TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Det er over i Sogndal og heimelaget vinn heile 4-0. Ei mildt sagt svært imponerande forestilling av sogningane. Har full kontroll på Ranheim heile kampen og er dødeleg effektive og kontante i angrepspelet. Det kunne faktisk vore ein større siger etter fleire feite sjansar her på slutten for heimelaget. Igoh og Roseth ruvar i midtforsvaret og OBOS-ligaens mestscorande lag vart fullstendig avkledd. Med eit nytt tromsøtap er det no spenning igjen i denne divisjonen der Sogndal berre er to poeng bak Ranheim og fem bak Tromsø. Held sogningane fram som i dag kan det bli moro i saftbygda utover hausten. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomne tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (4-0)
90+4'
Totland missar på opent mål! Brændsrød riv seg laus på kant og slår inn framfor kassa. Der er backen på bakerste, men bommar på mål!
90+2'
Roseth med skot like over.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
89'
Mål på straffe!
4-0
Set straffen knallhardt oppe i Barli sitt høgre hjørne, mens keeperhelten frå straffekonken for tre år sida går motsatt veg.
89'
Straffe!
Barli rusar ut og spring ned Hoven.
88'
Gult kort
87'
Frispark til Sogndal som skal slås inn i feltet.
85'
Hjørnespark
Ranheim får ballen ut.
85'
Brændsrød er gjennom, men blir hindra i siste sekund. Corner til Sogndal.
84'
Frispark til Rnaheim i god posisjon for eit innoverskrudd innlegg.
83'
Spillerbytte
82'
Gult kort
For å hale ut tida. Det er hol i håve!!
81'
Spillerbytte
79'
Gult kort
79'
Enorm sjanse for Sogndal! Ranheim prøver å spele seg ut, men vert brutt. Jensen får ballen åleine emd keeper og avsluttar, men Barli gjer ei beinparade av ein annan verden.
77'
Sogndalspelarane gir ikkje Ranheim noko slags rom eller tid. Då slit trønderane kraftig med å skape noko som helst.
76'
Tønne slår den inn, men over alle og ut til femmeter for Fij.
76'
Frispark til Ranheim som skal svingast inn i feltet.
73'
Må vel berre innrømme at denne andreomgangen ikkje går inn i historiebøkene. Sogndal er sjølvsagt meget fornøyd og Ranheim klarer ikkje å bryte ned sogndalsmuren.
69'
Gult kort
For fellinga i situasjonen der Sogndal ville ha fordel.
69'
Bakke får gult kort for munnbruk. Forferdelig unødvendig av Bakke å halde fram maset når dommaren allereie har unnskyldt seg.
69'
Hoven er åleine gjennom, men dommaren dømmer til frispark til Brændsrød. Unnskylder seg etterpå der dommar Bedding, men det er sogningane på tribuna og trenar Bakke lite lydhøre for.
66'
Spillerbytte
65'
Er for slurvete Ranheim i det offansive spelet. Går i lette offsidar og gjer ting som rett og slett blir for vanskelige for dei.
64'
Dommar Bodding gir Eid ei lekse etter at høgrebacken slenger litt glosar. Bra av dommaren der å ikkje berre dra opp eit kort, men forklare korleis han vil ha det.
62'
Spillerbytte
62'
Spillerbytte
62'
Ranheim styrer mykje her, men slit framleis med å skape noko særleg framfor mål.
60'
Begge to er oppe igjen, men vi får sjå om dei klarer å fullføre kampen.
59'
Igoh og Mannsverk spring rett i kvarandre og begge blir liggande.
58'
Lang ball opp mot Kupen som er åleine, men Heggem spring han opp tar frå han ballen. Godt forsvarspel av Heggem.
56'
Tønne blir spelt igjennom, men er hårfint offside.
52'
Hjørnespark
Heggem aleine på bakerste, men får ikkje trøkka heading ned.
51'
Tønne med avslutning i tverrliggaren.
51'
Ranheim styrer og Sogndal satsar på kontringar. Vert nok melodien gjennom heile omgangen dette.
49'
Sogndal med eit kjempangrep. Kjapt på eintouch får dei ballen ut til Eid. Innlegget hans går dessverre for heimelaget gjennom heile feltet utan at nokon får tåa på ballen.
48'
Stopparkjempen reiser seg igjen. Han vore svært god i dag så det er heimepublikum nøgde med.
48'
Igoh ligg nede etter ein duell.
47'
Ranheim vinn eit frispark høgt i bana, men innlegget blir stanga ut av ein sogndalspelar.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og pause blir det på Fosshaugane. Heimpublikummet reiser seg og klappar sogndalspelarane inn til pause etter at dei leiar 3-0 over Ranheim. Sogndal har vore effektive, men også svært solide i denne omgangen. 1-0 kom etter ein glipp i i Ranheim sine bakre rekker. Så styrte bortelaget mykje av kampen før Hoven og Ndour kriga inn to scoringar i løpet av tre minutt. Dermed blir det ein tung andreomgang for trønderane, men vi avskriv ikkje OBOS-ligaens mestscornade lag endå.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Sogndal trillar ball og vil ha pause.
45'
To minutt tillegg.
45'
Stoppar mykje opp rundt sekstenmeteren for bortelaget. Berre tre avslutningar for OBOS-ligaens mestscorande lag i denne omgangen.
44'
Ranheim med eit litte trykk no her på slutten av omgangen.
41'
Har vore heilt slutt for Ranheim dei siste ti minutta. Men det skal også leggast til at Sogndal sitt forsvar har vore bunnsolid i dag.
40'
Bakke beordrar Hoven til å skyte. Det går ikkje så bra. Ca 10 meter utafor.
