Referat
Kun høydepunkter
Vi tel 8-12 i målsjansar favør Rosenborg, men det skal leggast til at denne stillingen var 8-4 til Sogndal 20 minutt før slutt.
Ein glimrande fotballkamp er over. Kanskje ikkje så velspelt til tider, men kampen hadde alt. Ein serieleiar som sleit i 70 minutt mot eit bunnlag med tre tap på rad. Før ei utvisning før til eit stormløp mot sogndalsmålet dei siste 20 minutta. Rosenborg gjer ein elendig kamp fram til dei blir ein meir på bana. Sogndal gjer ein ditto fantastisk kamp. Det siste gule kortet på Patronen er soleklart og taklinga er i sogndalsauge idiotisk då den er nede ved hjørneflagget. Men Bakke vil nok igjen kritisere dommaren då Patronen sitt første gule er særs strengt idømt og dette får konsekvensar for resten av kampen.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Frispark til Sogndal i eigen boks. Då er det nok over.
90+3'
Sogndal klarerar. 40 sekund igjen.
90+3'
Power play!
90+2'
Jensen heilt fri på 13 meter. Skyt 10 meter over upressa.
90+2'
Så kjem Rosenborg igjen.
90+1'
Dyngeland med utspark. Tek seg god tid, mens heimepublikummet oppeldnar sine.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Innlegg som Midtsjø er høgast på. Glimrande redning av Dyngeland.
88'
Rosenborg stangar ut.
87'
Frispark til Sogndal. Skal svingast inn. kan dei stjele dette?
86'
Fem minutt igjen! Skal Soondal klare å holde tett?
86'
4082 på Haugadn i dag.
84'
Gersbach kjem seg rundt på kant og slår inn. Derstår dei i kø for å score, men utrulig nok får Sogndal klarert.
83'
Det er eit kontinuerleg power play frå Rosenborg no. Spelar rundt med Sogndal frå 40 meter og innover, men slit med den siste pasningen.
81'
Ny bølgje og Konradsen står på 10 meter og sleivar ballen over. Der skulle det stått 1-2.
80'
Rosenborg med five a side inne i Sogndal sin boks, men siste pasning når ikkje fram.
78'
Tek seg sjølvsagt svært god tid på alle dødballar no Sogndal.
78'
Veldig viktig for RBK å få scoring så tidlig etter utvisninga slik at dei ikkje vart ståande å stange. Sogndal har fått organisert seg litt meir dei siste fem minutta.
75'
Vilhjalmson avsluttar frå 16 meter etter eit kontinuerleg RBK-press. Dyngeland reddar.
73'
Ny stor sjanse til RBK. Jensen driv inn i boksen og klinkar til. Rett på Dyngeland og Sogndal får klarert returen.
73'
Sarr er satt ned for å spele midtstoppar.
71'
Bakke har store skadeproblem i forsvaret frå før av så Sogndal har ingen deffansive spelarar på benken.
71'
Dette blir 20 lange minuttar for sogningane.
67'
Rosenborg med ein god sjanse, men innlegget er for dårlig og i neste bølgje spelar dei seg tilbake til Hansen.
65'
Sist gong Sogndal slo Rosenborg var i 1998.
64'
Endar i frispark etter at Ramsland dreg ned Svensson.
63'
Det er faktisk Sogndal som har full kontroll her. Har no eit frispark på 35 meter som skal svignast inn i boksen.
59'
Så er Sogndal frampå igjen. Ramsland slår til Sveen, men pasningen blir for lang slik at han ikkje kjem åleine med Hansen.
58'
Men det er Sogndal som kontrar og Kjemhus skyt frå 16 meter. I tverra! Heimepublikum i ekstase over det som skjer på Campus no.
57'
Rosenborg med power play no.
57'
Birkelund med kanon frå 20 meter. Sogndal centimeter frå å gå opp i 2-0.
56'
Mykje meir open kam for augneblinken. Sogndal ligg framleis låg, men RBK har fått meir fart på kula.
55'
Midtsjø med hasardiøs tversover. Koomson får ballen for langt framfor seg og Hansen kjem ut og klarerar.
54'
Rosenborg har mykje meir trøkk no i denne omgangen. Berre spørsmål før dei spelar seg fram til ein god sjanse.
53'
Sogndal og med rop om straffe etter at Eyjofsson er i ryggen på Ramsland. 1-1 i tvilsame straffesituasjonar.
51'
Så er det RBK som er frampå. Jensen legg inn og Sarr blokkerar til corner.
50'
Igjen lite flyt i kontringa og De Lanlay sit skot vert blokkert.
47'
Rosenborg ropar på hands! Teniste kastar seg ned for å blokker og ballen treff heilt klart armen. Hadde vore strengt med straffespark der, men vi har sett mindre klare hendelsar blitt blåst straffe på her på stadion.
