Referat
Kun høydepunkter
Vi tel 4-6 i avslutningar der Sogndal hadde 3 på mål, mens Ranheim hadde 5. Stig Anders Hauge takkar for seg så får vi sjå om vi møtes igjen i OBOS-ligaen eller Eliteserien neste år. Eg går i alle fall for ein ny sesong som livereporter på Fosshaugane Campus. God jul og godt nytt år når den tid kjem!
Ranheim tar frisparket kort og dommar Hagen bles av denne første play-off kampen. Sogndal vinn 1-0 i eit tett oppgjer der Ranheim nok var det spelemessige beste laget. Dei klarte derimot ikkje å lage mål noko som Sogndal klarte etter eit glimrande raid av Ramsland og avslutning av Rindarøy. No blir det spanande å følge returoppgjøret på Ranheim på lørdag.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+4'
Siste sjans for Ranheim no.
90+3'
Ebbar nok ut i sogndalsiger dette.
90+2'
Litt krangling her no mellom Storflor og Wæhler.
90+2'
Endar i frispark til Ranheim.
90+1'
Ramsland vinn eit frispark for Sogndal på kanten av sekstenmeteren. Skal heimelaget doble her på slutten?
90+1'
Tre minutt tillegg.
90'
Ranheim med ball og det er trønderane som styer det meste på slutten her.
88'
Ranheim spelar seg inn i boksen eit skot treff Schulze i handa. Der har Ranheim ei god sak på straffe for den handa er langt utafor kroppen, men Hagen nektar å blåse for 11-meter i dag.
87'
Lite som skjer framfor måla for tida. Ranheim har ballen mest og Sogndal ser veldig nøgde ut med å ta med seg dette resultatet.
83'
Skotstatistikken vår sålangt viser 4-5. Med andre ord har det vore langt mellom målsjansane i dag. Mykje som står på spel.
77'
Ranheim spelar seg fint fram, men Wæhler glir inn og får gitt til corner.
73'
Kjempesjanse for Ranheim! Lang ball inn i feltet der sterke Karslen vinn duellen og nikkar ned til Kvande som åleine på fem meter set ballen utafor. Slike må sitte om det skal bli Eliteserie neste år for trønderane.
72'
Munnhuggeri no etter at Ranheim vinn eit frispark på 30 meter.
71'
Karlsen interoduserar seg med ein gong, men på eit godt innelgg frå Foosnæs så blir han avblåst for dytt i ryggen. Relativt klar den.
70'
Dobbelt spissbytte frå Maalen.
69'
Hovland klypper ned Reginiussen ca. 25 meter frå Sogndal sitt mål, men no og lar Hagen spelet gå. Det er feil. Alt for sein der sogndalkapteinen.
68'
Ramsland krigar seg framover og er aleine gjennom i duell med Witry går spissen i bakken. Ser ut som eit kalrt straffespark for oss som sitt 70 meter unna, men Hagen er ueinig og lar spelet gå. Bakke er rasande på mannen i grønt.
66'
Ranheim svingar inn i boksen, men Sogndal kontrar og vinn ein corner.
64'
Spanande og for tidlegare fotballpresident Yngve Hallén som spring opp og ned trappa forran oss her. Anten frys han eller så er han veldig nervøs. For sitteplass på Fosshaugane har han!
63'
Med bortemålsregelen i bakhovudet så er heimelaget varsame med å køyre for mange folk framover. Ranheim er og litt varsame fordi eit 1-0 tap ikkje er eit dårlig utgangspunkt, men eit bortemål vil jo sjølvsagt gjera underverkar. Stor spaning her no.
60'
Innlegg frå Foosnæs, men rett i armane til Dyngeland.
58'
Skikkelig vitamininnsprøyting dette for Sogndal. Heilt klart at dei legg ned nokre ekstra meter no og det merkar Ranheim som har større vanskar med å få spelet sitt til å sitte.
56'
Då fekk endeleg publikum som har holdt liv heile kampen noko å juble for.
55'
Då kan Sogndal gjere som dei har gjort i heile år. Ligge bakpå og satse på kontringar.
51'
Gule kort har forresten ingenting å bety i denne kampen då alle som ikkje får rødt kan spele neste kamp.
