Referat
Kun høydepunkter
Sogndal med 16 skot og Sandefjord med 7. Til pause var stillingen 8-7. Av alle skota i kampen hadde heimelaget 6 på mål, men bortelaget hadde 4. Stig Anders Hauge takkar for seg etter ein svært underhaldande aften her på Fosshaugane Campus.
For ein kamp på Fosshaugane. Første omgang var eit fyrverkeri sjølv om alle måla kom av individuelle feil. I tilleg vert Hansen utvist for felling som bakerste mann. Andre omgang blir eit lite antiklimaks der Sandefjord er mest ute etter å få tida til å gå. DOmmar Kjesli må stoppe kampen opptil fleire gonger på skadar som i ettertid viser seg å ikkje være særleg alvorlige. Til slutt blir Sandefjord straffa for dette når innbyttar Bye klinkar inn det avgjerande målet to minutt over tillagt overtid.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+5'
Bye heilt åleine på fem meter, men headinga er elendig og går tre meter over. Der fekk Sogndal sjansne sin.
90+5'
Bohinen illsint.
90+4'
Jo der kom han.
90+4'
Får ikkje komme inn igjen Prat.
90+4'
Prat må faktisk rusle av bana også. Er nok klar igjen ganske snart.
90+3'
Ny rekord! To Sandefjordspelarar nede og tøyer krampe og kampen vert stoppa.
90+3'
Næss Lund headar utafor.
90+2'
Fire minutt tillegg. Heilt utrulig med all den dødtida som har vore i denne omgangen pluss seks byter.
90'
Sogndal med ball, men skapar ingenting. Lang ball opp og så stangar Sandefjord ballen ut.
88'
Sogndal får ingenting ut av frisparket.
87'
Kane riv ned Ramsland. Frispark til Sogndal på 30 meter.
86'
Frispark til Sandefjord som skal svingast inn i feltet.
86'
2463 på Fosshaugane i dag.
85'
Så er det Prat som skal tøye krampe.
85'
Lang ball inn i Sandefjord sitt felt. Det ned på foten til ein sogndalspelar, men han får ikkje kontroll og ballen trillar inn til Jonsson.
84'
Sogndal med ball, men klarar ikkje å finne nokon rom.
83'
Har i utgangspunktet hatt grei kontroll i heile dag Sandefjord utanom dei to måla der det har vore fullstendig balck-out.
82'
Sogndal pressar på, men slit med å få noko særleg trykk i boksen. Demmer ganske bra opp Sandefjord og har grei kontroll.
80'
Rett i muren frå Bye.
80'
Ser ut Bye kanskje skal skyte.
79'
Seck inn med knottane på Koomson på 20 meter. Frispark til Sogndal. Er på ball der Seck, men Kjensli vel å blåse.
77'
Så er vi i gang igjen. SKal bli interessant å sjå antal tillegsminutt i dag. Vert vel dei sedvanlege tre eller fire minutta.
76'
Så er det Dembina som ligg nede. Ganske hjelpesløst dette her no. Blir tygd for krampe. Det er faktisk ingen grunn for verken å spele ut ballen eller stoppe kampen.
75'
Sogndal har no 17 minutt på seg på å ikkje forlenge den dårlige statistikken sin mot nyopprykka lag. Har som som tidligare sagt åtte kampar på rad utan siger i Eliteserien mot lag som har komme opp frå divisjonen under.
73'
Prat som gjekk ut for Sandefjord har og fått tre gule etter holdinga si i første omgang og må difor han og stå over neste kamp. Det er om 14 dagar mot Sarpsborg.
71'
Nwakali skyt i nettveggen.
71'
Frispark til Sogndal på 16 meter.
69'
Relativt fort oppe igjen Kastrati.
69'
Kastrati nede igjen og held seg til ansiktet. Mykje nede på bakken no sandefjordspelarane. Kjensli må stoppe spelet igjen.
66'
Flott ball gjennom til Schulze prøver å tuppe ballen forbi Jonsson, men der er islendingen god og reddar.
61'
Har grei kontroll Sandefjord i denne omgangen. Sogndal har endå ikkje klart å spele seg gjennom på noko som helst vis.