46'
Rosenborg ser og ut som dei har gått over til 4-2-4.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vilhjalmsson skal også inn for RBK.
Australienaren Gersbach skal inn. Skjelvik hadde ein svært dårleg omgang. Spørs om Ingebrigtsen tar affære her.
Målet til Sogndal kom etter ein corner frå Koomson der Skjelvik glepp i markering på Sarr som kom først på ballen. Avslutninga hadde nok gått utafor, men går innom rompa til Gytkjær og på mål bak ein sjanselaus Hansen.
Pause i Sogndal og heimelaget blir trampeklappa av bana. Rosenborg har vore elendige og då tek underteikna ikkje hardt i. Men det skal og nemnast at Sogndal har vore fantastiske. Det skal væra klasseforskjell på laga, men her ser vi kor viktig det er med innsats. No trur eg "Bruttern" har nokon velvalgte ord inne i garderoben for her må det opp enormt mange hakk om serieleiaren skal reise frå Sogn med hovudet heva.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Birkelund spring opp De Lanlay og tar frå han ballen. Bergensaren har vore outstanding i denne kampen.
45'
Koomson driv framover frå midten og heilt inn på 10 meter. Skyt, men Jensen kastar seg ned og blokkerar til corner.
44'
Rosenborg sin beste i denne omgangen er utan tvil Kjernen. Samanhengande synging i 43 minutt før no alle skjerfa rungar over hovudet.
43'
Sogndal har ein fantastisk innsats utpå her. Vinn omtrent alle duellar.
41'
Rosenborg har store problem med kantspelet sitt. Hatt fleire fleire oppsel som enten er bak eller framfor back og ving og som går ut over sidelinja. Stor frustrasjon blant både dei på bana og dei utafor bana med hjarte i trøndelag.
40'
Så er det Sogndal som byggjer opp, men Ramsland får ikkje tak i gjennomspelet frå Koomson.
39'
Rosenborg klarer å bryte gjennom i mellomrommet, men Jensen går for lenge med ballen og må avslutte sjølv frå 17 meter. To meter utafor.
37'
Sarr mistar ballen inne på eiga banehalvdel, men RBK klarar ikkje å storme i angrep. Vert etterkvart eit innlegg som DYngeland plukkar lett. Omtrent første gong keeperen til Sogndal er i aksjon.
35'
RBK har tatt over mykje av banespelet no. Sogndal ligg lågare, men det var vel grenser for kor lenge ein kan presse så høgt som dei gjorde i starten.
34'
Igjen er Ramsland aktiv, men i duell med både Skjelvik og Eyjofsson må han gje opp.
33'
Ramsland har vore svært aktivt på topp for Sogndal. Pressar Eyjofsson til å sende ein ball ut over sidelinja.
32'
I påfølgjande angrep får Reginiussen sjansen frå 16 meter, men skyt over. RBK si første avslutning på mål.
30'
Heimpublikummet veldig nøgd med sine eigne no sjølv om fylkeslaget Sogndal stiller utan ein einaste spelar frå Sogn og Fjordane bana i dag.
27'
Sogndal med glimrande kombinasjonar. Koomson dreg seg inn i boksen legg inn noko som blir meir eit skot. Går gjennom heile feltet, men hadde den truffe eit bein der hadde det stått 2-0.
25'
Rosenborg buggjer opp, men kalrar ikkje å trenge gjennom. Midsjø kjem seg inn i boksen. Dreg ei Cruyffvending som sender vekk tre sogndalspelarar, men ein ny kjem straks på og tek frå midtbaneeleganten ballen.
21'
Gytkjær er nede og klarerar.
20'
Sogndal trøkkjer på og vinn fleire kast høgt i bana. Teniste sine lange kast er ei utfordring for RBK.
19'
Vi nermar oss 20 minutt og Rosenborg har endå ikkje hatt ei avslutning.
19'
Sogndal bryt igjen og kjem på overgang. Koomson avsluttar frå 14-15 meter like over.
18'
Rosenborg slit veldig i det oppbyggande spelet sitt.
18'
Ramsland får tilsnakk for å kjefte på dommaren.
17'
Sarr taklar Konradsen rett framfor oss her og er på ball, men kanskje og litt på fot. Frispark seier Hagen på noko som kunne blitt ein veldig stor overgangsmoglegheit for Sogndal.
16'
Rosenborg bygger møysommelig opp, men klarar ikkje å trenge gjennom sogndalforsvaret. Skal jo nemnast at Sogndal berre har slept inn sju mål i år noko som kjem litt skyggen når dei berre har klart å score tre, no fire.
13'
Sogndal med ekstremt høgt press på Rosenborg som verkar litt sjokka her i starten.
12'
Jensen svingar inn, men Patronen stangar ut.
12'
Frispark til Rosenborg på ca. 25 meter.
11'
Ser ut på reprisen her som det er Skjevik som glepp i markeringa av Sarr.