40'
Lundal feller Ndour rundt 22 meter frå Ranheim sitt mål.
38'
Kvande missar fullstendig og ballen og går over han. Ndour er åleine igjennom, men lobben hans går like utafor mål. Igjen er nok sola ein medvirkande årsak til at Kvande bommar fullstendig.
36'
Frustrerande dette for Ranheim, men trønderane har ikkje skapt noko i denne omgangen sjølv om dei har hatt ballen mykje.
33'
Mål!
3-0
Sogndal med glimrande kombinasjonar inne i Ranheim sitt felt. Kupen avsluttar og Barli får ei hand på ballen før det blir redda på streken, men på returen er Ndour og stupheadar inn 3-0 til heimelaget.
30'
Frustrerande dette for Ranheim som har hatt ballen mykje i denne omgangen.
28'
Mål!
2-0
Eid med innlegg og Hoven ruvar i lufta inne i boksen. Stangar ballen ned i Barli sitt høgre hjørne og Sogndal scorar sitt andre mål på si andre avslutning på mål.
28'
Spennande diskusjon her mellom Kupen og Ranheim sin fysio Megård over kva som er frispark og eller ei glimrande takling.
28'
Held fram der vi var med Ranheim som trillar og Sogndal ligg djupt.
26'
Vi er i gang igjen.
24'
Drikkepause i Sogndal no.
24'
Langt frispark inn i feltet som til slutt endar hjå Reginiussen som headar like over.
23'
Er ganske stygg den taklinga frå Mannsverk. I oransjeklassen.
22'
Gult kort
Klipper ned Solli på ein overgang. Der burde nok dommar BOdding lagt spelet gå.
20'
Hoven prøver seg frå skrått hold, men skotet går i nettveggen.
18'
Spillerbytte
18'
Heilt klart Ranheim som har tatt over initiativet etter at Sogndal starta friskt.
17'
Ndour blir lagt i bakken på kontringa og der burde det nok vore eit gult kort, men dommar Bodding er ikkje einig i det.
16'
Hjørnespark
Totland klarerar og Sogndal kontrar.
16'
Lopez avsluttar via ein sogndalspelar til ny corner for bortelaget.
14'
Spelar sogningane låge her no Ranheim.
14'
Hjørnespark
Sogndal klarerar, men Ranheim bit seg fast.
13'
Hjørnespark
Ballen ut til Lopez på sekstenmeteren. Han skyt og Fij må gi til ny corner.
12'
Hjørnespark
Fleire gode moglegheiter for Ranheim der, men det endar i ein ny corner.
12'
Igoh tar for seg i duellane med Karlsen. 1-0 til både Sogndal og midtstopparen så langt.
9'
Maalen ute og dirigerar troppane no til eit Ranheim som har lagt seg låg dei siste minutta.
7'
Sogndal veldig direkte i starten her og det stressar Ranheim.
5'
Det tok altså eitt minutt før det blei mål i kampen mellom seriens to mestscorande lag. Vi gler oss til fortsettelsen.
5'
Ranheim kjem til innlegg, men Fij er ute og fangar.
4'
Endar i eit innkast ned ved hjørneflagget.
4'
Frispark til Ranheim som skal svingast inn i feltet.
1'
Mål!
1-0
Eid slår ein ball i bakrom som går forbi alle ranheimforsvararane og til Totland på bakerste. Han kan enkelt setje ballen forbi Barli i ranheimburet. Klar kommunikasjonssvikt der og det spørs også om ikkje sola gjorde det vanskelig for både keeper Barli og høgreback Alseth.
1'
Sogndal med avspark. Lang ball opp som Ranheim klarerar.
Avspark Start 1. omgang
Nydeleg sommarver i Sogndal i dag. Skyfritt og 25 svært varme grader. Fint for oss på tribuna og varmt for dei nede på kunstgraset. Straks klart for avspark!
Då har vi laga klare og der vi ser at Sogndal berre gjer eitt bytte frå sist kamp med at Jensen går ut og Ndour kjem inn så gjer Ranheim heile fire endringar. Alle er i det offansive leddet og det er Tromsdal, Sæter, Erlien og Blakstad som går ut. Berre sistnemnte er på benken så her er det nok snakk om skadar for trønderane. Men det er heller ikkje smågutar som kjem inn med Mikke Karlsen, Erik Tønne, Eirik Valla Dønnem og Adria Mateo Lopez så her skal nok sogndalforsvaret få nok å henge fingrane i.
Ikkje mange gongane desse laga har møttes, men Sogndal har vunne alle dei tre oppgjera som har vore på Fosshaugane. Sist var den første av to svært dramatiske kvalikkampar som enda med at Ranheim til slutt rykka opp til Eliteserien og Sogndal ned. Den gongen var det ein lite munter tone mellom sogndaltrenar Eirik Bakke og resten av ranheimsgjengen. Om det framleis er slik får vi sjå på når vi er tilbake med lagoppstillingar og anna informasjon ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Sogndal ligg på fjerdeplass og har vore meget overbevisane til tider denne sesongen. Sist kamp vart det ein skuffande 2-2 borte mot Stjørdals-Blink i ein kamp sognignane dominerte. Laget til Eirik Bakke er faktisk nr.2 på lista over mestscorande lag så dette kan bli ein morosam aftan på Fosshaugane.
Bortelaget har hatt ein fantastisk start på årets sesong og ligg på andreplass berre tre poeng bak Tromsø. Sist vann trønderane overbevisande 6-1 heime mot Øygarden. Dei blåkledde er også ligaens mestscorande lag med heile 29 mål på ni kampar.
Hei og velkomne til livedekninga av den 10. runden av årets OBOS-liga og toppkampen mellom Sogndal og Ranheim.