Oppsummering
Sogndal får seg endeleg ein siger etter ein tung periode! Dei starta friskt, og gjorde det vanskeleg for Ranheim. Bortelaget kom seg meir inn i kampen, men Ingimundarson sørga for at sogndølene leia 1-0 til pause. I andre omgang vart det meir av det same. Det var til tider jamnt, men keeper Sætren sørga for at det ikkje vart scoringar frå Ranheim i dag. Ingimundarson dobla leiinga etter 77 minuttar, og det såg det skummelt ut for Ranheim. Dei fekk fleire sjansar på slutten, men klarte ikkje å få ballen i mål. Sogndal kunne også gått opp til 3-0 ved fleire store sjansar på kontringar. Ikkje ufortjent siger for heimelaget sjølv om Ranheim tenkjer at dei kunne fått poeng i kveld om dei var meir effektive.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
God redning frå Frenderup hindrar Ingimundarson.
90+2'
Kristiansen forøsker seg frå distanse. Går i nettveggen.
90+1'
Endå ein redning frå Sætren! Denne gongen frå Mehnert si avslutning.
90'
Målet er omtrent opent for Ingimundarson, men ein forsvarar blokkerer! Der burde det stått 3-0!
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
90'
Assistenttrenar Rune Bolseth klarte også å få eit gult kort. Han har vore ivrig i dag.
88'
Van der Spa speler med ein sko akkurat no. Den forsvant plutseleg i ein duell. Går omtrent eit heilt minutt før han får ta den på seg igjen.
87'
Ingimundarson er heilt åleine på venstresida. Med seg frå høgre har han Gunnarsson. Avslutninga hans går alt for høgt.
85'
Sætren bruker tid med ballen kvar gong han har den.
84'
Ikkje mange sjanser dei siste minutta. Ranheim pressar på mest.
81'
Omtrent halve laget til Ranheim er bytta no i eit forsøk på å snu kampen.
79'
Ranheim gjer klar fire nye spelarar.
76'
Slørdahl gir seg ikkje så lett. Han er oppe igjen.
75'
Slørdahl går ned igjen etter at han framleis har vondt etter smellen han fekk tidlegare.
73'
Marklund går hardt inn i Slørdahl. LSK-spelaren på utlån ligg nede med smerter.
72'
Grønner og Langås kranglar om ballen. Ingen fekk frispark, og Ranheim fekk ballen.
68'
Dobbelbyte for Flo.
65'
Mehnert er åleine med Sætren, men den unge keeper er kjapt ute når spissen sin touch blir for lang.
64'
Sogndal vender spelet, og heile høgresida er open. Jonsson og Gunnarsson er ikkje presise nok til å utnytte det.
63'
Dommar Emilie Torkelsen har lagt lista høgt. Det er fleire gonger spelarar har ropt på frispark, men ikkje fått noko.
61'
Erlien prøver seg på ein blanding av skot og innlegg. Går bak målet.
60'
Det er Ranheim som har hatt dei siste sjansane no. Er ei stund sidan Sogndal var i angrep.
58'
Ny god redning frå Sætren! Knallhard avslutning frå 16 meter.
57'
Frenderup er ute og plukkar eit innlegg.
55'
Strålande redning frå Sætren på forsøket til Marklund.
53'
Sogndal prøver seg på nok eit langt innkast. Kjem til ein halvsjanse som Jonsson sparkar vekk.
50'
Unge Steinset har på ingen måte spelt seg vekk i dag. Klarar seg fint på midtbana i lag med Twum.
46'
Ranheim går rett i angrep, men van der Spa ser kva dei prøver på, og stoppar dei.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det er heimelaget som leiar 1-0 til pause etter scoring frå Ingimundarson. Det var dei som starta best, men Ranheim klarte å kome seg betre inn i kampen etterkvart. Er uansett ikkje ufortjent at Sogndal leiar.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
43'
Frustrerande for Ranheim å få det målet mot seg rett før pause.
41'
Ganske roleg no når me nærmar oss pause. Begge lag bruker tid med ballen.