11'
Så er det Birkelund som driv framover. Dreg vekk to RBK-spelarar og skyt rett på Hansen frå 16 meter. Sogndal er verkeleg i siget her i starten.
8'
Sogndal med ein del lange ballar opp, men der er Eyjofsson og Reginiussen kongar i lufta.
8'
De Lanlay drar seg innover i bana forbi 2-3 sogndalspelarar, men Sogndal får klarert til kast. Fine takter der frå RBK-vingen.
6'
Heilt jamnt her i innleiinga. Faktisk er det Sogndal som har stått for det vetle som har vore offansivt.
5'
Rosenborg har gjort eit byte rett før kampstart. Helland fekk seg ein trøkk på oppvarminga og inn kom Rashani.
4'
Rosenborg får klarert kastet og byggjer opp på venstresida.
4'
Pedersen med Sogndal sitt fyrste skot på mål. Hansen reddar og det blir klarert til kast.
3'
Sarr mistar ballen stygt på midten, men RBK klarar ikkje å straffe Sogndal.
1'
Sogndal med avspark. Lang ball opp og heimelaget trøkkjer etter innei feltet. Eyjolfsson klarerar.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klar med ein av årets store begivenhetar i frå saftbygda, Sogndal-Rosenborg.
Stor jubel frå Kjernen når det automatiske vatningsannlegget skrur seg på framfor TV2 sine utegåande repporterar på bana.
100-150 trønderarar er allereie i lag med å lage godt liv på kortsida der RBK varmar opp. Skal visst være seld bra med billettar til kampen, men om det blir over 4000 er underteikna i tvil om.
Surt og kaldt i Sogndal i dag og. 9-10 grader og lett regn. Snøen ligg framleis langt nedover dalsiden sjølv om vi skriv mai månad.
Sist møte mellom Sogndal og RBK var for to år sida på Lerkandal. Då vann RBK 1-0 etter ei scoring på straffe. Meir hugs enn resultatet var korleis straffa kom. Dagens RBK-kaptein filma slik at til og med hans eigne supportarar var i harnisk over måten sigeren mot vetle Sogndal kom på. Det motsette oppgjeret på Haugadn vann Rosenborg 2-1. Reginiussen og Søderlund scora for RBK etter at Otoo hadde gjeve heimelaget ei tidleg leiing.
Statistikken er på trønderane si side i oppgjera mellom desse klubbane. Sidan 1982 har dei møttes 32 gonger. Sogndal har 2 sigrar, 7 har enda uavgjort, mens heile 23 gonger har RBK trekt det lengste strået. Sogndal sine einaste to sigrar har dog komme på heimebane så sogningane får klamre seg til dette håpet.
Ingebrigtsen gjer to endringar frå kampen mot Viking sist helg. Ut går australienaren Gersbach og inn kjem Skjelvik. På midtbana går Thorarinsson ut og Midtsjø kjem inn.
Då er laga klare og Sogndal har ein god del endringar etter den siste tids dårlege resultat. Ut går både Otoo, Opseth og Bolseth og inn kjem Sveen, Birkelund og Ramsland. Ser og ut som det er ei formasjonsendring frå Bakke som vanlegvis spelar 4-4-2. Vi trur Sogndal kjem til å spele i ein slag 4-2-3-1 formasjon i dag.
Kåre Ingebrigtsen har ingen nye skadeproblem og stiller same tropp som mot Viking ifylgje klubben si heimeside. Det vil sei at trønderane kjem med heile arsenalet og Sogndal skal nok få meir enn nok å henge fingrane i iløpet av kvelden. Vel møtt til kamp kl.1800. Vi er tilbake med lagoppstillignane ca. ein time før kampstart.
Sogndal har ein del skadar i forsvaret der både Utvik, Raitala og Grodås er ute. Mot Førde spela høgreving Holsæter back så me får sjå kva trenar Bakke finn på i dag. Framover har Bakke som sagt store bekymringar, men ingen på skadefronten.
Laga har ein vidt forskjellige formkurve der Rbk har vunne sine seks siste seriekampar og i tillegg sine to cupkampar slik at dei er klare for den 3.runde i cupen no til veka. Det er også Sogndal etter at dei så vidt klarte å slå Førde 1-0 no på torsdag, men utanom cupen har det vore nokre magre veker i sognebygda. Tre tap på rad i serien og på sju seriekampar har ein berre klart å score tre mål.
Rbk toppar Tippaligaen med 18 poeng, mens Sogndal ligg på 12.plass med 7 poeng. Sist tapte Sogndal 2-0 i Bergen, mens Rbk leika seg til 4-0 mot Viking på Lerkendal.
Hei og velkomne til den 8.runden i årets Tippeliga. Ein stor dag i vetle Sogndal når dei tek imot serieleiar Rosenborg i kveld.