TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen endar 1-1 etter at Sogndal puttar 1-0 i førsteomgang på straffe. Staffa er noko billeg, med kjem nok som eit resultat av gjentatte tvilsomme situasjonar. Vidare er det Sogndal som held presset oppe fram til pause. I andreomgang startar Sogndal igjen best før Sandefjord får kome meir inn i kampen. Dei får utlikninga etter Sogndal søv i eit lite sekund i fosvar. Engblom får lagt tilbake til Rufo etter innlegg frå venstrekanten. Rufo står for seg sjølv og puttar enkelt i mål. På slutten er Sogndal mest med og sender mange menn fram for å få ei avgjerande scoring. Får til slutt eit straffespark som Flo vel å chippe på. Stygg miss og underkjent retur då han sjølv prøver å setje returen. Sogndal hadde nok fortjent ein siger med tanke på kampbildet gjennom 90 minutt.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+6'
Frispark for Sandefjord på midtbana vert heada vekk av Fredriksen. Dommaren bles av kampen etter dette.
90+5'
Flo får tatt ned ballen i feltet, men får ikkje avslutta. Ballen går til Jensen som skyt over mål frå kort hold!
90+4'
4 minutt vart lagt til, så er heilt på tampen av kampen no.
90+4'
Sogndal som styrer showet no! Pressar på og verkar villige til å sende fleire menn framover for å vinne dette!
90+2'
Spillerbytte
90+1'
Ny stor sjanse til Sogndal! Totland legg ein krossar over til Schulse som legg over til Hoven. Han headar ballen rett i bakken og over mål. Kjempesjanse!
88'
Straffe!
Flo blir holdt i trøya innanfor 16-meteren av Tito etter at han sjølv vinn ballen etter kast av Sandefjord.
88'
Bom på straffe!
Flo går for chippen! ballen flyg roleg mot tverrliggaren og Flo puttar sjølv på returen. Dette er ikkje lovleg og målet vert underkjend. Unødvendig risiko og ta då Flo kan sikre sigeren for Sogndal.
88'
Flo sendar ein pasning ut mot cornerflagget, men Totland er akkuratt ikkje rask nok. Ballen går til kast.
87'
1 625 som har møtt fram på fosshaugane trass det dårlege været!
86'
Billig frispark til Jonsson etter at han hektar i Ulrik Flo. Takast kort og Sandefjord kjem seg kjapt i angrep. Klarar ikkje å skape noko farleg, og ballen går til utspark.
84'
Hjørnespark
Vert heada enkelt ut. Situasjonen endar opp med skot ifrå Mannsverk.
84'
Godt skot frå Schulze frå 18 meter går via ein Sandefjordspelar og til corner.
80'
Spillerbytte
80'
Spillerbytte
80'
Pasning mot Flo frå Hoven vert alt for hard. Flo sto langs offsidelinja og kunne fått noko ut av dette dersom pasninga hadde vore betre.
79'
Sandefjord får flytta opp og Sogndal legg seg meir bakpå. Sandefjord har jobba seg meir og meir inn i kampen.
77'
Hjørnespark
Keeper boksar enkelt ut.
76'
Hjørnespark
75'
For ein sjanse! Schulze hoppar over ballen som gjer at Hoven kjem aleine med keeper på 5 meter. Skyt midt på keeper av alle plassar. God redning av Storevik som står og boksar ballen til corner med venstre hand.
75'
Sogndal som fører an etter utlikninga.
72'
Mål!
1-1
Innlegg på bakerste stolpe til Engblom som legg tilbake til ein umarkert Rufo. Han får ei enkel oppgåve med å setje ballen midt i mål. 1-1 på Fosshaugane etter ein roleg andreomgang. Mykje rot i Sogndal sitt felt i forkant av målet.
71'
Flo spelar til Schulse som skyt frå 25 meter. keeper Storevik har god kontroll på skuddet som stussar på vegen.
68'
Spillerbytte
68'
Spillerbytte
68'
Langt utspel frå Dyngeland når ein velplassert Soltvedt som lagar frispark.
66'
Ofkir står klar til å ta frisparket, men Vallés tek det og skyt rett i muren. Får ingenting ut av situasjonen og Sandefjord må bygge opp på nytt frå Sorevik.
65'
Gult kort
Lereng legg ikkje merke til Engblom som snik seg bak. Engblom kjem seg til slutt forbi og Lereng taklar bakfrå. Greitt gult kort det der.
64'
Frispark lågt i bana for Sandefjord etter at Fredriksen får ballen i handa. Sogndal beheld det høge presset frå første omgang.
63'
Lereng får dempa ballen på merkeleg vis og Sogndal kjører eit kjapt angrep. Det endar opp med eit halvveges innlegg frå Hoven til ingenmannsland.
61'
Engblom kjem seg bak Ogbu og får fyrt av eit slappt skot som går rett til side for målet til Dyngeland.
60'
Lavt innlegg frå Kralj som Lereng får halvveges stoppa. Er ikkje heilt ven med ballen idag Eirik Lereng...
