Referat
Kun høydepunkter
Skotstastikken viser at Sogndal hadde 12 skot og Ranheim 5. Av desse hadde Sogndal 5 på mål, mens Ranheim berre 1.
Sogndal beheld dermed serieleiinga og har framleis to poeng ned til Hødd. Men no er det heile fem poeng ned til Sandnes Ulf på 3.plass. Begynnar å lukte fugl dette for Bakke sitt mannskap. Ranheim hadde lite å by på idag. Startar heilt greitt, men så vert det svært tynt utover. Nokre spede på forsøk på slutten kunne sikra eit poeng for trønderane, men det ville vore eit ran. Difor ligg forstadslaget framleis under streken og må jobbe knallhardt for å komme seg opp der i frå utover i sesongen.
Sogndal vinn ein svært kjedeleg kamp, men der dei siste ti minutta bydde på nervøsitet for heimepublikummet. Fram til dette var det svært lite å skrive om her frå Fosshaugane. Robin Shroot viste seg som ein klinisk avsluttar og sette ballen i mål etter klabb og babb i boksen like før pause og dette vart og kampen einaste mål.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+5'
Johansen stormar igjennom, men spring rett på Eek. Dommaren bles av kampen.
90+4'
Ranheim med nokre siste desperate forsøk her no.
90+2'
Snekvik skyt i muren.
90+2'
Frispark til Ranheim på 25 meter.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Plutseleg skjedde det meir på to minutt enn i heile kampen.
90'
No skjer det mykje her. Først sleivar Lindberg utsparket til Strand som kjem åleine. Bergensaren klarar ikkje å utnytte sjansne og Ranheim går rett i angrep. Hagerup reddar meisterleg frå Aas.
89'
Shroot åleine igjennom, men Linberg reddar. Strand skyt returen utafor.
88'
2637 på Fosshaugane i dag så då er nok Sogndal den plassne i fylket med mest folk på kamp.
87'
Bra liv i saftkokarane og russen no. Faktisk dei som har gjort den største innsatsen i dag i lag med titals ranheimsupportera frå Ranheim. Heller skuffande det dei to laga har komme med.
85'
Reginiussen legg inn, men der stangar Patronen unna. Sogndal ser svært solide ut bakover.
84'
Sju minutt igjen. Kan Ranheim stele med seg eit poeng? Lite som tydar på det akkurat no, men vi får sjå kva trønderane klarar å stelle istand på slutten.
82'
God sjanse for Sogndal. Bolseth kjem rundt på kant og slår 45 gtrader ut der Malmo kastar seg inn framfor Johansne slik at han ikkje får satt ballen i det opne buret.
81'
Ingenting ut av frisparket for Ranheim utanom at Sogndal kontrar og Lindberg får kasta seg ned framfor Shroot på ein stikkar frå Johansen.
80'
Bolseth feller Aas midt på Sogndal sin banehalvdel og Ranheim får frispark.
78'
Vi har hatt litt tekniske problem, men i den tida vi har vore borte er det Sogndal som har vore best. I takt med at både russen og saftkokarane har laga liv så har og Sogndal komme til to og tre farligheiter.
70'
Kastet vert stang ut av Psyche.
70'
I muren og høgt opp i lufta. Hagerup er ute og boksar, men ikkje så langt vekk. Ein sogndalspelar får etterkvart klarert til kast.
69'
Frispark til Ranheim i god posisjon ute på kanten.
68'
Godt innlegg frå Malmo som Psyche stangar ut. Kan Ranheim komme tilbake her då?
68'
Nei det ser ut som Grodås held fram.
67'
Grodås ligg nede og må byte signaliserar fysio Haugen.
67'
På kastet får etterkvart same Løkberg sjansen frå 20 meter, men bles ballen langt langt over.
66'
Løkberg legg inn, men Sogndal får klarert til kast.
65'
Ranheim på veg inn igjen i kampen her no. Klarer å etablere eit lite trykk inne på Sogndal sin banehalvdel.
64'
Stor jubel og haleluja rop når speaker nemner at Nest har utlikna mot Brann.
62'
Kjemus dreg seg fri og skyt i nettveggen frå 16 meter.
61'
Ranheim får ein veldig fin overgang, men teniste tek ballen lett frå innbyttar Riksvold.
60'
Saftkokarane vil ha straffa når Teniste prøver å ta ballen frå Tronseth. Skal godt gjerast å få det i ein slik situasjon.
58'
Men trønderane står heilt klart høgare i banen no sjølv om dei ikkje klarar å produsera så mykje.
57'
Lite som stemmer for Ranheim. Når forsvaret slår langt kjem spissane i møte og omvendt.
54'
Etter mykje klaging på russen sitt oppmøte på fotballkamp så får underteikna heller skryte litt av dei i dag då opp mot 100 har tatt turen. Men dei kunne gjerne vore litt meir livat. Er saftkokarane og nokre karar frå Ranheim som held steminga oppe på Fosshaugane.
