TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal klatra dermed over streken for første gong denne sesongen, men Start og Sarpsborg bak seg på tabellen. RBK er nummer seks, sju poeng bak serieleiar Molde.
Der er kampen slutt og det blir 1-1 og poengdeling. Det er nok heimelaget mest nøgde med, og publikum gir laget applaus etter kampen. Fredheim Holm vart utvist då han leika keeper i eige felt på Hopen sitt knallharde skot, og Halvorsen var sikker frå straffemerket.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Olsen får ballen på kanten av sekstenmeteren. Han kan skyte, men brukar for lang tid.
90+2'
Furebotn får seg ein trøkk mot lagkamerat Flo, men er tilbake på beina.
90+1'
Ser ut som heimelaget er nøgde med eit poeng. Det er nok ikkje RBK, slik kamputviklinga har vore.
90'
Det er lagt til minumim fire minutt.
89'
Solheim ligg nede for Sogndal, og publikum pip ettersom RBK ikkje spelar ut ballen.
89'
38-år gamle Flo krigar godt på topp for Sogndal. Får ikkje frispark i duell mot Wangberg.
88'
Kampen er framleis heilt open og det kan framleis kome fleire scoringar. Kven har mest krefter på slutten?
87'
Dorsin med langpasning som går til innkast for Sogndal. Frustrasjon i RBK-laget no.
86'
Furebotn viser seg fram etter skadeopphaldet, og ryddar opp i eige forsvar.
86'
Denne scoringa trengde Fosshaugane, og over 4000 tilskodarar stod fulle i nervar på tribunen då Halvorsen scora på straffesparket.
85'
Spillerbytte
84'
Mål!
1-1
Halvorsen fintar ut keeper, og set ballen enkelt i mål! 1-1!
83'
Rødt kort
Etter hands inne i feltet.
83'
Straffe!
Hopen klinkar til, og Fredheim Holm reddar på streken med handa. Dommaren dømmer straffe og gir raudt kort.
82'
Hjørnespark
82'
Hjørnespark
Ny corner.
82'
Spillerbytte
82'
Flo viser fram sin gamle teknikk og finn Halvorsen på løp. Han skyt - men får berre corner.
81'
RBK vil byte ut Prica, men Bakenga får seg ein smell. Gjestene avventar, medan Olsen framleis står klar på sidelinja.
80'
Brytekamp mellom Prica og Gjermundstad. Den vinn Sogndal-midtstopparen. Mange tette duellar i denne kampen.
78'
Sogndal prøver no, og jaktar 1-1.
77'
Bakke er ikkje nøgd med dommar Sælen sine prestasjonar ute på bana. Denne gongen får RBK frispark på midtstreken - og Sogndal-kapteinen viser si missnøye.
77'
Per Egil Flo tek eit frispark, som går over heile feltet og like utanfor. Keeper hadde nok kontroll der.
76'
Gult kort
Legg Gjermundstad i bakken.
75'
4313 tilskodarar ser kampen. Ny tilskodarrekord på nye Fosshaugane Campus.
75'
I fjor hadde Bakke sju gule kort for Brann. I år har han ikkje vore like hard i duellane.
74'
Gult kort
Bakke med sitt første gule i Sogndal-trøya i år. Tøff takling bakfrå.
72'
RBK trillar ball no. Ser ut som gjestene har kontroll på kampen.
70'
Furebotn vinn ballen på eigen banehalvdel og set fart framover. Halvorsen prøver seg med eit skot, men ballen sklir av høgrefoten. Utanfor.
69'
Tore Andrè Flo har framleis fått lite til på topp for Sogndal, etter at han kom inn for Ulrik tidlegare i omgangen.
68'
Solheim med ettersleng på Henriksen, men spelet går vidare.
66'
Viktig scoring for RBK, og like skuffande for Sogndal som har kjempa godt gjennom heile kampen. Klarar heimelaget å komme tilbake?
65'
Spillerbytte
64'
Mål!
0-1
Winsnes slår ein langpasning frå eigen banehalvdel. Der lurer Bakenga seg fri frå forsvaret, og set enkelt inn 0-1 til RBK med eit skot til høgre for Udjus!
63'
Fin sjanse for Sogndal. Halvorsen får ballen og skyt eit innlegg inn i feltet frå kanten av sekstenmeteren. Der er ikkje Flo på hugget, og ballen trillar over dødlinja.
62'
Gjermundstad med frykeleg feilpasning i eige forsvar, men Flo får etterkvart rydda unna.
60'
Bakenga testar skotfoten frå 25 meter. Utanfor!
60'
Spillerbytte
59'
Stor Sogndal-sjanse! Flo legg inn til Bakke som skyt - over!
