Referat
Kun høydepunkter
Då er det over på Fosshaugane. Ein kamp som aldri vart særleg spanande då Sogndal var fullstendig overlegne gjestane frå Øygarden. Det einaste overraskande var at Sogndal ikkje vinn med meir. For Øygarden må det ha vore ein svært frustrerande aften her i Sogndal. Får absoulutt ingenting til og får såvidt låne ballen. Mange gode på heimelaget i dag, men må berre trekkje fram den 18 år gamle spielfüreren og kapteinen Sivert Mannsverk. Ro med ballen som ein rutinert 30-åring, pasningskvalitet og eit driv med ball på eit nivå langt over OBOS-ligaen. Framtida ser lys ut både for Mannsverk og fleire av unggutane i Sogndal. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomen igjen til Fosshaugane Campus ved eit anna høve.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Sogndal er igjen på ein visitt i Øygarden sin boks, men Brændsrød får ikkje avslutta.
90+1'
24 avslutningar har heimelaget sålangt mot bortelagets 4. Og då tar vi ikkje med det nesten tosifra antal skot som heimelaget har fått blokkert inne i boksen. Seier litt om korleis denne kampen har vore.
89'
Eid rundlurer Flo og legg inn til Nord. Han smell til, men skotet vert blokkert. Like etter er det Brændsrød som får sjansen frå kort hald, men Thomas reddar meisterleg.
88'
Roseth prøver seg frå distanse, men Sogndal sine avslutningar har rett og slett vore for dårlige i dag.
86'
Jensen avsluttar ein meter til sida for Thomas.
82'
Spence får ballen på kanten og dreg eit par lekre finter, men avslutninga går ein meter over.
80'
Kristoffersen curlar ballen over muren, men rett på Thomas.
80'
Frispark til Sogndal på 25 meter.
79'
Nydelig krossar frå Kryger til Totland som set fart langs kanten. Slår inn og Ezeh klarerar ti centimeter over eige mål.
78'
Har senka seg ein del ned no Sogndal og lar Øygarden styre kampen.
77'
Michael blir spelt igjennom, men Kryger klarer å kaste inn ein fot i siste sekund som hindrar øygardenspissen i å få ei avslutning på mål.
75'
Igjen rullar Sogndal opp på kant, men klarar ikkje å få til ei avslutning framfor mål. Både uheldige og udyktige no sogningane.
71'
Heilt overlegne no heimelaget, men slit med den siste pasninga for å prøve å skape farligheiter framfor Thomas i øygardenburet.
69'
Tidlegare sogndalspelar Antonijevic ut til applaus frå dei heldige med kampbillett på Fosshaugane i dag. Midtstopparen satte spor etter seg i bygda sjølv om han berre hadde ein sesong i sogndaltrøya.
65'
Øygarden får for første gang i kampen til eit etablert spel inne på Sogndal sin halvdel, men heimelaget får til slutt klarert.
63'
Kanonade frå Sogndal her no. Rullar rundt på kant og innlegget treff Ndour som frå fem meter stangar ballen på mål. Thomas reddar meisterleg. Returane vert blokkert ein etter ein av oppoffrande strilar.
62'
Øygarden si første avslutning i denne omgangen frå Michael. Går ein god meter over buret til Fij.
59'
Hoven blir spelt gjennom i bakrom, men Sogndal sin toppscorar skyt ca. fem meter over.
58'
Frispark til Sogndal som blir dunka inn i feltet. Ser ikkje heilt kven som avlsuttar, men det er på ny eit stolpetreff. Heimelagets tredje i dag!
55'
Kan ikkje heilt sjå korleis strilane frå Øygarden skal kome tilbake her. I banespelet er heimelaget dominante og dei lange oppspela og dødballenane har Sogndal sine robuste midtstoppara stanga unna.
52'
No blir det tungt for Øygarden som har hatt svært lite å vise til så langt i kampen.
49'
Nydleig chip inn i bakrom frå Mannsverk. Brændsrød får nesten tåa på ballen.
47'
Ndour dreg seg fint innover og rundar Larsen. Avsluttar frå skrå vinkel og ballen går til kast.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Steinar Hauge legg ikkje til eit sekund ein gong og bles av denne førsteomgangen. Første halvdel av omgangen var ei einvegskjøring mot Øygarden sitt mål før det roa seg litt i andre halvdel. Sogndal har vore klart best og Øygarden rett og slett svake. Men framleis er det berre ei eittmålsleiing til heimelaget så her er alt åpent før den andre omgangen.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
43'
Sogndal sitt andre stolpetreff i dag! Eid dreg seg innover i boksen og skrur ballen i lengste. Dessverre for backen treff ballen metallet og ikkje nettmaskene.
40'
Eid med eit kansonskot frå kanten av sekstenmeteren. Hoven er på returen frå Thomas og set ballen i mål, men det er vinka for offside.
39'
Fine kombinasjonar av Sogndal på venstrekanten. Totland legg ut til Kupen som får skotet sitt blokkert.
37'
Blir ei lompe frå Hoven som stryk muren og går til corner.
37'
Roseth eller Hoven skal skyte hardt!
36'
Frispark til Sogndal på ca. 20 meter.
33'
Øygarden klarar for første gong i kampen å spele seg gjennom Sogndal sitt midtbaneledd og kjem til ei avsluning som Fij enkelt reddar.
