TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Mykje kreditt til supporterane frå Trondheim som syng nesten kontinuerleg gjennom 90 minutt.
Rosenborg vinn heilt fortjent i kulden i Sogn. Det var jamnt i 30 minutt, men frå der av og inn var det eit lag på bana. I 2.omgang heva Sogndalseg litt, men det var nok meir at trønderane sette på cruise-controllen og kjørte med det inn i vårnatta med sin andre 4-0 siger på rad.
Kamp slutt Slutt (0-4)
90+5'
Mest ivirge no er supporterane frå trøndelag. Dei andre ventar på at vi skal bli ferdige.
90+5'
Mane driblar seg ut over sidelinja.
90+3'
Lagt til 4 min.
90+2'
Hjørnespark
Reginiussen klarerar.
90+1'
Sogndal med nokon spede forsøk på slutten, men framleis er det RBK som har ballen mest.
88'
Karadas med nytt forsøk mot gamleklubben men utafor. Rosenborgsupporterane jublar ironisk mot sin gamle helt.
87'
Dei fleste av desse på veg heim no. Ikkje vits å frysa meir enn ein må.
87'
3154 på dagens kamp.
86'
Ny stor sjanse til Sogndal og igjen er det Karadas som er delaktig. Når nesten fram på innlegget frå Bolseth.
85'
Rosenborg trillar ball og verkar nøgde. Det har dei all grunn til.
83'
Ganske synonymt med kampen at Songdal ikkje får mål der.
82'
Utrulig at det ikkje vert mål til Sogndal. Teniste kastar og Karadas stussar på mål. Der kjem Bolseth og skal barre nikke ballen inn. Men ligg plutselig Dorsin og reddar med kroppen.
81'
Spillerbytte
81'
Sogndal med eit visst trykk på RBK utan å komme til dei store sjansane. Kast no ved Teniste.
79'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Mål!
0-4
Sogndal mistar ballen heilt unødvendig etter at Valsvik set Flo i ein vanskelig situasjon. Rosenborg kontrar og rullar opp med mange fleire mann en Sogndal. Utrulig enkelt og utrulig bra kontring av RBK.
73'
Hjørnespark
Klarert ut i feltet og der skyt Stamnestrø like utafor. Kunne blitt ein draumedebut.
71'
Spillerbytte
71'
Skot frå Sagna, men ein 2-3 meter over målet til Lund Hansen.
71'
Nytt kast til Sogndal. Same plass.
70'
Sogndal får rydda unna.
70'
RBK klarer og kjem på kontring.
70'
Innkast til Sogndal på høgde med RBK sin femmeter.
68'
Like etter set Santos ballen i mål, men det var dømt offside.
67'
Sogndal sin fyrste store sjanse. Bolseth driv igjennom heile rosenborgforsvaret, men Reginiussen får blokkert skotet frå fem meter.
66'
Sogndal litt meir med i kampen no. Rosenborg har senka presset og sogningane får til fleire trekk. Men i den avgjerande fasen er det framleis feilpasningane som florerar.
65'
Rosenborg utrulig sterke dette året. Underteikna har ikkje sett dei så gode på over ti år. 'Perry' har virkelig fått dreis på det gamle meisterlaget frå trøndelag. Sjølv om det er tidlig å konkludera så får ein vel sei at det er bra at ikkje supporterane i Trondheim fekk velje trenar i vinter.
63'
Lite som skjer akkurat no. Rosenborg har god kontroll og trillar ball. Sogndal prøver men kampen mot overmakta vert som regel for stor.
60'
Glimrande takling av Patronen i den situasjonen.
59'
Mix spelar glimrande gjennom Bille Nielsen. Patronen blir løpt frå, men klarar å takle reint på ball bakfrå like før dansken skal fyre av.
57'
Teniste går ned på back og Mane spelar høgre kant.
57'
Spillerbytte
56'
God sjanse i frmakant av corneren. Igjen spelar Rosenborg seg lett gjennom og Dockal skyt frå åtte meter via ein sogndøl og til corner.
