Oppsummering
Det blir bortesiger på Fosshaugane etter to scoringar frå Ranheim, og ingen frå Sogndal. Ranheim opna kampen best, og Amble Haugen sette inn 1-0 med ei god avslutning utanfor boksen. Etter scoringa handla det om å gjere det som skulle til for å sikre sigeren for bortelaget. Dei lukkast godt med å roe ned tempoet i kampen slik at Sogndal ikkje klarte å skape noko. Etter pause sikra Gaustad sigeren ved å banke inn 0-2. Sogndal følgjer opp årsverste prestasjon mot Moss ved å spele ein kanskje endå dårlegare kamp mot Ranheim. No begynner dette å utvikle seg til ein ny skuffande sesong for Sogndal. Ranheim får ein fin tur heim til Trøndelag, og får sjansen til å stikke frå resten av laga under dei på tabellen.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-2)
90+4'
Sjølstad skaffar ein corner på overtid.
90+2'
Paulsen headar vidare mot Hintsa. Svensken har ikkje gått på løp. Lite stemmer for Sogndal i dag.
90'
Det er lagt til 7 minutter overtid.
88'
Sogndal slår langt mot Paulsen. Nilsen fangar headinga hans.
88'
Stopparane Paulsen og Olugbe speler spiss for Sogndal no.
83'
Tønne ligg nede med hovudskade i boksen. Får behandling. Det ser ut som at det skal gå bra med backen.
80'
Sjølstad slår hardt inn i boksen, men ingen Sogndalspelarar er på ballen. Det har vore ein gjengangar på dei fleste innlegg frå Sogndal i dag.
73'
Lang ball frå Robertsen. Landar inne hjå Vidtun Nilsen.
67'
Taktikkpraten er ferdig, og Vidtun Nilsen er oppe att.
66'
Flataker får ballen inne i boksen, og skyt langt over målet. Vidtun Nilsen set seg ned, og ber om behandling etterpå. Ranheim bruker stoppet i spelet på ein taktisk prat utanfor teknisk sone.
59'
Kjempesjanse for Eriksson! Han driblar seg forbi heile forsvaret til Ranheim, og smeller ballen i stolpen. Veldig nærme 1-1.
56'
Dei avgjerande pasningane til Sogndal har vore unøyaktige heile kampen. Dei fleste gjennomspel og innlegg, går rett til ein motspelar.
52'
Flataker og Vidtun Nilsen går i duell. Då blir det ofte frispark til keeper. Det vart det denne gongen også.
51'
Robertsen skjermar ballen ut til utspark i ein duell med Wenaas.
50'
Fin kontring av Hou Sæter. Han kjem seg heilt inn til Jendal, og prøver å chippe ballen over han. Jendal får ei hand på ballen.
48'
Gaustad prøver å finne Amble Haugen, men pasninga er upresis, og det blir utspark for Jendal.
47'
Etter ein førsteomgang med mykje regn, er det no sol på Fosshaugane.
46'
Skaanes, som har slitt med skade i heile år, går ut i pausen. Nundal er inne.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bortelaget har leiinga til pause etter ei scoring frå Amble Haugen. Utanom scoringa, har det ikkje skjedd mykje. Heimelaget slit med å kome til store sjansar. Bortelaget vil vere nøgd om me får det same kampbiletet etter pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Skjelbred får vondt etter ei stempling frå Robertsen. Skjelbred prøvde å stoppe Robertsen på veg inn i boksen då stemplinga skjedde. Kapteinen kjem seg fort opp igjen.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
43'
Robertsen får ballen etter eit bra angrep av Sogndal. Avslutninga hans skrur seg på utsida av stolpen. Dette er noko av det beste me har sett av Sogndal til no i kampen.
41'
Wenaas prøver seg på ei avslutning ute til venstre. God redning av Jendal som må slenge seg.
39'
Robertsen slår inn, men Ranheim har full kontroll i eigen boks.
34'
Slørdahl gjer ein god jobb når han stoppar ei kontring ute til venstre.
30'
Frispark til Ranheim i god posisjon for innlegg.
28'
Sogndal stormar fram i angrep, men blir stoppa når Bodding bles i fløyta for hovudskada. Mogensen kjem seg kjapt opp igjen etter at spelet stoppa.
26'
Ranheim har hatt full kontroll over kampen. Sogndal slit med å kome seg fram i bana utan Baidoo.
22'
Hou Sæter prøver seg på ein volley etter eit veggspel. Går over målet.
21'
Sjølstad og Slørdahl kolliderer inne i boksen til Ranheim. Frispark til bortelaget. Begge to får vondt i duellen.
20'
Sogndal kombinerer seg fint ute til venstre, og kjem heilt inn i femmeteren, men der blir dei stoppa.
17'
Flataker prøver seg på ei avslutning med venstrefoten. Sklir av foten, og går ut til utspark.
15'
Ranheim får to fine angrep på kort tid, men kjem ikkje til farlege avslutningar.
14'
Sjølstad forsøker seg når han får ballen frå motsett side. Avslutninga blir blokkert.
8'
Høyland skaffar ein corner for heimelaget.
7'
Ranheim har hatt ballen mest i opninga av kampen.
5'
Sjølstad stoppar Gaustad som prøver å slå inn i boksen.
2'
Borgthorsson forsøker seg på eit innlegg. Vidtun Nilsen har god kontroll.
1'
Mogensen tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer fleire endringar. Baidoo blir erstatta av Robertsen, og Eriksson blir flytta opp på midtbana. Olugbe kjem inn for Paulsen på stopparplass. Skaanes kjem inn på topp for Hintsa. Ranheim gjer også fleire endringar. Tromsdal kjem inn for Skuseth. Bendik Bye er ikkje med i troppen, og Mogensen blir spiss i dagens kamp.
Sogndal Fotball bekreftar i ei pressemelding at Edmund Baidoo ikkje er med i kamptroppen fordi dei er i samtalar med ein internasjonal klubb om ein overgang for kantspelaren.
Eivind Bodding er hovuddommar i dag. Han har med seg Ruben Haugland og Amang Kanyi som assistentar. Jakob Søgnen er fjerdedommar.
Sogndal ligg på 6. plass på tabellen med fem poeng opp til direkte opprykk. Det er altså framleis mogleg å rykke opp sjølv om dei er inne i ein dårleg periode. Ranheim ligg på 11. plass med 21 poeng. Det er altså ni poeng opp til Sogndal på den siste kvalifiseringsplassen, og berre tre poeng ned til kvalifiseringsplassen i den andre enden av tabellen.
I førre runde spelte Sogndal kanskje sin svakaste kamp i år då dei tapte 3-0 mot Moss. Sogndal har altså mykje å revansjere i dag. Dette gjeld også Ranheim som tapte 1-0 borte mot Mjøndalen i førre runde. Mykje ligg til rette for at det skal bli ein spennande kamp med to lag som treng tre poeng for å få sjølvtillit inn mot avslutninga av sesongen.
Det er berre rundt ein månad sidan sist gong desse laga spelte mot kvarandre. Då var Ranheim overlegne, og knuste Sogndal 3-0. Sidan den gong, har ikkje Ranheim vunne ein einaste kamp. Det har blitt tre tap og ein uavgjort. Ranheim bør altså spele ein ny god kamp mot Sogndal for å begynne å samle poeng att. Før kampen i dag, er det berre tre poeng ned til Aalesund på kvalifiseringsplass.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Ranheim i OBOS-ligaen!