Referat
Kun høydepunkter
Avslutningsstatistikken viser 2-7. Sogndal har ei avslutning på mål, mens Odd har ingen og det seier vel meir enn nok om dagens kamp. Takk for meg!
Det endar 0-0 i eit sjansefattigt oppgjer på Fosshaugane. Lite å skriva heim om utanom at dette er Odd sin tredje 0-0-kamp på rad. Fagermo har verkeleg noko å tenkja på framover for dersom ein er i underhaldningsbransjen så kan ikkje dette halde fram. Sogndal er nok nøgd med å ta med seg eitt poeng mot eit sterkt Odd-lag.
Kamp slutt Slutt (0-0)
90+4'
Frispark til Sogndal.
90+4'
Frispark til Odd som skal slås inn i feltet.
90+2'
Både Occean og Næss Lund tilbake på bana.
90+1'
Fire minutt tillegg.
90+1'
Må ein tur ut på linja Næss Lund, men ser ut som han kan halde fram.
90'
Occean oppe, men Næss Lund slit.
90'
Hovudskade i feltet. Ser ut so mdet Occean og Næss Lund som har skalla saman.
88'
Odd har tatt over dei siste minutta, men ingen av laga ser ut som dei har det som skal til for å avgjere dette.
84'
Sist kamp scora Sogndal seks minutt på overtid. Kan sogningane avgjere seint igjen. Vinn ein corner no.
84'
2459 på Fosshaugane i dag.
83'
Fin stikkar til Haugen i bakrom, men innbytaren når ikkje fram. Endeleg prøver Odd noko anna enn innlegg.
83'
Fagermo har gjort alle byta sine, mens Bakke har to igjen. Ser slitne ut ein del sogndalspelarar no så Bakke bør nok gjere eit eller anna snart.
82'
Innlegg til Haugen som avsluttar utafor.
80'
Sogndal med eit viss tyrkk her no faktisk.
78'
Dagens fyrste avslutning på mål forresten.
77'
Gigantsjanse for Sogndal! Koomson og Ramsland kjem på kontring. Fyrsytnemnte gir til Ramsland som åleine med keeper missar. Rossbach med flott beinparade der.
75'
Nwakali prøver seg på volley frå 20 meter. Til kast.
75'
Sogndal si fyrste avslutning. Frispark inn i feltet som Stering headar over.
74'
Mladenovic har heile Sogndal sine bane å springe på. Dreg seg inn ifeltet, men frå 12 meter vel han å sentre. Der må du skyte Stefan!
70'
Er dessverre slike taklingar som gjer at norsk fotball utviklar seg i feil retning. Ikkje lenger lov å trøkke til i duellane lenger og mange kampar blir blåst i hel. Hagenes må og ta ein del av skylda for dagens kjeldelege kamp då han har blåst særs mange lette frispark begge vegar.
67'
Mange duellar her no og Odd kjem ut med eit frispark halvvegs inn på Sogndal sin banehalvdel. Heimepublikummet særs misnøgd og meiner oddspelarane fell lett.
66'
Odd spelar seg fint opp langs sida. Er faktisk i overtal i boks, men Occean klarar å lage frispark ved å halde Steiring.
64'
Heile trykket frå Odd endar igjen i eit nytt innlegg. Kjem til avslutning denne gonga, men headinga til Zekhnini går 16 meter utafor.
63'
Odd med power-play ein periode no.
62'
Samuelsen dreg ei skotfinte på 16 meter, men fleire sogningar kastar seg inn og får blokkert.
58'
Samulesen med skot over frå 20 meter. Vi tel ei ny avslutning. Oppe i fire no Odd, men framleis ingen på mål. Sogndal har ingen avslutningar verken på eller utafor mål.
58'
Næss knuser Occean i lufta, men er oppe med albogen og det vert dømt frispark. Ser greitt ut på repetisjonen, men Occean hadde nok ikkje så vondt som det såg ut til.
56'
Eg trur Odd har slått femten innlegg inn i feltet i dag. Ved berre eitt høve har ein komme til avslutning. Kanskje på tide å prøve noko anna no Fagermo?