55'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
52'
Enorm sjanse for Bille Nielsen. Sogndal ofrar for mykje framover og Rbk kjem på overgang. Bille Nielsen blir tredd igjennom og spring frå Flo. Åleine med Dahlin set han ballen 10 cm utafor.
52'
Desto kjekkare å være rosenborgspelar. Tarik med fleire vartar opp med herlege hælspark og lekre kombinasjonar.
50'
Sogndal får til to til tre pasningar før Rosenborg bryt. Når så Rosenborg held ballen i laget i 20-30 blir det vanskelig å vere sogndalspelar.
49'
men meir guts i sogningane no og me får sjå kor lenge det held.
48'
Rosenborg framleis veldig gode i pasningspelet og Sogndal vert springane mellom.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Kaldt på tribunane i Sogndal. Sjølv om me er i april er det framleis ikkje kjekt å gå på kamp når det gjeld temepratur.
Laga på veg inn på bana. Mane skal inn for Holsæter som langt i frå har vore den dårlegaste på Sogndal.
Dermed er kampen så godt som avgjort. At Sogndal skal komme tilbake her er like sannsynleg osm at tidelgare nemnte Veitestrond skal verta fylket sitt flaggskip på fotballsida.
Katastrofal avlutning for Sogndal og ditto fantastisk for Rosenborg. Egentlig eit heilt greitt resultat med tanke på at Rosenborg hadde ballen 14 av dei siste minuttane. Og dette er ikkje overdrivelse! Trønderane har vore utrulig gode og spesielt Christian Gamboa er eit angrep i seg sjølv på høgrebacken.
Slutt 1. omgang Pause (0-3)
45+1'
Mål!
0-3
Rosenborg trykkjer på og Tarik får avslutta frå 10 meter i tverrliggar. På returen er Svensson og trillar inn det tredje målet for trønderane.
45'
Mål!
0-2
Pistolmannen slår til like før pause. Tarik skyt via ein sogndalspelar slik at ballen får ein høg boge inn i feltet. Dansken luktar sitasjonen og kjem høgare enn Dahlin. Godt lukta av ein klassespiss.
43'
Hjørnespark
Kort corner. Endar i at Mikkelsen rotar ballen ut over kortlinja.
42'
Sogndal slit kraftig og klarer ikkje halde ballen i laget mot agressive trønderar.
40'
Utruligat det ikkje blir mål til Rosenborg. Powerplayet held fram og det er berre millimeterar før Mikkelsen gjer sitt andre. God ingripen av Dahlin som kastar seg i beina på dansken.
39'
Rosenborg med power-play! SKapar ikkje nokon store sjanar, men styrer alt på Fosshaugane no. Sogndal får ikkje låne ballen.
36'
Rosenborg med flotte angrepstrekk. Spesielt Gamboa har vore god i dag.
35'
Fleire gode moglegheitar til Sogndal, men ingen av dei på mål. Først får Santos vendt opp, men på volleyforsøk frå fem meter bommar han på ballen. Etterpå prøver Ulrik Flo seg på brassespark frå 16-meteren. Det gjekk ikkje så bra. Kanskje dei to skulle bytt rollar?
34'
Teniste med langt innkast no.
34'
Innlegg frå Rosenborg som Bille Nielsen får stanga på mål. Dahlin fangar ballen greitt, men ny god sjasne for Rbk.
33'
Patronen klarer, men berre ut igjen til Mikkelsen.
33'
Rosenborg som styer no. Farligfrispark som Mikkelsen skal slå inn i feltet.
31'
Mål!
0-1
Per Egil Flo vinn først duellen mot Svensson, men trønderen kjempar seg tilbake og stjel ballen. Avvanserer inn i feltet og legg tversover til dansken Mikkelsen som breisidar ballen i mål upressa frå sju meter. Godt jobba Svensson som har vore god i dag.
