Referat
Kun høydepunkter
Raufoss tek ein meget sterk siger i Sogn. Heimelaget var det førande laget med flest sjansar og avslutningar, men totningane var effektive, gode og hadde ikkje minst svært høg kvalitet på sine avslutningar. Med det er dei gulkledde heilt i toppen av årets OBOS-liga, mens Sogndal heilt i botn. Ikkje mange hadde trudd det før sesongstart. Stig Anders Hauge takkar for seg frå Fosshaugane og ynskjer deg velkomen tilbake ved ei seinare annleding.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+4'
Raufoss får klarert.
90+3'
Frispark til Sogndal på kanten av sekstenmeteren.
90+3'
Raufoss bruker tid nede ved hjørneflagget.
90+2'
Tre minutt tillegg. Det har minst vore fire minutt med stopp i spelet pluss byter. Sletner har vore svært svak i dag, men det har heldigvis ikkje fått konsekvensar for resutlatet.
87'
Daua ganske mykje ut her no. Raufoss er nøgd og har god kontroll på Sogndal som har fått til svært lite i siste halvdel av omgangen.
85'
1636 tilstades på Fosshaugane i dag.
83'
Så er det Nessø som prøver seg frå 20 meter. Like utafor!
81'
Sogndal slit kraftig og ein må jo spørre seg kva trenar Bakke har tenkt. Dei skapte mange sjansar fram til byte mellom Flo og Ramsland og overgang til ny formasjon. Ette det har ikkje sogningane hatt ei avlsutning på mål.
80'
Fantastisk prestasjon av Raufoss dette. Ikkje berre at resultatet er veldig bra borte mot ein antatt opprykksfavoritt, men spelet har også vore svært bra. Heilt klart at raufosspelarane veit kva dei skal gjere og ikkje minst kvar dei har dei andre rundt seg. Dei ti første minutta sleit ein mykje med Sogndal sine ovegangar, men eit par kjappe grep frå trenar Johnsen gjorde at ein fekk meir kontroll.
75'
Sjokkstemning på Fosshaugane no. Sogningane som snakka om opprykk før sesongen ligg under 3-0 mot nyopprykka Raufoss.
72'
Raufoss med ein god periode her no. Bryt Sogndal gong på gong og får fine overgangar.
71'
Langt over mål. Svakt av midtbanespelaren.
70'
Ser ut som Jakobsen skal prøve seg.
70'
Frispark til Raufoss på 25 meter.
70'
Har klart å dratt ned tempoet Raufoss her no og Sogndal er langt frå så giftige som dei var i starten.
69'
Framleis på bana Dadjo så ser ut som det går bra.
67'
Dadjo ligg nede med skade. Har slitt litt i det siste midtbanespelaren så spørs om det blir eit bytte til på Raufoss.
63'
Ndour står klar, men skotet går ein meter over.
63'
Frispark til Sogndal på 17 meter.
59'
Sogndal går rett i angrep og Haugen avsluttar utafor frå skrått hald.
59'
Henningsson avsluttar like utafor frå 20 meter.
57'
Raufoss på ein sjeldan visitt og Jakobsen får sjansen på volley frå tolv meter, men fyrer den over.
56'
Innbytar Ndour har scora tre av Sogndal sine fem mål i år. Så kan ein jo spørre seg kvifor han har vore innbytar i kvar kamp då.
53'
Ndour frampå igjen og skaffar corner.
53'
Ndour med skot rett på keeper. Knallhardt og Lauvli må berre slå ballen vekk.
52'
Dadjo tar kastetak på Sveen som vender han vekk og fri veg framover. Dommaren gir tilsnakk. Der er du så langt ute jordet som du kan komme Sletner. Soleklart gult kort og ekstremt svak dømming.
50'
Kastar mange mann i angrep no SOgndal og Raufoss har store rom for kontring. Doghman på topp har i allefall bedre fart enn både Fredriksen og Steiring så dette kan bli interessant.
48'
Moldskred og Fredriksen i duell. Skulder mot skulder og robuste Fredrisken tapar faktisk den. Får eit billig frispark av dommar Sletner.
47'
Bakke klinkar til med sitt sjuande byte til pause på berre fire kampar. Ser derimot ut som formasjonen framleis er 4-3-3.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Raufoss sjokkerar sogningane og går til pause med tomålsleiing. Sogndal dominerte starten av kampen og såg lenge ut som det sterkaste laget, men har sløst kraftig med store sjansar. Raufoss er effektive, men begge måla har komme etter svært gode prestasjonar. Spesielt høgreback Strand Nilsen har brilijert med både assist og ei perlescoring.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
43'
Innlegg frå Raufoss igjen frå høgre og Dyngeland er ute og boksar hol i lufta. Ballen går heldigvis for sisteskansen ut til femmeter.
39'
Dermed kan dette være fjerde av fire mulige forsøk at Sogndal går til pause med å ligge under i år. Luktar det nye bytar av både spelarar og formasjon for Bakke no?
