TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der var det slutt for ikveld på Fosshaugane Campus! Spennande 1-0 kamp der heimelaget får sitt første 'clean sheet'. Mange sjansar til begge lag i dei første 30 minuttane etter at begge laga kjem ut med offansive kampplanar. Sogndal slår hol på byllen etter 15 minutt og klarar å forsvare seg godt. Ein kan sjå gjennom kampen at Sogndal forsøker å spele god fotball, og klarar det til ein viss grad fram til nærvøsiteten tek dei. Då blir det mykje langt og lite kreativitet. Mannsverk gjer mykje for Sogndal og er klart det skapande leddet i heimelaget. Raufoss er jamngode med Sogndal i mesteparten av kampen og kjem til fleire gode sjansar foran mål, men slit med å kome til dei aller største og avslutte gode angrep. Fij i Sogndalmålet opptrer noko usikkert i grepet, og Raufoss er ved fleire høve gode på å angripe returar.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Raufoss med det meste av presset i sluttminuttane og Sogndal bruker god tid når dei kan. Tydleg at det er tre poeng Sogndal har meget lyst på.
90+2'
Spillerbytte
90+2'
Roseth har vore sterk i luftrommet for Sogndal i dag og vunne mange ballar på hovudet.
90+1'
Heile seks minutt tilleggstid på Fosshaugane Campus!
89'
Jensen nede for telling i eigen boks med hoveskade etter tøff duell. Trener Johnsen til Raufoss i munnhuggeri med fjerdedommar og meiner Sogndalspelarane dett som potetsekkar og blir liggande.
89'
God sjanse til Sogndal på venstresida! Hoven får avslutta frå kort hold, men Lauvli har god kontroll.
88'
Begge laga har i årets sesong hatt ein tendens til å score seint i kampane. Sogndal har hittil 5 mål i dei siste 10 minuttane, og Raufoss har scora halvparten av årets mål i siste 15. Kan det bli ein spennande slutt på denne kampen?
86'
Tilsynelatande stor sjanse for Sogndal, men det blei tidleg avblåst for offside. Sogndal vinn utspelet frå Lauvli og held trykket oppe.
83'
Vill sjanse for Sogndal! Sogndal rullar opp i angrepsrekka dei rullar frå venstre, inn til Hoven i midten som får avslutta. Skotet blir blokkert og endar til slutt opp i posisjon for at Jensen forsøker på ei stupheading! Denne går rett til side for mål.
81'
Frispark i farleg posisjon for Raufoss! Breivik slår ballen rett på keeper Fij frå 25 meter. Fij får kontroll på ballen etter kvert, men virkar ut for å vere litt 'shaky'...
80'
Godt frispark frå Mannsverk slått inn frå venstre sida av 16-meteren til Raufoss. Gode duellar i feltet, og Sogndal klarar å holde på ballen og skape fleire småsjansar.
77'
Stor sjanse til Sogndal! Brændsrød har kome inn på bana med ein frisk pust for Sogndal. Trillar ballen lett forbi Alm på eine sida og går sjølv forbi på andre. Elendig avslutning høgt over mål frå omtrent 16-meter då det verkar som at han blir litt stressa.
76'
Gult kort
Klaging på dommaren.
76'
Mannsverk vinn frispark på 45 meter som han tek sjølv. Blir lagt inn i 16-meteren til Raufoss som får frispark i duellen menom Race og Brændsrød. Frisparket blir gitt med grunnlag i skriking frå Race.
75'
Sogndal har no tatt meir grep i kampen att etter gode periodar frå Raufoss. Pressar høgt og vinn duellar. Trillar godt ball og har ein gamechanger i Mannsverk som skapar mykje!
74'
Spillerbytte
74'
Sogndal sine angripera med fine kombinasjoner høgt i bana. Brændsrød blir til slutt felt på 18 meter, rett foran mål og heile stadionen ropar etter straffe. Dette får dei ikkje medhold i.
73'
Gult kort
No ligg Sivert Mannsverk nede med krampe, og Christian Johnsen på Raufossbenken tar seg til hovudet. Brukar tid Sogndal og vernar om leiinga.
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
70'
Raufoss som er farlege no! Dei har tatt over styring i kampen og er ofte farleg frampå! Luktar meir utligning enn dobling av leiinga.
68'
Spillerbytte
67'
Mykje rot i feltet etter corneren! Blårud Dyttar Dogman over ende på bakre. Mykje skrik frå Raufossbenken, utan medhold frå dommar.
66'
Hjørnespark
Kristoffe Hoven ligg nede og signaliserar bytte!
64'
Flott spel av Raufoss endar i stor sjanse! Dogman legg flott inn mot Simenstad som headar rett over mål!
63'
Spillerbytte
63'
Spillerbytte
62'
Sogndal har hittil i år scora 10 av 13 mål i 2. omgang, medan Raufoss har scora 5 av 10 mål i 2. omgang. Med begge lag godt over 2 mål per kamp denne sesongen, kan det godt komme fleire mål utover i omgangen!