29'
Hjørnespark
Valsvik klarerar.
29'
Kampen står litt og vippar. Rosenborg er best og styrer spelet. Sogndal får nokon gode overgangar, men klarer ikkje å utnytte dei. Vi får nok eit mål, men til kven er heilt uvisst. Den som tek vare på sjansane sine vil gå sigrane ut her i kveld.
26'
10 meter over. Det der har han ikkje lært på Copacabana.
26'
Sagna vinn ein duell og nikkar til Santos. Brasilianaren dempar på kassa og skyt!
25'
Hjørnespark
Blir ingenting ut av corneren og Dahlin har no ballen i sin lune favn.
25'
Men så kjem Rosenborg på ein overgang og får seg ein corner.
24'
Glimrande forsvarsspel av Valsvik. Bryt framfor Tarik før han tek med seg ballen og slår tunnel på Diskerud. Sogndal vinn innkast.
23'
Feil frå Rønning som gjer at Sogndal kan bryte inne på Rosenborg sin banehalvdel. Sogningane klarer derimot ikkje å få noko ut av overgangen.
21'
Bra sjanse for Rosenborg. Tarik får fritt leide i mellomrommet og driv oppover. Spelar til Bille Nielsen, men avslutninga hans går utafor.
20'
God allsong frå rosenborgsupporerane no. Mange vokalar.
19'
Innlegg frå Teniste som sprett over Gamboa og til Ulrik Flo. Avslutningane vert dessverre for sogningane alt for laus og Lund Hansen fangar lett.
17'
Gamboa, Mikkelsen og Svensson har begynt bra og venstresida til Sogndal får kjørt seg.
16'
Rosenborg er det førande laget og kampen står litt og vippar. Sogndal ikkje ufarlege på kontringar.
14'
Dorsin skyt over! Dårlig utnyttelse av ein god sjanse der for Rosenborg.
14'
Dorsin, Tarik eller Jensen...
14'
Dette blir farlig...
14'
Gamboa forsverar 50 meter framover og ingen klarar å stoppe han. Til slutt må Valsvik lage frispark på 20 meter.
12'
Etter at Rosenborg var det klart beste laget dei første minuttane har Sogndal no komme meir med.
12'
Frispark til Sogndal, men Rosenborg kontrar. Nemnte Holsæter stoppar Mikkelsen reint og får til og med eit innkast. Denne innsatsen likar heimepublikumet.
10'
Gult kort
Holsæter på veg framover og Svensson hektar han.
9'
Hjørnespark
Ulrik Flo stangar ballen ut.
8'
Mange lange ballar mot Flo og Santos til å begynne med. RBK pressar høgt og har gjort det vanskelig for Sogndal å få til noko spel.
7'
Santos med skot frå 22 meter, men det går over og utafor buret til Lund Hansen. Ufarleg.
6'
Litt klabb og babb i feltet, men Sogndal får klarert.
5'
Allereie eit par små farlegheitar til Rosenborg. Innkast på høgd med 5-meteren til Sogndal no.
5'
Sogndal ligg lågt og det er nok RBK som kjem til å styre det meste av banespelet i dag.
2'
Rar situasjon. Like etter avspark blir Nicki Bille Jensen skada. Vi såg ikkje grunnen, men pistolmannen er no på beina igjen.
1'
Rosenborg med avspark. Tilbake til Gamboa som dunker ballen langt opp og heilt inn til Dahlin. Håpar ikkje dette er ein forsmak på kva vi har i vente i dag.
Avspark Start 1. omgang
Rosenborg i raudt skal angripe mot sine eigne supporterar som har plassert seg bak Erik Dahlin i sogndalburet.
Fosshaugane Campus reiser seg og tek i mot laga. Ganske glissent på tribunane og det er lenge sidane det har vore så lite folk på kamp når kjempen frå trøndelag vitjar bygda.
