TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Sogndal kjempar seg til tre poeng! Det vart ein tøff kamp for begge lag som forsvarte seg ganske godt. Ørjasæter starta showet med ei scoring på kontring i første omgang. Då såg det tøft ut for Raufoss. Like etter pause svara Raufoss med ein rakett frå Butli Hammer. Etter det var det mykje kriging, tøffe duellar og mange frispark. Tore André Flo bestemte seg å gje Skaanes debuten sin, noko som skulle vise seg å bli kampavgjerande. Det avgjerande målet kom nemleg frå Skaanes. Dermed blir det heimesiger her på Fosshaugane Campus.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Skaanes kjem seg inn i boksen, men blir stoppa til slutt.
90+3'
Frispark
Flatkaer klarerar.
90+2'
Fremstad stoppar Grønner som kunne vore åleine med keeper. Enorm takling!
90+2'
Van der Spa stangar vekk alt som kjem i hans retning.
90'
Hjørnespark
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Spillerbytte
88'
Haruna har gått opp som spiss for å jakte utlikning.
88'
Fij fangar eit høgt innlegg.
85'
Frispark
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Mål!
2-1
Skaanes gjer det i debuten sin! Ørjasæter leiker seg på venstresida. Han ser at Skaanes står inni boksen. Avslutninga hans går via ein motspelar og inn i målet.
80'
Frispark
80'
Grønner testar Lauvli. Den testen bestod han lett.
78'
Spillerbytte
78'
Helmersen har fått seg ein smell.
76'
Frispark
75'
Frispark
74'
Hjørnespark
Heading utanfor for Ingimundarson.
74'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
72'
Skaanes skal også inn.
72'
Grønner skal inn for Sogndal. Det same skal Flataker.
71'
Frispark
71'
Spillerbytte
70'
Gult kort
Stoppar ei kontring.
68'
Raufoss gjer seg klare til eit byte.
68'
Frispark
67'
Akrobatisk avslutning frå van der Spa. Går utanfor.
66'
Hjørnespark
Haruna headar vekk.
65'
Frispark
Leiter etter van der Spa. Blir corner.
65'
Frispark til Sogndal i farleg posisjon.
63'
Frispark
63'
Simenstad leser eit innlegg frå Jonsson bra. Kjem på den før Diaz.
61'
Hjørnespark
Flo headar vekk.
60'
Skaanes er i oppvarming. Skal han få debuten sin i dag?
59'
Hjørnespark
Ingimundarson slår vekk ballen.
58'
Sjølstad går ned i boksen. Får ikkje straffe.
56'
Frispark
Fij slår frisparket langt.
54'
Fleire duellar på midten endar med frispark. Har vore ganske tøft så langt i andre omgang.
54'
Frispark
53'
Kjempesjanse for Nessø! Sjølstad slår inn til Nessø som står åleina inni boksen. Avslutninga går over målet.
52'
Frispark
51'
Frispark
51'
Mykje rot hos heimelaget no. Mange unødvendige balltap.
49'
Frispark
Dårleg frispar. Nessø klarerar.
49'
Raufoss stormar fram igjen. Arrocha klarerar Westerlund sitt innlegg.
49'
Frispark
47'
Mål!
1-1
For ein susar frå Hammer! Sogndal rotar vekk ballen på eigen banehalvdel. Butli Hammer bestemmer seg for å forsøke seg frå distanse. Fij kastar seg, men ballen går hardt i nettet. Då er me like langt.
47'
Raufoss prøver seg på eit innlegg tidleg i omgangen. Sogndal headar vekk.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar ganske fortjent til pause. Målet til Ørjasæter har gitt dei eit godt utgangspunkt. Raufoss slit med å kome til store sjansar. Hoven måtte ut med skade, og inn kom Sjølstad.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Hjørnespark
Van der Spa klarerar.
45'
Me er inne i overtida.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
44'
Sogndal speler seg inn i boksen. Blir vanskeleg å kome til avslutning.
42'
Nessø får ballen utanfor boksen. Høgrebeinet hans er ganske bra, men denne gongen gjekk ballen utanfor.
39'
Simenstad har ballen inni boksen til Sogndal. Avslutninga hans går alt for høgt.
39'
Sogndal kan få ei ny farleg kontring, men Jonsson bommar på pasninga.
37'
Hjørnespark
Haruna headar utanfor.
34'
Mål!
1-0
Ørjasæter sender Sogndali føringa på ei kontring! Der er heimelaget effektive. Jonsson slår motsatt til Ørjasæter. Åleine med keeper gjer han ingen feil. 1-0 til heimelaget.
33'
Frispark
Frisparket blir klarert av første mann.