60'
Kastrati dreg vekk tre mann i boksen, men skotet vert blokkert. Glimrande der av spissen som har vore god i dag.
56'
Ramsland er gjennom, men missar når han skal trille ballen til Schulze som vill vore åleine med Jonsson. Nære på der for Sogndal.
55'
Jonsson fangar.
55'
Kast til Sogndal nede ved hjønreflagget. Teniste skal kaste langt.
52'
Oppe igjen no Olsen.
52'
Fredriksen knallhardt inn mot Olsen. Er rett på ball der ungguten og gjev Olsen ein luftetur. Blir liggande ei studn der Olsen og kampen blir stoppa igjen. Veldig mykje stopp i spelet her i starten.
49'
Såg ut som det var Prat som låg nede. Ser ut som han er i fin form igjen no.
49'
Roa seg ned no situaajonen.
49'
Dramatikk med eing gong her. Lang ball opp frå Sogndal. Ein Sandefjordspelar blir liggande og held seg til hovudet, men Sculze er på veg gjennom. Kjesli bles fro å stoppe spelet. Sogndal sine spelarar meiner han held seg til hovudet for å stanse spelet og det blir ein del knuffing.
46'
Sogndal med avspark. Sandefjord ligg lågare no ser det ut som. Forståelig det med ti mann.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ojojoj. Her skjer det mykje. For ein omgang vi har fått. Lars Bohinen gnir seg i augene og med god grunn. Sandefjord har vore det beste laget, men har gjort to rare feil bakover som har gitt Sogndal to enkle mål. I tillegg så blir Hansen utvist på slutten etter å felle Ramsland som bakerste mann. Er ein duell der og eg er langt i frå sikker på at Kjensli gjer riktig, men dersom det er ei felling så må det nok også være raudt kort. Når sant skal seiast så har og Sandefjord sine mål komme etter lite patent forsvar- og keeperspel av Sogndal. Men vi har fått fire mål i denne omgangen og masse dramatikk. Så får vi håpe at dette held fram i andre omgang. Vi er straks tilbake med dei siste 45 frå Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
44'
Birkelund må stå over neste kamp for Sogndal som er Odd heime.
43'
Sandefjord får ingenting ut av frisparket.
43'
Frispark til Kastrati på 25 meter. Må berre sei det, men Han kastar seg framover når Birkelund har armane i ryggen på han. Kan blåsast frispark, men det har vore mange slike duellar i kampen utan at både spelarane har kasta seg eller at Kjensli har blåst frispark.
40'
Låg litt i korta dette. Sandefjord har vore nære på fleire gonger i denne omgangen.
36'
Nytt godt innlegg som Kastrati er nære på å stange inn, men det er uansett vinka for offside.
35'
Framleis bra liv i denne kampen. Begge laga vil noko kvar gong dei angrip. Vil nok seie at når vi no har spelt ein halvtime så er det Sandefjord som har vore det beste laget. Spesielt når dei kjem rundt på kant og får slått inn har det blitt gode moglegheiter for bortelaget.
33'
Nwakali med skot frå nesten 30 meter som Jonsson må bokse til corner.
32'
Frispark inn i feltet som Steiring får stanga på mål. Ikkje nok trøkk i heading til å utfordre Jonsson.
32'
Så kontrar Sogndal. Og Prat må holde igjen Nwkali. Blir gult dette.
31'
Glimrande frispark frå Prat. Innoverskrudd inn på femmeter. Sogndal får klarert.
30'
Fredriksen feller Kastrati like utafor sekstenmeteren. Skrått hold dette også. Skulle kanskje også hatt eit kort der den unge bergensaren då Kastrati vill komme seg til ein god sjanse.
26'
Heimepublikummet skrik på straffe når Fredriksen går ned i feltet etter eit langt innkast frå Teniste. Ville nok vore billig det trur eg sjølv om det er mange armar og bein inne i feltet der.
25'
Vi hadde ien liten stopp i spelet her, mens Bindia låg nede. Er derimot på beina igjen no senegalesaren.
21'
Innlegg inn i feltet, men det er blåst frispark for Sogndal.
19'
Frispark til Sandefjord på 25 meter.
14'
Frispark til Sandefjord like utafor sekstenmeteren. Litt skrått så det kjem nok eit innlegg.