59'
Andreas Hoven får lagt inn til Schulze som sår i offside. Godt innlegg mot ein umarkert Schulze.
58'
Frispark til sandefjord vert blokkert ved Mannsverk ved kanten av 16-meteren. Sogndal klarar å få tak i ballen etter dette og bygger opp frå forsvar.
56'
Jensen spelar til Mannsverk som legg over til Totland. Vidare sentrar han til Soltvedt som legg inn. Innlegget er langt frå godt nok.
54'
Frisparket vet tatt kort og Sandefjord trillar i eigen banehalvdel. Sogndal bryt då dei avanserer opp i bana og jensen prøver å slå langt til Hoven utan hell.
52'
Gult kort
Ogbu går opp i duell mot Rufo. Får gult kort etter gjentakande forseelsar.
52'
Skudd an Pontus Engblom vert redda av Dyngeland. Mjelde fyrer til på returen, med ballen flyr milevis over mål.
51'
Mannsverk sender ballen til Kristoffer Hoven som igjen legg over til Schulze. Ballen vert deretter slått langt utan adrese.
50'
Soltvedt slår gjennom til Kristoffer Hoven som kjem aleine gjennom. Ein vaken Storevik spring ut og taklar ballen trygt ut til kast.
49'
Stygg klarering igjen av Lereng som bommar på ballen. Mange spelarar rundt, så Sogndal får ordna opp.
48'
Langt innlegg mot Rufo som headar umarkert til side for mål fra 15 meter. Ingen god heading det der.
47'
Kralj med innlegg mot Ofkir som nesten får ein fot på ballen ved bakre stolpe. Ballen går rett til kast for Sogndal.
46'
Der sparkar Sandefjord igang andre omgang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Pause i Sogndal og fortjent ledelse til Sogndal. Straffa kjem etter eit angrep der Sogndal held trykket oppe. Fleire tilfeller i samme angrep der Saftkokarane ropar på straffe, med dommaren dømmer då Fredriksen vert dratt ned. Været spelar inn mykje i dag då dette kanskje er den styggaste kampdagen værmessig så langt i år! Frå tribuna høyrer og ser me godt dammar på bana då spelarane spring.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Spillerbytte
45+1'
Det er lagt til eit minutt på Fosshaugane Campus.
45'
Frispark til Sogndal etter duell mellom Totland og Mjelde til venstre for midtsirkelen. Dyngeland sender ballen langt og Sogndal vill duellen høgt i bana.
44'
Sandefjord med ballen i beina for augneblinken. Får sentra eit par gode pasningar før Sogndal bryt.
42'
Hjørnespark
Endar med innkast til Sogndal.
40'
Frispark til Sogndal etter at Mladenovic taklar til høgre i Sogndal sin banehalvdel. Han vert sjølv liggande nede og får behandling.
39'
Gult kort
Gult kort i straffesituasjonen.
38'
Mål på straffe!
1-0
Kristoffer Hoven sender keeper til høgre og set ballen sikkert ned i venstre hjørne! Kontant og god straffe og dermed står det 1-0 til saftkokarane.
37'
Straffe!
Straffe til Sogndal etter at Fredriksen vert riven ned av Jonsson i 16-meteren.
37'
Pasning over til Soltvedt som legg inn mot Kristoffer hoven, men der er Grorud og får klarert til kast. Sogndal held presset oppe.
35'
Frispark til Sandefjord. Soltvedt fell Jonsson midt på banehalvdelen til Sandefjord. Frisparket vert slått langt, men dei brune klarar ikkje å utnytte det.
34'
Sogndal pressar Sandefjord høgt i bana og verkar villige til å ofre seg for å få sjansar. Stressar Sandefjord til enkle feil. Sandefjord er meir passive i presset.
31'
Fredriksen slår ut til Soltvedt som får lagt inn. Schulze stupar fram på fem meter og stangar ballen litt til venstre for mål! Flott teknik på Schulse i denne situasjonen.
29'
Hjørnespark
Vert heada ut.
29'
Soltvedt er igjennom etter lang god ball frå Fredriksen! Heile stadionen ropar på straffe etter hands, istaden kontrar Sandefjord og får corner. Stor moglegheit for Sogndal til å skape noko stort!
27'
Gult kort
Stemplar Lereng etter frisparksituasjonen.
27'
Frispark til Sandefjord til venstre for 16-meteren. Ogbu header ut men Sandefjord får fyrt av eit skudd som vert blokkert til slutt.
26'
Sandefjord slår fram oog tilbake på eigen banehalvdel og Sogndal er ikkje interesserte i å presse før dei avanserer. Endar med langball med snø på dei fleste gongane.
25'
Få supportarar på Fosshaugane i dag. Mykje av det kan sikkert også skuldast været. Saftkokarane imponerar derimot!
24'
Dårleg pasninigskvalitet frå begge lag i starten av kampen. regnet og den våte bana kan nok ha litt skuld i det.
