast, er det ein sjanse for at Sogndal likevel er med vidare i cupen sjølv om dei tapte for to rundar sidan! Dei siste 24 timane i Sogndal har altso vore veldig hektisk, men i dag er det fullt fokus på kampen mot Sandnes Ulf!
Sjølv om Sandnes Ulf ligg heilt nede på 13. plass, er dei inne i ein spennande periode. Dei har ikkje tapt i cup og serie på heile 8 kampar! Det har også blitt mange scoringar i begge retningar for laget frå Sandnes. Det har blitt 12 scoringar i serien so langt, medan dei har sluppe inn 13 mål. Dette er store tal om ein samanliknar med Sogndal som har scora 6 mål, og sluppe inn 4 mål.
Me har kome til den 7. runden i OBOS-ligaen, og som vanleg er det veldig tett i ligaen. Sogndal ligg på 5. plass med 9 poeng, medan Sandnes Ulf ligg på 13. plass med 6 poeng. Sandnes Ulf kan altså gå forbi Sogndal i dag sjølv om dei ligg langt frå kvarandre på tabellen før kampen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Sandnes Ulf i OBOS-ligaen!