Referat
Kun høydepunkter
Veldig fortent siger til Rosenborg dette. Trønderane imponerar ikkje så mykje offansivt, men det er solid det dei gjer og utanom det første kvarteret så har dei full kontroll på Sogndal. Med det så er Rosenborg framleis på 4.plass. Berre tre poeng bak Molde som dei møter heime i neste kamp. Sogndal framleis på kvalikk og neste kamp mot Lillestrøm vert viktig i botnstriden.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Skal være glad han slepp gult der dansken.
90+4'
Brochmann blir tatt og dette nok meir frispark enn sist, men no lar ikkje Berntsen seg lure.
90+3'
Dette drar nok Rosenborg i havn. Har god kontroll og Sogndal er veldig slitne.
90+1'
Rosenborg flinke til å halde i ballen. Skapar derimot ikkje så mykje no.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Plutselig skapar Sogndal noko. Hopen skyt frå 20 meter, men Lund Hansen held.
90'
Rosenborg får klarert.
90'
Nytt frispark til Sogndal, men denne gang på midten. Skal slås opp.
89'
Knallhardt og Lund Hansen må gje retur. Nære at ein spelar er på returen. Farlig!
88'
Frisparket rett framfor Lund Hansen.
88'
Frispark blir det og dette er ein god sjanse for Sogndal.
88'
Frisaprk til Sogndal på 20 meter. Ser ut Brochmann falt lett der. Strandberg veldig sint.
85'
Rosenborg har grei kontroll på dette, men det er framleis eplesaft i sogndalbeina så trøndarane bør ikkje slappe av endå.
83'
Sogndal får klarert.
80'
Flo med eit skot, men det vert enkelt for Lund Hansen.
80'
Endå ein danske inn. Denne gongen skadeforfulgte Brochmann.
79'
Nickie Bille flørta i fjor med Tone Amli Åberge under kampen på Fosshaugene Campus. No er Tone vorte nybakt mor. Vi nyttar høvet til å gratulere. Bille er ikkje faren.
79'
Den mykje omtale dansken kjem inn.
78'
12 minutt igjen og frameis 2-1. Sjølv om Rosenborg har kontroll så skal det berre ein tilfeldigheit til før vi har uavgjort. mest sannsynleg er det derimot at Rbk skal score. Grei kontroll på kampen trønderane.
77'
No skjer det særs lite. Kampbilete er at Rosenborg held på ball, mens Sogndal slår langt opp og så spring Otoo og Flo. Rosenborg sin firar bak har derimot god kontroll på desse to.
72'
God overgangsmoglegheit for Rbk. Kan komme 4 mot 2, men pasningane kjem for seint og er upresise.
71'
Er nok slike sjansar Songdal må ta betre vare på for i banespelet er Rbk overlegne no.
71'
Skyt like utafor, men den har Lund Hansen grei kontroll på.
70'
Hopen som skal skyte. Har bra trøkk i venstreslegga han.
70'
Sogndal får frispark på ca 25.meter.
69'
Fine kombinasjonar av Rosenborg, men den siste pasningen sitt liksom ikkje for trønderane.
68'
Sogndal slår mest langt på måfå no og Rbk har relativt god kontroll. Men det står berre 2-1 framleis så dette er game-on.
67'
Dårlig av Rbk-stjerna som ellers har vore god i dag.
67'
Gamst med eit elendig forsøk. Ei lompe midt i muren.
66'
Dette er ein god sjans for Rbk.
66'
Fint spel av Rosenborg og Hopen feller Diskerud på 17 meter.
65'
Nei. Haugen er oppe igjen.
65'
Haugen nede med skade. Må Sogndal gjere endå eit byte?
65'
Sogndal står framleis høgt, men Rosenborg har meir kontroll på pasningsspelet sitt no. Blir 25 interesante minutt no på slutten.
64'
Er vel eit kast til Sogndal der, men Gamsten er rutinert. Tek ballen og kastar. Det fungerar som regel.