54'
Stor sjanse for Odd. Ruud slår inn og Nordkvelle er millimetrar frå å sette ballen i mål.
53'
Har vel ikkje akkurat tatt fyr denne omgangen heller. Mykje duellar i starten der ofte det fosvarande lag har gått sigrande ut.
52'
Sogndal med eit par lange frispark opp, men klarar ikkje å sette press på Odd i boksen.
49'
Odd ropar på straffe når Hove klarerar ballen opp i si eiga hand. Umulig for oss å sjå om dei hadde ei god sak der.
46'
Teniste sannsynlegvis ut med skade.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen Hovland i pausen. Vi ventar framleis i spaning.
Heldigvis slapp vi tillegg. Dette var vel ein ganske bedrøvelig omgang. Odd med det meste av spelet, men klarar berre å komme til to avslutningar. Sogndal har derimot ingen avslutningar og sogningane bør vise betre takter i andre omgang framfor heimepublikumet sitt. Vi hellar nok dessverre mot ein sedvanleg 0-0-Oddkamp i staden for målfestane vi har fått i det siste på Fosshaugane. Men dei 22 på bana har framleis 45 minutt på seg til å heve underhaldningsverdien. Vi håpar på dette når vi er tilbake om eit lite kvarter.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Dagens andre avslutning!!! Grøgaard skyt ein meter over frå ca. 20 meter.
43'
Nytt innlegg frå Odd, men ja, den gjekk over alle og ut til femmeter.
36'
Nytt innlegg frå Riski som går gjennom heile feltet. Mange gode løp og pasningar frå Odd, men det stoppar fullstendig opp rundt 16-metereren.
34'
Sogndal frampå igjen. Kampen meir opne dei siste tre-fire minutta. Treng litt action her no.
33'
Odd spelar dristig bak i eige forsvar. Hove vinn ballen og Hagenes dømmer frispark. Er klink på ball der ungguten og Odd er heldige.
32'
Vi passesrar halvtimen. Odd styrer framleis det meste. Vi har telt ei avslutning sålangt i kampen så det kan gjerne skje litt meir på Fosshaugane no.
28'
God sjanse for Sogndal. Koomson kjem ned langs linja og får lagt inn. Der er Rossbach og snappar framfor Ramsland. Fyrste gong Sogndal er frampå i dag.
27'
Rossbach plukkar opp.
26'
Sogndal vinn eit kast høgt i bana. Teniste skal kaste langt.
24'
Igjen byggjer Odd godt opp, men innlegget er igjen litt unøyaktig i forhold til Occean. Som sagt; Odd nermar seg.
23'
Nytt godt innlegg inn i Sogndal sin boks. Steiring kastar seg inn framfor Occean og stangar vekk. odd kjem nærare og nærare.
23'
Hove kastar seg inn framfor Zekhnini og stoppar ein god overgang for Odd.
20'
Steiring stangar ut.
20'
Frispark til Odd på 30 meter. Ruud skal curle den inn.
20'
Så er Ramsland alt for sein på Olderup Jensen. Hagenes gjev spissen tilsnakk. Må passe seg Ramsland. Har to gule og med eitt til i dag må han stå over neste kmap som er borte mot RBK.
18'
Sogndal ligg lågt og prøver seg på kontringar. Odd styrer det meste av banespelet.
17'
Ganske kjedelig første kvarter her frå Sogndal. Vi ventar på at kampen skal opne seg opp litt meir.
16'
Zekhnini med innlegg til Occean, men spissen når akkurat ikkje opp. Kunne fått ein god sjans der Odd om Occean hadde fem centimeter meir på seargenttesten.
13'
Sogndal får låne ballen litt no.
13'
Koomson på ein overgang, men Samulesen kjem skliande inn og gjer at ghanesaren ikkje får heile banen å løpe på.
10'
Så endeleg skjer det noko. Ruud kjem rundt på kant og får slått inn. Occean er høgast i feltet, men headinga går ein meter utafor.
9'
Veldig mykje balltrilling frå Odd og svært lite som har skjedd framfor mål dei ti første minutta.