48'
Lite å skrive om dei første tre minutta. Mykje fram og tilbake.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då byrjar stivfrosne tilskodarar å finne plassane sine igjen og skal lide seg gjennom dei siste 45 minutta i no nærare ti minus og nordavind. Heilt på grensa til det fosrvarlege dette både for tilskodarar og spelarar. Laga er uansett tilbake på bana og det blir spanande å sjå om Rnaheim kalrar å tukte heimelaget like bra som dei gjorde i den første omgangen.
Pause i Sogndal. 0-0 og det skal heimelaget være mest nøgde med. Sogndal starta greitt, men så tok Ranheim over og styrte alt i eit kvarters tid før det jamna seg litt meir ut på slutten. Det står mykje på spel i dag og det er lett å sjå på laga og då spesielt Sogndal som har spelt med høge skuldrar i denne omgangen. Ranheim veldig positive med mange gode trekk og godt oppbygde angrep. Dette blir både jamnt og tett i den andre omgangen så heng med.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45+1'
Framleis god stemning på Fosshaugane. Ofrar alt for 50000 her sogningane. No må nok snart Sogndal og ofre litt om dei skal få eliteserielønn neste år.
44'
Sogndal klarar å leggje litt trykk på Ranheim, men det blir mange nesten moglegheiter etter at dei klarar å pumpe ballen inn i boksen ved fleire høve.
41'
Stor sjanse for Sogndal der Teniste kjem rundt på kant og får gitt 45 grader tilbake i boks til Bye som avsluttar. Treff ikkje reint på ballen og skotet vert blokkert.
39'
Innlegg frå Sørløkk som Dyngeland snappar framfor Lillebo.
38'
Kampen står litt og vippar no etter at Ranheim har styrt lenge i ein periode.
36'
Ingenting ut av frisparket. Eit frustrert heimelag no.
35'
Billig til frispark til Sogndal litt inn på Ranheim sin halvdel etter at at Koomson får ein dytt i ryggen.
35'
Bakke svært aktiv på sidelinja no. Fjerdedommar Skjerven frå Kaupanger er ute og gjer sambygdingen ein god porsjon kjeft.
34'
Fin stikkar i bakrom på Bye, men solide Barli er ute og snappar framfor trønderspissen til Sogndal.
32'
Nwakali med nytt skot frå 30 meter. Veit ikkje heilt kva nigerianaren trur, men Sørli er faktisk ein knallgod keeper som var svært nær å underteikne for Molde denne sesongen.
31'
I motsetnad til heimelaget sitt spel så er det veldig god trøkk på stadion i dag. Årsbeste når det gjeld stemning så Sogndal sin 50000 kr dusør har verkeleg fått liv i folk. Synd for sogningane at dette ikkje viser igjen på matta.
28'
Bye spelar gjennom Rindarøy som kjem seg framfor Witry og stormar inn i boksen. Witry touchar sogndalspelaren som går i bakken. Ingen straffe seier Hagen og det er riktig sjølv om vi har sett andre lag få på slike tidlegare. Faller alt for lett der Rindarøy.
25'
Sogndal sitt første avslutning er ei lompe frå Nwakali frå 30 meter som går fem meter utafor.
24'
Ramsland slår inn frå høgrekanten. Men der har Sogndal null spelarar innanfor sekstenmeteren.
23'
Ranheim spelar seg fint ut bakfrå. Stinne av sjølvtillit no trønderane.
21'
Ingen skilnad på Eliteserie og OBOS sålangt. Snarare tvert imot så har Ranheim vore det beste laget iallefall dei siste ti minutta då dei har trykka Sogndal bakover på bana. 0-4 i skotstatistikken sålangt.
20'
Sørløkk driv framover, men blir såpass pressa at han ikkje får til nokon stikkar til ein av spissane. Bra driv på Ranheim sin midtbanespelar.
18'
Sogndal med ti mann og OBOS-ligalaget har tatt over fullstendig her no.
16'
Spelet i gang igjen, mens fysioen til Sogndal tek seg av Birkelund utafor bana. Blir nok eit byte ser det ut som.
15'
Birkelund nede og held seg til kneet.
14'
Ranheim best akkurat no. Klarara å brette ut spelet og har komme til gode innlegg ved fleire høve. Dei tre stopparane på nesten seks meter har sålangt kalrt seg bra i feltet, men trønderane kjem nærare og nærare.
13'
Slit litt med å byggje opp noko bra angrepsspel Sogndal. Har ikkje akkurat for vane å styre kampar så dette blir no ei utfordring for sogningane i dag.