51'
Sogndal får etterkvart klarert.
51'
Frispark no for Ranheim som Malmo skal slå inn.
51'
Sogndal som styer det meste her i starten av 2.omgang. Ranheim verkar tannlause sålangt. No må trønderane jekka opp om dei skal klare å få med seg noko frå Sogn.
48'
Stene stangar ut.
48'
Frispark til Sogndal som Grodås skal svinge inn i boksen.
48'
Jim Johansen for skutt på bakerste stolpe, men Tronseth blokkerar.
47'
Innkast til Sogndal på høgd med Ranheim sin 16-meter.
46'
Ingen byter på nokon av laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Straks klart for 2.omgang.
Ein særs kjedeleg omgang er over på Fosshaugane. Sogndal har styrt, men skapt omtrent ingenting. Ranheim har vore svært flinke til å drepe Sogndal sine forsøk på å spele seg gjennom, men dessverre for trøndarane har dei ikkje klart å tatt overgangane. Shroot si kliniske avslutning like før pause skiller laga og vi håpar denne scoringa fører til ein mykje betre kamp i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Kanskje var det eit mål denne kampen trengte. Fram til no har det vore frykteleg kjedeleg.
44'
Frispark til Sogndal som Strand skal svinge inn i boksen.
44'
Innlegg frå Stene som Utvik stangar ut framfor Aas. Kunne blitt ein fin sjanse for Aas det.
43'
Strand skyt ein liten meter utafor frå 18 meter.
41'
Umulig frå vår posisjon å vurdere om Aas er solbrun eller kvit så då brukar vi fargen hudfarga.
39'
Innlegg inn i Sogndal sin boks og i ein duell mellom Teniste og Aas ser vi den hudfarga ryggen til Aas noko som skulle tilseie at Teniste kanskje heldt han litt i drakta. Dommar Gjermshus er ueinig.
38'
Nemnte Hgerup har no snart spelt to og ein halv kamp for Sogndal utan å sleppe inn mål.
37'
Tronseth riv seg fri på bakerste og får til ei laus heading rett på Hagerup.
37'
Frispark til Ranheim ute på kanten, ca. 25 meter frå Sogndal sitt mål. Malmo skal svinge innover.
36'
Ekstremt lite som skjer. Ranheim har vel omtrent ikkje skapt nokon ting etter ein relativt frisk start.
35'
Flo tilbake.
34'
Ser ut som Flo kan halde fram , men han tek seg ein tur ut av bana med Haugen.
33'
Innlegg frå Johansen inn i feltet, men ballen går forbi alle. Flo vert liggande etter ein duell der inne. Fysio og midtbaneankeret i fjor Helge Haugen må inn og hjelpe Flo.
30'
Jim Johansne skyt på halvspretten frå 25 meter. Over!
26'
Med tanke på dei fire siste oppdateringane så skjønar de at verken Ranhiem sine eller Sogndal sine spelarar er heilt innskotne endå.
25'
Strand skyt langt utafor.
25'
Frispark til Sogndal på 30 meter.
24'
I muren.
23'
Frispark til Ranheim på 20 meter.
23'
Fyrste store sjanse til Sogndal. Shroot dreg seg fri inne i boksen og skyt, men sleivar litt slik at ballen er på veg utafor. Flo er på bakerste stolpe og sklir ballen i nettveggen.
20'
Sogndal som styrer spelet no, mens Ranheim satsar på kontringar. Begge laga upresise i paningspelet slik at ingen av dei har komme til nokon reelle sjansar.
18'
Ball inn i feltet som Lindberg boksar rett opp i lufta. Sisteskansen vel å bokse endå ei gong og då får han ballen ut i ufarleg område for Ranheim.
17'
Grodås utfordrar Reginiussen og vert lagt i bakken. Fosshaugane vil ha frispark på kanten av 16-meteren, men Gjermshus vinkar han opp. Såg ut som ei rett avgjerd det frå dommaren frå Hamar.
14'
Tas kort, men vert ettekvart klarert av Sarr.
14'
Innkast til Ranheim på høgd med Sogndal sin 16-meter.
13'
Stuss bakover i feltet som Lindberg får boksa ut. I situasjonen etterpå får Shroot ein fin sjanse, men skotet går utafor.
12'
Innkast til Sogndal på høgd med Ranheim sin 16-meter.
11'
Og endelig kom dei første strofane på den fantastiske Ranheim-sangen. For dei uvitande kan vi seie at den går i mumitrollmelodi og som følger ra-ra-ra-ra-ra-Ranheim. Herlig stemning blant dei tilreisande som no tel over ti.
9'
Jo Sondre Aas gjennom, men Psyche klarar å presse han slik at Ranheim berre opnår ein corner.