9'
Unnskyld. Fødd i 1999 Fredriksen. 18 år tidlegare denne veka.
8'
Faktisk to spelarar født i 2000 på Sogndal i dag. Fort å gløyme den solide midtstopparen Ulrik Fredrisken som fekk sin debut tidlegare i år og har gjort plassen i midtforsvaret til sin.
7'
Fin stikkar frå Samuelsen til Riski, men finnen dreg ballen med seg med handa. Den ser Hagenes og bles frispark til Sogndal.
4'
Framleis Odd som trillar mykje ball.
4'
2000-modellen Hove på Sogndal si midtbane spela tidlegare i år EM for Noreg sitt U-16 landslag.
3'
98-2 i possesison favør bortelaget første eitt og eitt halvt minutta her før heimelaget vinn eit frispark.
1'
Lang ball opp frå Berge som Steiring klarerar til kast.
Avspark Start 1. omgang
Odd med avspark og vinden i ryggen i denne første omgangen.
Fem minutt til start her i Sogndal. Litt surt og kaldt, med ein jamn trekk frå vest som kan påverke spelet.
Tidlegare Tysklandsproff og landslagsspelar Even Hovland har fått eit konktraktstilbod frå Sogndal. Dersom han allereie har bestemt seg for eit ja så kan han bli presantert som sogndalspelar i pausen. Vi ventar i spaning.
Underteikna vil nytta høvet til å sende ei helsing til den eminente Sogndal-, Florø og lokal-livereporteren, Asgeir Årdal, som gifta seg i går.
Odd scorar lite mål. Berre 11 så langt i årets sesong. Sogndal har heile 18 fulltreffarar å skimte med. Toppscorar for heimelaget er Koomson og Ramsland med fem mål kvar. For Odd har Riski, Occean og Ruud to mål kvar. Faktisk så har Sogndal fire spelarar som har scorar meir enn dei då Schulze og Bye har tre mål kvar.
Statistikken mellom desse laga i Sogndal viser 5-1-4. Verdt å merke seg derimot er at Odd har vunne fire av dei fem siste kampane på Fosshaugane. Same oppgjer i fjor enda 0-1 etter mål på straffe av Jone Samuelsen. Dagens dommar Kristoffer Hagenes var faktisk fjerdedommar i den kampen.
Då har vi lagoppstillingane klare og for Odd er det som venta berre Semb Berge som er kommen inn for Våge Nilsen. Oldrup Jensen vert då flytta fram på midtbana. For Sogndal ser vi at Wæhler ikkje er med. Vi veit dessverre ikkje grunnen til dette og sjølv om rutinerte Næss Lund kjem inn er nok dette dårlig nytt for Sogndal. I tillegg kjem 16-åringen Johan Hove inn frå start i Eirik Birkelunds fråvær. Spanande val dette av Bakke.
14 mål på Sogndal sine tre siste heimekampar kan gi oss håp om ein underhaldande aftan frå Fosshaugane Campus, men Odd kjem frå to 0-0-kampar på rad så vi får sjå seinare i dag kva kamp vi får. Kristoffer Hagenes er dagens dommar og han bles i gang kampen kl. 1800. Vi er tilbake ein time før det med lagoppstillingane og anna info rundt kampen. Vel møtt!
På skadefronten byrjar det å bli betre for Sogndal, men framleis er Sveen, Nissen, Grodås, Psyche og Utvik ute og alle har såpass alvorlege skadar at vi nok ikkje ser dei på bana før sommarferien er over. I dag må også viktige Birkelund stå over grunna tre gule kort. Det er venta at Henrik Furebotn tek hans plass. For Odd er Steffen Hagen ute, mens Fredrik Semb Berge er tilbake. Diouf er også usikker for Skienslaget.
Odd ligg som nr.4 på tabellen med 20 poeng, mens Sogndal med 15 poeng ligg på 9.plass. I sist runde vann Sogndal 3-2 mot Sandefjord og Odd spela 0-0 mot Brann.
Hei og velkomne til den 13.runden i årets Eliteserie. Dagens kamp frå Fosshaugane Campus er mellom Sogndal og Odd med kampstart kl. 1800.