62'
Nye inderløparar som skal inn å springe for Sogndal.
60'
Lang ball mot Otoo som er raskare enn Strandberg, men Rbk-spelaren er lurog stenger Otoo. Rutinert av Strandberg der.
58'
Like etterpå var Rosenborg nære på å komme sg igjennom på ei kontring.
58'
Brassescoring i Ålesund i dag og her kunne det ha komme eit til.
57'
For ein sjanse for Sogndal! Klabb og babb i feltet. Otoo prøver seg på eit brassespark som går i tverra!
56'
Innakst til Sogndal nede ved hjørneflagget.
56'
Lang ball opp mot Otoo som er igjennom, men Strandberg er i ryggen hans. Otoo vel å ikkje prøve å legge seg for å få straffe og mistar ballen ut over sidelinja.
55'
Då skal det nok bli vanskelig for Sogndal.
53'
Langt frispark frå Utvik, men Lund Hansen er sikkert ute og plukkar.
52'
Rosenborg med mest ball så langt i denne omgangen. Sogndal kjempar, men det verkar som Rbk får meir og meir kontroll.
51'
Rosenborg spelar seg ut og det går såvidt mot hissige sogndalspelarar. Når ballen først har komme opp i midtbaneleddet er Sogndal litt i manko av spelarar og då blir det farlig andre vegen. Søderlund klarar ikkje å få ballen vidare og då renn Rbk sin moglegheit ut i sanden.
49'
Godt innlegg og Jensen avsluttar på volley. Dessverre for trønderane eit stykke over.
49'
Gamst med lekker detalj der han vippar ballen over ein sogndalspelar og tar den ned på den andre sida.
48'
Utvik kastar like langt som Teniste og då blir det ofte farlig. Denne gong får Rbk klarert.
47'
Blir corner etter klarering av Strandberg.
47'
Kaos i feltet og Dorsin klarerar til nytt innkast.
46'
Lang ball mot Otoo som krigar seg til eit innkast.
46'
Sogndal med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal best første 15 minutta og leia fortent 1-0 etter ei scoring på corner. Så var det 15 daue minutt før Rbk redusert til 1-1 etter eit innkast. Dei siste 15 minutta var det spel mot eit mål og det var Sogndal sitt. Blir spennande å sjå korleis 2.omgangen vil utarte seg.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
44'
Sogndal får frispark og Søderlund er særs misfornøgd. Såg litt billig ut og.
44'
Innkast til Rosenborg ved Sogndal sitt hjørneflagg. Utruleg mange innkast i denne kampen.
43'
Vel og merke ein pannelugg Gamst har lagt mykje arbeid i.
42'
Riski legg in til Gamst som kjem seg framfor Sogndal sitt forsvar. På 5 meter stryk ballen panneluggen hans.
42'
Bana har nok ikkje vorte vatna så godt i dag og ballen får ikkje nokon særleg stuss. Dette er det både fordelar og ulemper med.
41'
Rosenborg best no og Sogndal gledar seg nok til pause.
40'
lenge sidan sist sogndalsjanse no. Rosenborg styrer det meste.
39'
Dahlin har sola rett i ansiktet og til 2.omgang vil nok denne sola gå ned slik at Lund Hanse slepp dette problemet.
38'
Rosenborg best no, men klarar ikkje å skape noko utanom på dødball. Rett nok har dei sjansane vore store.
37'
Enorm sjanse for Reginiussen. Teljefeil i Sogndal sitt forsvar og Rosenborg sin kaptein får stå heilt åleine. Ein enorm prestasjon å ikkje treffe mål der av Reginiussen.
36'
Gamst står klar.
36'
Stephensen i ryggen på Søderlund og frispark til Rbk i farleg posisjon.
35'
Begge måla etter dødball. Rosenborg faktisk det laget som har produsert minst i åpent spel.
34'
Rosenborg prøver å spele seg ut Sogndal bryt nesten. Svensson får frispark etter at Otoo såvidt kakkar han litt på leggen.
