Referat
Kun høydepunkter
Ranheim tek ein sterk siger i Sogndal. Deira første poeng nokon sinne i saftbygda. Og alt i alt må ein vel seie at det var fortent. Slår altså kraftig tilbek her trønderane frå 0-4 sist mot Ham-Kam og heilt klart at dette betydde svært mykje for dei blåkledde. Sogndal tok leiinga, men Ranheim slo tilbake før Kamanzi avgjorde ti minutt før slutt. Stig Anders Hauge takkar for seg frå eit solfylt Sogndal og ynskjer velkomen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Heilt utrulig at det ikkje står 1-3. Ser ut som det er Lopez som lirkar ballen utafor på opent mål.
90+3'
Så er ballen oppe i handa til Adams inne i Ranheim sin boks. Dommar er kjapp å blåse sjølv om han ikkje har blåst på eksakt samme situsjonar for det forsvarande lag i dag. Rart.
90+1'
Fire minutt tillegg.
89'
Så er Adams borte og kakkar litt på Ranheims sisteskanse. Han går rett i bakken, men finn plutselig ut at det ikkje var så vondt.
87'
Lenes slepp ballen ned og plukkar det den opp igjen. Det er ikkje lov på lilleguttnivå ein gong. Dommar Koløy seier ingenting. Der skulle Sogndal hatt indirekte frispark på 12 meter.
86'
Lopez åleine gjennom men skyt i stolpen!
85'
951 tilstades på Fosshaugane Campus i dag.
85'
Er det opprykkstoget som går for Sogndal her då?
85'
Reginiussen skyt himmelhøgt over.
84'
Frispark til Ranheim på 20 meter.
83'
Ikkje ufortent at Ranheim tok leiinga, men litt mot spelets gang dei siste ti minutta.
78'
Ranheim får ei kontring, men det er ikkje samme intensiteten som tidlegare. Innlegget til Reginiussen går over alle.
77'
Ligg mykje djupare no Ranheim. Kanskje gått litt tom etter det kraftige presset dei hadde i starten av denne omgangen.
75'
Stor sjanse for Sogndal. Spelar seg rundt på kant, men Skålevik får ikkje ekspedert innlegget i mål. Den skal sitte for den innleigde spissen.
72'
Heilt klart at Sogndal har løfta spelet og Ranheim ligg djupare i bana. Samtidig ser det ikkje ut som heimelaget har det som skal til for å spele seg gjennom forsvaret til dei blåkledde.
69'
Svingar fram og tilbake her no. Sogndal er meir med i kampen.
67'
Sogndal løfta seg litt no.
66'
Igjen er ballen oppi handa på ein ranheimspelar utan at dommar bles. Fleire enn berre heimepublikum som begynnar å lure på handsregelen her no.
65'
Igjen bryt Ranheim gjennom. Erlien avsluttar frå kloss hald, men Fij reddar.
64'
Ranheim styrer det meste her no. Bryt Sogndal gong på gong. Trykkjer verkeleg på her trønderane som er på jakt etter sine første poeng nokon gong her i Sogndal.
63'
Feilpasning for n-te gang i dag av Sogndal. Men også veldig bra press av Ranheim som får ein god sjanse, men Melkersen får ikkje avslutta.
61'
Meget skuddvillige i dag trønderane frå Ranheimsfjæra. Kan faktisk ikkje hugse sist gong ein sogndalkeeper hadde seks redningar etter berre 60 minutt her på Fosshaugane. Godt for heimelaget at dei har ein solid keeper som Fij mellom stengene.
59'
Erlien igjen. Avlsuttar og Fij må slå til corner.
56'
Mehnert klinkar til like over. Oppe i 11 avslutningar sålangt bortelaget.
54'
Vinn til slutt ein corner her heimelaget.
53'
Ranheim headar ut, men Sogndal beheld ballen.
53'
Sogndal med frispark ute på sida. Innsvingar.
51'
Innlegg som Skålevik headar rett i Eggen Rismark. Både Sogndal heimepublikum ropar på hands og straffe, men dommar Koløy er ikkje med på den.
49'
Så er det Adams som viser seg fram i motsatt boks. Brøyter seg veg før han avsluttar. Lenes er nede i hjørna og reddar.
48'
Erlien drar seg glimrande fri og avsluttar frå 17 meter. Igjen er Fij flott ned og reddar.
46'
Då får Ceide sin debut han også. Kvande kunne ikkje fortsette etter skaden han fekk.
Start 2. omgang Start 2. omgang
1-1 i Sogndal til pause. Heimelaget verka å ha fått kampen inn i sitt spor då Skålevik scora i debuten. Men Ranheim kom tilbake og har vel vore det beste laget dei første 45 minutta. Difor heilt fortent då Melkersen kontant dunka inn utlikninga ti minutt før pause. Ein del småskadar her på slutten på begge laga så får vi sjå om det er dei samme elleve som kjem utpå bana om eit kvarter.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+3'
Sogndal trykkjer på no, men dommar bles til pause.