11'
Ranheim heilt klart med så langt. To giftige avslutningar, men det er Sogndal som styrer banespelet.
10'
Stor sjanse for Ranheim. Ballen blir pumpa inn bak i feltet og der er Rye og stangar ballen på mål, men dessverre for trønderane rett på Dyngeland.
6'
Innlegg frå Foosnæs og Lillebo vinn duellen, men får for lite kraft i avslutninga.
5'
Ranheim får tid til å trille litt ball.
3'
Nwakali skyt elendig og Ranheim klarerar.
2'
Nytt frispark til Sogndal. 30 meter.
2'
Elendig frispark, men Sogndal vinn ballen igjen. Langt oppspel mot Ramsland som vert blåst av i duell med to ranheimspelarar.
1'
Då er vi i gang og det er Sogndal som har avspark. Vinn eit frispark halvegs inn på Ranheim sin halvdel.
Avspark Start 1. omgang
Der er laga på bana og vier straks klar for den første play-off kampen for spel i Eliteserien 2018.
Framleis litt glissent på Fosshaugane, men min medskribent i dag, den legendariske liverepportaren Asgeir Årdal, seier han sjeldan har sett så mykje folk utanfor stadion som i dag. Dei fleste held seg nok inne i varmen for det er iskaldt og på grensa til det uforsvarlege i Sogndal i dag.
Sogndal har utlova ein dusør på 50000 til den organisasjonen/skuleklassen som lagar mest liv på Fosshaugane før og under dagens kamp. Det gjer at det er bra liv på Haugadn allereie sjølv om det langt i frå er i ferd med å ta av.
Ikkje ofte at underdogen frå 1.divisjon tek skalpen til eliteserielaget, men vi hugsar jo Mjøndalens sin siger mot Brann i 2014 og som tidlegare nemnt då Sogndal sendte Vålerenga ned i 2000. I fjor hadde Jerv Stabæk lenge i kne, men to kjappe stabækmål på slutten gjorde at det vart med draumen for laget frå Grimstad.
Ranheim har spela play-off finale ein gong før og det var i 2013. Då vart det tap 3-0 samanlagt mot Sarpsborg. Sogndal har ved to høve spela finale. I 2008 rauk dei med 7-2 samanlagt mot Aalesund, mens i den legendariske kampen frå 2000 slo dei som kjent Vålerenga på bortemål.
Er vel hardt å ta i om ein seier speleforholda er fine i Sogndal i dag. Minus fem grader, og vind frå nord gjer at liven for fyrste gong flyttar innandør i kommentatorbua og vekk frå den mest trekkfulle plassen på stadion, øvst på hovudtribuna.
Då har vi laga klare og det er ingen overraskelsar på nokon av laga. I forhold til kampen mot Mjøndalen estattar Lillebo Karlsen på topp for Ranheim. For Sogndal kjem Bye inn for Mandic.
Vi er tilbake kl. 1700 med lagoppstillingane. Vel møtt!
Desse laga har berre møttes fire gongar, to av desse på Fosshaugane Campus og begge gonger har trønderane gått på ein smell. I 2010 vann Sogndal 2-1 og i 2015 vann sogningane 1-0. Når sant skal seiast så har aldri Sogndal vunne i Trondheim heller. I 2010 vart det uavgjort 2-2 og i 2015 vann Ranheim 3-2. Ut i frå desse resultat kan vi forventa oss mykje spaning over desse to kampane.
Sogndal har Kjemhus, Psyche og Sveen ute som vanleg og det vert forventa at Sogndal stiller same lag som mot Vålerenga. Ein forventar også ingen endringar på Ranheim sin lag etter den sterke 2-1 sigeren mot Mjøndalen. Viktige Mads Reginiussen fekk seg nokre trøkkar i ankelen i denne kampen, men er fit for fight.
Heimelaget redda seg frå nedrykk på dramatisk vis då dei slo Vålerenga 5-2 på søndag og dermed sendte Aalesund ned med to plussmål meir enn Sunnmøringane. Ranheim overraska alle då dei for over ei veke sidan slo Mjøndalen 2-1 på bortebane. Kan trønderane overraske igjen?
Då er alt klart for den første av to kvalifiseringskampar for å spele Eliteserie neste år. Kl. 1800 i kveld tek Sogndal imot Ranheim på Fosshaugane Campus.