13'
Så klinkar Solberg Olsen til og Dyngeland må ut i full strekk.
12'
Ny god sjanse for Sandefjord. Innlegg frå Södlund og Wæhler får såvidt hindre Kastrati som igjen har rive seg laus inne i boksen.
12'
Fin start på kampen så langt. To lag som vil angripa har gjeve oss eit par sjansar så langt.
10'
Landslagskeeper Jonsson også. Tatt ut i Island sin tropp denne veka.
10'
Kort til Nwakali som klinkar ballen nokre centimeter over Jonsson sitt kryss. Knallhardt frå nigerianaren.
9'
Hansen feller Schulze på 25 meter.
8'
God sjanse for Sandefjord. Innlegg frå Storbæk til Kastrati som står åleine i feltet. Headinga går rett på landslagskeeper Dyngeland.
7'
Kort frispark til Seck som skyt frå 25 meter, men forsøket går to-tre meter utafor.
6'
Wæhler svært seint inne på Kastrati og Sandefjord vinn frispark på 30 meter.
4'
Sogndal bryt, men dei blå står høgt og gjer det vanskeleg for heimelaget.
3'
Sandefjord byggjer fint opp inne på Sogndal sin halvdel.
3'
Kristinn Jonsson med debuten sin frå start i dag for Sogndal. Kom til klubben i vinter, men har vore skada heile forsesongen.
2'
Begge laga friskt ut her.
1'
Sandefjord med avspark.
Avspark Start 1. omgang
14-15 grader gjev derimot eit relativt godt spelevær. Forventar mange sugande sklitaklingar på kunstgraset i dag. Laga går no inn i garderoben og det er gode ti minutt igjen til dagens kamp.
For det meste overskya og litt opplett i Sogndal i dag, men den siste timane har slusane opna seg. Alikevel går vatningsannlegget for full nede på den grøne matta. Like forståelig dette som lyskastarane som står på full guff midt på lyse dagen.
Sogndal har ikkje vunne mot eit nyopprykka lag i toppdivisjonen sidan 2013. Dei åtte siste oppgjera mot nyopprykka lag har enda med to uavgjorte og seks tap. Sist som sagt fekk dei med seg eitt poeng borte mot Kristiansund. Så får vi sjå om Bakke sine menn klarar å snu denne dårlige statistikken i dag.
Desse laga har ikkje møtt kvarandre i serie eller cup sidan 2008. I denne kampen her på Fosshaugane enda det 0-0. Sidan den gong har dei derimot møttes fem gonger i treningskampar. Sist i fjor vinter då Sogndal vann 3-0 på La Manga. Statistikken på dei tre gongene laga har møttes i Sogndal sidan år 2000 viser ein uavgjort og ein siger til kvart av lag. Heilt opent med andre i ord dersom vi legg statistikken til grunne.
Som vi ser av lagoppstillingane er begge lag omtrent uforandra frå sist seriekamp. For Sandefjord kjem Kastrati inn for Mjelde, mens for Sogndal er Kjemhus ute og Jonsson kjem inn på venstrekanten.
Bortelaget har ein tilnærma skadefri tropp. Berre Kind Bendiksen er i fylgje våre kjelder skada og blir ikkje med til Sogndal. For heimelaget er det begynt å lysne på skadefronten. Både Atta og Jonsson var på benken mot Florø og i tillegg er Skaasheim på veg tilbake. Kven som startar i dag og kven som er på benken får det vita når vi er tilbake live herifrå ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Sogndal rauk ut av cupen på onsdag mot Obos-laget Florø. Sandefjord hadde spelefri i midtveka ettersom dei i 2.runde vart slått ut av Ørn-Horten. I sist serierunde imponerte gutta frå Hvalfangerbyen mot Odd, men fekk likevel berre med seg eitt poeng i den 0-0 kampen. Sogndal spelte 1-1 borte mot Kristiansund.
Heimelaget ligg som nr. 13 på tabellen med 12 poeng, mens bortelaget har karra til seg 14 poeng og ligg dermed på 10.plass etter elleve spelte rundar av årets Eliteserie.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og elitseriekampen mellom Sogndal og Sandefjord.