32'
Kupen ser ut som den tasmanske djevelen der han kranglar med seg ballen før han mister den og vinn den igjen i liggande posisjon. Det syns dommar Hauge vart litt for mykje og gir Øygarden eit frispark til sogndalspissen sin store frustrasjon.
29'
fotballstatsNorge kan via twitter opplyse oss om at dagens lag har ein gjennomsnittsalder på 22.82 (Sogndal) og 23.55 (Øygarden). Talenta får verkeleg boltre seg i OBOS-ligaen.
26'
Blårud igjen frampå. Klinkar til frå sekstenmeteren og Thomas får ei hand på ballen.
25'
Øygarden rett i angrep, men Totland får blokkert Heggebø si avslutning.
25'
Sogndal prøver seg med eit av Eid sine lange kast, men det vert barnemat for eit Øygarden med snitthøgd på godt over 1,90.
22'
Banespelet har jamna seg litt ut dei siste fem minutta. Øygarden litt meir med no.
22'
Kupen dreg seg til linja og legg ballen ut 45 grader. Der er van der Spa og blokkerar. Med handa meiner både Kupen og dei 200 på tribuna. Nei seier dommar Hauge.
21'
Stor sjanse for Øygarden. Nergaard blir spelt gjennom i bakrom og spring i frå Kryger. Blir såpass pressa at avslutninga går ein meter til sida for buret. Dei sjansane MÅ Øygarden sette om dei skal få med seg poeng her i dag.
17'
Har vore ein stor sogndaldominans dei første 15 minutta her. Øygarden må verkeleg løfte seg om ikkje dette skal bli stygt. Heimelaget har allereie seks avslutnignar.
15'
Blårud avsluttar igjen frå langt hold. Like over!
14'
Sogndal bryt Øygarden på sin eigen banehalvdel. Hoven har fleire pasningsalternativ, men vel skotet frå 20 meter. Over tribunetaket!
12'
Andersen med dagens første avslutning for Øygarden. Skotet frå 20 meter går eit stykke utafor buret til Fij.
9'
Øygarden sin midtstoppar Stafan Antonijevic spela i fjor i Sogndal.
8'
Må jo nemnast at det er kjekt å igjen ha ein Flo på bana på Fosshaugane. Men denne gong er ikkje det kjente etternamnet i Sogndal si startoppstilling. Øygarden sin venstreback, Fredrik Flo, er son til Håvard og har tidlegare spelt for Sogndal.
8'
Mannsverk avsluttar like utafor. Sogndal si tredje avslutning på kort tid.
6'
Roseth kjem på ein fin overlapp og dreg seg inn i Øygarden sin sekstenmeter. Slår ut til Ndour, men spissen bommar omtrent på ballen og får ikkje avslutta.
4'
Sogndal bryt og Mannsverk driv oppover. Får gitt til Ndour som avsluttar like over.
4'
Heggebø får pressa Ogbu som må gje til kast for bortelaget.
2'
Sogndal overtek ballen ganske kjapt og vi får tidlig eit bilde av korleis vi trur kampen vil bli. Sogndal trillar ball og Øygarden ligg djupt 10 meter inne på eigen banehalvdel.
1'
Øygarden med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Sol og lettskya i Sogndal no. Rundt 20 grader, men temperaturen kjem nok til å siga litt i løpet av kvelden. Ein svak bris frå aust vil nok ikkje prega spelet nevneverdig. Vi er straks klare for kamp frå Fosshaugane Campus.
Siden Øygarden er nystarta så har sjølvsagt ikkje desse laga møttes før, men som Nest Sotra har klubbane møttes sju gonger tidlegare. Det har enda i fire sogndalsigrar og tre sigrar til strilane. I fjor vann Nest begge kampen med 1-0. Generelt lite mål i tidlegare oppgjør, men i år har begge laga eit snitt på rundt fire mål i kvar kamp dei spelar. Vi satsar på at laga held oppe dette snittet i kvelden kamp.
Då har vi lagoppstillingane klare og der Eirik Bakke gjer null byter frå kampen i Tromsø så gjer Øygarden og Bryant Lazaro heile fem endringar frå sigeren over Jerv. Keeperbytte der Thomas erstattar Berntzen. I forsvaret går Udeh og Haugsdal ut. Inn kjem Larsen og Antonijevic. På midtbana er Ezeh ute og Fantoft kjem inn, samt at Vetås erstattar Michael på topp.
Kampane kjem tett som haggel i OBOS-ligaen no. Dette er den andre av tre kampar som skal gjennomførsast i løpet av seks dagar. Det blir difor spanande om Bakke og Lazaro gjer nokre endringar frå sist kamp som vart spelt så seint som mandag. Vi er tilbake ca. ein time før kampstart med svaret på dette. Vel møtt!
Nyoppstarta Øygarden FK, som har tatt over Nest-Sotra sin plass i serien, har hatt ein varierande start på sesongen. Sist vart det ein oppløftande siger heime mot Jerv. Noko som løfta laget like over nedrykkstreken på ein 13.plass.
Sogndal ligg på 3.plass på tabellen og har vore i veldig god form i det siste. 6 kampar på rad utan tap og storsigrar mot sterke lag som Ranheim og Ham-Kam i dei to siste seriekampane viser at Eirik Bakke sitt mannnskap meiner alvor i årets OBOS-liga.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus. Topp mot botn her i dag når heimelaget tek i mot Øygarden.