TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal vinn fortent 2-1 i årets første heimekamp. Ranheim kjempa godt i 90 minutt, og fekk redusering på overtid etter eit flott mål av innbytar Karlsen.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+2'
Mål!
2-1
Flott scoring av innbytar Karlsen! Han legg ballen i ein bue over keeper Piotr frå 20 meter.
90+1'
Spillerbytte
90'
Furebotn med frekt skot frå 35 meter. Lett for Lindeberg, som stoppar skotet med høgrefoten.
88'
Øren får frispark i duell mot Sandvik. Det er Ranheim-kapteinen lite nøgd med.
88'
Barry Kader er kåra til Sogndal sin beste spelar. Vel fortent.
82'
Spillerbytte
82'
Heimelaget har full kontroll no, og er nærmare 3-0 enn det Ranheim er redusering.
82'
Halvorsen får ballen inne i feltet, og vender. Han skyt like over!
81'
Elvis er nære på å lage 3-0 og sitt andre mål for dagen. Han skyt frå skrå vinkel - like utanfor!
79'
Halvorsen slår ballen gjennom til Håvard Flo, som blir vinka av for offside.
75'
Spillerbytte
73'
Selvmål!
2-0
Solheim jobbar hardt på topp for Sogndal, og på sin tredje sjanse slår han ballen tilbake i feltet. Ballen går rett i beina på Grønning som er uheldig og sender ballen i eige mål.
72'
Frispark i god posisjon for Ranheim. Stene skal slå inn..
69'
Halvorsen fintar seg gjennom Ranheim-forsvaret og blir lagt i bakken. Dommar Tennøy vinkar spelet vidare!
69'
..han slår inn i feltet, men linjemann er oppe med flagget. Offside!
68'
Malmo gjere seg klar..
68'
Jamtfall må ned for telling i duell mot P.E.Flo. Frispark i god posisjon for gjestene.
67'
Lang ball mot Håvard Flo som knuser Sandvik i luftrommet. Spissveteranen får ikkje skikkeleg treff på ballen og Lindeberg kan gjere seg klar til utspark.
66'
Malmo slår frisparket inn i feltet, men heimelaget får avklart.
65'
Solheim er ufin mot Krogstad og får tilsnakk av dommar Tennøy. Frispark til Ranheim.
64'
Stene med frekk tunell på Furebotn på midten og Ranheim stormar i angrep. Sogndal jobbar godt heimover, og får kontroll.
61'
Hjørnespark
Frispark til heimelaget inne i feltet.
60'
1738 tilskodarar ser kampen.
60'
Spillerbytte
59'
Snart kjem nok også det første bytet frå Ranheim-trenar Per Joar Hansen. Midtbanespelar Peder Winsnes slit med eit fot, og må gje seg.
58'
Aabrekk tek ut begge spissane, og set inn duoen Tommy Øren og Håvard Flo!
57'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
54'
Mål!
1-0
Elvis får stå aleine på tolv meter, og set ballen til høgre for keeper Lindeberg. 1-0 til Sogndal!
53'
Flo legg inn, og Halvorsen kastar seg fram. Ballen går like utanfor.
52'
Ranheim legg seg ikkje bakpå, og har fire mann inne i boksen når Krogstad slår inn frå venstrekanten. Hovland og Grorud er passive i duellane, og keeper-Piotr må sjølv ta ansvar.
49'
Hjørnespark
Piotr plukkar lett.
48'
40-år gamle Håvard Flo er i oppvarming no..
47'
Innlegg frå Halvorsen, men kaptein Sandvik er sjef i luftrommet og ryddar unna.
46'
Begge lag stiller uforandra etter pause.
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane ruslar i garderoben på stillinga 0-0. Heimelaget opna best, men Ranheim kjempa seg tilbake i kampen. Alt kan skje dei siste 45 minutta.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Mats Solheim prøvar skotfoten frå 25 meter. Utanfor!
44'
Martin Grønning skyt frå 20 meter, men ballen går rett i ryggen på lagkamerat Krogstad.
42'
Hjørnespark
Winsnes slår også den fjerde corneren på første stolpe. Aas avsluttar, over!
42'
Hjørnespark
Ny corner..
41'
Hjørnespark
Ny corner!
41'
Hjørnespark
Ny corner.
41'
Stor sjanse til Ranheim! Michael Jamtfall skyt på halvspretten frå 16 meter. Piotr må gje retur, som han sjølv boksar til corner. Nesten 0-1 der!
36'
Ole Jørgen Halvorsen skyt hardt frå 20 meter. Rett på keeper!
