Referat
Kun høydepunkter
Der er det over i Sogndal. Vi kan vel ikkje kalle det eit ran, men at heimelaget går sigrande ut av denne bataljen er vel mildt sagt litt urettferdig. I alle fall om ein ser det med raufossauger. Bortelaget var soleklart best i første omgang, men Bakke hadde eit ess i ermet nemleg spissen Akor Adams. Han ekspederte Sogndal sine einaste avslutningar på mål i denne kampen i nettet. Dermed hjalp det ikkje at Raufoss vann avlsutningstatsitkken soleklart. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+3'
Helmersen går ned i boksen, men ingen straffe seier dommar.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90+1'
Sogndal tar ballen ned til hjørneflagget for å dra ut tid. Klarer å stå der i ca. 7 sekund.
89'
Tenk at denne spissen Adams kan forsvinne gratis frå Sogndal etter denne sesongen. Dette irriterer vettet av mange sogningar.
87'
Dette er tungt for Raufoss.
85'
Faktisk heimelaget som har klart å etablert eit lite trykk her no.
84'
Raufoss får enkelt klarert innlegget.
82'
Frispark til Sogndal på kanten av sekstenmeteren.
81'
Eid med ein glimrande ball i bakrom på Adams, men spissen får ikkje ballen med seg vidare. Sogndal har løfta seg litt no.
76'
Blod på tann no Raufoss og absolutt meget fortent at dei fekk utlikninga si.
75'
Raufoss kjører på vidare og vinn ein corner.
72'
Sogndal med ei god kontring, men Hammer får blokkert avslutninga til Palsson.
71'
Slit litt med å skapa noko her Raufoss. der Sogndal har hatt mange dårlige innvolveringar med ball syns eg Raufoss verkar meget solide. Men bortelaget slit i siste del og får ikkje til dei avgjerande pasningane.
68'
Det er veldig låg nivå på ein del av ballberøringane til spesielt heimelaget utpå her. Sjølv om dei leiar så verkar det som mange avspelarane har null sjølvtillit med ball i beina.
65'
God sjanse for Sogndal, men innbyttar Dado får kasta fram ein fot og gitt til corner.
63'
Ligg og vippar litt denne kampen no. Raufoss tyrer, men klarar ikkje heilt å skape noko ut av overtaket. Sogndal får nokre gode overgangar, mne klarer ikkje å utnytte desse heller.
59'
Ligg djupt no heimelaget og luktar på feil frå dei gulkledde. Men Raufoss ser solide ut så ikkje mange sjansar Sogndal får.
57'
Raufoss med mykje ball etter scoringa.
56'
Ørsahl blør kraftig frå nasa og må ut fleire gonger for å stoppe blødningane.
54'
Litt meir fyr i kampen no. Var heilt klart eit mål dette oppgjeret trengte.
52'
Så får Raufoss sin største sjanse. Aanseland riv seg laus på kant og frå kloss hald avsluttar han rett på Fij.
52'
Føler nok dette som litt ufortjent Raufoss. Har styrt store delar av denne kampen og vore det klart beste laget.
49'
Kristoffer Hoven prøver seg, men avslutningen kan vel karakteriserast som dårlig. Ca. 10 meter utafor.
46'
Bakke tar grep. Byter ut begge spissane.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein sjansefattig omgang på Fosshaugane Campus er over. Raufoss starta klart best og kjørte kampen dei første 20 minutta. Etter det daua både raufosspresset og kampen ut. Vi får sjå om Johnsen klarar å fyre opp spelarane sine i pausen. Heimelaget har mangla fullstendig rytme og Bakke må verkeleg kjøre hårfønar i pausen om Sogndal få med seg noko i denne kampen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Tre minutt tillegg.
45'
Interresant situasjon. Innlegg som Aluvli mistar. Skålevik står framfor keeper og skjermar ballen ut til Kupen som set ballen i mål. Dommar bles frispark til keeper. Den kan diskuterast.
43'
Nytt frispark som blir svinga innover for Sogndal. Denne gong er Lauvli ute og boksar.