45+2'
Stor sjanse for Sogndal. Innlegg som Adams til slutt får avslutta på. Ein ranheimspelar blokkerer ballen omtrent på streken.
45+1'
Ser faktisk ut som midtstopparen ikkje kan fortsette. Men mulig Ranheim spelar med ti mann resten av omgangen for å prøve å få Kvande klar til den andre omgangen.
45+1'
To minutt tillegg og kanskje det vert endå litt meir her no med Kvande sin skade.
44'
Så er det midtstopparkollega Kvande som ligg nede med skade. Er litt seint inne der Kristoffer Hoven og Kvande blir liggande.
42'
Oppe igjen no og ser ut som bautaen kan fortsette. Var i ein duell der han i siste sekund fekk kasta seg inn og stoppa Melkersen at Roseth fekk seg ein trøkk.
40'
Roseth nede med skade. Dette er ikkje bra for ein av Sogndal sine beste og viktigaste spelarar.
40'
Ranheim klart best dei siste ti minutta. Utnyttar ein god del slurv hjå Sogndal.
39'
Igjen står Ranheim med tre mann på topp når Sogndal har corner. Det gir dei igjen også ein glimrande overgang, men Salte får såvidt klarert.
36'
Igjen ein god sjanse til Ranheim. Kjem seg rundt på kant og får lagt inn. Mehnert headar like utafor.
34'
Ranheim ligg igjen med tre mann når Sogndal corner. Då får dei også ein glimrande overgang og berre ei ny god redning frå Fij gjer at ikkje dei blåkledde utliknar.
29'
Reginiussen skyt og Fij får slått til corner.
27'
Har fått eit par brudd no Ranheim. Publikum litt bekymra kvar gong Sogndal prøver å spele seg ut bakfrå.
23'
Ranheim med litt trøndersk tiki-taka inni Sogndal sin boks. Dessverre får dei ikkje til nokon avslutning.
21'
Melkersen får ein moglegheit, men møter veggen i Tord Salte. Ein glimrande stoppar Sogndal har fått inn her.
19'
Litt frustrerande dette for Ranheim som såg pigge ut før dei fekk dette målet i mot. Sogndal tatt over litt meir no.
17'
Ny store sjanse for Sogndal. Igjen er er på høgresida det skjer. Avslutninga går dessverre for heimelaget over.
13'
Sogndal får ein glimrande overgangsmoglegheit, men Tromsdal får takla Skålevik i siste sekund.
10'
Så får Skålevik ein stor sjanse. Blir spelt gjennom av Hoven, men avsluttar i nettveggen åleine med keeper. Kjem litt skrått inn der, men bør klare å få den på mål Skålevik.
9'
Ranheim med eit lite overtak her i starten kanskje. Har i alle fall skapt noko framfor mål sjølv om banespelet har vore meir jamnt.
6'
Kamanzi med eit glimrande skot frå 17 meter. Like over.
4'
Eid med fin stikker mot Skålevik. Han legg inn til Adams som er på åpen kasse. Dessverre for heimelaget har linjemannen løfta flagget.
3'
Ranheim stangar ut. Sogndal beheld ballen.
3'
Frispark til Sogndal ute ved kanten. Skal svingast inn i feltet denne.
1'
Rett i angrep trønderane. Reginiussen skyt frå 20 meter. Rett i klypene på Fij.
1'
Ranheim med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga har møttes fem gonger i Sogndal tidlegare. Alle gongane har Sogndal vunne. Skal vi få ei endring på dette i dag?
Skålevik frå start for Sogndal, mens Ceide er på benken for Ranheim. Ellers gjer spesielt Ranheim ein god del endirngar frå sist. Både Brattbakk og Karlsen må vike etter braktapet for Ham-Kam. Inn kjem Erlien og Mehnert.
Om vi får sjå Ceide og Skålevik får de svar på når vi er tilbake med laga ca ein god time før kampstart. Vel møtt!
Sogndal har vore aktive på overgangsmarknaden dei siste dagane. Steffen Lie Skålevik har komme inn og er aktuell for ein startplass i dag. I tillegg er ein engelsk ving og ein estlandsk back på veg inn. Med andre ord kan det bli ein spanande haust i Sogndal. Ranheim har også fått inn eit spanande namn, nemleg Mikkel Konradsen Ceide frå RBK. Forhåpentlegvis er han klar til dagens kamp.
Sogndal starta sesongen dårleg, men etter god periode ligg dei no som nummer 5 og jaktar opprykk. 1-1 borte mot Start sist var nok sogningane nøgde med. Ranheim derimot har skuffa stort og ligg heilt nede på 12.plass. 0-4 sist mot Ham-Kam var eit kriseresultat, men for dei som såg kampen spegla ikkje resultatet det som var prestert. Det er difor nokre revansjelystne trønderar som kjem til Sogndal i dag.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og OBOS-kampen mellom Sogndal og Ranheim. Kampstart 1500.