37'
Erlien får gå lenge åleine. Han kjem langt inn i boksen før avslutninga kjem. Den går utanfor.
34'
Sogndal vinn ballen høgt i bana. Diaz sitt innlegg er ingen i nærheiten av.
29'
Alte avsluttar får distanse. Rett i Mehnert. Ballen går ut til Sætren.
27'
Mehnert får armen til van der Spa i ansiktet. Får vondt, men det skal gå fint med han.
25'
Nære for Sogndal! Frenderup er ute og stoppar Steinset som leitar etter ei opning.
25'
Twum snappar ballen og prøver seg frå distanse. Går over målet.
23'
"Daniel Sætren har fire armar" syng fansen no. Ungguten er godt likt!
23'
Sætren er ute og blokkerer eit skot.
22'
Twum leikar seg no, og trur han er Zidane før han mistar ballen.
21'
Slørdahl prøver seg på ein del lange ballar opp i bana i dag.
18'
Rismark headar vekk eit langt innkast.
17'
Steinset med ein smart ball mot Diaz, men den blir litt for lang.
16'
Ny redning for Sætren. Ranheim pressar Sogndal no.
14'
Rismark klarerer eit innlegg frå Gunnarsson.
13'
Alte avsluttar rett i ein Sogndalspelar. Ranheim er litt meir inne i kampen no.
10'
Kluss i forsvaret til Ranheim. Diaz prøver seg på ein frekk avslutning, men Frenderup heng med.
9'
Ranheim får trille ballen litt no.
7'
Sogndal har ballen mykje i starten. Det er ein heilt annan intensitet hos heimelaget no enn me er vande til å sjå.
4'
God start frå heimelaget.
3'
God redning frå Frenderup på avslutninga til Gunnarsson.
1'
Diaz sparkar kampen i gang.
Avspark Start 1. omgang
Det er mindre enn eitt kvarter til kampstart, og Fosshaugane Campus er tilnærma tomt. Kanskje ikkje så veldig overraskande med dei siste resultata. Nokre supportarar frå Ranheim har teke den lange turen for å heie fram laget sitt i det som blir ein viktig bortekamp.
Begge lag er ute og varmar opp. Christian Eggen Rismark leier an oppvarminga til Ranheim. Det er ein ganske spesiell dag for han i dag. Bestefaren hans, Nils Arne Eggen, hadde blitt 81 år i dag!
Tidlegare denne veka hadde Sogndal Fotball eit møte med supportarane for å forklara situasjonen i klubben no. Opprykk ser meir og meir urealistisk ut for kvar runde, og det er berre tre lag i divisjonen som har fått fleire mål imot. Det er altså eit heimelag som desperat treng poeng no. Ranheim ser framleis ein moglegheit for direkte opprykk, men det kjem også nokre lag lengre bak på tabellen som kan true ein kvalifiseringsplass for Ranheim. Tre poeng for dei i dag vil vere utruleg viktig for å halde seg godt innafor topp seks.
I førre runde spelte faktisk begge lag 3-3. Sogndal spelte borte mot Bryne, medan Ranheim spelte mot Åsane på EXTRA Arena. Og kva blei resultatet sist gong Sogndal og Ranheim møtte kvarandre? 3-3 sjølvsagt. For Sogndal sine supportarar så er det ganske viktig å slå Ranheim. I 2017 var det nettopp Ranheim som førte til at Sogndal gjekk ned til OBOS-ligaen og Ranheim tok turen til Eliteserien. Sidan den gong har Sogndal vore på nivå to, og fem sesongar i OBOS har blitt litt for mykje ifølgje mange av supportarane.
Det er to lag som ikkje akkurat har vore i toppform i det siste. Sogndal står utan seier på dei fire siste kampane. For Ranheim er det talet fem kampar. Laget frå Trøndelag har riktignok teke fleire poeng enn Sogndal i den perioden med tre kampar som enda uavgjort. Den dårlege perioden til heimelaget har no ført til at Sogndal ligg på plass nummer ni med berre 33 poeng. Ranheim har sju fleire poeng og ligg på femteplass.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Ranheim!