59'
Ny storskjerm i bruk for første gong på Fosshaugane i dag.
57'
Hjørnespark
Keepermat.
56'
Spillerbytte
Fredheim Holm endeleg tilbake på bana for RBK.
55'
Hjørnespark
Lustig møter på fremste stolpe, men forsøket går utanfor.
54'
Midtstoppar Flo tek med seg ballen framover, men mistar den. RBK klarar ikkje å utnytte feilen, og heimelaget får kontroll.
52'
Winsnes slår inn, men Flo avklarar.
52'
Frispark til RBK midt på Sogndal sin banehalvdel.
51'
Henriksen får ballen på 25 meter. Han kan prøve eit skot, men vil istaden vippe ballen over forsvaret. Det går ikkje, og Sogndal overtek.
50'
Tore Andrè Flo i oppvarming for Sogndal no.
50'
Gjermundstad legg inn frå høgrekanten. Elvis er gal nok til å prøve eit brassespark midt inne i feltet, og får frispark imot.
48'
Dorsin legg inn frå venstre, og Prica avsluttar med pannebrasken. Over!
48'
RBK held fram med å styre kampen.
46'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
RBK tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på 0-0. RBK har hatt banespelet, medan begge lag har produsert klare målsjansar. Sogndal har klart seg bra mot Prica og resten av RBK-angrepet, som slit med å spele seg gjennom forsvaret. Det blir 45 spenannde minutt i andre omgang. Denne kampen er ikkje avgjort!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Scheel tilbake på bana.
45'
Det er lagt til minimum eit minutt.
45'
Bakke er nede som midtstopper ettersom Scheel får hjelp på sidelinja.
44'
Prica gir Scheel juling i duell og vertane får frispark. Midtstopparen blir liggjande nede.
43'
Winsnes legg Flo i bakken. Frispark i midtsirkelen.
43'
Lustig held seg til leggen, og det er no fleire RBK-spelarar som slit med småskader.
42'
Halvorsen viser fram god teknikk, men vil for mykje på eigahand. RBK får innkastet ved hjørneflagget.
41'
Lustig testar skotfoten frå 20 meter. Udjus har kontroll og let ballen gå over.
40'
Hjørnespark
RBK får avklart.
39'
Stor Sogndal-sjanse. Halvorsen driv framover og gir til Flo som skyt frå 12 meter. Keeper reddar!
39'
Åsen går på skot frå 25 meter, men blir blokkert.
38'
Hansen vil ha straffe i feltet, men dommaren vinkar spelet vidare. Var nok ei riktig avgjerdsle.
38'
Etter ei runde saman med reservane på sidelinja, er Henriksen klar for spel igjen.
37'
RBK-benken avventar, og ser om Henriksen blir betre. Ser ikkje ut som midtbanespelaren kan halde fram oppgjeret. Gjestene spelar med ti mann no.
36'
Kader legg inn, og Hansen avsluttar med hovudet. Utanfor!
36'
Henriksen haltar på sidelinja. Kan han halde fram kampen?
35'
Henriksen ligg nede for telling, like utanfor Sogndal-benken.
35'
RBK framleis det førande laget på Fosshaugane.
34'
Spillerbytte
33'
Moldskred legg inn frå høgrekanten, men ballen går bak mål.
32'
Hjørnespark
Heimelaget ryddar unna.
32'
Sogndal i angrep, og Halvorsen prøver å finne Hansen, men spissen er i offside.
31'
Hjørnespark
Sogndal får kontroll.
31'
Kjempesjanse for RBK! Innlegg frå venstrekanten, og Prica avsltutar på mål. Udjus er i full strekk, og når ikkje ballen. Men der dukkar Bakke opp, og avklarar med hovudet! Corner!
30'
Bakke med feilpasning på midten. RBK overtek.
27'
Hjørnespark
Wangberg vinn duellen i feltet, og Udjus held ballen - på andre forsøk. Halvsjanse!
27'
Det er RBK som styrer banespelet på Fosshaugane, men Sogndal viser at dei også har noko å bidra med.
26'
Hjørnespark
Scheel er høgst i feltet og ryddar unna.
26'
Halvorsen får ballen inne i sekstemeteren. Han vender, men vil drible seg gjennom heile forsvaret før han skyt. Det rekk han ikkje, og RBK får kontroll. Der bør Sogndal sin toppscorar skyte!
24'
Ny fin Sogndal-sjanse! Elvis finn Kader på venstrekanten. Han kjem seg rundt og legg inn mot Hansen som ikkje når fram. Ørlund les spelet godt - og held ballen!