42'
Ganske dau periode i kampen dette.
42'
Frispark til Sogndal som Flo svingar innover. Rett i klypene til Lauvli.
38'
Raufoss er det beste laget, men både dei og Sogndal slit med å skape dei store sjansane.
33'
Det nermar seg for Raufoss. Haltvik på volley, like over.
33'
Skal ogås nemnast at bortelaget har relativt god kontroll når Sogndal angrip.
32'
Senka seg veldig mykje lågare i bana no Raufoss. Var vel egentlig umpgleg å halde det presset dei gjorde i byrjinga av kampen så alt for lenge.
29'
Sogndal har tatt litt meir over dei siste minutta. Fått låne ballen meir, men ikkje skapt noko særlig framfor Lauvli i raufossburet.
25'
Roseth er nede igjen. Det var nok det frå midtstopparen i dag.
21'
Så får Sogndal ein overgang, men Hoven finn ikkje Skålevik i boksen. Skulle kanskje også lagt ut til Kupen der Sogndal sin venstrekant.
20'
Raufoss byggjer igjen godt opp på kant, men Aanseland er i offside når han får ballen.
20'
Ser friske ut dei 3 framme på Sogndal når dei får ballen. Men samhandlinga har vore godt under pari så langt.
17'
Hoven kjem rundt på kant og berre ei god blokkering hindrar han i å nå Skålevik framfor mål.
16'
Vi rundar kvarteret og vi kan vel trygt seie at Raufoss ahr vore det friskaste laget her. Dog uten å skape noko særleg framfor mål.
15'
Hinkar innpå igjen her nr. 4, men vi får sjå kor lenge dette går.
14'
Midtsopparen er oppe igjen, men han haltar stygt så dette kan fort bli eit tidleg bytte for Sogndal.
13'
Roseth ligg nede med skade etter ein duell.
11'
Så er det Hammer som prøver seg frå distanse, mne skotet går ein god meter over.
10'
Raufoss rett i angrep, men Aanesland si avlsutning går eit stykke over.
10'
Langt innkast som Kupen på volley set like over.
8'
Pressar Sogndal heilt ned på eigen femmeter her Raufoss. Christian Johnsen piskar elevane sine opp i bana.
8'
Kristoffer Nessø møter igjen gamle lagkameratar i dag. Ein av heile 17 spelarar Nessø som forsvann ut porten på Nammo Arena etter fjorårets sesong.
6'
Raufoss heilt klart med initiativet her i starten.
3'
Manglar jo også sin solide midtstoppar i dag Raufoss. Fremstad fekk sitt fjerde gule sist kamp og vert erstatta av Ørsahl.
2'
Høgt press og stor intensitet frå start av Raufoss. Ser tente ut her totningane.
1'
Raufoss med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Gode 15 grader og overskya i Sogndal i dag. Ein ny perfekt dag for fotball med andre ord.
Då har vi altså fått laga. Raufoss manglar sin sentrale spiss N'Daye som er ute med ein skulderskade. Inn kjem Werni. Spørs ungguten klarer å fylle skoa til storscorar N'Daye. For Sogndal er det slik eg kan sjå ingen endringar frå kampen mott FFK. Kupen får ny tillit på topp etter at han satte sitt første mål for sesongen sist.
Det er eit hardt kampprogram for laga i OBOS om dagen og kva lag Bakke og Johnsen tek ut får du vite når vi er tilbake ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Raufoss ligg på 10.plass med 3.poeng opp til opprykksvalikk og 4 poeng ned til nedrykkskvalikk. Ikkje naudsynt då å nemne at dette også er ein svært viktig kamp for totningane.
Heimelaget ligg akkurat no på 5.plass og det byrjar å bli litt for mange poeng opp til dei direkte opprykksplassane. Spesielt etter tap både mot Ranheim og FFK har sogningane byrja å sakke akterut. Ein siger i dag er difor heilt naudsynt om laget skal ha håp om direkte opprykk.
Velkomen til Fosshaugane Campus og den 19.runden i årets OBOS-liga. I dag er det Raufoss som vitjar saftbygda.