8'
Ellers har det vore lite å klappe over både for songingane og dei tilreisane. Stillingskrig er vel ein grei betegnelse.
8'
Saftkokarane i stormform i dag. Dreg igang ein 'heile stadion' og får mange med seg. Ikkje mange som får sogningar til å klappe før det er gått ti minutt av kampen.
6'
Ser meir ut som ein 4-2-3-1 for Ranheim, altså likt som dei spelte i sigeren mot Strømmen. Stene som hengande spiss og Voll og Løkberg som sentrale midtbanespelarar.
4'
Ranheim pressar lågt når Sogndal har ballen og det tvingar sogningane til å pumpe ein del langt her i starten.
3'
Høgt tempo og mykje feilpasningar i starten.
2'
Elendig slått av Malmo og Kjemhus stangar ballen ut.
1'
Frispark til Ranheim nokre meter inn på Sogndal sin banehalvdel.
Avspark Start 1. omgang
Ranheim skal sparke i gang kampen.
Bluss og god stemning blant safkokarane og russen, men eg trur ikkje det er meir folk i Sogndal i dag enn kva det var i Florø.
Då nermar vi oss kampstart. Laga er på veg inn på bana og vi er straks klart for 16.mai-kamp frå Fosshaugane Campus.
Ok spelevær i Sogndal med lett overskya og rundt 7-8 grader. Nokre tunge regnskyer ligg dog rundt fjella her så det kan nok bli meir ein vatningsannlegget som vil gjera kunstgraset vått i kveld.
Nokre få tilreisande frå Trondheim også. Vi tel åtte bortesupportera så langt, men dei skal ha kred for fin utkledning der ein har ein rosa cowboy-hatt, mens ein annan har ein fargerik parykk.
Underteikna har klaga mykje på russen i Sogndal sitt oppmøte på dei to kampane til no i mai, men no er dei raudklede på veg inn portane med masse russekortungar på slep. Så får vi håpe dei raude- og svartkledde kan setje litt farge på kampen i dag.
I nemnte lokalderby i Sunnfjord er stillinga 1-1, 10 minutt før slutt.
Og sogningane bør møte mannsterke opp slik at det i det minste blir Fosshaugane som blir det mest besøkte stadion i fylket denne dagen. I Florø er det nemnleg sunnfjordsderby mellom nemnte Florø og Førde og der er det uoffisielle tilskodartalet 2300. Så får vi sjå om det blir 1.divisjon eller 2.divisjon i fylket som dreg flest folk på kamp i dag.
Ikkje ofte det er 16.mai kamp i Sogndal. Fotballens festdag brukar å dra mykje folk til stadion så vi får sjå om folk byrjar å strøyme inn portane på Fosshaugane snart.
Ranheim gjer ei endring frå sist kamp og det er at Jo Sondre Aas kjem inn for Kim Ove Riksvold. Dette gjer og at vi trur Ranheim stiller i ein 4-4-2 formasjon og ikkje i 4-2-3-1 som dei spelar heime. Men dette får vi sjå når kampen byrjar.
Sogndal gjer ein del forandringar frå bortemøte med Bryne då Patronen, Bolseth og Otoo gjev plass til Shroot, Utvik og Johansen. Derimot er det akkurat det same laget som Bakke stilte i forrige heimekamp så det virkar som sogndaltrenaren har eit heime- og eit bortelag.
Då har vi laga klare.
Ingen av laga har komme ut med nokon tropp så vi får vente til kl.1700 med å sjå kven dei to trenarane vel ut til dagens 16.mai-fest på Fosshaugane Campus. Vel møtt tilbake då!
Desse laga har berre møttes to gonger tidlegare sidan 1992 og det var i Sogndal sin opprykksesong i 2010. Då vann Sogndal 2-1 på heimebane, mens møte i Trondheim enda 2-2.
Sogndal har hatt ei glimrande innleiing på sesongen og toppar 1.divisjon med 17.poeng. Sist vart Bryne slått 2-0 på Jæren. Sogndal sitt einaste tap for sesongen kom faktisk mot nordtrønderane frå Levanger her på Fosshaugane. Så får vi sjå om det blir ein ny trøndernedtur for Eirik Bakke sine gutar eller om sigersrekka held fram.
Ranheim, som i fleire år har kjempa om opprykk til Tippeligaen, har hatt ein elendig start på årets sesongen. Men på onsdag var det betring å spore då Strømmen vart slått 2-0 på heimebane. Dette førte dei opp på 13.plass på tabellen med 7 poeng, men framleis er trønderane under streken. Faktisk så var sigeren mot Strømmen årets første for Ranheim og dei vil nok prøve å halde på denne trenden.
Hei og velkomne til den 9.runden i 1.divisjon. Dagens kamp er mellom Sogndal og Ranheim frå Fosshaugane Campus.