Laga tuslar no i garderoben og vi nermar oss kampstart. Ein god gjeng med trollunga er på plass i sola. Kanskje opp mot 200 har tatt turen frå trøndelag. Resten av Fosshaugane sitt i skyggen og det kan verta ei kald oppleving med ein temperatur ned mot nullpunktet og kald vind frå nordvest.
I Rosenborg er det berre idyll etter to sigrar, tabelltopp og 5-0 i målforskjell. Så får ein sjå om idyllen held fram eller om den slår sprekkar frå kl 1900 på Fosshaugane Campus.
Ut på lån har Peter Aase (Florø) og Eivind Daniel Røed (Fyllingsdalen FK) gått. Dette for å skaffe seg speletid, sidan sogndaltroppen no tel 26 mann.
I tillegg har talenta Joar Tryti og U-18 landslagsspelar Bjørn Inge Utvik signert for klubben. Ei god veke for klubben frå saftbygda.
Sogndal har ikkje henta inn mindre enn tre mann den siste tida. Ein av dei, Magnus Stamnestrø som kom frå Molde på lån ut sesongen, er på benken i dagens kamp.
For Sogndal har Mane gått ut og Ruben Holsæter komen inn. Fyrste starten for førdianaren i år. Ein kan og nemne at Holsæter fekk sin deby frå start i sogndaltrøya nettopp mot Rosenborg på Lerkendal i september 2011.
Då er lagoppstillingane klare og Rosenborg stiller fullstendig uforandra frå 4-0 sigeren over Brann. Det vil seie dei same elleve frå start og dei same sju på benken.
Nok om om viktige treningskampar i denne omgang og vi er tilbake kl 1800 med lagoppstillingar og stemningsrapport framfor kveldens kamp. Ein bør og leggje merke til at Sogndal ikkje har tapt ein heimekamp sidan Rosenborg sist vitja Sogn. Det var den 12.august 2012 då trønderane vann 3-0. Får vi reprise i kveld?
I ein kamp tidlegare i veka på Fosshaugane Campus, høvla Veitastrond over Sogndal sine 3. beste med 7-0. Underteikna fekk æra av å setja inn det vikitge 7-0 målet, mens tidlegare sogndalprofilar som Kurt Heggestad og Cato Aalen også kom på scoringslista for bohemklubben frå Veitastrond.
Det er framleis 2500 billettar igjen til kampen og det vil seie at det såvidt er seld 3000 billettar. Viss det ikkje kjem fleire vil det være eit særs skuffande publikumstal på Fosshaugane Campus i kveld.
Men desse lagoppstillingane er ikkje sikre og rundt kl. 1800 skal alle få vite kven Perry og Olsson har satsa på i dag.
Sogndal nok heller ikkje til å endre så mykje på laget som stilte mot Vålerenga. Difor er nok dette den mest sannsynlege 11-aren: Erik Dahlin - Per Egil Flo - Eirik Skaasheim - Hannu Patronen - Gustav Valsvik - Taijo Teniste - Sidimane Sagna - Rune Bolseth - Malick Mane - Ulrik Flo - Ricardo Santos
I følgje fleire kjelder vil Rosenborg stille med samme lag som nedsabla Brann for ei veke sidan. Det vil seie dette laget: Alexander Lund Hansen - Cristian Gamboa, Tore Reginiussen, Per Verner Rønning, Mikael Dorsin - Mix, Mike Jensen, Jonas Svensson - Tobias Mikkelsen, Nicki Bille Nielsen, Tarik Elyounoussi.
Sogndal tok eit poeng i fyrste serieomgang mot Tromsø, men tapte sist 1-0 etter å ha dominert banespelet mot Vålerenga på Ullevål. Dermed er sogningane nr 13 på tabellen med berre eit poeng.
I skrivande stund er Rosenborg serieleiar med full pott og 5-0 i målforskjell etter to serierundar.
Då vil vi få ynskje alle velkomne til 3.runde i Tippeligaen frå Fosshaugane Campus og kampen mellom Sogndal og Rosenborg, med kampstart kl. 1900.