Oppsummering
Ranheim tek med seg tre sterke poeng på bortebane! Mykje av grunnen til det var ei fantastisk første omgang der dei kontrollerte kampen. Tønne hadde eit perlefrispark som vart den første scoringa i kampen. Emilsen dobla leiinga like før pause. I den andre omgangen var det Sogndal som tok meir over. Det skjedde spesielt etter eit trippelbyte etter 57 minuttar. Sogndal pressa Ranheim lenge, men Frenderup stod imot, og hadde fleire gode redningar. Like før slutt kom reduseringa, men det var for seint for heimelaget. Dette var tre viktige poeng for Ranheim som prøver å kome seg inn blant dei seks øverste plassane på tabellen.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Bye prøver seg frå 16 meter, og treff nettveggen.
90+2'
Skaanes har eit fantastisk dribleraid, og prøver å avslutte. Den snik seg ein meter utanfor stolpen.
90'
Det er lagt til 6 minutter overtid.
90'
Nok ein gong er van der Spa fri i boksen, men headinga er upresis.
87'
Van der Spa lurer på bakerste stolpe, og headar rett på keeper. God redning frå Frenderup som har hatt mykje å gjere.
86'
Akkurat no speler van der Spa spiss.
85'
Skaanes avsluttar i nettveggen frå spiss vinkel.
85'
Det har vore mange duellar og frispark i kampen. Og omtrent alle har vore rundt midtbana.
80'
Gueye skal inn for Sogndal.
78'
Det er eit voldsomt trøkk frå Sogndal no. Klarar Ranheim å stå imot?
76'
Akrobatisk avslutning frå Flataker. God redning av keeper.
76'
Ranheim ligg lågt i bana no.
74'
Folk kjem springande ned frå tribuna når Frenderup får eit frispark mot Nessø. Voldsomt kok mot han no.
71'
Sogndal har mykje ball rundt boksen, men slit med ein gong dei skal kome seg inn i den.
67'
Flo fyrer av, men Jonsson blokkerer skotet. Sånt skal ikkje skje.
66'
Sogndal har vakna etter trippelbytet.
64'
Sjølstad vinn eit frispark i god posisjon.
61'
Sogndal får ein corner.
59'
Sogndal gjer tre byte for å prøve å kome seg inn i kampen att.
55'
Borgthorsson prøver seg frå distanse, men treff ikkje bra med venstrefoten.
54'
Jonsson prøver seg på eit skot, men det går rett på Frenderup. Han mistar ballen, men plukkar den kjapt opp att.
51'
Alte vinn ein corner for bortelaget.
48'
Skaanes dreg med seg ballen framover, og sender den til Borgthorsson. Avslutninga er svak.
47'
Ørjasæter slår inn i boksen, men ballen er upresis.
46'
Me er i gong igjen. Ingen byter i pausen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ranheim leiar fortjent 2-0 til pause. Dei har kontrollert heile kampen, og Rismark får styre spelet heilt åleine frå stopparplass. Kåre Ingebrigtsen kan vere ganske nøgd med eige lag så langt. Sogndal har hatt nokre få sjansar, men har ikkje vore gode nok til å utnytte dei.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Tønne er tydeleg frustrert etter at han har vore ueinige med dommarane eit par gonger. Han må vere forsiktig med tanke på at han alleriee har eit gult kort.
45'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
45'
Alte ligg nede med smerter etter ein tøff duell. Han treng behandling.
43'
Folk er ganske irriterte på tribuna no. Heimesupportarane er irriterte både på eige lag, og motstandarane som bruker lang tid ved innkast og utspark.
34'
Solli vinn ein corner.
33'
Frenderup sparkar ein ball langt over tribuna. Innkast til Sogndal.
32'
Sogndal prøver som vanleg på kombinasjonane mellom indreløpar, back og kant, men i dag er dei ikkje nøyaktige nok.
31'
Jonsson slår inn mot Grønner, men ballen er for høg for spissen.
26'
Sogndal må opp mange hakk for å henge med. Det ser ikkje ut som det Sogndallaget me har sett tidlegare denne sesongen.
22'
Ranheim får frispark i farleg posisjon.
19'
Stor sjanse for Alte! Tønne kjem seg fram til venstre, og legg inn i boksen. Alte står heilt åleine, og sender ballen rett over målet.
18'
Skaanes prøver å finne ein medspelar på bakerste stolpe, men Frenderup er ute, og fangar ballen.
13'
Skuseth slår ein lang ball i bakrom, men det er ingen som gå på løp.
12'
Frenderup har blitt pressa fleire gonger i starten av kampen, men han klarar å få vekk ballen kvar einaste gong.
9'
Alte prøver å legge inn, men treff ikkje slik som han vil. Frustrasjonen hans går utover reklameskilta bak målet.
8'
Jonsson prøver å sende ballen til Borgthorsson som kjem på underlap, men det er for mykje kraft i pasninga.
7'
Grønner prøver å legge igjen ballen til Borgthorsson, men pasninga er upresis.
6'
Ranheim trillar ballen på Fosshaugane. Dei har ikkje kome til nokre sjansar enno.
1'
Grønner sparkar i gong kampen.
Avspark Start 1. omgang
Kasper Skaanes er tilbake for heimelaget frå start etter å ha vore lenge ute med skade. Han fekk eit innhopp mot Skeid førre helg, men er no klar att for å starte. Ranheim gjer ingen endringar på laget, men me ser at nysigneringen Vetle Wenaas er på benken.
Steinar Hauge er hovuddommar i kveld. Han har med seg Karwan Mamhassan og Erik Westrøm som assistentdommarar. Jakob Søgnen er fjerdedommar.
I førre runde fekk Sogndal besøk av Skeid, og vann 2-0. Ranheim reiste til Kristiansand for å møte Start, og der vart resultatet 0-0.
Det skal seiast at det er eit heilt anna oppgjer mellom desse laga som folk hugsar best. I 2017 skulle Sogndal og Ranheim møte kvarandre i kvalifiseringskampen til Eliteserien. I den første kampen vann Sogndal 1-0. I returoppgjeret fekk Ranheim straffespark rett før slutt, og då vann dei også 1-0. Med det resultatet vart det til slutt straffesparkkonkurranse. Der vann Ranheim, og Sogndal rykka ned. Det vart også ganske ufine scener etter kampen då det kom nokre ufine kommentarar mellom benkane. På grunn av dette er det framleis slik at det betyr ekstra mykje å slå Ranheim for Sogndal sin del.
Tidlegare i år var det Ranheim som tok med seg tre poeng då dei slo Sogndal 2-0 på EXTRA Arena. I fjor vann Sogndal 2-2 mot Ranheim på Fosshaugane medan det blei 3-3 i Ranheimsfjæra.
Før kampstart er det fire poeng mellom Sogndal og Ranheim. Sogndal ligg på femteplass med 34 poeng, og Ranheim ligg to plassar under med 30 poeng. Då skal det seiast at Sogndal har spelt ein kamp mindre enn Ranheim. Mellom dei ligg Kristiansund med 32 poeng. Ranheim kan altså kome seg inn på ein kvalikplass i kveld dersom dei vinn, og Kristiansund tapar.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Ranheim i OBOS-ligaen! Hausten er i gong, og me er inne i den siste og mest avgjerande delen av sesongen.