Referat
Kun høydepunkter
Rosenborg gjer jobben i saftbygda, men ikkje meir. Trønderane viser kvalitet ved tre høve og ved alle dei vart det mål. Sogndal gjer ein god kamp, men i dag er dei for lite giftige i boksen til at dette kunne bli ein spanande kamp. Avslutningstatisitikken vår viser 11-9 til heimelaget. Sogndal hadde 4 av desse på mål, mens Rosenborg hadde 5 på mål.
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+2'
Sogndal rullar fint opp, men som vanleg i dag i dag stoppar det opp i boks.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Pliktløp no for Rosenborg, mens Kjernen syng 'å hei, å hei, å hei, hei hå'.
87'
Krampe på Kjemhus. Løpt mykje i dag bergensaren.
86'
4507 tilskodarar i dag.
83'
Schulze med skot frå 16 meteren. Går ein liten meter over.
80'
Då blir det nok med å forhindre eit større tap for Sogndal dei siste ti minutta.
80'
Svært streng linje på kort i dag frå Saggi. Etter mi meining så er ingen av korta i dag riktige.
77'
Innlegg til Bye avsluttar utanfor. Vore frisk Bye etter at han kom inn.
75'
Sogndal heva seg eit hakk nok, men samtidig opnar det seg mykje meir opp for rosenborgkontringar. Tippar vi får eit mål til her i dag.
74'
Kjemhus driv inn i feltet og fintar vekk tre rosenborgspelarar. Avslutninga blir blokkert på strek og Sogndal vinn ein corner.
74'
Enorm sjanse for Sogndal!
73'
Koomson stormar frå Gersbach som er rutinert og dyttar Koomson litt. Så lite at det blir for enkelt for at det skal bli dømt straffespark.
66'
Koomson dreg seg fri på kant. Legg 45 grader ut. Der kjem Birkleund og sender ballen i stolpen. Margingane mot sogningane her no.
66'
'Reginiussen, du er ein kylling' høyrer vi ein kar ropa. Vitnar vel litt om kor stille det er på Stadion no og.
61'
Koomson er oppe på beina igjen.
61'
Koomson ligg nede med det som ser ut som ei skade i kneet.
60'
Så er det RBK som er frampå igjen. Rashani dreg nokre fine finter på kant og legg inn. Der får til slutt Sogndal klarert.
60'
Langt kast frå Teniste osm Østbø missar. Ingen sogndalspelarar er framme for å straffe keeperen.
58'
Då skal det nok verte hardt for Sogndal å komme tilbake, men vi hugsar og at RBK i sin siste bortekamp leia 2-0 mot Kristiansund. Det enda 3-3.
58'
Sogndal går over til 4-4-2.
53'
Koomson med skot frå 25 meter. Går nokre meter over målet til Østbø.
52'
RBK har tatt grep om denne omgangen.
51'
Stor sjanse for RBK! Spelar seg fint gjennom Sogndal sitt forsvar. Jenssen kan avslutte sjølv frå sju meter, men dyttar til Rashani som skyt rett på Dyngeland. Der bør innbyttaren score.
50'
Lite samhandling Sogndal sitt angrep og. Schulze slår opp på Ramsland som stikk i bakrom. Då blir det enkelt for Skjelvik.
47'
Sogndal med avspark, men RBK etabelerar fort spel inne på heimelaget sin halvdel. Lundemo med ei pasning som går rett ut over dødlinja. Slit litt med samhandlinga trønderane.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Rosenborg går til pause med ei eittmålsleiing etter scoring av toppscorar Jevtovic. Heilt jamn mellom laga i denne omgangen der Sogndal til tider har hatt initiativet. Heilt open kamp sjølv som Sogndal slit med å skape noko framfor Østbø.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
44'
Koomson dreg seg innover og Gersbach står i vegen. Heimepublikum skrik på frispark, men Saggi vinkar spelet vidare. Såg greitt ut det då Koomson fall svært lett sjølv om det var kontakt.
40'
Sogndal frampå. Kjemhus med innlegg, men østbø er ute og snappar.
37'
Hedenstad i muren før Jevtovic avsluttar langt utanfor.
36'
Fleire som har lyst å ta dette.
35'
Frispark til RBK på 18 meter, rett framfor mål.
35'
Rosenborg fullstendig dominerande no. Mange fine kombinasjonar høgt i bana.
33'
RBk held fram. Flott innlegg frå Jenssen som Næss Lund må gi til corner.
30'
Sogndal klart gifitgast dei siste ti minutta.
30'
Kaos i feltet etter innkastet. Steiring får til slutt avslutta, men utanfor.
29'
Sogndal held oppe presset etter frisparket. Schulze finn nesten Ramsland i boks og Sogndal vinn eit kast.
28'
I muren.
28'
Koomson står klar.
28'
Frispark til Sogndal på 20 meter etter at Skjelvik er litt tøft inne i ryggen på Ramsland. Såg lit billig ut.
