Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Sogndal vinn 2-0 i seriepremiera til Tore André Flo. Raufoss hadde ballen mykje, men klarte ikkje å skape noko særlig framfor songdalburet. Den solide stopparen Van der Spa ordna 1-0 etter corner i første omgang og publikum på Fosshuagane hadde knapt satt deg til andre omgang før Nessø fiksa straffespark for heimelaget. Den ekspederte Kristoffer Hoven i mål og sjølv om dei gulkledde styrte mykje resten av omgangen så var heimelaget si leiing lite trua.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+2'
Tida renn ut for Raufoss.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
86'
Raufoss med ballen som tidlegare i kampen, men kjem seg berre til sekstenmeteren. Sogndal har nokre feite overgangsmoglegheiter, men er for upresise.
82'
Sogndal med god sjanse på ei overgang, men Kristoffer Hoven er for upresis.
74'
Raufoss har etablert eit spel inne på Sogndal sin halvdel, men slit med å komma seg gjennom dei to bautaene i Sogndal sitt forsvar. Når dei først har klart det så har ein nederlandsk blekksprut stått bak og hindra raufosscoring.
71'
Raufoss spelar seg fint gjennom på kant Simestad får to moglegheiter frå tolv meter, men begge gongane blokkar Roseth.
66'
Ein stille og rolig periode her no. Raufoss mest med ball og Sogndal veldig giftige på overgangar.
58'
Det har skjedd dobbelt så mykje dei ti første minuttane her enn det gjorde i heile første omgang.
56'
Sogndal kontrar og Ørjasæter speler Fram Kristoffer Hoven. Åleine med Lauvstad set han ballen i nettveggen! Kjem litt skrått på der spissen, men den skal sitte for ein tidlegare storscorer i OBOS.
55'
Raufoss styrer banespelet fullstendig her ho.
53'
Rafoss med fint spel og innlegg inn i boks. Der er Fagernes på fire meter og avluttar, men Fij reddar meisterleg. Der skal det være redusering, men nederlendaren i sogndalburet tek fram det heilt store.
51'
Svingar fram og tilbake dette no. Ein veldig morsom start på denne omgangen.
48'
Og med avsparket så er faktisk Raufoss borti ballen for første gong i denne omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal går til pause med ei eittmålsleiing etter at Van der Spa styrte ballen i mål etter corner. Raufoss var nok det beste laget fram til heimelaget si scoring, men etter det tok Sogndal meir over utan at det vart dei store sjansane ut av det. Vi håpar på endå meir målsjansar i den andre omgangen for det har vore omtrent like kaldt framfor dei to måla som på tribuna.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Raufoss med eit siste forsøk her no.
45+1'
Sogndal held ballen i laget.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Fremstad tilbake på bana igjen no.
41'
Kristoffer Hoven oppe med albogen mot ein raufosspelar. Ser ut osm det er Fremstad. Er nok meir eit uhell enn tilsikta, men midtstoppren har fått eit kutt i panna. Lever farlig her no Hoven.
39'
Prøver seg på ein frekk variant, men vippen i bakrom er for lang. Sannsynlegvis på grunn av vinden.
36'
Ørjasæter med nydelig ball gjennom til Kristoffer Hoven. Han vinn løpsduellen mot Fremstad og får avslutta, men lauvli reddar. Fremstad er også svært sein i taklinga der og Sogndal ropar på straffe, men mannen i svart tek ikkje fløyta til munnen.
34'
Meir fart i denne kampen no.
34'
Sogndal frampå igjen. Innlegg til Ørjasæter som headar like over.
32'
Haltvik dreg seg fri på kant og tåar ballen inn i feltet. Fagernes når nesten fram. Har vore gode her i starten av kampen den kvikke Haltvik.
31'
Godt skot av Nessø før corner også som Lauvli måtte gi til corneren som til slutt vart mål. Sogndal har heva seg dei siste minutta.
28'
Ikkje rødt på Hoven der. Berre litt dobbelklikking frå ein kald journalist.
25'
God overgangsmoglegheit for Sogndal, men Ørjasæter sin ball ut til Nessø går back Sogndal sin spiss. VInn til slutt eit frispark på 25 meter sogningane.
21'
Innlegg frå Johnsgård som går gjennom heile feltet før Flo flikkar ballen forbi Dadjo. Vågalt av Sogndal sin venstreback det der.
18'
Så kalrar Sogndal å spele seg rundt på kant, men innlegget frå Andreas Hoven blir stanga ut av Fremstad.
15'
Sogndal er litt urytmiske i starten her. Litt mange feilpasningar og løp som ikkje sitt.
14'
Hammer driv oppver og skyt frå sekstenmeteren. Går eit par meter til side for mål, men friske takter igjen frå bortelaget.
11'
Raufoss med eit lite overtak dei siste minutta. Heimelaget litt for upresise i pasningspelet.
4'
Høgt tempo i starten her og begge lag presar høgt. Veldig oppstressa.
4'
Raufoss med vinden i mot i denne omgangen. Det bles ganske frisk så heilt klart at dette er ein fordel Sogndal dei første 45.
1'
Lang ball opp frå Gudjonsson, men vanskelig å berekna vinden her. Ut til kast for heimelaget.
Avspark Start 1. omgang
Raufoss med avspark i denne første omgangen.
Straks klart for avspark her på Fosshaugane. 5-6 grader og strålande sol, men den iskalde dalatrekken gjer dette til ei frisk oppleving for oss på tribuna.
Sogndal spela uavgjort i alle sine fem siste seriekampar i fjorårssesongen. Sist siger i seriesamanheng var faktisk mot Raufoss i september. Den kampen enda 2-1 etter at Akor Adams avgjorde med si andre scoring for dagen like før slutt. Markus Aanesland, som sitt på benken i dag, scora Raufoss sitt mål. Det motsette oppgjeret på Raufoss enda også i ein 2-1 siger for sogningane.
Ein av Noregs største, både i fysisk og fotballmessig samanheng, Tore André Flo, startar si trenarkarriere i dag. Så får vi sjå om Christer Johnsen klarer å hindre Flo i å få ein draumedebut på Fosshaugane. Vi er tilbake med dei to trenarane sine startelvarar ein god time før kampstart. Vel møtt!
Resultat i treningskampar skal ein kanskje ikkje bry seg så mykje om, men desse laga hadde to heilt forskjellige generalprøvar. Heimelaget rauk på eit 0-3 tap heime mot Brann, mens Raufoss klinka til med ein 3-0 siger mot ingen ringare enn Rosenborg.
Raufoss har henta inn ein god del nye fjes og vi legg merke til Arnar Gudjonsson som er henta frå divisjonskollega Grorud. Tillegg må vi jo legge til at gode gamle Harald Martin sin son Filip Brattbakk er henta frå RBK. Har vist spor av faren sine goalgetter-ferdigheiter i vinter så dette blir spanande.
Vi kan sjølvsagt ikkje gå gjennom alle overgangar denne vinteren, men kan nemne nokon sentrale på kvart av laga. Heimelaget har henta tre islendingar så her skal det kjempast som vikingar denne sesongen. I tillegg vert det stilt store forventingar til Ulrik Mathisen som kom på lån frå LSK rett før overgangsvindauga stengde. Kreativitet på midtbana har vore eit manko av på Fosshaugane sidan Sivert Mannsverk forsvann i fjor.
Hei og velkomne til den første runden i årets OBOS-liga. Nokre lag tjuvstarta i går, men i dag er det altså Songdal og Raufoss sin tur.