60'
Blårud med elendig klarering rett til kast ved eigen 16-meter. Raufoss vinn ballen spelar tilbake til eigen keeper Lauvli som legg ein høg ball mot Næssø som slår ballen for langt fram for seg sjølv på venstrekanten til Raufoss.
58'
Farleg spel av Sogndal ved eigen 16-meter! Ogbu vender tilbake mot keeper og mystar ballen i farleg område. Sogndal er raske tilbake og Mannsverk vinn til slutt ballen for Sogndal.
57'
Frispark til Raufoss midt på banehalvdelen til Sogndal.
56'
Sogndal held oppe trykket etter cornerane og pressar høgt. Vinn som regel ikkje noko meir en nokre kast.
54'
Hjørnespark
Ny corner etter at Raufoss sin keeper boksar ballen over mål. Lereng headar denne corneren eit par meter over mål frå bakre stolpe.
53'
Hjørnespark
Godt spel av Sogndal der Totland avanserer. Legg tilbake til Andreas Hoven som dyttar ballen vidare til Kupen. Han skaffar Sogndal corner.
52'
Spillerbytte
52'
Spillerbytte
52'
Roleg start på denne omgangen utan dei store sjansane eller det gode spelet. Er mykje 'ufarleg' balltrilling utan avansering oppover for nokon av laga.
49'
Totland legg inn lavt mot straffemerket, men ingen andre i kvit drakt er i 16-meteren for å ta imot. Raufoss vinn ballen, men klarar ikkje å etablere noko overgang.
49'
Raufoss med mesteparten av ballen i starten av andre omgang. Sogndal pressar høgt og har god kontroll på dei.
47'
Totland vinn ballen høgt i bana og kjem til innlegg i god posisjon. Alm stoppar det sikkert. Svakt innlegg fra venstrekanten.
46'
Då er me igang med andre omgang frå Fosshaugane! Raufoss stormar rett i angrep, men ver enkelt stoppa.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Fin førsteomgang på Fosshaugane med to lag som er villige til å ta med ballen framover i bana ved fleire høver. Til tider godt spel frå begge lag, der dei prøver å spele seg gjennom mellom alle periodane med ping-pong-fotball der ballen blir slått langt mellom begge laga. Sogndal ledar kampen etter eit presist angrep der Mannsverk gjer mesteparten av jobben, men Raufoss er ikkje ufarlege. Gultrøyene kjem til gode skotposisjonar, men har enno ikkje klart å overliste Fij i Sogndalburet.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Kast til Sogndal høgt i bana. Blir kasta langt mot 16-meteren til Raufoss, som får stanga ballen ut.
45+1'
Eitt minutt lagt til.
45+1'
Sogndal har fått til mykje på høgresida idag ved Eid som har vore positiv i spelestilen! kjem til mange innlegg og likar å ta med seg ballen opp i bana.
42'
Tøff duell midt på bana mellom Eirik Lereng og Moldskred! Lereng blir liggande. Frisparket blir tildelt Raufoss, noko dei på tribuna er sterkt ueinig i.
40'
Det kan nesten sjå ut som keeper Lauvli er med i backfireren til Raufoss. Står på 35 meter og styrer spelet bak! Alle dei 200 tilreiste ropar skyt kvar gong Sogndal vinn ballen. Neuer-tendensar hjå Lauvli altså!
38'
Hjørnespark
Og i det eg skriv det tek Eid med seg ballen opp og legg inn til Blårud som skyt hardt 18 meter. Keeperen til Raufoss har god kontroll og boksar ballen til corner. Sogndal vinn hoveduellen etter corneren, men ballen går over mål.
37'
Sogndal er gode til å halde ballen i laget lavt i bana, med slit med å fortsette med dette spelet på motsatt banehalvdel. Blir ofte til at dei snur og spelar bakover.
35'
No er det Raufoss sin tur til å angripe! kjem til fleire gode småsjansar og innlegg, men ikkje noko spesielt farleg. Avsluttar med eit skot høgt over mål frå 30 meter.
33'
Sogndal pressar høgt i bana og kjem til fleire gode posisjonar for innlegg. Nyttar ikkje desse og vender tilbake for å halde ballen i laget. Spelar seg heilt tilbake til eigen 16-meter, og myster nesten ballen ved fleire høve.
32'
Kort drikkepause for begge lag.
30'
Hjørnespark
Går over alle. Raufoss vinn ballen og får lagt inn att i feltet. Eid og Simenstad i tøff duell, det Eid fekk seg ein smell.
30'
Overgang for Sogndal. Eid har fritt rom å springe i, og tek med seg ballen oppover. Kjem til innleggsposisjon, men ingen er klare i feltet for Sogndal.