27'
Lundemo med skot frå litt over 20 meter. Ca. fem meter over. Skal ha for forsøket.
25'
Innlegg frå Kjemhus som Ramsland headar sju meter utanfor.
24'
Innlegg frå Jenssen som Dyngeland må fiste til corner.
22'
0-6 i bortelagetsfavør når det gjeld antal supporterar i bar overkropp.
20'
Lang ball opp og etter fleire duellar dett ballen ned på 20 meter til Steiring. Han viser at han er midtstoppar og klarerar ballen ti meter over.
19'
Gersbach riv og slit i Ramsland mitt på bana. Sogndal vinn eit frispark.
17'
Slurv i Rosenborgforsvaret. Reginiussen sender ballen rett over dødlinja i eit pasningsforsøk til Gersbach. Må opp eit hakk nok trønderane.
14'
Dagens første avslutning. Teniste kombinerar fint på kant og dreg seg inn i feltet og smeller til. Mulig det er eit innlegg, men det går iallefall rett på Østbø.
11'
Trillar ball i det bakre leddet no Sogndal. RBK pressar rundt midtstreken.
11'
Jamnare enn kva ein skulle tru her i starten. Ingen sjansar til nokon av laga og i banespelet har det og vore jamnt. Sogndal fullt på høgd med serieleiaren.
7'
Frispark til Sogndal seier dommar Saggi.
7'
Nytt frispark til RBK som Hedestad skal curle innover.
6'
God stemning frå begge supporterleirar så langt. Bluss og nesten tyrkiastemning kan vår utegåande reportar Kristian Haugen rapportere frå midt inni Saftkokarane.
5'
Steiring stangar ut.
5'
Frispark til RBK frå kant. Hedenstad skal legge inn.
4'
Teniste og Koomson med fine kombinsajonar på høgre og er nære på å bryta gjennom Rosenborg sitt forsvar. Gode tendensar der frå heimelaget.
3'
Langt kast inn i RBK sitt feltet, men trønderane får enkelt klarert.
2'
Lang ball inn i feltet og litt komunikasjonsproblem mellom Dyngeland og Næss Lund. Ingen rosenborgspelarar er derimot på for å utnytte situasjonen.
1'
RBK med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Kjernen stiller mannsterkt og fyller opp nesten heile bortesupporterfeltet i dag.
Rosenborg med godt tak på Sogndal i saftbygda. Dei 17 siste oppgjera har enda med to heimesigrar, sju uavgjorte og heile åtte gonger har trønderane tatt med seg dei tre poenga heim til Lerkendal.
Flotte forhold i Sogndal i dag. Ca. 20 grader, lettskya og bra med folk på stadion. Alt ligg til rette for ei god fotballoppleving frå Fosshaugane Campus.
Det blir og spanande å sjå kven Kåre Ingebrigtsen sender utpå i dag med tanke på det tette kampprogrammet som kjem for trønderane som jagar europasuksess. Pål Andre Helland er i alle fall ute etter strekkskaden han fekk mot Dundalk, men elles har jo Ingebrigtsen ein relativt stor stall å velje i. Ca. ein time før kampstart er vi tilbake og gjev deg svar på akkurat dette. Vel møtt!
Kjetil Wæhler måtte ut med skade mot Viking og er ikkje klar til dagens kamp. Den rutinerte stopparen er særs viktig for Sogndal. Sidan han kom til bygda har Sogndal endå ikkje tapt ein kamp med han på bana. I tillegg har 7 av Sogndal sine 11 baklengs i same periode komme, mens Wæhler har vore ute, deriblant dei tre sogningane fekk i sekken på Lerkendal. Heilt klart at Bakke kjem til å sakne ringreven.
Desse laga møttes for berre tre veker sidan i Trondheim. Då vann Rosenborg 3-0 etter ti magiske minutt der Vilhjalmsson først gav trønderane leiinga før Jevtovic sette to kjappe bak landslagskeeper Dyngeland.
Sogndal har berre seriespel å tenkje på, men kvar kamp vert nok som ein cupfinale for sogningane som balanserar like over nedrykkstreken. Derimot er Eliteserien så tett i år at med siger i dag så vil Sogndal for ein kort periode innta 6.plassen. Sist vart det 1-1 i Stavanger for sogningane og før det nedkjempa dei Aalesund med 1-0 på Fosshaugane.
Rosenborg har eit knalltøft program med både Eliteserie og kvalifisering i Europa om dagen. Sist helg vann trønderane 5-1 mot Sandefjord og på onsdag fekk dei med seg 1-1 mot Dundalk frå Irland. Gode resultat, men spelemessig var ikkje trønderane på topp i nokon av oppgjera.
Hei og velkomne til den fyrste kampen i den 17.serierunden i årets Eliteserie. Dagens kamp frå Fosshaugane er mellom serieleiar Rosenborg og heimelaget Sogndal som ligg på 11.plass.