Oppsummering
Det er slutt på Fosshaugane, og det blir eitt poeng til kvart av laga. Sogndal starta best, og tvinga fram eit sjølvmål frå Ørsahl. Då ser det ut som at dei skal ha full kontroll, men dei klarar ikkje å utnytte dei andre sjansane dei har før pause. Etter pause skjer det omtrent ingenting med unntak av ei scoring frå Hay, som sikrar eit sterkt poeng for Raufoss! Hay feirar med lagkameratane etter kampen, og dei vil nok få ein fin tur heim.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+5'
Raufoss får eit frispark rett før slutt! Skal dei stjele med seg tre poeng?
90+4'
Hoven slår inn i boksen mot Borgthorsson, men Lauvli har full kontroll.
90+2'
Sogndal er desperate, og slår langt mot Baidoo. Han er ikkje spesielt sterk i lufta, og Raufoss vinn ballen.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Sogndal vil ha tre poeng i kveld, men slurvar kvar gong dei får tak i ballen. Mange balltap.
87'
Dette har vore den kampen med lågast tempo på Fosshaugane i år. Sogndal er ikkje like skarpe som dei var mot Sandnes Ulf, og Raufoss tek ingen unødvendige sjansar.
86'
Flataker er sterk, og dreg med seg ballen, Han slår hardt inn mot Sjølstad, men venstrebacken viser at heading ikkje er hans styrke.
83'
Alm er tøff i ein duell mot Nundal, og Sogndal får frispark.
81'
No er det Raufoss sin tur til å ha god tid med ballen. Heimelaget vil ha ei scoring, men Raufoss tek ingen store sjansar med ballen.
79'
Kjemperedning av Jendal! Lynum headar ballen høgt, og den blir slått over målet. Den vart skumlare enn den såg ut som.
78'
Gult kort til ein på benken til Raufoss.
77'
Baidoo rotar vekk ein stor sjanse! Han vinn ballen, og startar ei kontring. Han har to medspelarar med seg, men avsluttar sjølv. Dårleg val av kantspelaren.
75'
Borgthorsson har vore ute lenge med skade. No får han sine første minutt i OBOS i år.
71'
Drikkepause på Fosshaugane. Heimelaget er ikkje nøgd med det dei har gjort etter pause. Raufoss har forsvart seg godt, og klarte å skape den sjansen dei trengde.
68'
Ørsahl slår eit svakt innlegg, og Arrocha slår vekk ballen.
64'
Raufoss vinn ein corner. Der kan det skje ting.
62'
Raufoss må skape noko for å få med seg poeng, og Wålemark prøver å gjere to byter.
61'
Sogndal har hatt ballen lenge. Det er trangt framfor boksen til Raufoss, og dei forsvarar seg godt.
58'
Arrocha kjem seg opp att fort, og spelet kan fortsette.
57'
Arrocha og Ampofo snublar i kvarandre. Stopparen til Sogndal blir liggande.
57'
Flataker prøver å få til noko ute til høgre. Raufoss har kontroll, og det blir utspark for Lauvli.
53'
Engebakken vinn ballen, og gir den til Ampofo. Han prøver seg frå distanse, men den går langt utanfor.
52'
Raufoss har ikkje skapt mykje, men har vore god til å forsvare seg. Det skjer lite inne i begge boksane.
50'
Fors stoppar Sjølstad i full fart på veg framover. Får eit soleklart frispark.
47'
Engebakken vinn ein corner for bortelaget.
46'
Haruna startar omgangen med å slå langt mot Ampofo. Pasninga blir litt for hard, og ballen går ut til utspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det har vore ein roleg omgang der lite har skjedd, men me har fått ei scoring. Etter 17 minutt satt Ørsahl ballen i eige mål, og heimelaget tok leiinga. Raufoss har mista Adrian Hansen til skade, og måtte bruke eitt av byta sine tidleg i kampen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+3'
Nordbø vinn ballen høgt i bana. Han dreg seg forbi forsvaret til Sogndal, og avsluttar i nettveggen. Raufoss sin første sjanse i kampen.
45+2'
Sogndal vinn ballen i farleg posisjon. Sjølstad latar som at han skal slå eit innlegg, men prøver å avslutte. Lauvli blir ikkje lurt.
45'
Haruna stoppar Flataker som prøver å dra seg forbi. Frispark.
45'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
44'
Engebakken pressar Sjølstad ut av bana, og Sogndal får frispark.