35'
Hovland tek med seg ballen framover i god gammal Bratseth-stil. Teknikken er ikkje like god som farten, og får ikkje heilt kontroll. Ranheim overtek.
34'
Lang ball mot Kader som avsluttar over.
31'
Halvorsen slår inn frå høgre. Der er keeper Lindeberg høgst i feltet, og plukkar lett.
30'
Sogndal-trenar Harald Aabrekk er ikkje heilt nøgd med spelet ute på bana akkurat no. Han etterlyser meir bevegelse på topp, med Olsen og Flo.
30'
Robert Stene klinkar til frå 20 meter! Skotet blir blokkert av Even Hovland.
29'
Gult kort
Sparkar bort ballen etter at Ranheim får frispark på midten.
29'
Nordberg i tøff luftduell mot Flo, som Ranheim-midtstopparen går sigrande ut av. Gjestene er på høgde med heimelaget no.
27'
Lang ball mot Halvorsen og midtstoppar Nordberg får testa farten sin. Den er god nok, og han avklarar til innkast.
25'
Hjørnespark
Over alle i feltet.
25'
Kader har vore god for Sogndal i dag. Denne gongen køyrer han karusell med høgreback Kråkmo og får corner.
20'
Lang ball mot Flo som tek ned ballen på brystkassa på sekstenmeteren. Han prøvar eit brassespark - utan å lykkast.
18'
Stor sjanse for Ranheim! Venstreback Eirik Malmo stormar mot mål fire mot tre, og finn Jo Sondre Aas inne i feltet. Der er Even Hovland og ryddar opp for heimelaget.
15'
God Sogndal-sjanse! Ulrik Flo kjem rundt på høgrekanten og slår hardt inn foran mål. Der luktar Espen Olsen mål, men Lindeberg kastar seg fram og held ballen.
14'
Etter ei god Sogndal-opning er Ranheim bedre med i kampen no. Spesielt på kontringar har trønderane vore giftige.
10'
Hjørnespark
Frispark til Piotr inne i feltet.
10'
Hjørnespark
Ny corner.
10'
Krogstad kjem seg rundt på venstrekanten, og får kontroll i duell mot Furebotn.
8'
Hjørnespark
Svak corner av Halvorsen og Ranheim overtek.
7'
Ulrik Flo får ballen på 20 meter. Han vender og skyt. Over!
7'
Store sjansar for Sogndal! Kader slår inn frå venstre, og Olsen kastar seg fram. Han får ikkje treff på ballen, som går vidare til Halvorsen på bakerste stolpe. Han skyt knallhardt - over!
5'
Ranheim bryt på midten og stormar i angrep tre mot tre. Innlegget frå Jamtfall blir for svakt og Grorud avklarar.
5'
Kader slår på nytt inn frå venstre. Denne gongen går innlegget over mål, og til utspark for Ranheim-målvakt Lindeberg.
3'
Sogndal styrer spelet dei første minuttane.
2'
Kader kjem rundt på venstrekanten, men keeper Lindeberg plukkar lett.
2'
Sogndal slår frisparket tidleg, men Ranheim får avklart.
1'
Hovland med lang ball mot Flo som får frispark.
1'
Daniel Krogstad og Ranheim tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Dagens kapteinar Ivar A. Sandvik og Lars Grorud helsar på kvarandre og ynskjer kvarandre lykke til. Nærmar seg kampstart!
For Ranheim er både Geir Holthe, Kenneth Dokken og Espen Sødahl ute i denne kampen av ulike årsaker.
Då er laga i full gang med oppvarming. Sol og flotte forhold i Sogndal i ettermiddag.
20 år etter at Håvard Flo debuterte for Sogndal, er 40-åringen klar for comeback i trøye nummer åtte. Veteranen har 385 kampar for Sogndal og har totalt scora 158 mål.
Dagens trenarar har begge lang erfaring frå Tippeligaen. Sogndal-trenar Harald Aabrekk har vore innom både Tromsø, Vålerenga og Brann, medan Ranheim-sjef Per Joar Hansen har erfaring frå Rosenborg og Aalesund. Med seg i trenarteamet har han også Otto Ulseth og Christer Basma.
Ranheim har fire strake sigrar i dei siste treningkampane. Laget har imponert både mot divisjonskollega Strømmen (4-1) og Rosenborg II (7-2). Sogndal har variert meir i prestasjonane gjennom vinteren, og har berre fire sigrar på sine tolv treningskampar.
Dagens heimelag kjempa om opprykk til Tippeligaen heilt til målstreken i fjor, medan Ranheim er nyopprykka frå 2.divisjon.
Velkommen til Sogndal - Ranheim frå Fosshaugane Campus!