32'
Riski stel ballen frå frå Stephensen, men i duellen etterpå gjer Stephensen det same. Kunne blitt ein god sjanse for Rosenborg.
31'
Rosenborg skapar tre sjansar på to minutt. Eit av dei enda i mål.
29'
Enorm sjanse for Rbk. Sogndal ligg høgt og Jensen driv gjennom. Slår til Søderlund som er åleine med Dahlin. Svensken kjem ut og får redda. men der burde det stått 1-2.
28'
Rbk med innkast høgt i bana.
27'
Rosenborg spelar og spelar, men Sogndal er som små ilerar rundt beina deiras. Vanskeleg for Rbk no.
26'
Like før var Otoo centimetera frå å spele igjennom Flo, men ein god Reginiussen klarte å stange vekk ballen.
25'
Diskerud med skot men ballen går høgt over. Tross alt det nermaste Rbk har vore i denne omgangen.
24'
Rosenborg med mykje ball no, men Sogndal er i beina på dei heile tida og gjer det vanskeleg.
22'
Halvspelt første omgang og Rosenborg har endå ikkje produsert ein sjanse. Svakt av trønderane, men og skryt til Sogndal.
22'
Igjen er Strandberg i ryggen. denne gongen på Bolseth. Berntsen har lagt lista høgt og bles ikkje.
21'
Sogndal framleis med høgt press og Rbk virkar rysta.
21'
Der blir nok Sogndal snytt for eit frispark på 16-meter. Stranberg alt for hard i ein duell med Flo.
19'
Petter Strand med ei dragning i Zidane-klassen. Imponerande av ungguten frå Bergen som har vore svært god denne sesongen for Sogndal.
18'
Jamnare her no etter at Sogndal var klart best dei fyrste 10 minutta.
16'
Sist gong Sogndal slo Rosenborg var i 1998.
15'
Både Utvik og Søderlund er frå Haugesund så i kveld får vi ein sildaduell mellom dei to.
14'
Søderlung i ryggen på Utvik og Sogndal får eit litt billig frispark. Søderlund ikkje fornøgd.
13'
Diskerud prøver å spele gjennom Riski, men pasningen er forferdelig. Kan Rosenborg ha problem med kunstraset?
12'
Flo med skot frå 25 meter, men den går rett på Lund Hansen.
12'
Sogndal med ein glimrande start og Rosenborg har store problem med å spele seg igjennom samtidig som dei slit kraftig med kontringane til Sogndal.
11'
Så er Lund Hansen ute og klarerar rett i beina til Otoo som prøver ein volley frå 40-meter. Går eit sykke utafor.
11'
Otoo drar ein tunnel på Stranberg og år i bakken, men ingen straffe. Heilt rett då Stranberg ikkje gjorde noko galt.
10'
Akkurat no så er det veldig lite som stemmer for Rosenborg.
9'
Då har Sogndal fått kampen akkurat slik dei vil. Rosenborg styrer spelet og sogningane kan ligge å kontre.
9'
Sålangt veldig fortent av Sogndal leiar.
7'
God sjanse for Ulrik Flo. Skyt via Stranberg til corner.
6'
Der får Rbk klarert.
5'
God sjanse for Sogndal og dei vinn endå eit innkast.
5'
Rosenborg får klarert, men Songdal bit seg fast.
4'
Blir småfarlig og Sogndal vinn eit nytt innkast.
4'
Innkast til Sogndal på høgd med Rosenborg sin 16-meter.
4'
Litt fram og tilbake dei fyrste minutta. Ingen av laga har fått nokon kontroll.
3'
Jonas Svensson no høgreback siden Gamboa er ute for Rosenborg. Ser ut som unguten klarar seg bra sjølv om det er ein uvant posisjon.
2'
Sogndal med høgt press og Rosenborg slår ein del langt i starten.