32'
Flo går over på høgreback. Sjølstad venstreback.
32'
Spillerbytte
31'
Sjølstad gjer seg klar til å kome inn for Sogndal.
30'
Raufoss slår eit innlegg som Arrocha klarerar.
28'
Frispark
Slår langt denne gongen også.
28'
Sogndal har press lenge. Til slutt får Raufoss frispark etter eit seint spark. Hoven set seg ned rett etterpå.
25'
Hjørnespark
Kort variant. Blir innlegg til Flo som headar over målet.
24'
Flo prøver seg frå distanse. Lauvli har kontroll.
21'
Hjørnespark
Sogndal får tak i ballen til slutt.
20'
Frispark
Tydeleg plan på frisparka til Raufoss. Dei skal slåast langt.
19'
Westerlund må få litt behandling etter at han har begynt å bli i munnen.
18'
Hjørnespark
Diaz er først på corneren, men avslutninga går utanfor.
18'
Haruna sørger for corner til Sogndal.
17'
Nessø avsluttar med feil fot rett på Lauvli.
16'
Frispark
Fij sl¨år frisparket langt.
16'
Westerlund feller Ingimundarson når han prøver å avslutte. Frispark til Sogndal.
15'
Frispark
Frisparket til Flo går ut til innkast. Dårleg start for kapteinen.
14'
Flo slår eit innlegg frå venstre som Lauvli plukker opp.
13'
Hjørnespark
Svak heading som Fij plukkar opp.
13'
Flo slår ein forferdeleg pasning rett til Raufoss. Ender heldigvis for han ikkje med noko avslutning.
11'
Frispark
Lauvli slår frisparket langt.
11'
Gult kort
Twum får gult kort når han mistar ballen, og prøver å vinne den igjen.
10'
Heimelaget leiter etter moglegheitar til å spele seg gjennom dei fem bakerste hos Raufoss, men der er det trongt.
9'
Sogndal ropar på straffespark då eit innlegg blei blokkert av ein arm. Dommar er sikker på det ikkje er straffbart.
8'
Frispark
7'
Helmersen prøver seg på ei avslutning inni boksen, men forsvaret står imot.
5'
Hjørnespark
Sogndal slurvar vekk ballen på corneren, og Raufoss prøver å kontre. Sogndal kjem seg tilbake igjen.
5'
Hjørnespark
Twum får ein moglegheit som blir blokkert.
5'
Sogndal vinn eit hjørnespark.
4'
Sogndal speler seg inn i boksen til Raufoss. Jonsson får ikkje kontroll over ballen, og den går ut av spel.
2'
Raufoss prøver å få den første sjansen, men Simenstad ute til høgre får eit dårleg touch. Utspark for keeper.
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg ut på bana. Veret har blitt mykje betre sidan førre heimekamp for Sogndal. Den berømte dalatrekken har roa seg ned, og det er færre boblejakkar på tribuna enn i dei to første kampane her på Fosshaugane.
Då er lagoppstillingane klare. Heimelaget gjer ein god del endringar sidan førre kamp. Van der Spa, og Per-Egil Flo kjem inn i forsvaret. Mansour Gueye og Martin Sjølstad går ut. På topp er Diaz inne for Flataker. For bortelaget er Westerlund inne for Hagbø.
Raufoss har kun ein siger på Fosshaugane Campus. Den kom i 2019. Sidan den kampen har sogndølene hatt god kontroll over Raufoss på heimebane. Viss Raufoss skal vere like solide bakover som i tidlegare kampar i år, er dette ein fin moglegheit til å doble sigersstatistikken deira i Sogndal.
Så langt i år har Sogndal og Raufoss fått ganske like resultat. Dei står med to sigrar, to uavgjort og eitt tap. Raufoss har 7-2 i målforskjell medan Sogndal har 7-6 i målforskjell, så dei ligg på plassen over Sogndal på tabellen. I førre runde reiste Sogndal til Kristiansund. Dei reiste poenglause heim igjen etter at heimelaget slo dei 2-1. Raufoss hadde besøk av Åsane i ein kamp som enda mållaust.
I fjor var dette oppgjeret opningskampen for desse laga i OBOS-ligaen. Då enda det 2-0 til Sogndal etter scoringar av Kristoffer Hoven og Andreas van der Spa. I returoppgjeret i siste runde enda det 0-3 i favør Sogndal. Mykje har skjedd med begge laga sidan den gongen. Raufoss måtte skaffe seg ny trenar, og begge laga har brukt vinteren på å endre formasjon.
Hei, og velkomen til livedekning av Sogndal mot Raufoss i runde seks av OBOS-ligaen!