23'
Hansen aleine gjennom, men på feil side av forsvaret - i følgje linjemann. Offside.
22'
Winsnes slår inn i feltet, men keeper Udjus held ballen.
22'
Henriksen driv framover, og blir dytta i bakken av Kader. Frispark.
21'
Rot i Sogndal-forsvaret. Prica jaktar eit tilbakespel, men Udjus får akkurat avklart.
19'
RBK med sin beste sjanse i kampen. Lang ball mot Prica som spissen nikkar tilbake i feltet. Der er Moldskred på halv volley - men skotet går utanfor!
18'
Kader kjem seg rundt på venstrekanten, og Hansen er nære frampå for Sogndal, men keeper er nede og held ballen.
17'
Prica vil ha straffe, men dommar Sælen vinkar spelet vidare.
16'
Halvorsen driv framover, og Bakke får etterkvart ballen. Han skyt - utanfor!
15'
Åsen slår inn frå venstre, men innlegget går over alle og til utspark frå målet til Udjus.
14'
Fin sjanse for Sogndal! Solheim kjem seg fri på høgrekanten, og han slår hardt inn i feltet. Der er keeper på rett plass og avklarar.
13'
Prica prøver å finne Svensson på løp, men keeper Udjus plukkar lett.
11'
Henriksen skyt frå 35 meter, men skotet blir blokkert.
11'
Fint Sogndal-angrep. Ballen går ut til Solheim som legg inn frå høgre. Keepermat.
10'
Sogndal ligg med mange spelarar bak ballen, og det er vanskeleg å spele seg gjennom muren med fem forsvarsspelarar.
10'
RBK prøver å sette tempo i pasningspelet sitt. Denne gongen gikk det fort raskt for dei sjølve, og vertane får kontroll i eige felt.
8'
Han slår inn, men Bakke avklarar. Sogndal kan kontre, og Halvorsen prøver å finne Hansen på løp. Keeper Ørlund les spelet godt, og ryddar opp.
8'
Hands på Hansen, og RBK får frispark i fin posisjon, utanfor kanten av sekstenmeteren. Winsnes skal slå inn.
6'
Frispark til gjestene på eigen banehalvdel. Keeper tek det.
6'
Winsnes prøver å finne Prica inne i feltet, men ballen går heilt inn til Udjus.
4'
RBK har opna best dei første minutta.
3'
Åsen slår inn frå venstrekanten, men ballen går over heile feltet.
2'
Hjørnespark
Bakke avklarar.
2'
Han slår inn, men Elvis avklarar.
1'
Winsnes får frispark i duell mot Elvis. Samme mann tek frisparket.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Eit minutts stillheit, og laga står i felles ring i midtsirkelen.
Laga på veg ut på bana, og publikum reiser seg!
Spelarane er i full gang med oppvarming. Sol, vindstille og tilskodarane strøymer til stadion. Det nærmar seg kampstart i Sogndal!
Sogndal har viktige Even Hovland ute med skade, men får tilbake Eivind Daniel Røed, Eirik Bakke og Henrik Furebotn til denne kampen. I tillegg har dei Tore Andrè Flo i bakhand, som ventar på sin debut for klubben.
Hos Sogndal er Ole Jørgen Halvorsen toppscorar med fire mål. Hos RBK er Rade Prica mestscorande, med sine åtte fulltreffarar.
Sogndal er det laget i Tippeligen med tettast forsvar. Til no i sesongen har det berre blitt 16 baklengsmål. Seks av desse kom dei to første serierundene, og trenar Harald Aabrekk la om til fem mann i forsvar kampen etter - som har gitt gode resultat dei siste 13 kampane. Laget slit framleis framover på bana, og har berre scora ti mål - minst av alle laga i divisjonen.
Rosenborg er inne i ein svak periode, og har tre strake tap på sine tre siste kampar. Breidablik, Stabæk, og Viktoria Plzn har alle blitt for sterke for RBK, og laget treng sårt tre poeng mot Sogndal i dag.
Før kveldens kamp er Rosenborg på niandeplass på tabellen. På bortebane har trønderane to sigrar, tre uavgjort og tre tap. Sogndal er nest sist med 15 poeng, sju poeng opp til dagens motstandar. På heimebane har Sogndal tre sigrar, to uavgjorte og tre tap.
Rosenborg kjem til Fosshaugane for første gong sidan 2004. Den gongen enda kampen 3-3. Dei siste tre oppgjera mellom desse laga har dermed enda med poengdeling. I 2003 enda det 1-1, medan kampen i 2002 vart 2-2.
Velkommen til Sogndal - Rosenborg frå Fosshaugane Campus!