36'
Så er Totland oppe i boksen til Ruafoss og stel ballen. Får til ei avslutning skrått frå ti meter, men skotet går over mål.
35'
Står og vippar no kampen. Sogndal har fleire gode muligheitar, men siste pasningen eller avslutninga er som regel upresis. Raufoss har også hatt ein del sjansar og eg må seie at det luktar litt meir mål av dei offansive totningane enn sogningane.
31'
Speler seg fint gjennom der Raufoss, men Fredriksen får til slutt beina ballen ut.
29'
Ernemann med glimrande frispark på bakerste. Der er Schulze heilt åleine, men headar svakt over. Der skal du i allefall få ballen på mål Schulze.
28'
Jamna seg litt ut kampen no. Raufoss meir med enn i starten.
27'
Henningsson prøver seg frå 25 meter. Ein liten meter over krysset til Dyngeland.
27'
Så er det Raufoss som er på besøk og Doghman avsluttar rett på Dyngeland frå 16 meter.
26'
Sogndal me dein god sjanse. Ramsland er gjennom, men legg ballen tversover og Haugen når ikkje fram.
24'
Innlegg frå Jakobsen som Dyngeland boksar ut.
22'
Haugen driv oppover langs kanten og slår inn til Schulze som headar utafor. Blir corner noko raufosspelarane er svært ueinige i.
21'
Fleire tøffe duellar ute på matta her no. Henningsson viser kven som er sjefen i duell med Fredriksen så her får U-landslagsspelaren noko å bryne seg på i dag.
18'
Ernemann slår inn, men ein sogndalspelar har gått i offside.
18'
Frispark til Sogndal på 20 meter, men der burde nok dommar Sletner latt spelet gå for Adams var åleine gjennom. Rett nok litt skrått så kanskje eit frispark er ein fordel for Sogndal alikevel.
14'
Stor sjanse for Sogndal. Innlegg som Ramsland headar på mål, men Haugen står i vegen for ballen som sannsynlegvis hadde gått inn. På returen avsluttar Haugen svak rett på Lauvli.
13'
Sogndal frampå igjen. Adams avsluttar i blokka.
10'
Corneren Sogndal fekk var etter at Owusu såvidt fekk tåa på ballen. Ellers haddde Ramsland vore åleine gjennom. Trenar Johnsen var fly forbanna på sidelinja grunna balltapet som førte til overgangen.
9'
Sogndal har vore klart giftigast sålangt. Ligg lågt heimelaget og tar Raufoss på overgangar. Litt mot det ein tidlegare har sett på Fosshaugane Campus.
8'
Innlegg frå Haugen og Simenstad brystar ballen ned til Lauvli. Iskaldt av venstrebacken.
5'
Haugen blir spelt åleine gjennom, men skyt utafor. Der skal du score Haugen!
2'
Sogndal prøver seg med ein ball i bakrom, men den blir for lang for Haugen og trillar inn til Lauvli.
Avspark Start 1. omgang
To keeprar som kapteinar i dag. Lauvli vel å byte side slik at Dyngeland har sola i augene i denne første omgangen. Raufoss også med avspark.
Laga på veg inn på bana og vi er straks klar for femte runde i OBOS-ligaen frå Fosshaugane Campus.
Delvis skya oppholdsvær med glimt av sol. Svak bris frå aust og nærmare 20 grader. Det var værmeldinga frå Sogndal i dag.
Då har vi lagoppstillingane klare for dykk og for bortelaget er det berre ei endring frå sist kamp. Nessø kjem inn for Løken på topp. For Sogndal er det 4-3-3 som gjeld i dag så får vi sjå om dei held denne formasjonen gjennom heile kampen. Tvilsamt. Også ein del endringar på sogndalslaget sidan sist. Birkelund er flytta opp på midtbana og Rindarøy er komen inn som back. Legg også merke til 18-åringen Akor Adams på topp som scora tre mål i cupfinalen for junior i fjor.
Vi er tilbake med lagoppstillingar ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Sogndal har starta veldig varierande. Sogningane har berre spelt tre kampar, sidan sist helgs kamp mot Ham-Kam vart utsatt, og fire poeng er kanskje litt under målsetningane til dei kvitkledde. Prestasjonane har variert kraftig frå å bli utklassa 3-0 av Ull-Kisa til å rundspele Notodden i andre omgang i siste heimekamps 4-1 siger. Formasjonsmessig har laget også verka veldig usikre og i dei to siste kampane har ein gjort byter allereie før det er gått 45 minutt. Vi får sjå om Eirik Bakke har løyst dette i dei to vekene med spelefri som laget har hatt.
Bortelaget so mer nyopprykka framfor årets sesong har hatt ei fin sesonginnleiing med to sigrar og to tap. Nest-Sotra og Strømmen er slått, men Start og Sandefjord vart for sterke for gultrøyene frå Toten. Seks poeng frå desse kampane er nok trenar Christian Johnsen nøgd med.
Hei og velkomne til den femte serierunden i årets 1.divisjon. I dag er det Raufoss som vitjar Fosshaugane Campus.