29'
Sogndal får etablert godt spel på Raufoss sin banehalvdel fram til Totland mottar ballen i offsideposisjon. Kunne nok ha bygd vidare på dette til ein god sjanse.
26'
God sjanse til Raufoss! Får flytta laget opp i ein god overgang og legg inn frå venstre mot Simenstad i midten som lurer seg rundt Ogbu. Får avslutta, men ballen går rett i fanget på Fij som har ein enkel jobb med å plukke den frå 10 meter.
25'
Fint spel av Sogndal og Eid kjem til innlegg. Ufarleg.
24'
Kampen har roa seg etter eit par hektiske minutt. Mykje ballveksling mellom laga midt på bana og lange ballar utan adresse. Raufoss går som regel i offside om dei bevegar seg vidare framover.
22'
Kupen umakert på 20 meter og prøver eit skot. Forsøket er svakt og enkelt for Raufoss-målmann Lauvli som får ballen rett i fanget.
21'
Frisparket blir lagt inn mot 16-meteren, men ikkje noko farleg for Raufoss med god kontroll.
20'
Frispark til Sogndal i farleg posisjon. Mannsverk står klar for innlegg.
19'
Frispark til Raufoss som saftkokarane er ueininge i. Er ved midtbana og blir tatt raskt. Raufoss prøver å flytte opp folk, men blir for lange og upresise ballar i lengderetning.
16'
Sogndal med ballen og spelet no! Eid kjem seg fri på høgrekanten og legg inn mot midten av 16-meteren til Raufoss. Der står Kupen klar, men innlegget er litt for høgt.
15'
Mål!
1-0
Scoring for Sogndal. Mannsverk kjem seg gjennom på midtbana, og spelar til Andreas Hoven som rullar vidare til Totland. Han legg ballen fint i lengste hjørne frå omtrent 13 meter!
13'
Hjørnespark
Ny corner slått på Eid ved fremste stolpe. Får ikkje hovudet på ballen.
11'
Hjørnespark
Corner etter at Mannsverk vinn ballen midt på bana og får lagt ut til Eid på kanten. Godt lagt til Igoh Ogbu på bakre som headar rett over mål!
9'
Raufoss med farleg overgang! Næssø blir spelt gjennom og kjem seg rundt Ogbu. Får avslutta, men ballen går rett på Fij, som har noko lunde god kontroll. Fij gir ein liten retur, men ikkje stor nok til at Simenstad får pirka ballen i mål.
8'
Mannsverk mystar ball og Simenstad får tak i ballen i farleg innelgsposisjon. Legg inn til Breivik som får tåa på ballen og styrer den litt over og til sides for mål.
7'
Raufoss med ballen på Sogndal sin banehalvden, men klarar ikkje å skape noko. Ballen vert slått langt inn i 16-meteren og rett i hanskane til Fij.
5'
Nytt frispark til sogndal til høgre for 16-meteren. Mannsverk slår inn til Kupen på første stolpe som akkurat før luggen på ballen, men ikkje meir enn det.
4'
Frispark midt på bana for Sogndal vert teke raskt av Mannsverk. Ballen når Blårud som legg inn til Hoven som headar godt til høgre frå mål.
2'
God takling av Lereng hindrar Raufoss i å angripe. På påfølgane innkast klarar dei likevel å flytte oppover. Blir fort stoppa.
1'
Der er me igang på Fosshaugane! Sogndal går i angrep med ein gong, og Roseth trer gjennom til Kupen som står i offside.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal stiller seg klar for avspark.
Fem minutt til kampstart og laga entrar bana.
Det har ofte vore jamnt dei gongane desse to laga har møtt kvarandre. I fjor vart det 1-1 i første møte då Raufoss tok imot Sogndal. Då dei gule kom til Saftbygda stakk dei av med alle 3 poenga i ein 1-3 siger.
Raufoss er av mange tippa til å akkurat berge plassen i Obos-ligaen. Forrige sesong imponerte Raufoss i første halvdel før dei i andre halvdel mista formen heilt. Dei endte til slutt på 11. plass med god margin til nedrykksstriden.
Dagens vertar stiller til kamp med tre klare tap etter ein kanonstart på sesongen. Dei to første kampane spelte dei god og dominerande fotball der det ikkje var nokon tvil om kven som var det beste laget, medan dei siste kampane verkar det nesten som lufta har gått ut av ballongen.
Begge laga står med seks poeng og er tre poeng bak 6. plassen som gir playoff-plass. Dagens kamp er difor viktig for begge lag med tanke på å halde følgje med øvre halvdel av tabellen.
Det har vore ein varm og solrik dag i Sogndal, og alt ligg til rette for ein god kamp! Sommaren har igjen tatt ein kort visitt til bygda mellom fjell og fjord og temperaturmålaren viser opp mot 25 grader.
Hei og velkommen til Saftbygda og Fosshaugane campus for kveldens kamp mellom Sogndal og Raufoss!