42'
Fors slår eit farleg innlegg, men Sogndal klarar å klarere ballen før nokon på Raufoss er på den.
36'
Hansen er oppe igjen, men haltar framleis. Han prøver å springe det av seg.
35'
Hansen får seg ein smell i ankelen i ein duell med Eriksson. Treng behandling.
33'
Fint angrep av Sogndal. Sjølstad slår inn til Flataker, og han legg igjen ballen til Eriksson. Han avsluttar rett på Lauvli. Angrepet starta med eit fint dribleraid av Hoven på eiga banehalvdel.
32'
Nytt balltap frå Flaten. Ut til innkast denne gangen.
31'
Baidoo hadde ein anonym start på kampen, men har begynt å vise seg fram etter scoringa.
27'
Flataker går ned i boksen, men får ikkje straffe. Blir corner.
26'
Bodding vinkar spelarane innpå bana att, og kampen held fram.
24'
Det kan nesten sjå ut som at spelarane er prega av varmen. Kampen går veldig sakte, og det er mykje slurv. No får dei ein drikkepause av dommar Bodding.
22'
Flaten har hatt eit par skumle balltap. Raufoss har ikkje vore effektive nok til å utnytte desse sjansene dei får av dette.
14'
Dei offensive spelarane på begge lag har slurva ein del i opninga. Mange dårlege touch og balltap.
13'
Flaten gjer ein kjempetabbe på midtbana, og Ampofo kan kontre. Sogndal kjem seg bak med mange spelarar, og då blir det ikkje nokre sjanse ut av det.
11'
Det har vore ein roleg start på kampen. Ballen har stort sett vore rundt midtbana heile tida, og ingen av laga har klart å skape noko farleg.
10'
Raufoss er over midtbana før første gang i kampen. Fors prøver å finne Engebakken på underlap i boksen, men ballen er for upresis.
6'
Sogndal vinn ein corner.
6'
Sogndal har brukt dei fem første minutta til å trille ballen, som oftast ute til venstre. Ingen sjansar enno til nokre av laga.
4'
Sjølstad slår inn mot Flataker, men Alm er størst i boksen, og får klarert.
1'
Sogndal prøver å gå rett i angrep frå avspark, og det ender med at Hoven sparkar ballen ut til utspark for Lauvli.
Avspark Start 1. omgang
Det nærmar seg kampstart, og det kokar på Fosshaugane. Det er omtrent 26 grader i Sogndal før kampstart.
Sogndal gjer ingen endringar på laget frå kampen mot Aalesund. Raufoss gjer fleire endringar. Haruna er tilbake på stopparplass, og Hay går ut. Fors kjem inn for Rotihaug, og Ampofo er inne for Hustad.
Eivind Bodding er hovuddommar i dag. Assistendommarane hans er Karwan Mamhassan og Edvard Helgerud. Jakob Sande Søgnen er fjerdedommar.
Heimelaget har hatt ein del nøkkelspelarar ute i sesongstarten, men no begynner ting å sjå betre ut for dei. Skaanes og Borgthorsson er begge på veg tilbake, men ingen av dei er truleg klare for å starte kampen i dag. Per-Egil Flo har fått ein strekk, og kjem til å vere ute ei stund. Raufoss har to spelarar som er ute med kneskadar. Både Nicolai Fremstad og Kebba Badjie kjem til å vere ute lenge.
I fjor fekk laga kvar sin siger mot kvarandre. På Fosshaugane enda det 2-1 medan det enda 3-0 på Nammo Stadion. Raufoss har slått Sogndal på Fosshaugane berre ein gong tidlegare. Det var heilt tilbake i 2019. Ser ein på lagoppstillingane frå den kampen, er det berre Ole Kristian Lauvli som også truleg er med i dag.
Førre runde var på 16. mai, og Sogndal møtte Aalesund på bortebane. Der henta dei tre sterke poeng heimatt til saftbygda då kampen enda 0-2 på Color Line Stadion. Raufoss fekk det tungt heime mot Moss, og resultatet blei 0-2 der også.
Sogndal har hatt ein brukbar start på sesongen. Etter 8 kampar ligg dei på førsteplass på tabellen med 15 poeng. Raufoss har hatt det litt tyngre, og ligg på 12. plass med 8 poeng, men det er framleis så tidleg i sesongen at det er kort veg både opp og ned på tabellen.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Raufoss i OBOS-ligaen!