23'
Mladenovic med farleg innlegg som endar med at Mjelde får fyrt av eit skot. jensen legg seg ned og blokkerar med kroppen.
22'
Ogbu prøver å slå gjennom til Jensen. Ballen Vert broten av Kralj. og Sandefjord får frispark då Sogndal prøver å vinne att ballen.
21'
Frisparket vert slått over alle i 16-meteren til Sogndal og rett ut til utspark.
20'
Frispark til Sandefjord etter at Rufo vert felt av Soltvedt 35 meter frå mål.
18'
Hadt skot frå Kralj! Kjem seg fri venstre i 16-meteren til Sogndal og fyrer til midt på Dyngeland som må gi retur. Kampens største sjanse så langt.
17'
Ingen store sjansar så langt denne kampen. Myke trilling av ball hjå begge lag før det vert slått langt.
16'
Frispark til Sogndal på midtstreken. Takast kort og raskt.
15'
Vallés tar initiativ til å trille ball på midtstreken. Får slått fram og tilbake nokre gongar før Sogndal bryt.
13'
Ein ser tydeleg at regnet påverkar. Det er dammar over alt på kunstgraset.
12'
Godt frispark av Soltvedt! innlegg frå venstre sida av 16-meteren som buar litt for høgt over bakre stolpe.
11'
Soltvedt prøver på skudd! Får smelt av hardt, men skyt rett i muren.
10'
Frispark for Sogndal då Mannsverk vert felt på ca 30 meter.
10'
Sogndal som pressar i starten og står høgt i bana! Har kjørt showet så langt!
9'
Soltvedt med nytt innlegg som er alt for langt. Ballen flyg over alt og alle!
8'
Soltvedt med innlegg heilt over til Jensen som etter mykje fram og tilbake får lagt inn. Høybråten blokkerar.
7'
Totland vinn ballen og spelar til Soltvedt som prøver å stikke gjennom med ei pasning tilbake. Ingen andre enn han sjølv som veit kva han prøver på.
5'
Hjørnespark
4'
Frispark til Sandefjord 10 meter frå midtstreken. Vert lagt inn mot 16-meteren mMannsverk tek med seg ballen opp i bana og legg over til Jensen. Innlegget vert blokkert til corner.
4'
Dyngeland med langt utspark der Sandefjord vinn duellen.
2'
Hjørnespark
Corner etter innlegg av Kralj. Vert lagt høgt inn på første stolpe der Engblom header over.
2'
Sandefjord trillar ballog spelar tilbake til keeper. Har kontroll på ballen i starten og bygger opp frå eigen 16-meter.
1'
Sogndal sparkar i gang!
Avspark Start 1. omgang
Sterk vind og surt vêr på Fosshaugane i det spelarane entrar bana!
Kampen mellom Start og Strømmen enda 0-0. Det vil seie at med siger i denne kampen vil Sandefjord innta andreplassen med to poeng ned til Start. Dersom Sogndal vinn klatrar dei til 5. plass etter at Kongsvinger spelte 1-1 mot Aalesund og Raufoss tapte 1-0 mot Jerv.
Første møte i serien i år mellom laga enda med ein 0-3 siger til Sogndal etter ei sterk førestilling i starten av Juni. Sogndal opna med scoring frå Stefan Antonjevic i kjølvatnet av ein corner. Deretter satt Sigurd Haugen på turboen og sprang inn 0-2 før han til slutt satt inn kveldens siste. Sist gong desse laga møtte kvarandre på Fosshaugane Campus var i 2017 og då enda det med 3-2 siger til Sogndal.
Sogndal tapte sist kamp då stillinga til slutt vart 1-0 mot Start på Sparebanken Sør Arena. Det er få poeng som skil laga rundt kvalikplassane, så Sogndal treng sårt alle poenga dei kan få. Sogndal har nytta landslagspausen til å forsterke stallen ved å resignere Martin Ove Roseth til eit nytt låneopphald i saftbygda. Han kjem mest truleg til å få redebutere i dag. I alt med Roseth har Sogndal henta sju nye spelarar denne sommaren!
Sandefjord og Martí Cifuentes har levert godt og jamt i år og står med berre to tap så langt i serien. Tabellnabo Start møter Strømmen på bortebane så begge laga har i dag ein gyllen moglegheit til å stikke av med ei luke på 3 poeng.
Kveldens to motstandarar er begge opprykkskandidatar. Sandefjord kjempar saman med Start om 2. plassen bak suverene Aalesund og kjempar dermed om den siste plassen som fører til direkte opprykk. Sogndal ligg foreløpig på ein 7. plass med gode moglegheiter til kvalikplass. Direkte opprykk ser derimot vanskeleg ut for Sogningane då det er ei luke på 9 poeng mellom 3. og 4. plassen.
Hei og velkommen til livedekkinga av dagens kamp mellom Sogndal mot Sandefjord denne Søndagen! Været i Sogndal er grått og vått og det har omtrent regna i strekk heile den siste veka. Klassisk Norsk haustvêr!