1'
Då er vi i gang og Rosenborg har tatt avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana. Sola skin frå ein nesten skyfri himmel og stolane på Fosshaugane har ikkje vore så godt fylt opp i år som dei er i dag. Alt ligg til rette for ein fin kveld med fotball frå saftbygda inne i Sognefjorden.
Laga er ute og varmar opp. Om ca. 30 minutt er vi klare for den 5.tippeligarunden frå Fosshaugane Campus.
Vi må tilbake til 30.juli 2011 for å finne siste mål Sogndal scora på Rosenborg i Sogndal. Då ordna Ole Hørgen Halvorsen ei sein utlikning og uavgjort 1-1 mot trønderane.
Sol og ca. 10 grader i Sogndal. Ein fin dag for fotball.
For sogningane får ein berre innsjå at ein ikkje har så godt tak på Rosenborg, men ein har iallefall ein litt betre taktikk her i Sogndal enn i Trondheim. På dei 15 siste oppgjera på Lerkendal har Sogndal klart ein uavgjort og resten har enda i tap.
Dei to siste oppgjera mellom Sogndal og Rosenborg på Fosshaugane har enda 0-4 og 0-3. Trønderane håpar nok dette gjentar seg i dagens kamp i saftbygda.
Før dagens kamp ligg Sogndal på kvalikk, men med siger kan dei gå opp på 11.plass. Rosenborg ligg på 4.plass og bør få ein siger i dag om ikkje dei andre topplaga skal få ei luke til dei sigersvante trønderane.
Tidlegare møter mellom desse laga har for det meste enda i trøndarane sin favør, men uavgjort er også eit hyppig utfall på Fosshaugane. 2-6-7 er fasiten på kampane dei har spela dei siste 30 åra.
For Sogndal har Taijo Teniste gått ut, mens Eirik Skaasheim har komme inn. Mulig det er ein skade på den gode estlendaren til Sogndal. Heilt klart at Sogndal kjem til å sakne dei lange innkasta hans i dagens kamp.
Då er vi klar med laga frå Fosshaugane Campus og vi ser at Rosenborg har litt endringar frå sist kamp. Skjelvik ut Dorsin inn frå start. Daniel Berntsen har og gått ut og inn har Selnæs kommen. Ellers er det dei samme som banka Brann 5-2 for fire dagar sidan.
Grunna tett kampprogram er det venta endringar på Rosenborg sitt lag i dag. Og som vi ser av troppen har klubben godt av spelarar å ta av. Akkurat kva endringar Rosenborg gjer trur eg vi må vente til litt nermare kampstart for å sjå. Hugs at denne kampen byrjar kl 1900. Ein liten time før er vi klare med laga frå Fosshaugane Campus.
Dette er troppen til Rosenborg: Daniel Örlund, Mikael Dorsin, Tore Reginiussen, Mike Jensen, Morten Gamst Pedersen, Riku Riski, John Chibuike, Tobias Mikkelsen, Alexander Lund Hansen, Nicki Bille, Alexander Søderlund, Jørgen Skjelvik, Daniel Berntsen, Ole Selnæs, Jonas Svensson, Pål André Helland, Stefan Strandberg, Mix
For Sogndal var det håp om at Azar Karadas skulle komme tilbake frå skade, men eidaren vert ute ei veke til. Hannu Patronen står og over dagens kamp for heimelaget. Stjerneskotet Petter Strand slit også, men ein reknar med at Sogndal stiller med det same laget som slo Haugesund.
Begge desse laga kjem med sjølvtillit til dagens kamp. Sogndal grunna ein veldig sterk bortesiger i Haugesund. Heile 3-0 vann sogningane. Rosenborg starta dårleg, men køyrde til slutt over botnlaget Brann. Til slutt stod det 5-2 på resutlattavla på Lerkendal.
Då vil vi få ynskje velkomne til den 5.sereirunden i Tippeligaen og kampen mellom Sogndal og Rosenborg frå Fosshaugane Campus.